Innstilling frå forsvarskomiteen om Forsvaret si bustadverksemd.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 199 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 25 (1995-96)
  • Dato: 15.05.1996

1. Samandrag av proposisjonen

1.1 Formål og bakgrunn

       Forsvarsdepartementet legg i meldinga fram hovudprinsippa for den framtidige bustadverksemda i Forsvaret.

       Forvaltninga av befal blir kjenneteikna ved ein større grad av mobilitet enn det som er vanleg elles i samfunnet. Omstillingsprosessen i Forsvaret tilseier til ein viss grad slik mobilitet for sivilt personell òg. Departementet ser derfor på bustadverksemda som eit sentralt element i personell- og familiepolitikken i Forsvaret.

       Forsvarsdepartementet ønskjer likevel å gjennomgå bustadverksemda i lys av omstruktureringsprosessen som er i gang, for å betre og tilpasse verksemda til behova i dag og i framtida. Bruken av de ressursane som blir stilte til disposisjon for bustadformål må nyttast meir målretta.

       Den framtidige organiseringa av bustadverksemda til Forsvaret bør gjerast enklare enn i dag og tilpassast dei fastlagde styringsprinsippa.

       Forsvarsdepartementet tek sikte på å leggje om systemet for utleige av Forsvaret sine bustader slik at leigenivået meir blir tilpassa marknaden lokalt. Dette vil seie meir marknadstilpassa utleigarprisar etter liknande prinsipp som blir brukt for staten sine andre bustader. Ved ei slik marknadspristilpassing vil departementet innføre tilstrekkelege kompensasjonsordningar.

1.2 Utvikling og status for bustadverksemda til Forsvaret

       Etableringa av eit bustadtilbod i Forsvaret skjedde allereie i tidleg etterkrigstid. Ein generell bustadmangel, saman med eit auka retkrutteringsbehov for personell i Forsvaret, gav rammevilkåra for at ei særskilt bustadverksemd blei rekna for å vere nødvendig.

       Organiseringa av bustadverksemda er kjenneteikna ved at det finst ei rekkje atktørar. Forsvarets bustadteneste, Forsvarets bustadråd, Sentral bustadnemnd og lokale bustadnemnder er etablerte fora med bustadverksemda som ansvarsområde. Vidare har Forsvarets overkommando, den einskilde lokale forvaltingsmyndigheit og Forsvarets bygningsteneste òg ansvar og oppgåver innanfor dette området.

       Bustadmassen vert forvalta av Forsvarets overkommando på vegne av Forsvarsdepartementet. Lokal forvaltningsmyndigheit er gjeven disposisjonsrett og bruks- og vedlikehaldsansvar for bustadene. Forsvarets overkommando er tillagt myndigheit til å avgjere utrangering av bustader.

       Bustadmassen blir delt inn i kategoriane embetsbustader, særvilkårsbustader, etatsbustader, ordinære leigebustader og befalshyblar. I mars 1995 disponerte Forsvaret nærare 5.000 bustader i tillegg til befalshyblar. Etatsbustader og ordinære leigebustader skal spegle att standarden i den ordinære bustadmarknaden. Embets- og særvilkårsbustadene har òg andre funksjonar enn bustadbehovet for stillingsinnehavaren med familie.

       Tildeling av bustad blei fram til 1960 gjort av militære myndigheiter. Frå dette tidspunktet starta etableringa av tildelingsreglar som i stor grad gav medråderett til arbeidstakarorganisasjonane. Systemet i dag gjev vedtaksrett om tildeling av bustader til lokale bustadnemnder som er samansette av representantar for dei tilsette. Gjeldande reglar for tildeling av bustader er basert på eit system med prioriterte grupper og poengutrekning. Alt yrkesbefal, og sivilt personell som må flytte på grunn av omstillingsprosessen, har lik prioritet. Fordeling innanfor denne gruppa skjer etter eit poengutrekningssystem som i hovudsak gjev yrkesbefal med lang ansiennitet fortrinnsrett. Reglane er fastlagde av Forsvarsdepartementet etter drøftingar med Forsvaret sine arbeidstakarorganisasjonar.

       Prisfastsetjing ved utleige av Forsvaret sine bustader skjer etter det såkalla differensierte husleigesystemet. Ordninga vart innført for dei ordinære leigebustadene i januar 1983 (jf. St.prp. nr. 1 (1982-1983) og St.prp. nr. 1 (1983-1984).) Seinare er systemet òg gjennomført for dei andre bustadkategoriane med visse tilpassingar ved til dømes leigefastsetjing for bustader som ikkje berre skal dekkje bustadbehovet til stillingshavaren. Reguleringar av husleigenivået er gjort heilt fram til 1992. Eit berande prinsipp ved fastlegging av leigenivået i Forsvaret sine bustader har vore at dette skal vere med å fremje personelldisponeringssystemet.

       Det har vore eit ønskje frå Forsvarsdepartementet at personell i større grad skaffar eigne bustader, og det er gjennom tida sett i gang fleire støttetiltak for å stimulere til dette. Eksisterande tiltak går mellom anna ut på ulike låne- og støtteordningar samstundes som personellet vert tilbydd å kjøpe bustader som Forsvaret ikkje lenger har bruk for.

       For å ytterlegare stimulere til at personellet skaffar eigen bustad, vart Forsvarets bustadbyggjelag stifta i 1978. Bustadbyggjelaget har oppretta fleire burettslag der bustadeiningane i hovudsak er eigde av andelseigarar som er tilsette i Forsvaret. Enkelte einingar er eigde av Forsvaret som driv framleige av desse til tilsette.

1.3 Evaluering av bustadverksemda i dag

       Forsvarsdepartementet har gjennom eit eige kapittel i meldinga evaluert viktige sider ved bustadverksemda i Forsvaret i dag.

       Heimelsgrunnlaga for visse delar av bustadverksemda til Forsvaret er spreidde mellom anna i fleire stortingsdokument.

       Organiseringa av bustadverksemda har vorte komplisert. Det har mellom anna ført til ei viss uavklart ansvarsfordeling mellom dei ulike aktørane.

       Forsvarsdepartementet reknar med at bustadverksemda i Forsvaret kostar nærare 300 mill. kroner i året. Dette stiller store krav til kontroll og rapportering som gjeld bruken av desse midla. Dei rekneskapssystema som vert brukt i dag gjev etter vurdering frå departementet ikkje eit godt nok oversyn, noko som òg vanskeleggjer den nødvendige kontrollen. Det må derfor etablerast veleigna rekneskapssystem som kan gje dei nødvendige opplysningane både på lokalt og sentralt nivå.

       Etter ei grundig vurdering av prisfastsetjingssystemet ein har for utleige av bustadene i dag, er departementet kome til at det ikkje bør vidareførast. Sjølv om husleiga blir rekna ut på edb-system, meiner Riksrevisjonen at systemet krev for store administrative ressursar. Vidare gjev systemet prisar som ikkje godt nok tek omsyn til lokale forhold. Dette medfører eit prisnivå som ofte ligg langt under det staten elles bruker. Det til dels låge prisnivået kjem òg personell som ikkje er meint å skulle bu i bustadene til gode.

       Undersøkingar viser at Forsvaret sine bustader i stor grad vert leigde ut til personell som ikkje er ein del av målgruppa for bustadverksemda. Til ein viss grad har dette samanheng med at det er vanskeleg å rekne ut det nøyaktige behovet for bustader på dei einskilde stadene, og at ein difor leiger ut bustader til andre enn målgruppa i staden for å la bustadene stå tomme. Omfanget av denne typen utleige tilseier likevel at reglane for tildeling av bustader og tidsavgrensingar ved utleige må gjennomgåast grundig.

       Det ligg allereie i dag føre eit potensial for reduksjon av bustadmassen samstundes som omstillingsprosessen i Forsvaret og ei omlegging av bustadpolitikken bør medføre ein monaleg reduksjon.

       Systemet i dag for edb-basert eigedomsregistrering, verkar ikkje etter føresetnadene. Det må for framtida etablerast tilfredsstillande system for dette slik at ein til ei kvar tid har ajourførte oversyn over talet på bustader og bruken av desse.

1.4 Framtidig bustadverksemd i forsvaret

       Bustadverksemda skal framleis vere eit viktig element i den generelle personell- og familiepolitikken i Forsvaret. Forvaltinga av personellet er kjenneteikna ved ein langt større grad av mobilitet enn det som generelt er vanleg. Somme personellgrupper må flytte etter behova til Forsvaret og utan at det på førehand vert gjeve noko viljeerklæring. For andre grupper føreset flytting som hovudregel ordinær søknad frå kvar einskild, men like fullt er Forsvaret avhengig av stor mobilitet for dette personellet òg. Søknadssystemet gjev òg høve til beordring utan samtykke. Prinsippet om beordring utan samtykke for yrkesbefalet gjeld følgjeleg gjennom heile karriera. Omstillingsprosessen i Forsvaret tilseier òg ein viss mobilitet innan personellgrupper som elles ikkje er meint å skulle flytte. Dette gjeld særleg sivilt tilsette ved avdelingar som blir lagde ned eller omorganiserte.

       Som ei følgje av dette må Forsvaret ta sitt ansvar for at personellet vert sikra tilgang til bustad på dei tenestestadene dei kjem til. Dette vil likevel ikkje alltid seie at Forsvaret skal stille eigne bustader til disposisjon. I område med ein naturleg bustadmarknad, må personellet for framtida ta større ansvar for sjølv å skaffe seg bustad. Forsvaret bør i samband med dette hjelpe personellet med ny bustad. Konsekvensen av desse forholda bør verte at Forsvaret i større grad enn i dag konsentrerer bustadmassen til stader der det er vanskeleg å skaffe bustad på den ordinære marknaden.

       Forsvarsdepartementet tek sikte på å gå igjennom regelverket ein har i dag for tildeling av Forsvaret sine bustader. Målgruppa for bustadverksemda bør vere yrkesbefal generelt, kontraktsbefal undergjeve beordringsplikt og fast sivilt personell som må flytte på grunn av omstillingsprosessen i Forsvaret. Departementet vil sjå på eventuelle prioriteringar innanfor målgruppa.

       Poengutrekningssystemet som dannar grunnlag for tildeling av bustad innanfor desse personellkategoriane må òg gjennomgåast. Vidare må ein sjå nærare på retningslinene for tidsavgrensingar ved leige av Forsvaret sine bustader.

       Forsvarsdepartementet tek sikte på å tilpasse prisnivået ved utleige av Forsvaret sine bustader til dei lokale tilhøva. Eit slikt prissystem må òg spegle att dei reelle marknadsskilnadene. Dette bør til dømes medføre at bustader ved utdanningsgarnisonane i Nord-Noreg får ein monaleg lågare leigepris enn i Oslo. Departementet føreset at dei prisane ein kjem fram til ikkje vil føre til noko fordelsskatting. Marknadstilpassinga av utleigeprisane vil skje etter liknande prinsipp som gjort gjeldande for andre statlege bustader. Dette vil òg vere i tråd med intensjonane frå Stortinget om eit tilnærma likt prisnivå ved utleige av staten sine bustader. Ein tek sikte på å etablere eit prisfastsetjingssystem som krev liten administrativ ressursbruk samstundes med at det heller ikkje gjev prisar som blir marknadsleiande på dei einskilde stadene. Departementet føreset vidare at det ikkje vert sett i verk fordelsskatting som fylgje av noverande prissystem.

       Med tanke på dei bustadene som ikkje berre tener ibuaren sitt bustadbehov (til dømes embets- og særvilkårsbustader), bør leigenivået fastsetjast slik at personellet ikkje vert urimeleg økonomisk belasta.

       Ved ei marknadstilpassing av husleigenivået i Forsvaret sine bustader, ser departementet det nødvendig å innføre tilstrekkelege kompensasjonsordningar. Slike nye ordningar må ein bruke målretta og rettferdig mot personell i målgruppa, uavhengig av om dei får tildelt bustad frå Forsvaret eller om dei må skaffe bustad via den ordinære marknaden. Kompensasjonsordningane bør etter departementet si vurdering etablerast innanfor lønssystemet som allereie eksisterer og vert såleis gjenstand for forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane.

       Før marknadstilpassinga kan gjennomførast, bør det gjennomførast grundige utgreiingar og kartleggjing av kva verknader dette vil få for personellet.

       Forsvarspersonell må stimulerast til å skaffe seg eigen bustad. Eksisterande støtte- og låneordningar vil bli vidareførde samstundes som ein etter kvart vil vurdere behovet for ytterlegare tiltak.

       Den framtidige bustadpolitikken til Forsvaret sett i samanheng med den omstillingsprosessen som er i gang, bør etter departementet si vurdering tilseie ein stor reduksjon av bustadmassen somme stader. I den grad bustader skal avhendast, vil dei tilsette få tilbod om å kjøpe bustader etter nærare gjevne retningslinjer. Det vil bli gjort analysar for å vurdere kva typar bustader Forsvaret skal ha i framtida. Ei utvikling med større grad av pendling frå etableringsstad til tenestestad, tilseier mindre behov for familiebustader og større behov for befalshyblar og mindre husvære. Departementet vil òg sørgje for ein grundig gjennomgang av behovet for særvilkårs- og etatsbustader med tanke på ytterlegare reduksjon eller bruksendring.

1.5 Framtidig organisering av bustadverksemda til Forsvaret

       Forsvaret skal for framtida òg ha ei landsomfattande bustadverksemd. Dette vil representere bruk av store ressursar i form av mellom anna investeringar, forvaltning og administrasjon. Bustadverksemda i dag er kjenneteikna av mange aktørar. Departementet ønskjer at organiseringa av verksemda i framtida må etablerast innanfor ramma av klare og enkle myndigheits-, ansvars- og styringslinjer. Verksemda må leggjast til rette med lågast mogleg ressursbruk samstundes som personellet må sikrast medråderett på ein tilfredsstillande måte.

       I St.meld. nr. 55 (1992-1993) vart hovudretningslinjene for tenestefeltet eigedomar, bygg og anlegg lagde. Disse prinsippa må òg leggjast til grunn for den framtidige bustadverksemda.

       Når det gjeld organiseringa av bustadverksemda til Forsvaret i dag, viser ein til kapittel 3. Den framtidige organiseringa bør gjennomførast ved at Forsvarets overkommando er sentral forvaltingsmyndigheit for bustadene. Rolla til Forsvarets bygningsteneste vil i hovudsak vere rådgjevande og kontrollerande innanfor det reint bygningsmessige. Forvaltninga av bustadene vert delegert av Forsvarets overkommando til lokale forvaltingsmyndigheiter. Talet på slike har vore om lag 180, men vert no redusert til om lag 50.

       I dag blir bustadene tildelte av 74 lokale bustadnemnder. I framtida bør desse nemndene òg få oppgåver av generell rådgjevande karakter. Dette vil styrke medråderetten til dei tilsette i bustadverksemda lokalt. Fordeling av bustadene som i dag vert gjort av dei lokale bustadnemndene, bør i framtida gjerast av dei lokale bustadråda. Strukturen for dei nye bustadråda må vera tilnærma samanfallande med dei lokale forvaltingsmyndigheitene. Det vil seie at talet på lokale råd på sikt vil vere om lag 50.

       Det vil framleis vere behov for eit sentralt bustadråd. Eit slikt framtidig råd bør i tillegg til rådgjevingsfunksjonar som det har i dag, òg få oppgåver i samband med klagehandsaminga i tildelingssaker som i dag vert ivaretekne av Sentral bustadnemnd. Det framtidige bustadrådet bør gje råd til Forsvarets overkommando som sentral forvaltningsmyndigheit for bustadverksemda. Det sentrale rådet bør vere sett saman av representantar for dei sentrale arbeidstakarorganisasjonane og Forsvarets overkommando. Dei framtidige forvaltningsoppgåvene og ansvaret til Forsvarets bygningsteneste tilseier at det ikkje er like naturleg at dei er representerte i bustadrådet.

       Forsvarsdepartementet vil vurdere om Forsvarets bustadteneste skal nedleggjast som sjølvstendig institusjon direkte underlagd departementet når den nye bustadpolitikken er på plass. Oppgåvene til Forsvarets bustadteneste vil i tilfelle verte overførde til Forsvarets overkommando i samsvar med prinsippa som er nemnde ovanfor. Sjølv om Forsvarets bustadteneste vert overførd til Forsvarets overkommando, må institusjonen halde fram som eiga eining. I vurderinga av kvar i Forsvarets overkommando Forsvarets bustadteneste skal knytast til, vil det vere viktig å sjå på dei personellpolitiske funksjonane til Forsvarets bustadteneste.

1.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

       Dei generelle måla for driftsreduksjonar i Forsvaret gjeld òg for bustadverksemda.

       Omstillinga av Forsvaret, med dei nødvendige personellreduksjonane, vil òg medføre eit redusert behov for bustader. Forsvaret må for framtida konsentrere bustadmassen sin meir til stader der det er vanskeleg å skaffe bustad på den private marknaden. På andre stader må personellet i større grad sjølv ha ansvaret for å skaffe bustad. Innføring av meir marknadstilpassa utleigeprisar bør føre til at personellet i større grad vél å få tak i eigen bustad, noko som på sikt kan resultere i ein stor reduksjon av bustadmassen i Forsvaret.

       Som ein følgje av at bustadmassen vert redusert, må det administrative apparatet rundt bustadverksemda òg reduserast. Sjølv om personellet for framtida sjølv må ta større ansvar for å skaffe eigen bustad, bør Forsvaret hjelpe personellet i denne samanheng.

       Ved innføring av meir marknadstilpassa utleigeprisar må det etablerast tilstrekkelege kompensasjonsordningar for målgruppa til bustadverksemda. Ei beløpsfesting av slike kompensasjonsordningar kan pr. i dag ikkje gjerast då ein først må ha grundige utgreiingar på korleis innføring av marknadstilpassa utleigeprisar vil slå ut.

       Det er departementet sin intensjon at ei marknadspristilpassing må medføre redusert administrativ ressursbruk samanlikna med forvaltninga av prisfastsetjingssystemet i dag. Vidare ønskjer departementet at dei kompensasjonsordningane som blir etablert må utviklast gjennom relativt enkle regelverk som ikkje krev eit for stort administrativt apparat.

       Ei forenkling av organiseringa av bustadverksemda til Forsvaret, bør medføre både økonomiske og administrative innsparingar. Talet på aktørar innanfor bustadverksemda må reduserast samstundes som arbeidstakarorganisasjonane framleis må få stor grad av medråderett. Det vil òg få administrative konsekvensar dersom ei framtidig vurdering konkluderer med at Forsvarets bustadteneste vert lagt under Forsvarets overkommando.

2. Komiteen sine merknader

  Bustadverksemda til Forsvaret har frå den starta opp i tidleg etterkrigstid og fram til no vorte kompleks og uoversiktleg. Komiteen vil peika på at heimelsgrunnlaget for budstadpolitikken til Forsvaret ligg i ei rekkje ulike vedtak gjevne av Stortinget i samband med handsaming av ulike stortingsproposisjonar og innstillingar.

       Komiteen vil sjå det som nyttig og klargjerande å samla og ajourføra heimelsgrunnlaget for bustadverksemda slik at skiftande personell i administrasjonen i verksemda kan ha desse klart for seg til ei kvar tid.

       Den organisasjonsmessige sida ved bustadverksemda har fram til i dag vore komplisert. Mellom anna har dette ført til ei viss uavklåra ansvarsfordeling mellom dei ulike aktørane. Etter komiteen si vurdering er det difor påkrevjande at organiseringa av bustadverksemda vert forenkla slik at ansvarstilhøva vert heilt klåre. Komiteen viser til at forvaltninga av bustadene vert delegert av Forsvarets overkommando (FO) til lokale forvaltningsmynde. Komiteen delar departementet sitt syn på den framtidige rolle til dei lokale bustadråd. Komiteen har merka seg at departementet vil vurdera den framtidige organiseringa av Forsvaret si bustadteneste. Komiteen ser det som naudsynt at Forsvaret har ei bustadsverksemd som tek vare på behova til Forsvaret og personellet.

       Omstillingsprosessen som Forsvaret er inne i no, vil etter komiteen si meining tilseie ein reduksjon av den totale bustadmengda på sikt. Komiteen ser det likevel slik at behovet for nye bustader vil vera ein realitet i einskilde delar av landet.

       Komiteen har merka seg at bustadverksemda til Forsvaret framleis skal vera ein viktig del av personell- og familiepolitikken i Forsvaret. Komiteen er samd i dette fordi disponeringssystemet også i framtida vil innebera relativt hyppig beordring og flytting for yrkesbefal. Forsvaret vil på denne måten sikra seg røynd personell i viktige stillingar samstundes som personellet får nødvendig røynsle i ulike tenestestillingar i høve til avansement i samsvar med kva Forsvaret treng. I høve til Forsvaret sitt personelldisponeringssystem, er det etter komiteen si meining svært viktig at Forsvaret i framtida har ei bustadverksemd.

       Komiteen seier seg samd med departementet sine vurderingar når det gjeld bustadmassen til Forsvaret med omsyn til kategoriar, standard og miljø.

       Mange av Forsvaret sine bustader har oppseielege, ikkje tidsavgrensa kontraktar med bebuarar som har låg eller ingen prioritet i høve til tildelingsreglane i dag. Komiteen er samd i at desse avtalane vert reviderte i inneverande år slik at eksisterande regelverk vert fylgt opp.

       Komiteen har merka seg at departementet vil føreta ein generell gjennomgang av reglane med omsyn til talet på år ein skal kunne bu i Forsvaret sine bustader.

       I høve til framlegget til ny befalsordning, inneber disponerinssystemet framleis ofte beordring og flytting både for beordrings- og søknadsbefal.

       Komiteen er samd med departementet om at alt yrkesbefal er ein del av målgruppa for budstadverksemda mellom anna fordi også søknadsbefalet til ein viss grad kan beordrast utan at befalet er villige på førehand.

       Komiteen viser til at søknadssystemet har beordringshøve, jf. komitémerknad til disponeringssystemet i Innst.S.nr.270 (1982-1983), og at ei rekkje søknadstillingar er tidsavgrensa avansementsstillingar. I tillegg ligg det føre eit generelt krav om variert tenesterøynsle for å oppnå høgare stillingar i Forsvaret som gjer at befalet er underlagt ei form for plikt til å søkje beordringar.

       Komiteen stør framlegget om at fast sivilt tilsette som må flytte på grunn av omstillinga i Forsvaret også må inngå i målgruppa for bustadverksemda, likevel slik at beordra befal bør ha prioritet i høve til omplassert sivilt personell som ein må rekna med går inn i nye faste stillingar. Anna personell som er pålagt berordringsplikt (t.d. kadettar) må etter komiteen si meining inngå i målgruppa.

       Komiteen har merka seg at departementet vil gjennomgå reglane for tildeling av bustader innafor den totale målgruppa mellom anna med tanke på eventuelle prioriteringar der yngre befal kan verta tilgodesett.

       Departementet tek i meldinga sikte på å leggja om systemet for utleige av Forsvaret sine bustader slik at leigenivået meir vert tilpassa marknaden lokalt.

       Dette er komiteen samd i, og vil vidare peika på at leigenivået i Forsvaret på den måten vert å samanlikna med leigenivået elles i staten.

       Komiteen meiner at marknadstilpassa utleigeprisar for Forsvaret sine bustader må spegla dei lokale marknadsskilnadane slik at t.d. bustader ved utdanningsgarnisonane i Nord-Noreg får ein monaleg lågare leigepris enn i Oslo. Som departementet peikar på, må ein difor koma fram til eit takseringssystem som tek vare på lokale skilnader, og som samstundes ikkje inneber noko form for fordelsskatting.

       Ved innføring av nytt leigesystem er komiteen samd i at det må etablerast overgangsordningar samstundes som det må gjerast ein del utgreiingar og kartleggjing før det nye systemet kan innførast. Komiteen ber særleg om at ein må finne føremålstenlege ordningar for bustadbehova i pressområde.

       Komiteen har merka seg at departementet gjer framlegg om kompensasjonsordningar ved innføring av marknadstilpassa leige. Komiteen er samd i dette og vil understreka at dette berre gjeld personell i målgruppa og avgrensa til det tidsrom personellet har rett til Forsvaret sine bustader.

       Komiteen har merka seg at kompensasjonsordningane vil verta fastlagte innanfor det ordinære lønssystemet og vert som fylgje av det gjenstand for forhandlingar med Forsvaret sine arbeidstakarorganisasjonar. Komiteen vil også peika på at desse ordningane må gjennomførast på ein måte som ikkje medfører eit komplisert og ressurskrevjande regelverk.

       Komiteen er samd i føresetnaden om at det nye prissystemet ikkje inneber noko form for fordelsskatting som fylgje av at dagens prissystem fell bort.

       Komiteen har merka seg at det frå departementet si side har vore og er eit ynskje at personellet i større grad skaffar seg eigne bustader. Komiteen ser det som positivt at tiltak for å stimulera dette er sett i gong. Dei eksisterande støtte- og låneordningane må vidareførast samstundes som nye tiltak må vurderast.

       Komiteen stør målsetjingane for dei organisatoriske og styringsmessige ordningane innan bustadverksemda i Forsvaret slik departementet legg opp til.

       Komiteen har merka seg at FBOT (Forsvarets boligtjeneste) vil bli vurdert flytta frå departementet til Forsvarets overkommando som eit eige samla element.

       Det er etter komiteen sitt syn viktig å oppnå oversiktlege, eintydige og effektive løysingar som sikrar ei forsvarleg forvalting og administrasjon av verksemda der også omsynet til arbeidstakarorganisasjonane sin medavgjerdsrett vert ivareteken. Det må vidare sikrast ei målretta og rasjonell styring og leiing av den tilhøyrande ressursbruken.

       Komiteen forutset at ny organisering av bustadverksemda vert sett i verk så snart det er praktisk mogleg med omsyn til dei endringane som skal gjennomførast, og seinast innan 1. januar 1998.

3. Komiteen si tilråding

     Komiteen viser til meldinga, har ingen ytterlegare merknader og rår Stortinget til å fatta slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 25 (1995-1996) - Om Forsvaret si bustadverksemd - vert lagd ved protokollen.

Oslo, i forsvarskomiteen, den 15. mai 1996.

Hans J Røsjorde, Bjørg Hope Galtung, Are Næss,
leiar. ordførar. sekretær.