2. Merknader frå komiteen

     Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, syner til at framlegga om skiping av ein dømande kommisjon og konfliktråd vart av Stortinget 30. januar 1996 vedteke å sende næringskomiteen.

       Komiteen ser det som viktig at konfliktane om areal- og ressursutnytting i dei ulike reinbeiteområda vert redusert til eit minimum.

       Komiteen meiner det er viktig at reindriftsorganisasjonane, reineigarane, grunneigarar og deira organisasjonar på frivillig grunnlag kjem fram til avklaringar om grensedraging.

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, ser at det kan vere trong for regionale konfliktråd som kan medverke til å hindre at tvistesaker ender i rettsapparatet, og vil derfor stø framlegget om at slike regionale råd vert oppretta. Fleirtalet meiner konfliktråda må setjast saman av fagkunnige personar i tillegg til dei som er i konflikt og må ha ein leiar som dei det vedkjem har tillit til. Fleirtalet legg vekt på at løysingar som konfliktrådet kjem fram til ikkje vert å belaste rettsapparatet, og at dei må kunne nytte økonomiske midlar frå Reindrifta sitt Utviklingsfond og Landbruket sitt Utviklingsfond.

       Fleirtalet vil peike på at om ikkje konflikten vert løyst ved konfliktrådet, må ein freiste å finne semje om vidare framgangsmåte, og fleirtalet vil i den samanhang syne til at når jordskifteretten vert styrka kan den vere eit eigna organ. Fleirtalet meiner det vil vere i tråd med den plass jordskifteretten har fått i reindriftslova etter revisjonen. Fleirtalet legg til grunn at dei ulike organisasjonar får høve til å gje uttale og framlegg til korleis slike konfliktråd skal skipast og mandatet dei skal arbeide etter. Fleirtalet ber Regjeringa, på ein eigna måte, orientere Stortinget om skiping av konfliktråd.

       Fleirtalet gjer derfor følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa så snart som mogleg å lage retningsliner for oppretting av regionale konfliktråd i saker der det er usemje om areal- og ressursutnyttinga i tilknyting til reindrift. »

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, legg til grunn at endringane i reindriftslova no er vedtekne, og at det vert utarbeidd føresegner i samsvar med dei premissane fleirtalet i næringskomiteen ga uttrykk for i innstillinga og i debatten.

       Fleirtalet konstaterer at framlegget om ein permanent dømande kommisjon vart reist som eit alternativ til dei lovendringane som vart gjort i reindriftslova.

       Fleirtalet vil på den bakgrunn gå imot at ein slik kommisjon vert oppretta.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Høgre har merka seg at i tida etter at Ot.prp. nr. 28 (1994-1995) , Innst.O.nr.8 (1995-1996) vart handsama og vedteke er det registrert eit aukande press mot areal kor beiteretten har vore omtvista, til dømes ved at gamle saker den seinare tida er teke opp att og anka. Likeins at reindriftsinteressane i Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde (4 reinbeitedistrikt) har lagt fram eit interessekart som viser samanfall mellom administrativt fastsette grenser og beitegrenser. Dette stadfester behovet for ein dømmande kommisjon som kan handsame tvistar om beiterettar som elles ville leggje beslag på det ordinære rettsvesen og såleis vera årsak til forlenga ventetid ved dei andre domstolane.

       Desse medlemene syner til at konfliktar om rettighetsgrensene nå har eksistert i meir enn 100 år, heilt sidan 1883-lova, utan at styremaktene har teke initiativ til å etablera eigne organ til å fastsette rettskraftige beitegrenser mellom grunneigare og reindriftsutøvare.

       Desse medlemene syner til at ein dømmande kommisjon må taka stilling til rettsspørsmål om rettighetsgrenser ut frå den til einkvar tid gjeldande lov og rettspraksis.

       Ein dømmande kommisjon på lagmansrettsnivå vil føre med seg ei rask avklaring av kor beitegrensene går. Dessutan vil kommisjonen med sin samansetning og forslag til mandat innebere at ein får einsarta og godt underbygde avgjerder for store område, i motsetnad til om partane sjølve skal bestemme avgrensing av tvisten med stemning til dei ordinære domstolar. Ein dømmande kommisjon vil dessutan innebere at kommisjonen får eit sjølvstendig ansvar for opplysningane i saka, som igjen vil innebere ein grundig saksforberedelse.

       Desse medlemene syner til at styremaktene må leggje vekt på krav i artikkel nr. 196 i lovkonvensjonen og fråsegn frå Sametinget om at ei avklaring av rettssituasjonen må skje så raskt som mogleg. Desse medlemene meiner derfor at styremaktene sitt ansvar for å identifisera kor beitegrensene går, først er å rekna for oppfylt ved at det vert oppretta ein dømmande kommisjon.

       Desse medlemene meiner vidare at det nå vil vera heilt naudsynt og til fordel både for reindriftsutøvarane, grunneigarane og offentlege forvaltningsorgan innanfor dei sørsamiske område å få avklara rettssituasjonen så raskt som mogleg.

       Desse medlemene vil fremja følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa så snart som mogleg å lage retningsliner for oppretting av ein varig dømmande kommisjon for avgjerder om beitegrenser i det sørsamiske området, der det konkret er tvist om retten til beite. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner det i tillegg til ein dømmande kommisjon er ynskjeleg at det vert oppretta regionale konfliktråd, og stør forslaget om dette.

       Komiteen sin medlem frå Framstegspartiet syner til handsaminga av endringsframlegga i lov av 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift. Denne medlemen gjekk imot framlegga til endringar i § 2 og § 31, m.a. av di Framstegspartiet meinte dei favoriserte reindriftsnæringa og førte til innskrenkingar i råderetten i den private eigedomsretten.

       Denne medlemen syner til framlegget frå Sosialistisk Venstreparti om at Regjeringa skal utarbeide og fremje konkrete framlegg for Stortinget om etablering og mandat for regionale konfliktråd. Denne medlemen meiner konfliktar av dette slaget bør, dersom det er mogleg, løysast ved dei lokale konfliktråda, slik som praksis er i dag.

       Denne medlemen har merka seg framlegget frå Høgre om å skipa ein permanent dømande kommisjon. Denne medlemen meiner tungtvegande årsaker ligg føre for å opprette ein særdomstol og vil difor stø framlegget. Denne medlemen meiner at ein slik kommisjon vil bidra til å oppnå ein rask, einhetleg og klar grensedraging for beitegrensene i det sørsamiske området, samanlikna med ein tilsvarande prosess i tre rettsinstansar som kan ta fleire tiår.