Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kringkasting og dagspresse 1994 m.v.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 145 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 18 (1995-96)
  • Dato: 07.03.1996
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

1. Kringkasting og dagspresse 1994 m.v.

   Til Stortinget.

       Kulturdepartementet legg fram ei stortingsmelding om kringkasting og dagspresse i 1994. Grunnlaget for meldinga er årsmeldingane frå Norsk rikskringkasting, TV2, P4 Radio hele Norge og Statens medieforvaltning. I samsvar med dei vedtekne prinsippa for denne typen meldingar, femner ho òg omtale av nokre andre mediepolitiske spørsmål, jf. Ot.prp. nr. 55 (1989-1990) og St.meld. nr. 26 (1991-1992), Kringkasting og dagspresse 1990 m.v.

2. Allmenne spørsmål

Kringkastingsmarknaden

       Statistikken viser at det ikkje skjedde store endringar i radio- og fjernsynsforbruket i Noreg i 1994. På konkurranseområdet var hovudtendensen at dei kommersielle riksdekkjande allmennkringkastarane, TV2 og P4, auka oppslutninga noko, medan særleg nærkringkastarane tapte terreng.

       Tal for første halvår 1995 syner at radiolyttinga ligg stabilt på om lag same nivå som i 1994 (jf. tabell 1).

Tabell 1: Gjennomsnittleg marknadsdel (%) av total lyttartid radio

  TOTALT
  1992 1993 1994 1. kv. 1995 2. kv. 1995 3. kv. 1995
NRK 67 68 60 60 60 60
P4 - 6 27 28 28 28
Nærradio 30 24 12 12 12 12
Total 97 98 99 100 100 100

Kjelde: NRK Forskningen

       I snitt såg 72 % av befolkninga fjernsyn kvar dag i 1994. Det er ein auke på 1 % i høve til 1993. Den gjennomsnittlege sjåartida i 1994 auka noko, med 7 minutt til 140 minutt totalt. Auken i sjåartida har i sin heilskap kome TV2 til gode, medan NRK opplevde ein svak reduksjon. Dei kommersielle kanalane som vert formidla over satellitt og kabel har samla ei stabil oppslutning. Desse tendensane ser ut til å halde fram i 1995 (jf. tabell 2).

Tabell 2: Gjennomsnittleg marknadsdel (%) av fjernsynssjåing i prime time (man.-søn. 19.00-23.00)

  TOTALT
  1992 1993 1994 1. kv. 1995 2. kv. 1995 3. kv. 1995
NRK 68 59 56 51 54 53
TV2 5 19 23 29 26 28
TVNorge 9 9 8 9 7 6
TV3 6 5 5 5 4 4
Andre 12 8 8 7 8 8
Total 100 100 100 101 99 99

Kjelde: NRK/Fjernsynet og MMI Norsk TV-meter panel

       På grunn av det statistiske materialet som ligg føre, konstaterer departementet at norske sjåar- og lyttarvaner og tilhøva på kringkastingsmarknaden var relativt stabile i 1994 og at de norske allmennkringkastarane forsvarar si sterke stilling.

Reklamemarknaden

       Årsmeldinga til TV2 syner at samstundes som den totale reklamemarknaden veks, auka fjernsynsreklamen sin del av totalen med over 50 % frå 615 mill. kroner i 1993 til 930 mill. kroner i 1994. I 1994 hadde TV2 vel 60 % av den totale omsetninga av fjernsynsreklame, i 1995 opp mot 70 % av reklamemarknaden. Noko avhengig av korleis dei økonomiske tilhøva utviklar seg i Noreg, reknar TV2 med at det framleis er rom for ein auke i fjernsynsreklame i 1995, men at denne auken blir noko mindre dei neste to åra. TV2 reknar med, mellom anna på grunn av det aukande talet på kanalar, å måtte førebu seg på hardare konkurranse om reklamekronene.

       Radioreklamen står for om lag 5 % av den totale reklameomsetninga i Noreg, medan fjernsynsreklamen utgjer rundt 30 %. Statistikken som ligg føre for reklameomsetninga i radio tyder dessutan på at den prosentvise veksten her har vore langt sterkare enn reklameomsetninga for fjernsynet dei siste åra.

       Etter etableringa av P4 har nærradioane meir enn halvert si oppslutning. Statistikken for reklamemarknaden totalt viser at radioen aukar sin del av reklameomsetninga og at auken særleg finn stad innanfor merkevareannonsering. Ein reknar med at auken i reklameinntekter hovudsakleg kjem P4 til gode.

Allmennkringkasting

       I samsvar med stortingsfleirtalet sitt syn, vil departementet syte for at det blir nemnt opp eit eige råd for allmennkringkasting med representantar frå dei eksisterande programområda frå NRK, TV2 og P4. I tillegg vil det bli nemnt opp medlemer som representerer kulturlivet og medieforskarmiljøa i Noreg. Departementet tek sikte på at dette rådet skal kome i gang med verksemda frå årsskiftet 1995/96.

       Til hjelp for rådet si verksemd vil departementet utarbeide eit sett av kriterium for måling av allmennkringkasting. Departementet tek sikte på at dei skal vere ferdig utarbeidde ved årsskiftet 1995/96.

Spreiing av nordisk fjernsyn

       Etter initiativ frå den danske og norske statsministeren vurderte det norske Kulturdepartementet i samråd med Kulturministeriet i Danmark ulike bilaterale løysingar for distribusjon av dansk fjernsyn i Noreg. Mellom norske kabelselskap, rettighetshavarane sin organisasjon Norwaco og kringkastingsselskapa er det inngått ein rammeavtale som vil gjelde for vidaresending av dansk fjernsyn i kabelnetta. Dansk fjernsyn kan derfor teknisk sett bli distribuert i norske kabelanlegg på same måte som svensk fjernsyn blir distribuert i Noreg.

       Telenor har frå desember 1995 starta vidaresending via satellitt av signal mottekne i Noreg, og tilbyr dansk fjernsyn (Danmarks Radio og dansk TV2) i norske kabelnett. Om tilbodet skal bli permanent avheng av interessa blant kabelabonnentene.

       Frå ulike hald er det tatt til orde for spreiing av norsk fjernsyn i Sverige. Dei tekniske og rettslege tilhøva i Sverige ligg til rette for vidareformidling av norske program i svenske kabelnett. Interessa for slik vidaresending blant abonnentane og kabelselskapa avgjer om slik formidling skal finne stad.

Medieetiske spørsmål

       Klagenemnda for kringkastingsprogram fekk i 1994 34 klager, like mange som for 1992 og 1993 til saman. Langt dei fleste klagene gjeld nyhende- og aktualitetsprogram. Det vert først og fremst klaga over « utilbørlig behandling » og kombinasjonen « utilbørlig behandling og krenking av privatlivets fred ».

       Departementet nemnde i 1994 opp eit utval for å vurdere prinsipielle og praktiske spørsmål knytt til ei ordning med medieombod i Noreg. Utvalet, som etter føresetnadene skal leggje fram ein rapport ved årsskiftet 1995/96, skal særleg vurdere om eit slikt ombod kan medverke til å styrkje det medieetiske arbeidet i Noreg og drøfte tilhøvet mellom eit medieombod og eksisterande medieetiske institusjonar som Klagenemnda for kringkastingsprogram og Pressens Faglige Utvalg.

       Styret i Norsk Presseforbund har på prinsipielt grunnlag gått inn for at Pressens Faglige Utvalg òg skal kunne ta imot klagar som gjeld kringkastingsprogram. Ordninga vil tidlegast ta til å gjelde frå årsskiftet 1995/96.

       Departementet følgjer den medieetiske utviklinga nøye og kjem tilbake til organiseringa av det medieetiske arbeidet i 1996, etter at utvalet som vurderer ei medieombodsløysing har lagt fram si innstilling.

Fra analog til digital distribusjon av media

       Vi står på terskelen til ei omlegging frå analog til digital distribusjon av medier. I Noreg er det sett i verk prøvedrift av digital radio, på noko lengre sikt vil digitalt fjernsyn bli utbygd. Samstundes satsar ulike medieaktørar på utvikling av Internett-tenester. Grensa mellom medium og distributør vil etter kvart bli vanskelegare å trekkje. Utviklinga av digital teknologi tvingar dei dominerande aktørane til oppkjøp og danning av alliansar av ulike slag som på sikt vil gi omfattande strukturelle endringar i mediesektoren både i Noreg og internasjonalt. Konsentrasjon av medieegarskap inneber ein trussel mot mangfaldet og i yttarste konsekvens mot presse- og informasjonsfridommen. Samstundes er ein viss konsentrasjon i mediesektoren nødvendig for å kunne hevde seg i konkurransen nasjonalt og internasjonalt.

       Konsekvensen av ein situasjon der medietilbodet veks er at konkurransen uvilkårleg aukar, samstundes som danning av store medieverksemder og konsern inneber ei aukande fokusering på avkastning og forteneste. Sjølv om tilbodet reint kvantitativt blir høgare er det ikkje nødvendigvis slik at mangfaldet eller breidda aukar. Departementet ser det derfor som ei hovudoppgåve å leggje tilhøva til rette for eit tilbod basert på kvalitet. Dette inneber at det blir alt viktigare å forsvare prinsippa og tradisjonane som ligg i allmennkringkastingsomgrepet og sikre pressa vilkår som gjer at den kan utøve sin tradisjonelle rolle og oppgåver. Det tyder sjølvsagt ikkje at offentlege verkemiddel ikkje vil bli endra. Tvert om krev den raske utviklinga at lovverk, organisatoriske og økonomiske tilhøve må bli vurderte og reviderte kontinuerleg.

Digital lydkringkasting (DAB)

       Samanlikna med dagens analog lydkringkasting har digital lydkringkasting fleire føremoner. DAB (Digital Audio Broadcasting) gir langt betre lydkvalitet, særleg ved mottak i bil. Frekvensspekteret vil kunne bli utnytta betre og sendarnetta blir billegare i drift. I tillegg til overføring av lyd vil dei digitale sendarane òg kunne overføre datatenester.

       NRK og P4 har sidan 1994 i samarbeid med Telenor AS drive tekniske prøvesendingar med digital lydkringkasting. Også nærkringkastingssektoren er representert i styringsgruppa for denne prøveverksemda. Erfaringane med prøvesendingane har så langt vore positive.

       I Wiesbaden i Tyskland vart det i juli 1995 ført tingingar og gjort vedtak om fordeling av frekvensar til jordbunden digital kringkasting i Europa. Ved desse tingingane fekk Noreg ei frekvensblokk til landsdekkjande kringkasting og ei blokk til regional kringkasting i kvar av seks regionar, med 3-4 fylke i kvar region. Ved eventuelle seinare tingingar kan ytterlegare frekvensblokker bli gjort tilgjengelege for digital kringkasting.

       Utviklinga av DAB har kome så langt at det no er naudsynt å ta stilling til om denne teknikken skal innførast i Noreg og eventuelt kva prinsipp som bør ligge til grunn for fordelinga av frekvensressursane. Departementet tek sikte på å kome attende til denne saka om kort tid.

3. Verksemda i Norsk rikskringkasting

Programverksemda

       NRK sende i 1994 til saman om lag 3.600 timar fjernsyn og om lag 46.500 timar radio. Samla inneber dette ein auke av sendetida på 25 % frå 1993 og skyldast i første rekkje ei utviding av sendetida til riks- og distriktsradioen.

       Ein kan konstatere at NRK-Radio har utvida den relative sendetida for nyhende-, sport- og kulturprogram. Det er òg ein tendens til at marginale programkategoriar som drama til undervisningsprogram tapar noko terreng.

       Den relative fordelinga mellom ulike programtilbod i NRK-fjernsynet var i 1994 stabil samanlikna med 1993. Den relative sendetida til informasjons- og sportsprogram vart utvida noko, medan kulturprogram, nyhende og underhaldningsprogram gjekk noko attende. Eigenproduksjonen i NRK-fjernsynet var i 1994 57,6 % mot 56 % i 1993. Tala representerer for begge åra den høgaste eigenproduksjonen nokon gong.

       Prioriteringa av distriktskontora held fram. Sendetida i distriktsradioen er for tredje året på rad utvida kraftig frå 18.967 timar i 1993 til 22.741 timar i 1994. Distriktsfjernsynet sin del av rikssendingane opplevde ein auke på 32 % eller 339 timar. Programverksemda ved distriktskontora stod for 17 % av eigenproduksjonen til NRK.

       Bruken av nynorsk i NRK var i 1994 stabil samanlikna med 1993. Bruken av nynorsk i NRK er for låg i høve til Stortinget sine føresetnader. Departementet strekar under at arbeidet med å styrkje nynorskdelen i alle kanalar må halde fram.

OL 1994

       NRK var vertskringkastar for dei olympiske spela på Lillehammer i 1994. Ein eigen divisjon, NRK ORTO 94, var ansvarleg for produksjon og overføring av dei internasjonale sendingane frå tevlingane. Totalt medverka om lag 750 NRK- medarbeidarar i satsinga.

Organisering og økonomi

       NRK hadde til saman 3.002 tilsette omrekna til heile årsverk ved utgongen av 1994. Dette utgjer ein auke på 41 årsverk samanlikna med 1993. Ved sidan av ei styrking av sportsredaksjonen i NRK-fjernsynet, kom auken i bemanninga den programskapande verksemda i distriktskontora til gode.

       Rekneskapen for 1994 syner eit positivt resultat. Årsresultatet for 1994 utgjer 27,6 mill. kroner mot 1,6 mill. kroner i 1993. Det positive årsresultatet kan i stor grad tilskrivast ei tilbakeført avsetjing på 32,6 mill. kroner som følgje av avviklinga av prosjektet OL-94. Driftsresultatet for året er negativt med 29,1 mill. kroner. Det utgjer likevel ei betring på ca 2 mill. kroner i forhold til driftsresultatet i 1992.

       NRK meiner resultatet for 1994 har styrkt NRK. Dette kjem i hovudsak av større inntekter frå særavgifta enn venta og eit positivt sluttbidrag frå ORTO. Samla sett meiner NRK at kostnadene er under kontroll. NRK held dessutan fram arbeidet med økonomistyring og kostnadseffektivitet.

       Lønsforhandlingane i NRK har dei to siste åra ført til konflikt og stopp i sendingane. Lønsveksten har etter dette vore langt høgare enn til dømes i statleg sektor. Departementet vil streke under at uforsvarleg kostbare lønsoppgjer er eigna til å undergrave framtidige ønske om auke i lisensen frå NRK si side. Departementet ser det som positivt at NRK har slutta seg til NAVO.

Verksemda dei siste åra

       NRK legg opp til å føre vidare den noverande programpolitikken og sin allmenne profil.

       Det vil bli satsa vidare på distriktsradio og distriktsfjernsyn. Ei satsing på utvikling av bimediale arbeidsmetodar, der medarbeidarane meistrar programproduksjon for både radio og fjernsyn, vil auke produktiviteten ved å auke talet på sendetimar i begge media og styrkje dekninga av distrikta. Satsinga vil òg medverke til at rikskanalane har ein landsdekkjande programprofil. NRK tek sikte på å styrkje samarbeidet og utveksling av program med uavhengige produksjonsselskap. Det er etablert eit prøveprosjekt for denne typen samarbeid med NEA radio, ein allmenn nærradio i Sør-Trøndelag.

       NRK tar del i europeiske samarbeidsorgan som er etablerte for å utvikle og føre vidare standardar og løysingar for digitalt fjernsyn.

       Eit utval med representantar frå Norsk rikskringkasting, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i læringsmiljø la i januar 1995 fram utgreiinga « Nye perspektiv på undervisning via fjernsyn ».

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil, i samråd med Kulturdepartementet, vurdere dei tilrådingane som utvalet har lagt fram.

4. Verksemda i TV2

Allment

       Verksemda til TV2 har i 1994 i hovudsak vore i samsvar med konsesjonsvilkåra når det gjeld dei tekniske og organisatoriske krava. TV2 opplevde som einaste norske fjernsynskanal ei auke i oppslutninga frå publikum i 1994. TV2 har på kort tid opparbeidd lønsam drift og har i 1994 oppnådd eit betre resultat enn budsjettert.

Programverksemda

       TV2 hadde i 1994 til saman 3.700 sendetimar mot 3.400 i 1993. TV2 opplyser i årsmeldinga at programprofilen i 1994 ikkje vart vesentleg endra frå 1993. Nyhende og aktualitetar vart høgt prioriterte i programverksemda til TV2. I tillegg til dei to faste sendingane vart nyhendeformidlinga hausten 1994 utvida med fem korte sendingar om morgonen.

       Programrådet til TV2 uttalte i samband med verksemda i 1993 at det i stor grad er nøgd med programprofilen til TV2, men peikte likevel på at særleg program for barn og ungdom og kulturstoff i den smale tydinga av omgrepet, var lågt representerte. TV2 starta i 1994 å sende eigne barneprogram, men berre på laurdagar og søndagar. Programrådet har ikkje uttala seg om den generelle programprofilen i 1994. Sidan programprofilen ikkje er vesentleg endra i 1994 går departementet ut frå at konklusjonane til programrådet framleis held stikk. Det bør ikkje vere økonomiske hinder i vegen for at kanalen skal kunne sende eit fullverdig tilbod til barn og minoritetar.

       Statistikken over programprofilen som blir presentert i årsmeldinga til TV2 er mangelfull. Departementet viser til at årsmeldinga på dette punktet ikkje gir grunnlag for å vurdere på kva måte TV2 held seg til konsesjonsvilkåra. Departementet finn det rimeleg at TV2 i framtida gir ein meir detaljert statistikk over programverksemda, slik at det er mogleg å vurdere om TV2 driv i tråd med prinsippa for allmennkringkasting.

       Om lag 48 % av programma TV2 sende i 1994 var produserte i Noreg. Departementet finn det positivt at selskapet tek sikte på å nå målet om 50 % norskproduserte program allereie i 1995.

       TV2 har i 1994 i aukande grad nytta den såkalla entreprismodellen for brorparten av programma, med unntak særleg for nyhende-, sports-, aktualitets- og debattprogram og vervarslinga. Verdien av program TV2 kjøpte av sjølvstendige norske produsentar i 1994 var på om lag 100 mill. kroner. Utbygginga av eit nettverk for eit landsdekkjande samarbeid med frittståande produksjonsselskap og einskilde korrespondentar om nyhende held fram.

Organisering, økonomi og eigartilhøve

       TV2 sysselsette i 1994.310 personar, ein arbeidsstokk som stod for til saman om lag 300 årsverk. Dette er ein auke på om lag 50 årsverk samanlikna med 1993.

       I april 1995 kunne 93 % ta inn sendingane til TV2. TV2 reknar med dette utbygginga av det jordbundne sendarnettet for fullført. Det er i tillegg mogleg å ta inn sendingane til TV2 via satellitt.

       Programrådet for TV2 hadde i 1994 to møter og handsama til saman 13 saker. Det er ikkje utarbeidd ei samla oversikt over verksemda i 1994. Det vil vere føremålstenleg at programrådet laga ein samla oversikt over sine vurderingar av programverksemda.

       TV2 har utvida samarbeidet med NRK både på det tekniske området og om einskilde, særleg store, produksjonar. Korkje TV2 eller NRK kan vise til at det er tatt noko initiativ for å inngå innkjøpssamarbeid for å unngå prisdrivande konkurranse, slik Stortinget la til grunn ved etableringa av ein reklamefinansiert kanal. Tvert om har departementet registrert eksempel på at dei to kanalane har drive kostnadene til rettane til idrettsarrangement og andre populære arrangement opp. Denne utviklinga er skadeleg for begge kanalane, men kanskje særleg for NRK som i mindre grad kan hente inn ekstrainntekter i samband med populære program.

       TV2 bokførte både i 1992 og 1993, i samsvar med budsjettet, eit underskot på driftssida. Rekneskapen for 1994 viser eit overskot på 35,6 mill. kroner. Dei totale driftsinntektene viser ein auke på 163 % samanlikna med 1993, noko som i hovudsak skyldast veksten i sal av reklame. Driftskostnadene skyldast veksten i sal av reklame. Driftskostnadene viser ein svak auke på 6,5 % i høve til 1993.

       Ved utgongen av året var dei tre største eigarane Schibsted AS med 33,32 % av aksjane, Egmont AS med 33,07 % og Vital AS med 15 %. I tillegg var det ein rekkje mindre aksjonærar som eigde inntil 5 % av aksjane. I 1995 har A-pressen AS kjøpt opp knappe 25 % av aksjane i TV2 og er dermed den tredje største aksjonæren i selskapet. I oktober 1995 kjøpte Aller-gruppen til saman om lag 8 % av aksjane får mindre aksjonærar.

Verksemda dei neste åra.

       TV2 reknar med ei positiv utvikling i den totale reklamemarknaden dei neste åra. Prognosar tyder på at reklameomsetninga for fjernsyn vil overstige 1 mrd. kroner allereie i 1995 og at den vil vekse til om lag 1,5 mrd. kroner innan 1998. Utviklinga avheng likevel mykje av korleis konjunkturane elles utviklar seg i perioden.

       TV2 legg ikkje opp til omfattande endringar i programprofilen i 1995 eller i perioden fram til 1998. Nyhende- og aktualitetsprofilen vil bli ytterlegare styrkt. Vidare tek ein sikte på å auke eigenproduksjonen gjennom eit underhaldningsprogram som dekkjer heile laurdag kveld. Departementet viser til sine merknader i 3.3.2 og føreset at programverksemda, der TV2 ikkje har eit fullgodt tilbod, blir brakt i samsvar med konsesjonsvilkåra.

5. Radio hele Norge AS (P4)

Programverksemda

       P4 melder at dei i hovudsak rettar seg mot vaksne menneske (aldersgruppa 20-50 år) og at programverksemda blir lagt opp etter dette. Vidare heiter det at ein òg har eit tilbod til barn og ungdom og religiøse program og at ein legg særleg stor vekt på formidling av nyhende og presentasjon av musikk. Det vert ikkje lagt fram statistikk over programprofilen. Det er såleis ikkje mogleg å avgjere om P4 har ein programprofil som er i tråd med konsesjonen og prinsippa for allmennkringkasting.

       P4 sender i dag ikkje program for den samiske befolkninga eller språklege minoritetar, slik konsesjonsvilkåra føreset.

       P4 nemner kultur som eit av sine redaksjonelle hovudsatsningsområde. Departementet har likevel klare indikasjonar på at P4, særleg med omsyn til smale grupper, ikkje følgjer prinsippa for allmennkringkasting fullt ut. Blant anna ligg det føre ei undersøking som viser at P4 i sine sendingar gir svært liten plass til kulturstoff i den smalare tydinga av omgrepet. P4 brukar i si årsmelding mykje plass på å setje spørsmålsteikn ved innhaldet i allmennkringkastingsomgrepet. Departementet strekar under at vilkåra som er sett i konsesjonen ligg fast og ikkje er tema for forhandlingar.

       Kulturdepartementet oppnemnde eit programråd for P4 i oktober 1994. Programrådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i P4, og om programsaker som administrerande direktør for P4 legg fram for rådet. Styret og direktøren kan også be rådet uttale seg om administrative og økonomiske saker.

Organisering og økonomi

       P4 har oppretta hovudkontor på Lillehammer. Eit underkontor, marknadsavdelinga og salsavdelinga ligg i Oslo. Det er i 1994 oppretta eit eige lokalkontor i Tromsø. P4 sysselsette ved årsskiftet 1994/1995 noko over 50 faste medarbeidarar. Det er oppretta eit formalisert samarbeid med ei rekkje nærradioar i Noreg og med korrespondentar i utlandet. I tillegg har fleire nærradioar som ikkje har faste avtalar levert innslag til P4.

       Det er ikkje meldt om endringar i eigarsamansetjinga i P4 i 1994. Pr. 31. desember 1994 hadde P4 desse eigarane: Tharald Brøvig, Endre Røsjø og Stormbull AS, kvar med 20 % av aksjekapitalen, Kinnevik AS med 13,32 %, AB Kinnevik og Ingress TV AS med 10 % og Malmship med 6,68 % av aksjane. Den utenlandsk-kontrollerte eigardelen utgjorde 33,32 % av aksjane. I 1995 har Stormbull selt 10 % av aksjane til Per M. Solvang og Malmship har selt heile sin aksjepost til tilsette, styremedlemmer og tillitsvalde i P4. Den norskeigde delen av aksjane til Industriförvaltning AB Kinnevik som tidlegare var delt på Kinnevik AS og Ingress TV AS er no konsoliderte i Kinnevik AS.

       Med ei omsetning på 80,5 mill. kroner bokførte P4 i 1994 eit positivt resultat på 4,7 mill. kroner. Selskapet reknar med at den positive økonomiske utviklinga vil halde fram i 1995.

       Departementet finn generelt at årsmeldinga til P4 i liten grad gir grunnlag for å vurdere om drifta er i tråd med konsesjonsvilkåra. Vi minner om at departementet kan krevje å få dei opplysningane som det finn nødvendig for å kontrollere om konsesjonsvilkåra blir etterlevde. Departementet føreset at P4 i neste årsmelding gjer nærmare greie for programverksemda på grunnlag at statistikk og annan relevant informasjon.

Verksemda for dei neste åra

       Planane for 1955 inneber mellom anna ei auka satsing på nyhende og vidare utbygging av korrespondentnettet både i Noreg og i utlandet. I 1995 reknar ein med at 92 % av befolkninga skal kunne motta P4. P4 tek framleis sikte på å føre vidare samarbeidet med Telenor og NRK om utvikling av digital lydkringkasting i Noreg.

       P4 melder at selskapet har bede Telenor AS gjere ein kostnadsanalyse og vurdering av lokal eller regional formidling av P4 sine sendingar. Departementet kan ikkje sjå at det finst grunnlag for å etablere eit samarbeid mellom P4 og nærradioane om lokal eller regional spreiing av P4 sine sendingar.

6. Statens medieforvaltning og nærkringkastingsspørsmål

Statens medieforvaltning

       Statens medieforvaltning har no 13 tilsette. Verksemda er organisert i to avdelingar, kringkastingsavdelinga og presse- og administrasjonsavdelinga.

       I 1994 har Statens medieforvaltning sett i verk i alt 27 sanksjonar i form av åtvaringar mot ulike nærkringkastingskonsesjonærar for brot på regelverk. Sanksjonane gjaldt særleg brot på reglane om rekneskaps- og avgiftsplikt, om vidareformidling av satelittkringkasting og om reklame og sponsing.

       TVNorge AS fekk to åtvaringar for brot på regelverket om reklame og sponsing. Statens medieforvaltning har òg teke opp brot på regelverket med P4 og NRK, men utan at det er sett i verk sanksjonar mot desse selskapa.

       Dei utanlandske satellittselskapa TV1000 og FilmMax fekk varsel om at det ville bli lagt ned forbod mot vidaresending av sendingane deira i norske kabelnett fordi det vart sendt pornografiske filmar som var i strid med norsk lov. TV 1000 tok varselet til følgje og sladda dei sendingane som var i strid med norsk lov. FilmMax heldt fram med å sende ulovlege filmar, og Statens medieforvaltning gjorde derfor vedtak om forbod mot vidaresending av kanalen. Iverksetjinga av vedtaket var utsett til Kulturdepartementet hadde handsama ein klage over vedtaket. Departementet avviste klagen i mai 1995 og FilmMax tok på nytt til med sladding av sendingane. Eigarane av FilmMax stemna i juli Kulturdepartementet for Oslo byrett med påstand om at departementet sitt vedtak ikkje er gyldig. Saka er lagt fram for EFTA-domstolen for at den skal uttale seg, og kjem venteleg opp for Oslo byrett i 1996.

Nærkringkastingsspørsmål

       Samla var det betalt inn 1,7 mill. kroner i reklameavgift for nærradio i 1994. Mellom anna på grunn av mangelfulle opplysningar er det framleis rekneskap som ikkje er ferdig kontrollerte med sikte på å avdekkje manglande eller for låg innbetaling av reklameavgift. Nokre konsesjonærar er såleis framleis skyldig reklameavgift. Statens medieforvaltning vil leggje vekt på om konsesjonærar har retta seg etter føresegnene om reklameavgift ved tildeling av nye konsesjonar frå 1996.

       I 1994 tildelte Audiovisuelt produksjonsfond 11,7 mill. kroner til nærkringkastingsformål. Audiovisuelt produksjonsfond gir med dette eit tilskott til nærkringkastingssektoren som totalt er om lag tre gonger høgare enn det sektorane fekk utbetalt i snitt på 90-talet frå dei tidlegare fonda på området.

Nærradio

       Ved årsskiftet 1994/1995 var landet delt i 201 konsesjonsområde for nærradio medan talet på konsesjonærar var 386. Det vart gitt 8 nye konsesjonar medan 34 konsesjonar av ulike årsaker vart sletta i 1994. 117 av konsesjonsområda dekte berre ein kommune. Det var 218 operative sendaranlegg. 1994 var økonomisk sett eit vanskeleg år for bransjen. 34 konsesjonar vart sletta, ni av desse på grunn av konkurs. Etter at P3 og P4 starta sine sendingar gjekk den totale lyttaroppslutninga ned frå 20 % i 1993 til om lag 12 % i 1994.

       Statens medieforvaltning har i 1994, som ledd i ei prøveordning, tillate 21 samsendingsprosjekt ulike stader i landet. Mange nærradioar har òg gjort forsøk med andre former for samarbeid i perioden.

       Statens medieforvaltning har òg i 1994 motteke klagar over at utbygging av sendarar for P3 og P4 har medført tekniske forstyrringar for einskilde nærradioar. Statens teleforvaltning har i den grad det har vore mogleg, søkt å løyse dei tekniske problema innanfor disponible frekvensressursar.

7. Dagspresse m.v.

Økonomisk utvikling

       Samanlikna med 1993 viser rekneskapstal for 1994 eit forverra resultat for nr. 2-avisene. Dei nr. 2-avisene som har rett til produksjonstilskot hadde eit underskot i 1994 på 185 mill. kroner før stønadstildeling, mot eit tilsvarande underskot på 149 mill. kroner i 1993. Etter stønadstildeling hadde nr. 2-avisene eit underskot på 29,5 mill. kroner i 1994, mot eit overskot på 24,8 mill. kroner i 1993. Det er særskilt einskilde aviser i gruppa riksspreidde meiningsberande aviser som hadde store underskot i 1994.

       Dei samla inntektene for dagspressa auka frå om lag 8,8 mrd. kroner i 1993 til 9,4 mrd. kroner i 1994. Resultat før stønadstildeling auka frå 775 mill. kroner i 1993 til 821 mill. kroner i 1994. Auken skuldast mellom anna at annonseinntektene for dagspressa auka frå 1993 til 1994. I tillegg har avisbransjen halde fram rasjonaliseringa av drifta i 1994.

       Tal frå Norsk Reklamestatistikk syner at det samla annonsevolumet for aviser auka med 3 % i 1994. Tala syner vidare at radio og fjernsyn har teke marknadsdelar frå aviser når det gjeld merkevareannonsering frå 1993 til 1994.

Produksjonstilskotet

       Fordelinga av produksjonstilskotet til aviser skjer på grunnlag av forskrifter om produksjonstilskot. Nye fordelingskriterier har medført at dei minste avisene, særleg dei små lokale vekeavisene, har fått monaleg høgare støtte enn tidlegare.

       Ved kgl.res. av 5. juli 1995 vart det gjort ein endring av forskriftene som presiserer og innskjerpar regelen som set forbod for aviser som får pressestøtte mot å betale utbytte til eigarane. Aviser i konserntilhøve som utbetaler konsernbidrag, vil såleis misse retten til tilskot.

       Det blir vidare slått fast at konsernaviser som får pressestøtte ikkje skal kunne yte meir enn ein prosent av sine driftsinntekter eksklusiv pressestøtte til dekning av driftskostnadene i morselskapet.

       Som nemnt i St.prp. nr. 1 (1995-1996), vil departementet i tillegg innføre ordningar som sikrar betre kontroll med at pressestøttemidlar blir nytta til drift av den avisa som mottek støtta.

       Det er også nødvendig å sjå avisene sitt engasjement i nærkringkasting i lys av regelen om at pressestøttemidlar skal nyttast til avisdrift.

       Eit anna spørsmål som departementet ønskjer å avklare nærmare gjeld sjølve definisjonen av ei avis.

       Departementet meiner at ein del spesialiserte publikasjonar som tek opp spesielle samfunnstilhøve frå ein spesiell vinkel har verdifulle impulsar til den allmenne debatten. Det er eigne støtteordningar som mellom anna omfattar partipolitiske vekeaviser, nynorskavis, fråhaldsavis, samiske aviser og innvandrarpublikasjonar.

       Departementet meiner likevel ein må unngå at den aukande mengda av spesialpublikasjonar av ulike slag blir innlemma i pressestøtteordningane. Departementet tar sikte på å opprette ein arbeidsgruppe til å vurdere dagspresseomgrepet for betre å kunne skilje mellom allmenne dagsaviser og meir spesialiserte publikasjonar.

       Ei arbeidsgruppe med representantar frå Statens medieforvaltning og Kommunaldepartementet gjennomfører ei evaluering av støtta til dei samiske publikasjonane, med sikte på å utarbeide eit nytt regelverk for denne støtta.

       Forvaltninga av pressestøtteordningane vart overført til Statens medieforvaltning ved årsskiftet 1994/95.

8. Merknader frå komiteen

       Komiteen viser til at mange av dei spørsmåla og problemstillingane som er omtalte i meldinga, nyleg har vore handsama i Stortinget, jf.

- mediemeldinga og nærkringkastingsmeldinga, jf. Innst.S.nr.190 (1994-1995),
- lokalfjernsynsmeldinga, jf. Innst.S.nr.95 (1995-1996),
- tilleggskanal for NRK-Fjernsynet, jf. Innst.S.nr.94 (1995-1996),
- omgjering av NRK til aksjeselskap, jf. Innst.O.nr.16 (1995-1996).

       Komiteen viser og til at spørsmål om eigarskap og eigaravgrensingar, medieombod m.m. snart vil bli lagde fram for Stortinget.

Allmennkringkasting

       Komiteen er godt kjent med det nasjonale og internasjonale ordskiftet om allmennkringkasting (public service) og den verdien allmennkringkastarane har for språk, kulturliv og informasjon i dei einskilde landa.

       Komiteen viser til at både lisensfinansierte og reklamefinansierte selskap er pålagt definerte kulturelle krav og plikter som motyting til dei særlege rettane styresmaktene har gjeve dei.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til at vi har tre allmennkringkaster - NRK, TV2 og P4 som har de samme krav til allmennkringkasting og til å presentere en variert meny av program. Det er viktig at det nå etableres et allmennkringkastingsråd med hensyn til det ansvaret styresmaktene har for å sikre at allmennkringkasterne sender allmennkringkasting. Det understrekes at dette er et virkemiddel som ikke skal gå på bekostning av de enkelte selskapers programråd, men bistå i arbeidet styresmaktene gjør i forhold til selskapenes forpliktelser. Det er viktig at rådet følger utviklingen i allmennkringkasterne og at selskapene gir statistikk som gjør det mulig å følge utviklingen. Flertallet forutsetter at det føres statistikk for programtilbudet i alle selskaper og kanaler.

       Flertallet er bekymret over den kraftige økningen i klager som Klagenemda har fått. Det er viktig at media selv tar et ansvar for denne utviklingen så lenge det er selvjustis-praktiseringen som er det viktigste instrumentet for å regulere mediaetiske spørsmål. Flertallet har merket seg at departementet følger den mediaetiske utviklingen nøye og vil komme tilbake til organiseringen av dette arbeidet. Flertallet vil streke under departementets vurdering av at økning i kringkastingstilbudet ikke nødvendigvis øker mangfoldet og bredden. Det er derfor viktig å legge tilrette for allmennkringkastere som formidler et tilbud basert på kvalitet og bredde.

       Komiteens medlemer frå Høgre minner om at NRK ikkje har konsesjonsvilkår, men eit sett av vedtekter, pålegg og ønskjemål frå samfunnet som har fått hevd gjennom handsaming i storting og departement over ein lang tidsperiode. TV2 har sine konsesjonsvilkår og P4 sine. Desse medlemene meiner at allmennkringkasting er eit begrep utan eksakt innhald, men legg til grunn at konsesjonærane skal ha ei plikt til å ha ein variert programmeny retta både mot breie og smale publikumsgrupper over tid.

       Komiteens medlem representanten Roy N. Wetterstad mener en generell kvalitetsheving innenfor norsk fjernsyn og radio har kommet som en følge av innføringen av konkurranse.

       Dette medlem beklager at for restriktive reklame- og sponsorregler bl.a. fører til at tilbudet til barn blir dårligere enn det kunne og burde vært.

       Dette medlem mener også det er grunn til å fremheve en positiv utvikling for kanaler som staten ikke holder hånden over. TV Norge og TV 3 gir verdifulle tilbud i det norske fjernsynsmarkedet. Begge vil bli viktige samarbeidspartnere i forbindelse med utviklingen av lokal-TV. Dette medlem registrerer for øvrig at TV 3 har innledet et interessant samarbeid med radio - P4.

TV2 og P4

       Komiteen konstaterer at TV2 og P4 på kort tid har vore med å auke det norske medietilbodet monaleg.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, er enig i de merknader departementet har til de ulike selskapenes årsmeldinger, og ser fram til at TV2 og P4 gjennomfører konsesjonskravene også på sentrale programkategorier som f.eks. barn, språklige minoriteter og samer.

       Flertallet vil vise til de uttalelser Programrådet for TV2 har, der de peker på at program for barn og ungdom og kulturstoff var lågt representert. Det er ikke noe som tilsier at TV2 ikke kan utvide tilbudet på disse områdene. Videre er det grunn til å streke under Stortingets tildigere påpekninger om samarbeid mellom NRK og TV2. Dette er viktig for å sikre god kvalitet og god utnyttelse av programmateriell, samt unngå prisdrivende konkurranse som vil medføre et redusert tilbud for befolkningen. Gjennom samabeid er det også mulig for de to allmennkringkasterne å sikre seg programmer som ellers ville blitt formidlet av andre kanaler.

       Flertallet vil videre påpeke at P4 må følge opp konsesjonsvilkåra på en bedre måte. Det er ikke tilfredsstillende slik situasjonen er i dag, der P4 ikke kan gjøre rede for hvilken programprofil de har i forhold til konsesjonen. P4 har et ansvar for å utvikle og sende program for barn, samisk befolkning og språklige minoriteter, samt kulturstoff. Flertallet vil streke under vilkåra for konsesjonen og støtter departementet i at disse ikke er tema for forhandlinger.

       Komiteens medlemer frå Høgre ser det som sjølvsagt at konsesjonærane til TV2 og P4 skal oppfylle dei vilkåra som konsesjonen pålegg dei, utan at dei dermed skal ha same programprofil som NRK. Både TV2 og P4 har i dag barneprogram, ungdomsprogram og religiøse program. TV2 har hatt program med samisk teksting og fått Sametingets ros for å vera den kanalen som dekkjer samiske saker best. TV2 har no teke nynorsk i bruk for teksting, og nyttar dialekt og nynorsk munnleg. P4 vurderer samarbeid med NRK for å styrke dekninga av samiske spørsmål, nyttar dialekt i sendingane og har to av sju opplesarar av nyhende som nyttar nynorsk. TV2 har som vilkår å dekke meir enn 86 % av sjåarane innan konsesjonsperiodens utløp (2002), men oppnådde 93 % alt i 1994, og skal ha minst 50 % norskproduserte program i løpet av 8-9 år, og er på god veg til å nå dette målet (48 % i 1994 og 51,5 % i 1995).

       Desse medlemene meiner ut frå ei samla vurdering at både TV2 og P4 på kort tid er komne langt i å oppfylle sine konsesjonsplikter. Desse medlemene viser elles til at leiaren i Programrådet for TV2 i eit innlegg har sagt at program for born, unge og kulturstoff er for lågt representert. Desse medlemene vil vise til praksis med rapportering frå TV2 og P4 til departementet, som i form skil seg frå NRK-rutinene, men kan heller ikkje sjå det som påkravt at årsmeldingar skal lagast over same mal. Desse medlemene minner om at TV2 og P4 skal tevle med NRK/TV og NRK/radio om å laga gode sendingar for publikum. Desse medlemene ser det difor som ein fordel at programprofilane er ulike og utfyller kvarandre.

Norsk rikskringkasting

       Komiteen er særs nøgd med NRK sitt arbeid som vertskringkastar under OL på Lillehammer i 1994. Sjølv om dette førte til eit stort press på mannskap og materiell, vart det gjennomført på ein imponerande måte og medverka til det gode heilskapsinntrykket OL på Lillehammer gav.

       Komiteen minner om dei føresetnadene Stortinget har sett for å godta ei viss sponsorverksemd i NRK.

       Komiteen viser til at Stortinget har stilt seg positiv til samarbeid med prøveprosjekt mellom NRK og nærradioen NEA i Sør-Trøndelag.

       Komiteen vil vise til tidlegare handsaming av nærkringkastinga sine rammevilkår. Det vart der opna for ulike samarbeidsmodellar for nærradioar, det er m.a. opna for at nærradioane kunne inngå samarbeid med NRK. Dette var viktig for å sikre oppslutnad om nærradioane og sikre desse eit tilbod om samarbeid ut over dei riksdekkjande kommersielle samarbeidspartnarane dei til no har hatt. Det er inngått samarbeid med NEA radio, og røynslene frå dette samarbeidet er positive då det også inneheld program og kompetansesamarbeid. Dette fører ikkje til at NRK har reklamesendingar då det er nærradioen som vidaresender program frå NRK.

       Komiteen viser til at Stortinget nyleg har handsama nærkringkastingsmeldinga ( Innst.S.nr.190 (1994-1995)) og lokalfjernsynsmeldinga ( Innst.S.nr.95 (1995-1996)).

       Komiteen vil be departementet leggje fram røynslene om samarbeidet mellom NRK og nærradioane.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemet Roy N. Wetterstad, ser tilfredsstillande økonomi som ein viktig faktor for NRK si konkurranseevne. Difor må lisensfinansieringa ikkje setjast i fare, samstundes som leiinga alltid må ha betre ressursutnytting og økonomistyring som mål.

       Komiteens medlemer frå Høgre meiner det er viktig at NRK held oppe sine allmennplikter slik dei er nedfelte i vedtekter og ønskje frå Stortinget. Desse medlemene er skeptiske til ei utvikling i lisenskanalane i meir kommersiell lei der omsynet til sjåar- og lyttaroppslutning blir for sterk, og viser som departementet til at « marginale programkategoriar som drama og undervisningsprogram tapar noko terreng ». Desse medlemene er heller ikkje overtydde om at radioens P3 fyller dei normale krav til « allmennkringkasting » som det hittil har vore semje om i Stortinget. Desse medlemene vil streke under verdien av eigne sendingar for minoritetsgrupper i NRK/radio.

       Desse medlemene har merka seg at NRK i 1994 hadde konflikt med streik i sju dagar med stans i alle riks- og distriktssendingane både i radio og fjernsyn. Desse medlemene er samd med departementet i at « uforsvarleg kostbare lønsoppgjer er eigna til å undergrave framtidige ønske om auke i lisensen frå NRK si side ».

       Komiteens medlem, representanten Roy N. Wetterstad, viser til at han har gått inn for å avskaffe lisensfinansieringssystemet - og omgjøre NRK til betalingsfjernsyn.

Statens medieforvaltning

Nærkringkasting

       Komiteen vil peike på at i forrige konsesjonsperiode var hovudregelen at det skulle gjevast ein nærradiokonsesjon pr. kommune. Komiteen vil understreke at i Innst.S.nr.190 (1994-1995) ville komiteen ha fleksible reglar m.o.t. storleiken på konsesjonsområda. Det vart slått fast at det ikkje var naudsynt med ei fast nedre folketalsgrense på 50.000 ib. som departementet la opp til, då tilhøva i Noreg er særs ulike frå distrikt til distrikt, både topografisk og på annan måte.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil fremheve den muligheten nærradioen har til å styrke lokalmiljøene kulturelt og samhørighetsmessig. Lokalt produsert stoff må være basis i programprofilen og kravet til egenproduksjon må være 75 %

       Radioer med lave lyttertall og/eller små ressurser kan søke om utvidelse over 25 % av eksternt programstoff slik flertallet gikk inn for i Innst.S.nr.190 (1994-1995).

       Flertallet vil peke på at i Innst.S.nr.190 (1994-1995) ville komiteens flertall stimulere til bindande samarbeid gjennom et engangstilskudd frå AV- fondet. Flertallet vil understreke at et slikt engangstilskudd ikke bare skal gå til nærradioer som fusjonerer, men også til de som inngår bindende samarbeidsavtaler.

       Komiteens mindretal, medlemene frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad, held fast kravet om ein høg del lokalprodusert stoff i nærradioane, samstundes som ein ser at moderne teknologi og rasjonelle distribusjonsformer (til dømes satellitt) kan gjera sendingane betre. Ut frå ei samla vurdering finn mindretalet det rimeleg at sendingane i hovudsak skal ha lokalt grunnlag, dvs. at minst halvparten av sendingane skal vera lokalproduserte.

       Mindretalet viser til at Stortinget no har opna for at lokalfjernsyn kan vidaresende program direkte frå satellitt. Mindretalet meiner det vanskeleg kan forsvarast å handsame nærradioar annleis enn lokalfjernsyn på dette området, og vil difor gå inn for at også nærradioane får høve til direkte vidaresending. Dette vil gje nærradioane rom for å supplere eigne sendingar og dermed fylle ut sendetida.

Samsendingar

       Komiteen vil peike på at i Innst.S.nr.190 (1994-1995), uttalte komiteen fylgjande:

       « Komiteen ser samsendingar som eit middel til betre programtilbod og meir effektiv ressursutnytting. Komiteen ser og slikt samarbeid som eit middel mot oppkjøp. Komiteen meiner som departementet at dei lokale konsesjonærane sjølve må få velje, ut frå eigne ønskje og interesser, kva samarbeidspartnarar dei eventuelt vil ha, t.d. NRK, sentrale produsentar, andre konsesjonærar eller ein kombinasjon av desse.
       Komiteen viser til at det fleire stader er etablert godt samarbeid bl.a. om sendetid mellom ulike typar nærradioar. Komiteen ser det som positivt at fleire nærradioar legg vinn på dette. »

       Komiteen vil understreke at nærradioane sjølve kan velje korleis samsendingar mellom dei ulike nærradioane skal fungere.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil påpeke at befolkningsgrunnlaget for nærradioene er forskjellig, og muligheten til å drive flere nærradioer i samme konsesjonsområde kan være begrenset. I de tilfellene der ressursgrunnlaget tilsier det, mener flertallet at det bør være mulig å drive et samarbeid som også inkluderer samsendinger mellom nærradioer i samme konsesjonsområde. Flertallet mener dette skal kunne tillates av Statens medieforvaltning etter søknad og det understrekes at samsendinger ikke skal skje på en måte som bidrar til å etablere lokale mediemonopol og svekke den lokale profilen.

       Komiteens medlemer frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N. Wetterstad viser til at dei ønskjer meir fleksible reglar for nærkringkasting for å sikre ytringsfridom og mangfald.

       Desse medlemene meiner nærradioane bør ha fridom til å velja samarbeidspartnarar og drive samsendingar også innanfor same konsesjonsområde.

       Komiteens medlem, representanten Roy N. Wetterstad, merker seg at Kulturdepartementet er stemnet for Oslo byrett og innklaget til EFTA-domstolen for forbudet mot videresending av erotisk film i Norge. Dette medlem ser på lovfortolkningen som ligger til grunn for forbudet som foreldet, og mener alminnelig seksuell aktivitet må bli tillatt vist i kabelnettet.

Dagspressa

       Komiteen viser til merknader frå partia om pressestøtta i B.innst.S.nr.2 (1995-1996).

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til at produksjonstilskuddet er helt avgjørende for å opprettholde en differensiert presse. Særlig utsatt for endringer i denne er de riksdekkende meningsbærende avisene som også med pressestøtten har store underskudd. Etter omlegging av fordelingskriteriene har særlig de små lokale ukeavisene fått økt støtte. Det er videre viktig å gjennomføre kontroller for å hindre feil bruk av pressestøtten, enten til utbyttebetaling eller bruk av midlene på annet enn avisdrift. Flertallet vil vise til at dette er i tråd med B.innst.S.nr.2 (1995-1996) der et flertall bestående av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti gikk inn for flere tiltak som bidrar til å sikre de mål som ligger bak pressestøtten.

       Komiteens medlemer frå Høgre viser til sine tidlegare merknader og prinsipielle haldningar om mål og midlar i pressepolitikken, jf. Innst.S.nr.223 (1992-1993). Desse medlemene vil peike på siste års ordskifte om kor vidt konserntilknytta aviser bør ha høve til å kunne ta imot produksjonsstøtte, så lenge det vert nytta aksjeutbytte, administrasjonsbidrag eller moglege andre internoverføringar. For å unngå ein kvar mistanke om misbruk av midla, finn desse medlemene det tryggast berre å gje slike støttemidlar til frittståande og uavhengige aviser.

       Komiteens medlem, representanten Roy N. Wetterstad, mener pressen skal være uavhengig av myndighetene, og er derfor motstander av all pressestøtte. Pressestøtte utgjør bare ca 2 % av de samlede inntekter til norsk presse, og svært få aviser og tidsskrifter vil forsvinne hvis den fjernes.

Eierkonsentrasjon

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til den sterke eierkonsentrasjonen og kommersialiseringen som finner sted i norske medier. Disse medlemmer mener denne utviklingen vil kunne få svært uheldige konsekvenser for mangfoldet i media og etterhvert representere en trussel både på det demokratiske og kulturelle området.

       Disse medlemmer viser til at Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti i forbindelse med behandlingen av St.meld. nr. 31 (1994-1995), Eierskap i nærkringkasting, fremmet følgende forslag om såkalt « krysseierskap »: « Stortinget ber Regjeringa videreføre dagens regler om at aviser ikke skal kunne inneha egen konsesjon til drift av nærkringkasting. » I samme innstilling, Innst.S.nr.190 (1994-1995), foreslo medlemmene fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti følgende: « Stortinget ber Regjeringa sikre gjennom lovverket at ingen aktør verken i nærradio eller lokalfjernsyn, skal kunne disponere mer enn 20 % av det nasjonale markedet. »

       Disse medlemmer vil i den sammenheng minne om at departementet og stortingsflertallet åpnet for en større eierkonsentrasjon enn det Eierskapsutvalget hadde anbefalt. Det er fra flere hold den siste tiden uttrykt bekymring over utviklingen på området. På denne bakgrunn forutsetter disse medlemmer at Stortinget så raskt som mulig kan få seg forelagt disse spørsmålene slik at nødvendige tiltak mot eierkonsentrasjon kan iverksettes.

9. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til det som står i meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 18 (1995-1996) - om kringkasting og dagspresse 1994 m.v. - vedlegges protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 7. mars 1996.

Grethe G Fossum, Hallgrim Berg, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.