Innstilling fra utanrikskomiteen om samarbeidet i Atlanterhavspakta sin organisasjon i 1994.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 88 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 45 (1994-95)
  • Dato: 07.12.1995
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

      I kapittel 1 i meldinga blir det gjort nærare greie for det politiske samarbeidet i Alliansen medan kapittel 2 tek for seg forsvarssamarbeidet.

       I vedlegg 1 til meldinga vert det gjort nærare greie for einskilde spørsmål i det politiske og forsvarsmessige samarbeidet. I vedlegg 2 til meldinga finn ein erklæringar og kommuniké frå ministermøta i NATO i 1994. Det ligg òg ved ei liste over aktuelle forkortingar.

       Det vert i meldinga vist til at Alliansen dei siste fem-seks åra har gått gjennom ei djuptgripande omforming som eit resultat av dei store endringane som har funne stad i Europa. I takt med endringane i Europa har Alliansen sagt seg villig til å påta seg nye oppgåver som til dømes konkret bistand til den politiske, militære og økonomiske omforminga i dei nye demokratia i Sentral- og Aust-Europa, og assistanse til fredsbevarande oppdrag i regi av FN eller OSSE. Gjennom denne omforminga har Alliansen oppretthalde sin relevans og styrka si stilling som det mest effektive tryggingspolitiske instrument i vår verdsdel.

       Det vert opplyst at samarbeidet i Atlanterhavspakta sin organsasjon i 1994 har vore konsentrert om å vidareføra arbeidet med å tilpasse organisasjonen til dei nye tryggingspolitiske rammevilkåra i Europa. Denne prosessen som tok til etter toppmøtet i London i 1990, har resultert i ein ny militær strategi, eit formalisert tryggingspolitisk samarbeid med dei nye demokratia i Sentral- og Aust-Europa gjennom Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) og etableringa av eit Partnarskap for fred (PFP). Samstundes har nye oppgåver i samband med fredstryggjande operasjonar under overordna politisk kontroll av FN og OSSE kravd innsats frå NATO si side. Konflikten i Det tidlegare Jugoslavia har på fleire måtar involvert Alliansen og konflikten har i sterk grad prega dei politiske konsultasjonane i 1994.

       Det vert vidare opplyst at 23 land slutta seg til Partnarskap for fred i 1994. Dette syner at interessa hjå dei sentral- og austeuropeiske landa for å knytta seg nærare til Alliansen er stor og understrekar den sentrale posisjon Alliansen har fått for utviklinga av den nye europeiske tryggingsarkitektur. Ei rekkje sentral- og austeuropeiske land ønskjer fullt medlemskap i Alliansen. Dei understrekar at berre dette vil gje dei tryggingsgarantiar landa søker. PFP utgjer for dei berre eit steg på vegen mot NATO-medlemskap. Under toppmøtet i januar 1994 uttala stats- og regjeringssjefane at NATO var open for nye medlemmer, men at dette måtte skje som ledd i ein gradvis prosess, som tok omsyn til den tryggingspolitiske utviklinga i heile Europa.

       Det vert vist til at det på utanriksministermøtet i desember vart vedteke å igangsetje ein intern studie om konsekvensane av ei utviding av NATO, dei prinsipp som må liggje til grunn for prosessen og følgjene av medlemskap for noverande og framtidige medlemsland. Målet var å få ein realistisk oversikt over dei praktiske konsekvensane ved ei NATO- utviding. Det var semje om at det var for tidleg å drøfte tidsplanen for utviding eller kva for land som er dei mest aktuelle kandidatane.

       Det blir i meldinga halde fram at NATO-samarbeidet forblir ankeret i norsk tryggingspolitikk. Noreg stør fullt ut arbeidet med å omforme Alliansen. Gjennom nye og betre verkemiddel kan den bidra til å fremje framveksten av eit stabilt og tillitsskapande tryggingssystem for heile Europa.

       Det vert vidare peika på at det frå norsk side har vore viktig å understreke at denne omforminga ikkje må gå på kostnad av Alliansen si evne til å ivareta sine kjernefunksjonar. Alliansen sin strategiske einskap må haldast oppe og det integrerte forsvarssamarbeidet og dei transatlantiske banda må stettast for å ivareta organisasjonen si evne til å garantera medlemmene sin tryggleik. Alliansen må framleis vere det sentrale forum for konsultasjonane om tryggingspolitiske spørsmål av interesse for dei allierte.

       Det vert vidare vist til at ein frå norsk side har støtta NATOs arbeid med utvidingsspørsmålet. Utviding av Alliansen med nye medlemmer er ikkje eit mål i seg sjølv, men inngår i ein brei prosess for å styrke europeisk tryggleik. Det er behov for bidrag frå alle dei store euro-atlantiske samarbeidsorganisasjonane. Ei utviding av NATO må ikkje føre til at enkelte land havnar i eit tryggingsvakuum, men må inngå i ein prosess der alle land i Europa vert trekte inn i eit gjensidig forpliktande samarbeid.

       Dei politiske konsultasjonane var i 1994 sterkt prega av regionale konfliktar i Alliansen sitt nærområde, særleg konflikten i det tidlegare Jugoslavia. Situasjonen i Russland og i andre område av det tidlegare Sovjetsamveldet sto òg sentralt i drøftingane innan Alliansen. Tilhøvet til Russland spela også ei viktig rolle i drøftingane om dei framtidige relasjonane mellom NATO og landa i Sentral- og Aust-Europa.

       Det vert vist til at toppmøtet i NATO stadfesta VEU (Den vesteuropeiske union) si rolle i utviklinga av NATO sin europeiske pilar. Samstundes er VEU forsvarskomponenten i EU, slik det vart traktatfesta i Maastricht. Utviklinga av forholdet mellom NATO og VEU er såleis ein del av den breiare utviklinga av det euro-atlantiske tryggings- og forsvarssamarbeidet og forholdet mellom dei europeiske og nordamerikanske allierte. Noreg vil her stå i ei mellomstilling, som fullverdig NATO-medlem, men assosiert medlem av VEU. VEU si dobbelte rolle vil kunne bli nærare avklara i tilknyting til EU sin regjeringskonferanse om institusjonelle spørsmål som tek til i 1996.

       På ministermøtet i VEU i mai 1994 vart det semje om at seks tidlegare Warszawapaktland i Sentral- og Aust-Europa og dei tre baltiske statane skulle knyttast nærare til organisasjonen som assosierte partnarar. Ministermøtet vedtok òg å styrke statusen til dei assosierte medlemmene, Island, Tyrkia og Noreg, som då fekk høve til å verte knytta direkte til VEU sitt interne kommunikasjonsnettverk og til å delta med offiserar i VEU si militære plancelle. Dei fekk òg utvida opning til å melde inn militære styrkar til VEU. Som eit resultat av folkerøystingane om EU i Austerrike, Finland og Sverige fekk også desse tre landa tilbod om tilknyting til VEU. Alle tre takka ja, og dei valde å verte observatørar frå same tidspunkt som dei vart EU-medlemmer.

       Det vert i meldinga vist til at den nye situasjonen i Europa har ført til eit stadig aukande behov for fredstryggjande innsats. Samstundes har korkje FN eller OSSE hatt kapasitet eller økonomisk evne til å ta på seg slike oppdrag på eiga hand. FN og OSSE har derfor hatt behov for ein organisasjon som kunne handle på deira vegne. NATO har peika seg ut som den organisasjonen som er best eigna til dette. Det er semje i Alliansen om at det er ein føresetnad for NATO si deltaking i fredstryggjande operasjonar at operasjonane går føre seg med mandat frå og under overordna politisk styring av FN eller OSSE. Oppdrag i det tidlegare Jugoslavia har vore det første dømet på den nye typen oppgåver NATO har teke på seg etter at den kalde krigen tok slutt.

       NATO har sagt seg budd på å medverke når ein eventuell fredsplan for Bosnia-Hercegovina skal iverksetjast. Den militære planlegginga til støtte for ein slik operasjon heldt fram i 1994 og var ei stor og ressurskrevjande oppgåve for Alliansen.

       Det vert vidare vist til at avtala om konvensjonell nedrusting i Europa, CFE-avtala, dei seinaste åra har stått heilt sentralt i NATO sitt arbeid på rustningskontrollfeltet. All alliert inspeksjonsaktivitet under CFE-avtala vert koordinert i NATO. Den allierte overvakinga synte at CFE-avtala i det store og heile i 1994 vart samvitsfullt etterlevd.

       Det vert peika på at ikkje-spreiingsproblematikken har fått auka merksemd i Alliansen dei seinaste åra. Toppmøtet i januar 1994 vedtok at det skulle utarbeidast ein omfattande strategi eller handlingsplan for korleis spreiing av masseøydeleggingsvåpen kan stoggast.

       Den 13. august 1994 døydde generalsekretær Manfred Wörner. Alle medlemslanda kunne snart samle seg om den belgiske utanriksministeren Willy Claes som ny generalsekretær. Han vart utnemnd på eit ekstraordinært utanriksministermøte i New York 29. september 1994.

       Når det gjeld forsvarssamarbeidet blir det m.a. vist til at Alliansen i 1994 heldt fram med arbeidet med ein ny styrkestruktur. I tråd med dei endra tryggingspolitiske tilhøva i Europa har det vore viktig å gje Alliansen ein styrkestruktur som set han i stand til både å bidra til løysingar i mindre regionale kriser og større konfliktar samstundes som omsynet til NATO sine kjernefunksjonar fullt ut vert teke vare på. Allianselanda heldt fram med å redusere og omprioritere sine forsvarsbudsjett i 1994. Dette inneber at dei styrkane som nasjonane kunne setje av til det kollektive forsvaret ikkje lenger har det same omfanget. Canada varsla såleis på slutten av året at landet vil trekkje seg frå NATO sin samansette styrke, som er øyremerka for forsvaret av Noreg. Dei styrkane som USA har øyremerka som forsterkningsstyrkar er blitt mindre. Av dette fylgjer at det i framtida nok vil kunne bli større konkurranse om dei gjenverande forsterkningsstyrkane. Dette vil òg kunne få fylgjer for Noreg i ei krise eller krigssituasjon.

       Det blir peika på at ressursstoda i NATO er vanskeleg. Samstundes som Alliansen tek på seg nye oppgåver finn ein i enkelte nasjonar ein redusert vilje til å finansiera dei fellesfinansierte programma. På sikt kan dette bety at dei nye oppgåvene, som er viktige for å tilpasse seg den nye tryggingspolitiske situasjonen, kan gå ut over kjernefunksjonane til Alliansen dersom ikkje finansieringa er tilstrekkeleg. Det er sett i verk fleire studiar for å rasjonalisere drifta i Alliansen.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at de store endringene som har funnet sted i Europa gjennom de siste år også har medført betydelige endringer i NATO. Komiteen understreker at NATO- samarbeidet forblir ankeret i norsk sikkerhetspolitikk og at den fastholder sine kjerneoppgaver samtidig som den påtar seg nye oppgaver. Komiteen støtter arbeidet med å omforme Alliansen. Gjennom nye og bedre virkemidler kan NATO bidra til framveksten av et stabilt og tillitskapende sikkerhetssystem for hele Europa. Samtidig må NATOs kjernefunksjon, som er å garantere medlemmenes sikkerhet, opprettholdes. Alliansen må fortsatt være det sentrale forum for konsultasjoner om sikkerhetspolitiske spørsmål av interesse for de allierte.

       Komiteen viser til at dette bl.a. leder til at NATO nå påtar seg en meget betydelig oppgave av største viktighet i forbindelse med fredsavtalen i det tidligere Jugoslavia.

       Komiteen mener at partnerskap for fred utvikler seg til å bli et meget vellykket instrument for å knytte de sentrale og østeuropeiske samt andre land til alliansen og har merket seg at 23 land har sluttet seg til samarbeidet i 1994.

       Komiteen viser videre til at NATOs stats- og regjeringssjefer under toppmøtet i januar 1994, på bakgrunn av at en rekke land i Sentral- og Øst-Europa ønsker medlemskap, understreket at alliansen er åpen for nye medlemmer, og igangsatte en studie om konsekvensene av en utvidelse. Komiteen understreker viktigheten av at Norge støtter NATOs arbeid med utvidelsesspørsmålet og understreker videre alle lands suverene rett til å bestemme hvilke allianser de skal tilhøre. Utvidelse av NATO med nye medlemmer er ikke et mål i seg selv, men inngår i en bred prosess for å styrke europeisk sikkerhet. En utvidelse av NATO må ikke føre til at enkelte land havner i et sikkerhetspolitisk vakum, men må inngå i en prosess der alle land i Europa blir trukket inn i et gjensidig forpliktende samarbeid.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti, Solheim mener at den langsiktige målsetting for sikkerhetspolitikken må være at NATO, NACC, PFP og OSSE smeltes sammen i en alleuropeisk struktur. Et overordnet sikkerhetssamarbeid må ha som mål allmenn deltakelse, der sikkerhet bygges med, ikke mot hverandre. Den sikkerhetspolitiske tenkning må bygge på et utvidet sikkerhetsbegrep, der også miljøinnsats, sosial sikkerhet og demokratiutbygging sees som deler av sikkerhetsbegrepet.

3. Komiteen si tilråding

      Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 45 (1994-1995) - om Norges deltaking i samarbeidet i Atlanterhavspakta sin organisasjon i 1994 - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 7. desember 1995.

Jan Petersen, Anne Enger Lahnstein,

fung.leiar og ordførar. sekretær.