Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til at Noreg tek del i den 11. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet, IDA.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 271 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 82 (1995-96)
  • Dato: 13.06.1996
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

    Det vert i proposisjonen vist til at IDA er ein del av Verdsbankgruppa. Midlane i fondet vert lånte ut på svært mjuke vilkår til dei fattigaste utviklingslanda. Fondet vert påfylt med gåvemidlar frå gjevarland kvart 3. år, etter føregåande gjevarlandsforhandlingar om m.a. storleiken på påfyllinga, byrdefordeling mellom gjevarlanda og utviklingsmålsetjingar for utlåninga.

       Det vert vidare vist til at den gjennomgåande problemstillinga som prega forhandlingane om IDA 11 frå første møtet av, var den situasjonen som var skapt ved at USA stod med eit monaleg etterslep i innbetalingane under IDA 10 og viste mykje redusert vilje til bidrag samanlikna med tidlegare kapitalpåfyllingar i IDA. På grunn av det etablerte byrdefordelingsprinsippet, som gjer at bidraga frå andre gjevarar i stor grad er avhengige av bidraga frå USA, medførte USA sin posisjon ein finansieringssituasjon som i utgangspunktet var svært pressa. Dette vart ytterlegare komplisert av at ei rekkje andre gjevarar òg var interesserte i å unngå auke i sine bidrag i høve til tidlegare påfyllingar. Det var såleis lenge grunn til uro om det var mogeleg å bli samde om ei tilfredsstillande finansiering av IDA 11.

       Det vert opplyst i proposisjonen at USA vil bruke si IDA-løyving for 1996/97 til å betale ned restansen sin til IDA. Det vart difor ført omfattande diskusjonar om korleis ein skulle leggje opp eit ekstraordinært første år i IDA 11 utan bidrag frå USA. Etter at USA seint i forhandlingane presenterte forpliktande finansielle tilsegner til IDA 11 for to år etter det første ekstraordinære året, vart det semje om å opprette eit eige Interimsfond for det første året. Fondet vil vere underlagt IDA administrativt og halde dei landa som ikkje yter bidrag til det utanfor når det gjeld innkjøp og avgjerdsdeltaking. Deretter vil IDA 11 i den påfølgjande toårsperioden igjen ha ei meir regulær form med utgangspunkt i bidraga frå USA og byrdefordelingsprinsippet. Slik vil IDA 11 trass i den ekstraordinære finansieringsløysinga gå over dei vanlege tre åra.

       Det vert opplyst i proposisjonen at forhandlingane om IDA 11 blei avslutta i mars 1996 med tilråding om ei kapitalpåfylling på SDR 13,8 milliardar eller ca USD 20,5 milliardar. Gjevarbidraga dekkjer likevel berre om lag halvparten av denne summen, og det inneber ein monaleg reduksjon i gjevarbidrag samanlikna med IDA 9 og 10. Når IDA 11 trass i dette nær held oppe realverdien på utlånsnivået i IDA dei kommande åra, skuldast dette uvanleg store overføringar av midlar frå IDA 10 (inkludert for sein betaling frå USA) og forventa framtidige overføringar frå overskotet i IBRD. Denne finansieringa av ei kapitalpåfylling i IDA representerer eit markert brot i høve til tidlegare påfyllingar, med eit svekt gjevaransvar og auka Verdsbankansvar for IDA. Det vil elles bli halde eit nytt gjevarmøte tidleg i 1997 for å vurdere status for gjennomføringa av IDA 11 på bakgrunn av den ekstraordinære forma påfyllinga har fått.

       Det vert halde fram i proposisjonen at IDA har utvikla seg i positiv lei under IDA 10 i høve til norske bistandspolitiske mål. Dei tre hovudprioriteringane om fattigdomsreduksjon, økonomiske reformer og vern av miljøet er sentrale målsetjingar i norsk bistandspolitikk. Under IDA 10 har IDA gjort god framgang når det gjeld å setje i verk tiltak for å nå desse måla. Frå norsk side vert det vurdert som positivt at IDA 11 fører denne politikken vidare, og at hovudvekta er på korleis IDA betre kan gjennomføre og vidareutvikle politikken saman med gjevarar og låntakarland.

       Med dei store og til dels aukande problema dei fattigaste landa i dag står overfor, hadde det vore ønskeleg med ei kapitalpåfylling som gav auka ressursar til IDA. Men i lys av dagens politiske og økonomiske situasjon i mange OECD-land, særleg USA, var utfallet av IDA-forhandlingane det beste ein kunne einast om.

       Det vert i proposisjonen vist til at det sidan 1960 har vore ein gradvis auke i Noreg sin part av kapitalpåfyllingane til IDA, frå 0,89 % av dei opphavlege bidraga til 1,42 % i IDA 8. Noreg har sidan halde seg på dette nivået med tilvising til ei rimeleg byrdefordeling mellom gjevarlanda.

       Kvart lands bidrag til kapitalpåfyllinga vart frå og med IDA 9 fastsett i SDR (Special Drawing Rights). Det norske bidraget til IDA 11 vil etter den fastsette omrekningskursen utgjere 500,1 mill. kroner for det første året til Interimsfondet, inkludert eit ekstrabidrag på 95 mill. kroner. Bidraget vil bli kr 341.525.000 for kvart av dei to neste åra. Til saman blir det norske bidraget på 1.184 mill. kroner for dei tre åra i IDA 11 - perioden frå 1. juli 1996 til 30. juni 1999.

       Det vert vidare vist til at Stortinget i desember 1995 under kap. 0163 post 70.2 Innskot i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) løyvde kr 590 mill. i budsjettet for 1996. Denne løyvinga dekkjer den første av dei tre årlege innbetalingane til IDA 11. Løyvinga vart gjeven på vilkår av at Stortinget samtykte i deltakinga i den nye kapitalpåfyllinga. Løyvingsframlegget for resten av det norske bidraget til IDA 11 vil bli fremja i budsjetta for 1997 og 1998. Noregs andel i IDA vert halde på same nivå, dvs. 1,42 %.

       Ei oversikt over dei ulike landa sine bidrag til den 11. kapitalpåfyllinga i IDA ligg ved proposisjonen.

2. Komiteen sine merknader

     Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til at IDA-lån ikke betinger avtale med IMF for de land som mottar slike lån. Mange av de landene som får IDA-lån er de samme landene som må gjennomføre strukturtilpasningsprogram. Disse medlemmer vil peke på at slik strukturtilpasning i en del tilfeller har ført til det motsatte av hva man ønsker å oppnå gjennom IDA-lån. Disse medlemmer viser i den sammenheng til sine merknader i Innst.S.nr.229 (1995-1996) hvor disse medlemmer ber om at Norge må arbeide for at det ikke lenger stilles krav om avtale med IMF for å oppnå lån i Verdensbanken, og at arbeidet for en mer positiv innretning på strukturtilpasningsprogrammene må fortsette.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at fattigdom i u-land best bekjempes ved at i-land åpner sine markeder for kjøp av u-landenes produkter, og ved at u-landene selv erstatter sentralisert styring med markedsøkonomi. Dette medlem går inn for katastrofehjelp og miljøvernhjelp til de fattigste u-land, men ønsker at denne hjelp kommer direkte fra Norge og ikke over internasjonale u-hjelpsbyråkratier utenfor norsk kontroll. Dette medlem vil derfor gå imot forslaget om kapitalpåfylling i IDA.

3. Komiteen si tilråding

    Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i ei kapitalpåfylling i Det internasjonale utviklingsfondet (International Development Association - IDA) med 1.184 mill. kroner for perioden 1. juli 1996 til 30. juni 1999 i samsvar med eit framlagt forslag.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 13. juni 1996.

Jan Petersen, Brit Hoel, Anne Enger Lahnstein,
fung. leiar. ordførar. sekretær.