Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om tilleggskanal for NRK-Fjernsynet m.v.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 94 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 46 (1994-95)
  • Dato: 12.12.1995
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

1. Innledning

       Til Stortinget.

       Regjeringa legg i meldinga fram forslag om at Norsk rikskringkasting skal kunne etablere ein ny fjernsynskanal, NRK-2, og gjer greie for dei planane som ligg føre om eit samarbeid mellom Norsk rikskringkasting og Telenor AS om etableringa av eit sams eigd aksjeselskap for det samla sendarnettet for kringkasting i Noreg. Desse forslaga må sjåast i samanheng med Ot.prp. nr. 69 (1994-1995) , der det er lagt fram forslag om dei lovendringane som er nødvendige for at Norsk rikskringkasting skal omorganiserast frå stifting til aksjeselskap. Det vert opplyst at departementet i samanheng med budsjettet kjem attende med ei verdivurdering av NRK i samband med omorganiseringa til aksjeselskap, her medrekna fastsetjing av aksjekapital.

2. Nærare om forslaga

Tilleggskanal for NRK-Fjernsynet, NRK-2

       Departementet syner til at eit fleirtal i Stortinget i samband med budsjetthandsaminga for 1994-95 ( B.innst.S.nr.2 (1994-1995)) gav sin tilslutnad til at utsiktene for å etablere ein avlastingskanal for NRK skulle utgreiast.

       Norsk rikskringkasting fremja i brev av 16. mars 1995 ein plan for ein tilleggskanal i NRK-Fjernsynet, kalla NRK-2. (Brevet følgjer som trykt vedlegg nr. 1 til meldinga.)

       Departementet gjer framlegg om at det vert gjeve klarsignal for igangsetjing av den føreslegne kanalen i fjernsynet, NRK-2.

       Etter NRK sine planar skal kanalen overførast via satellitt. Det betyr at kanalen i startfasen vil kunne mottakast av huslydar som er knytta til kabelnett og huslydar som har eigne parabolantenner. Det vil seia at i startfasen vil om lag 55 % av befolkninga kunne motta kanalen. Norsk rikskringkasting har på sikt planar også om ei utbygging av jordbaserte omformarar, slik at dekninga vil kunne bli om lag 70 % med ei investering på 10 mill. kroner og ca 80 % ved investering på ytterlegare 45 mill. kroner.

       Departementet ser det problematiske i at NRK-2 ikkje fullt ut kan gjerast landsdekkande etter dei framtidsutsiktene ein i dag må leggja til grunn teknisk og økonomisk. Det vert likevel peika på at satellittsendingane teknisk sett dekkjer om lag 97 % av befolkninga. Omsetnaden av parabolanlegg for direkte mottak frå satellitt er aukande som følgje av fallande prisar og betre teknologi.

       Departementet legg til grunn at leiinga i NRK må vurdere nøye dei moglegheitene som ligg føre slik at den nye kanalen kan femna ein vesentleg del av befolkninga innan rimeleg tid, og at denne vurderinga også vil gjelde utbygging med jordbaserte sendarar og omformarar, og eventuelt i samarbeid med lokal-TV-stasjonane, jf. St.meld. nr. 24 (1994-1995), Nærkringkasting.

       Departementet føreset at NRK-2 blir etablert og drivi utan auke i kringkastingsavgifta.

Oppretting av eit sams selskap for sendarnett

       Telenor AS og Norsk rikskringkasting er samde om hovudtrekka i eit sams forslag om å skipa eit aksjeselskap som skal eigast i fellesskap, som skal overta dei oppgåvene Telenor har for NRK når det gjeld drift og anlegg av kringkastingssendarar og overføringsliner. Det er forutsett at selskapet skal kunne påta seg tilsvarande oppgåver for andre selskap.

       Forslaget byggjer på følgjane hovudpunkt:

- Føremålet til selskapet skal vera å stå til teneste for alle som har konsesjon for å driva riksdekkande rundt om i Noreg med overføringskapasitet og sendarkapasitet.
- Selskapet skal vera eigd i fellesskap av NRK AS og Telenor AS, og skal eiga og driva partane sitt tekniske utstyr og anlegg for programlinenett og kringkasting. NRK AS har frå starten av eigarmajoriteten i selskapet.
- Ein legg til grunn at Telenor skal leggje inn i selskapet dei kringkastingsanlegga og det kringkastingsutstyret som Telenor eig og driv i dag for andre konsesjonshavarar. Partane drøftar om Telenor AS skal gå inn med kontantinnskot i selskapet. Ut frå dette føreset ein at Telenor får minst 1/3 eigardel i selskapet.
- Det personalet i Telenor som i dag står for drifta av kringkastingsnettet og tilhøyrande verksemd, vil bli overført til selskapet. I tillegg vil det kanskje bli aktuelt å tilsetja frå NRK AS nokre av det tekniske personalet.
- Slik stoda er i dag vil selskapet kunne få ein omsetnad i storleiken noko over 300 mill. kroner, og eit personale på samla 200 til 250.
- Dei årlege investeringsbehova må sjåast på bakgrunn av eit stigande behov for modernisering av det eksisterande sendarnettet, og i tillegg etablering av nye digitale sendar- og overføringsnett. Dette vil i nokre år framover tyda på investeringar i storleiken 150 mill. kroner pr. år.
- Inntektsgrunnlaget til selskapet skal koma frå dei tenestene som kringkastingsselskapa får, slik som det er no, og skal basera seg på ei lik og rettferdig prissetjing andsynes dei som mottek tenester frå selskapet. Selskapet skal difor arbeida under vedtekter som hindrar diskriminering.
- Selskapet skal elles driva på forretningsmessige vilkår og det er ein føresetnad at det skal greia seg økonomisk.
- Selskapet vil naturleg kjøpa tenester frå partane, men vil stå fritt til å kjøpa tenester frå andre ut frå forretningsmessige avvegingar.

       Kulturdepartementet er samd i at sendar- og overføringstekniske oppgåver bør organiserast etter dei retningslinene som er skisserte ovanfor. Ein går ut frå at det sams selskapet skal skipast etter at Norsk rikskringkasting er omdanna til aksjeselskap.

       Eit nytt selskap for kringkastingsnettet vil representera ein monaleg kringkastingsteknologisk kompetanse m.a. i samband med etablering av digitale sendingar. Av omsyn til lik handsaming mellom aktørane føreset departementet at det vert etablert mekanismar som gjer at denne kompetansen også vert tilført TV2 og P 4.

       Den nye ordninga føreset å vera i drift seinast frå utgangen av 1996, då den noverande avtalen mellom NRK og Telenor går ut (jf. omtale av denne på s. 4 i meldinga).

Andre spørsmål

Radiodekning av Barentshavet og nordområda

       Radiosendingar til Barentshavet og nordområda kan realiserast raskare og billegare enn ein så langt har rekna med av di DECCA-stasjonane på Røst og Nordkapp vert bygde om til ordinære radiostasjonar. Dekningsanalysar syner at mesteparten av dei aktuelle havområda vil bli tilfredsstillande dekte ved radiosendingar frå desse stasjonane.

       Kostnadsanalysar syner at investeringsutgiftene med å etablere dei to radiosendarane samla vil vera mellom 11 og 18 mill. kroner, avhengig av sendarstyrke m.v.

       Det vil no bli arbeidd vidare med sikte på å realisera utbygginga. Ein tek sikte på at ein del av investeringane vil bli dekte av andre enn NRK. NRK vil dekka driftsutgiftene ved stasjonane.

Teksting av fjernsynssendingar for døve

       Ei prosjektgruppe med medlemer frå Norsk rikskringkasting og interesseorganisasjonane til døve og hørselssvekka har utgreidd moglegheitene for å gjera fjernsynet meir tilgjengeleg for døve og hørselssvekka, m.a. ved bruk av ny teknologi.

       I samarbeid med SINTEF er det no utvikla eit prosjekt som inneber at tale i fjernsynsprogram blir overført til tekst på fjernsynsskjermen via ein såkalla « taleregistrator ». NRK planlegg å gjennomføra dette ved at ein eigen reportar kontinuerleg oppsummerer det som blir sagt i fjernsynsprogrammet. På den måten vil alle programma kunne bli teksta etter det same prinsippet som i dag gjeld for t.d. utanlandske filmar. Det er von om at prosjektet kan bli ferdig i løpet av om lag eitt år, og det vil ha ei kostnadsramme på om lag 1,5 mill. kroner. Departementet er nøgd med at NRK aktivt har følgt opp dette prosjektet, og vil dekka dei kostnadene dette fører med seg.

Økonomiske og administrative konsekvensar

       Etablering av ein avlastingskanal for fjernsynet, NRK-2, vil ikkje få økonomiske konsekvensar, jf. føresetnaden om at etableringa og drifta skal skje utan auke i kringkastingslisensen.

       Etablering av ein sams aksjekapital mellom Norsk rikskringkasting AS og Telenor AS får ikkje innverknad på statsbudsjettet.

3. Komiteens merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Roy N Wetterstad, viser til handsaminga av St.meld. nr. 32 der det vart streka under kor viktig allmennkringkastinga er for eit samfunn som ønsker å halde oppe sin identitet og eit levande demokrati. Spesielt vert det streka under den viktige rolla Norsk rikskringkasting har som kulturformidlar og allmennkringkastar. Difor er det eit viktig mål i mediapolitikken å sikre allmennkringkastarane gode rammevilkår.

       Fleirtalet meiner det er ei viktig medie- og kulturpolitisk oppgåve å sikre NRK gode rammevilkår i eit medielandskap som er merkt av aukande konkurranse.

       Komiteens medlem, representanten Roy N. Wetterstad, viser til sine forslag i B.innst.S.nr.2 (1995-1996) og Innst.S.nr.190 (1994-1995) om å omgjøre NRK til betalingsfjernsyn og legge til rette for privatisering av statsinstitusjonen. Dette medlem er overbevist om at den beste måten å ivareta mangfold og kvalitet på er gjennom et mediamarked med fri konkurranse, hvor det offentlige ikke lager unødvendige hindringer og reguleringer eller gir noen av aktørene særfordeler.

Profil og mål

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Roy N. Wetterstad, meiner at målet med å skipe ein tilleggskanal er å kunne gje eit breiare tilbod og vere eit slagkraftig alternativ til dei kommersielle kanalane. Fleirtalet reknar med at både breitt populære program og tilbod for mindre grupper vert vektlagt på begge kanalane.

       Fleirtalet vil streka under kor viktig det er at kanalen blir drivi etter allmennkringkastingsprinsippet og at den programmessig skal vere eit supplement til dagens kanal.

       Komiteen er kjent med at NRK er open for eit samarbeid med ideelle organisasjonar og lokal-TV-konsesjonærar på NRK-2 kanalen. Komiteen stør dette med den føresetnaden at sendingane ikkje er reklamefinansierte.

Tekniske tilhøve

       Komiteen er samd i at det av økonomiske grunnar ikkje er forsvarleg å bygge eit nytt jordbasert sendenett for NRK-2.

       Komiteens fleirtal, alle unntatt representanten Roy N. Wetterstad, meiner at ved sendestart må dekninga av husstandane vere så høg som råd med dei utsendingsmåtane som i dag kan nyttast.

       Fleirtalet har merka seg at departementet i brev til komiteen 7. desember 1995 har opplyst at det 1. mars 1996 vil vera ein dekningsgrad på om lag 60 % av sjåarane og 1. juli 1996 nær oppunder 80 %

       Fleirtalet reknar med at NRK arbeider aktivt og gjer dei investeringane som er naudsynte for å oppfylle desse måla og tidsfristane.

       På denne bakgrunn stør fleirtalet oppstart av den nye kanalen.

       Fleirtalet viser vidare til at ei utbygging av sendenettet til NRK-2 vil kunne føre til vanskar for utviklinga av digitale sendingar då NRK-2 vil ta ein del av den ledige frekvenskapasiteten. Fleirtalet har merka seg høve til å utvikle og setje i gang digitale sendingar, og dei merknadene departementet har til dette. Det er ein føresetnad at NRK tek aktivt del i arbeidet med utviklinga av digitale sendingar slik at det blir nådd full dekning så snøgt som råd.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre meiner at ved sendestart må dekninga av husstandane vera så høg som råd med dei utsendingsmåtane som i dag kan nyttast (satellitt og direktemottak; kombinasjon satellitt, bakkesendar og nye omformarar; satellitt og videreformidling i kabel; og eventuelt gjennom lokale sendenett).

       Desse medlemene meiner såleis det er rimeleg at NRK må gjera dei investeringane som er naudsynte for å ha 80 % dekning av sendingane frå første sendedag. Desse medlemene vil streka sterkt under at det er ei plikt for NRK å arbeide aktivt for å få til ei fullgod dekning innan rimeleg tid.

       Desse medlemene viser til det faktumet at ei stor gruppe lisensbetalarar særleg i distrikta ikkje vil få inn den nye kanalen. Dekningsgraden vil variere svært mykje frå fylke til fylke. Sjøl etter ei tid med utbygging vil dekninga i ei rekke fylke vera under 50 % Desse medlemene finn dette utilfredsstillande, då det inneber forskjellsbehandling mellom lisensbetalarane ved at nokre husstandar får inn to kanalar og andre berre ein, jamvel om dei betalar likt. Desse medlemene vil difor be departementet vurdere om det bør gjevast reduksjon i kringkastingslisensen i distrikt der sjåarane ikkje vil kunne få inn den nye NRK-2-kanalen, jf. tidlegare praksis med å ikkje krevja inn radiolisens i område utan dekning.

       Komiteens medlem, representanten Roy N. Wetterstad, mener det ikke er realistisk å nå opp i den høye dekning for tilleggskanalen på så kort tid som NRK har beregnet. De store investeringene som kreves for å bygge ut en rekke bakkesendere vil dessuten føre til ytterligere press på lisensen.

       Dette medlem vil peke på at distribusjon av NRK-2 via bakkesendere vil legge beslag på viktig frekvenskapasitet som heller burde vært utnyttet til flere frekvenser for lokalfjernsyn.

       Opprettelse av en ny lisensfinansiert kanal gir for øvrig et juridisk og forbrukerpolitisk problem i forhold til de av lisensbetalerne som ikke får mulighet til å ta inn NRK-2. Ved at de skal avkreves full lisens vil de måtte betale for et produkt som de ikke fullverdig får. Dette medlem vil stille spørsmålstegn ved lovligheten av en slik praksis.

       Dette medlem viser til at det er beregnet at NRK-2 vil få en dekning på bare noe over 60 % fra starten av. 80 % dekning i år 2000 betinger salg av 100.000 parabolmottakere hvert år i 4 år når man beregner ut fra de bakkesendere Telenor har varslet utbygging av. Dette medlem anser dette som et lite realistisk mål, og viser til at det pr. 1. november i år kun er solgt 53.000 parabolanlegg.

Økonomi

       Komiteen har merka seg at styret i NRK « legger til grunn at NRK-2 skal igangsettes uten ekstra økning i kringkastingsavgiften » og at departementet skriv:

       « Etablering av avlastningskanal for fjernsynet, NRK-2, får ingen økonomiske konsekvenser, jf. forutsetningen om at etablering og drift skal skje uten økning i kringkastingslisensen. »

       Komiteen meiner det er ein føresetnad at NRK-2 skal skipast og drivast innanfor dei budsjetta NRK har.

       Komiteen har merka seg at driftskostnadene vil vera om lag 150 mill. kroner i året. Komiteen viser til at styret i NRK i brev til departementet av 16. mars 1995 skisserer korleis desse utgiftene skal dekkjast inn, og at departementet ikkje har merknader til dette.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, slår også fast at dei same krava til sponsorreglar skal gjelde i NRK-2 som i NRK 1.

       Komiteen føreset at dersom inntektene frå innkrevjing av lisens frå tjuvtittarar, sal av eigedom, sal av programvare, osv. ikkje skulle nå det naudsynte nivået for å drive kanalen etter planane, vil det måtte føre til tilsvarande kostnadsreduksjonar i NRK-systemet.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil understreke at lisensfastsettelsen er et av de sentrale styringsverktøy Stortinget har overfor NRK. En innføring av flerårig fastsettelse av lisensen uten justeringsmuligheter vil redusere den politiske innflytelsen over NRKs prinsipielle og strategiske utvikling. Flertallet understreker videre at dette ikke er i tråd med den vanlige budsjettbehandlingen da dette vil binde senere storting til de vedtak som fattes. Flertallet ønsker derfor å beholde dagens system for lisensfastsettelse.

       Komiteen sine medlemmer frå Høgre viser til brev frå NRK og framlegg frå departementet som føreset at den nye kanalen skal skipast og drivast utan lisensauke. Desse medlemmene vil på denne bakgrunn gjere følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa om at kringkastingslisensen skal vera lågast mogleg dei komande åra, og at eventuell auke ikkje skal overstige konsumprisindeksen. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil vise til Innst.S.nr.190 (1994-1995) der Sosialistisk Venstreparti ba Regjeringa om å se til at sponsinga i NRK ikke skulle overstige 0,5 % av driftsinntektene.

       Forslaget fikk bare Sosialistisk Venstreparti sine stemmer.

       Komiteens medlem, representanten Roy N. Wetterstad, legger avgjørende vekt på økonomien knyttet til opprettelsen av en tilleggskanal. NRK har beregnet at driftskostnadene i startfasen vil være på omlag 150 mill. kroner i året, men har ingen anslag på hvordan de forventes å utvikle seg over tid. Dette medlem regner med at kostnadene raskt vil stige til et betydelig høyere nivå etter hvert som kravene til hva den nye kanalen skal inneholde vil bli større. NRK forutsetter at en ny kanal ikke skal føre til økning i lisensavgiften og har i brev til Kulturdepartementet av 16. mars 1995 skissert hvordan kostnaden kan dekkes. Dette bekrefter at det er et betydelig effektiviserings- og innsparingspotensiale i NRK som for lengst burde kommet lisensbetalerne tilgode. Dette medlem fastslår at lisensfinansieringsordningen aldri har gjort det nødvendig for NRK å legge vekt på rasjonell og effektiv drift, og synes det er skandaløst at det politiske flertallet fremdeles ikke er villige til å se kritisk på pengebruken i statsinstitusjonen. Fremfor å opprette en ny NRK-kanal vil dette medlem foreslå at det effektiviserings- og innsparingspotensial som NRK selv har erkjent brukes til nedsettelse av kringkastingslisensen:

       « Stortinget ber Regjeringen redusere budsjettet til NRK med 150 mill. kroner i 1996. Lisensinntektene reduseres tilsvarende. »

Felles selskap for sendenettet

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå departementet.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N. Wetterstad viser til det hevdvunne prinsippet i norsk mediepolitikk at det skal vere eit skilje mellom sendeselskap og programselskap. Desse medlemene ser at det nye selskapet for sendarnettet skal vere felles eigd mellom Telenor AS og NRK AS og at føremålet skal vere « å betjene alle med konsesjon for å drive riksdekkende kringkasting i Norge med overføringskapasitet og senderkapasitet ». Desse medlemene viser til at det nye selskapet skal ha inntektene sine frå tenester som vert ytte til kringkastingsselskapa, og vil streke under at dette må baserast på lik og rettvis prissetjing overfor dei partane selskapet skal betjene. Dersom det skulle vise seg at andre selskap får problem ved å måtte tinge med dette selskapet - som også er ein konkurrent - vil desse medlemene måtte kome tilbake til saka.

Andre spørsmål

       Komiteen har merka seg at fjernsynet kan gjerast meir tilgjengeleg for døve og hørselshemma gjennom innføring av ny teknologi, og viser til det samarbeidet som er i gang med SINTEF for å utvikle teksting på fjernsynsskjermen via ein såkalla « taleregistrator ». Komiteen har merka seg at prosjektet vil vera ferdig i løpet av eit år og ha ei kostnadsramme for NRK på om lag 1,5 mill. kroner. Komiteen ser positivt på dette.

4. Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre:

Forslag 1

       Stortinget ber Regjeringa om at kringkastingslisensen skal vera lågast mogleg dei komande åra, og at eventuell auke ikkje skal overstige konsumprisindeksen.

Forslag frå representanten Roy N. Wetterstad:

Forslag 2

       Stortinget ber Regjeringen redusere budsjettet til NRK med 150 mill. kroner i 1996. Lisensinntektene reduseres tilsvarende.

5. Komiteens tilråding

      Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 46 (1994-1995) - Om tilleggskanal for NRK-Fjernsynet m.v. - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 12. desember 1995.

Grethe G Fossum, Hallgrim Berg, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.