Innstilling frå næringskomiteen om dei tilsette sitt eigarskap i Kongsberg Gruppen ASA.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 280 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 74 (1995-96)
  • Dato: 14.06.1996
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

   For at drifta av forsvarsdivisjonen ved den kriseramma A/S Kongsberg Våpenfabrikk skulle halda fram, stifta staten Norsk Forsvarsteknologi A/S (NTF) i 1987. I 1992 tok NFT over aksjane i Norcontrol AS i Horten og en tredjedel av aksjane i Norsk Jetmotor AS i Kongsberg.

       I 1995 endra Norsk Forsvarsteknologi A/S namn til Kongsberg Gruppen ASA.

       Kongsberg Gruppen ASA er i dag eitt av dei leiande høgteknologiske industriselskapa, med vel 2.000 tilsette. Driftsinntektene til konsernet i 1995 var på om lag 2.000 mill. kroner, med eit årsresultat før skattekostnad på 94 mill. kroner.

       I år kjøper Kongsberg Gruppen ASA opp aksjane i Simrad ASA; eit selskap med verksemd innan maritim elektronikk. Kongsberg Gruppen vil etter oppkjøpet ha om lag 67 % av si verksemd i sivile marknader. Den samla verksemda til dei to selskapa vil etter oppkjøpet få ein omsetnad på om lag 3,3 mrd. kroner og ha om lag 3.000 tilsette.

       Norsk Forsvarsteknologi A/S fekk ved etableringa i 1987 ein aksjekapital på 360 mill. kroner, der staten eigde alle aksjane.

       Ved ein aksjeemisjon i 1993 reduserte staten sin del av aksjane i NFT frå 100 til 51,28 %, og selskapet vart børsnotert. NFT fekk i 1993 ein aksjekapital på 117 mill. kroner, fordelt på 5.850.000 aksjar pålydande 20 kroner. Staten sin del vart på 60 mill. kroner, dvs. 3.000.000 aksjar. Dessutan konverterte staten resten av sine NFT-aksjar til eit rente- og avdragsfritt ansvarleg lån på 300 mill. kroner, som eventuelt kunne brukast ved seinare aksjeemisjonar for å sikra staten sin eigarmajoritet. Det var ein føresetnad at denne skulle vera på minst 51 %.

       Dei tilsette hadde etter emisjonen ein eigardel i selskapet tilsvarande 1,7 %.

       Den private eigarsamansetninga er dominert av norske langsiktige institusjonelle investorar slike som livsforsikringsselskap, aksjefond og pensjonskassar.

       Styret i Kongsberg Gruppen ASA har teke opp sal av aksjar til dei tilsette. Styret har bede administrasjonen om å førebu saka, slik at styret kunne leggja fram eit framlegg til generalforsamlinga i 1996 om ein retta emisjon til beste for dei tilsette i konsernet for teikning av aksjar med ein rabatt i høve til marknadsprisen.

       KG peikar i brevet på at med det statlege eigarskapet og det ansvarlege lånet ein har i dag er utsiktene for emisjonar avgrensa til 150.000 aksjar, før Nærings- og energidepartementet må konvertera delar av det ansvarlege lånet til aksjar for å halda staten sin majoritetsposisjon ved lag. Ein mogleg emisjon til dei tilsette bør difor avgrensast opp til 150.000 aksjar. Selskapet har gjort framlegg om fylgjande:

       « Det gjøres en emisjon rettet mot de ansatte i konsernet av inntil 150.000 aksjer med 20 % rabatt. Siden ordningen omfatter alle, vil de første 1.000 kroner i rabatt være skattefrie, mens de som kjøper aksjer for mer enn 5.000 kroner, vil få overskytende rabatt beskattet som lønn. Med Simrad ASA inkludert gir dette mulighet for at alle ansatte kan tegne seg for i størrelsesorden 50 aksjer. Med dagens kursnivå vil dette bety ca 8.000 kroner for den enkelte etter rabatt. Det er imidlertid ikke sannsynlig at alle tegner seg, slik at noen kan få tildelt et større antall. Regler for tildeling vil bli etablert og prospekt utarbeidet.
       For ordningen vil en bindingstid på aksjene på f.eks. 1-2 år bli diskutert. Bedriften kan videre være behjelpelig med forsinket betaling, f.eks. ved at en del av kjøpesummen trekkes i lønn over en viss periode. »

       Det er vidare m.a. peika på at når det vert gjort ein retta emisjon mot dei tilsette i konsernet og desse får teikna aksjar til kurs med 20 % rabatt, samsvarar dette med tilsvarande ordningar i samanliknbare selskap. Slike emisjonar til dei tilsette er grunna i selskapet sitt ynskje om å leggja tilhøva til rette for at dei tilsette skal vera medeigarar i sitt eige selskap, og at dei tilsette sitt engasjement er viktig for utviklinga i selskapet.

       Departementet er positiv til framlegget om at KG kan gjennomføra ein retta emisjon mot dei tilsette i konsernet, for teikning av aksjar med rabatt i høve til marknadspris. Emisjonar med rabatt til dei tilsette er vorte vanleg i børsnoterte industriselskap.

       Departementet føreset elles at det er KG sitt styre som, etter fullmakt frå generalforsamlinga i KG, fastset alle sider ved emisjonen og prisen ved tilbodet, som skal rettast til alle dei tilsette i konsernet på like vilkår.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Meløy, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at Kongsberg Gruppen ASA er samansett av tidlegare Norsk Forsvarsteknologi, Norcontroll AS i Horten, ein tredel av aksjane i Norsk Jetmotor A/S og at Kongsberg Gruppen ASA er i ferd med å kjøpe opp aksjane i Simrad ASA.

       Komiteen er kjent med at Kongsberg Gruppen ASA er eit av dei leiande industriselskap innafor høgteknologi.

       Komiteen ser positivt på at styret i Kongsberg Gruppen ASA ynskjer å gjennomføre ein emisjon retta mot dei tilsette i konsernet.

       Komiteen har merka seg at staten eig 51,28 % av aksjane og at departementet legg til grunn at staten framleis skal ha ein aksjemajoritet, men at den ved denne emisjonen kan verte redusert til rett over 50 %.

       Komiteen er merksam på at emisjonar med rabatt til dei tilsette er blitt vanleg i børsnoterte industriselskap.

       Komiteen meiner styret si grunngjeving for å gå til ein retta emisjon er relevant og realistisk.

       Komiteen legg til grunn at emisjonen vert avgrensa oppover til 150.000 aksjar, og at rabatten for dei tilsette som vil teikne aksjar vert sett til 20 %.

       Komiteen er oppteken av at alle tilsette skal ha like høve til å kjøpe aksjar. Komiteen legg til grunn at når reglane for tildeling av aksjar vert utarbeidd vert det lagt vekt på likehandsaming av alle. Komiteen ser positivt på at styret set ei bindingstid av omsyn til stabilitet i eigarskap.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det bør settast eit tak på kor mange aksjar den einskilde skal få kjøpe og ei bindingstid på 2 år for talet av aksjar som overstig 50. Eit maksimalt tal aksjar pr. tilsett kan t.d. vere 400.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener forslaget om å gjennomføre en emisjon rettet mot de ansatte i selskapet er positivt for selskapet og de ansatte i forhold til selveierdemokrati. Disse medlemmer vil henvise til Høyres merknader i Innst.S.nr.233 (1991-1992) til St.prp. nr. 108 (1991-1992) om en delprivatisering og børsnotering av Norsk Forsvarsteknologi A/S (NFT).

       Disse medlemmer mener at statens direkte industriengasjement må reduseres. Dette ga disse medlemmer også uttrykk for i den nevnte innstillingen, og gikk derfor imot forslaget om å sikre staten minst 51 % av aksjene. Disse medlemmer kan heller ikke se at det er forhold som tilsier at staten skal ha aksjemajoriteten i selskapet i fremtiden. Disse medlemmer har merket seg at staten gjennom det fremlagte forslag reduserer sin eierandel til under det som tidligere var satt som en mål for en statlig andel. Disse medlemmer mener dette er positivt, og er av den oppfatning at staten bør selge seg ned i selskapet.

       Disse medlemmer vil fremheve at Kongsberg Gruppen ASA i dag er et ledende høyteknologisk selskap med gode utviklingsmuligheter uavhengig av statlig eierskap.

       Disse medlemmer viser til selskapets mulige planer om oppkjøp av Simrad ASA. Et oppkjøp av denne virksomheten kan bety et økt statlig næringsengasjement som disse medlemmer er uenig i. Kongsberg Gruppen ASA er en moderne produksjonsbedrift som opererer i et marked på lik linje med andre konkurranseutsatte bedrifter. Derfor vil disse medlemmer gå inn for å åpne for salg av statens aksjer i bedriften. Dette innebærer en privatisering av selskapet. Salget av statens aksjer bør skje naturlig og fornuftig slik at kapitalmarkedet kan absorbere aksjene samtidig som Kongsberg Gruppen ASA sikres en god egenkapitalsituasjon.

       Disse medlemmer vil derfor fremsette følgende forslag om at staten selger sine aksjer i selskapet:

       « Stortinget ber Regjeringen selge statens aksjer i Kongsberg Gruppen ASA. Salget foretas på en måte som sikrer nødvendig egenkapital til selskapet. »

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre og Framstegspartiet:

       Stortinget ber Regjeringen selge statens aksjer i Kongsberg Gruppen ASA. Salget foretas på en måte som sikrer nødvendig egenkapital til selskapet.

4. Komiteen si tilråding

      Komiteen har elles ingen merknader, viser til det som er sagt ovanfor og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

       Nærings- og energidepartementet gis fullmakt til, på generalforsamling i Kongsberg Gruppen ASA, å stemme for et forslag om at det gjennomføres en emisjon rettet mot de ansatte i konsernet, på i hovedtrekk de vilkår som det er redegjort for i St.prp. nr. 74 (1995-1996).

Oslo, i næringskomiteen, den 13. juni 1996.

Svein Ludvigsen, Lars Gunnar Lie, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.