1. Samandrag

   For at drifta av forsvarsdivisjonen ved den kriseramma A/S Kongsberg Våpenfabrikk skulle halda fram, stifta staten Norsk Forsvarsteknologi A/S (NTF) i 1987. I 1992 tok NFT over aksjane i Norcontrol AS i Horten og en tredjedel av aksjane i Norsk Jetmotor AS i Kongsberg.

       I 1995 endra Norsk Forsvarsteknologi A/S namn til Kongsberg Gruppen ASA.

       Kongsberg Gruppen ASA er i dag eitt av dei leiande høgteknologiske industriselskapa, med vel 2.000 tilsette. Driftsinntektene til konsernet i 1995 var på om lag 2.000 mill. kroner, med eit årsresultat før skattekostnad på 94 mill. kroner.

       I år kjøper Kongsberg Gruppen ASA opp aksjane i Simrad ASA; eit selskap med verksemd innan maritim elektronikk. Kongsberg Gruppen vil etter oppkjøpet ha om lag 67 % av si verksemd i sivile marknader. Den samla verksemda til dei to selskapa vil etter oppkjøpet få ein omsetnad på om lag 3,3 mrd. kroner og ha om lag 3.000 tilsette.

       Norsk Forsvarsteknologi A/S fekk ved etableringa i 1987 ein aksjekapital på 360 mill. kroner, der staten eigde alle aksjane.

       Ved ein aksjeemisjon i 1993 reduserte staten sin del av aksjane i NFT frå 100 til 51,28 %, og selskapet vart børsnotert. NFT fekk i 1993 ein aksjekapital på 117 mill. kroner, fordelt på 5.850.000 aksjar pålydande 20 kroner. Staten sin del vart på 60 mill. kroner, dvs. 3.000.000 aksjar. Dessutan konverterte staten resten av sine NFT-aksjar til eit rente- og avdragsfritt ansvarleg lån på 300 mill. kroner, som eventuelt kunne brukast ved seinare aksjeemisjonar for å sikra staten sin eigarmajoritet. Det var ein føresetnad at denne skulle vera på minst 51 %.

       Dei tilsette hadde etter emisjonen ein eigardel i selskapet tilsvarande 1,7 %.

       Den private eigarsamansetninga er dominert av norske langsiktige institusjonelle investorar slike som livsforsikringsselskap, aksjefond og pensjonskassar.

       Styret i Kongsberg Gruppen ASA har teke opp sal av aksjar til dei tilsette. Styret har bede administrasjonen om å førebu saka, slik at styret kunne leggja fram eit framlegg til generalforsamlinga i 1996 om ein retta emisjon til beste for dei tilsette i konsernet for teikning av aksjar med ein rabatt i høve til marknadsprisen.

       KG peikar i brevet på at med det statlege eigarskapet og det ansvarlege lånet ein har i dag er utsiktene for emisjonar avgrensa til 150.000 aksjar, før Nærings- og energidepartementet må konvertera delar av det ansvarlege lånet til aksjar for å halda staten sin majoritetsposisjon ved lag. Ein mogleg emisjon til dei tilsette bør difor avgrensast opp til 150.000 aksjar. Selskapet har gjort framlegg om fylgjande:

       « Det gjøres en emisjon rettet mot de ansatte i konsernet av inntil 150.000 aksjer med 20 % rabatt. Siden ordningen omfatter alle, vil de første 1.000 kroner i rabatt være skattefrie, mens de som kjøper aksjer for mer enn 5.000 kroner, vil få overskytende rabatt beskattet som lønn. Med Simrad ASA inkludert gir dette mulighet for at alle ansatte kan tegne seg for i størrelsesorden 50 aksjer. Med dagens kursnivå vil dette bety ca 8.000 kroner for den enkelte etter rabatt. Det er imidlertid ikke sannsynlig at alle tegner seg, slik at noen kan få tildelt et større antall. Regler for tildeling vil bli etablert og prospekt utarbeidet.
       For ordningen vil en bindingstid på aksjene på f.eks. 1-2 år bli diskutert. Bedriften kan videre være behjelpelig med forsinket betaling, f.eks. ved at en del av kjøpesummen trekkes i lønn over en viss periode. »

       Det er vidare m.a. peika på at når det vert gjort ein retta emisjon mot dei tilsette i konsernet og desse får teikna aksjar til kurs med 20 % rabatt, samsvarar dette med tilsvarande ordningar i samanliknbare selskap. Slike emisjonar til dei tilsette er grunna i selskapet sitt ynskje om å leggja tilhøva til rette for at dei tilsette skal vera medeigarar i sitt eige selskap, og at dei tilsette sitt engasjement er viktig for utviklinga i selskapet.

       Departementet er positiv til framlegget om at KG kan gjennomføra ein retta emisjon mot dei tilsette i konsernet, for teikning av aksjar med rabatt i høve til marknadspris. Emisjonar med rabatt til dei tilsette er vorte vanleg i børsnoterte industriselskap.

       Departementet føreset elles at det er KG sitt styre som, etter fullmakt frå generalforsamlinga i KG, fastset alle sider ved emisjonen og prisen ved tilbodet, som skal rettast til alle dei tilsette i konsernet på like vilkår.