Innstilling frå utanrikskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Erling Folkvord, Terje Riis-Johansen, Einar Steensnæs og Lars Sponheim om stortingshandsaming av framlegg om å innlemma EUs veterinære regelverk om grensekontroll og import i EØS-avtalen.

1. Samandrag

       Framleggsstillarane viser til at spørsmålet om EUs importregelverk for animalske produkt og levande dyr skal innlemmast i EØS-avtalen, har stor interesse for norske forbrukarar. Dei viser vidare til at Noreg i denne saka kan påverka i kva grad dei aktuelle rettsaktene eventuelt skal implementerast, og ikkje som i dei fleste andre EØS-saker berre velja mellom å overta rettsaktene eller leggja ned veto mot dei. Framleggsstillarane meiner det er særs viktig å få ein open samfunnsdebatt om spørsmålet og at dette best kan sikrast ved at Stortinget i plenum vert informert og får høve til å debattere saka før ho skal opp i EØS-komiteen i Brussel.

       Framlegget lyder:

       « Stortinget bed Regjeringa leggja saka fram for Stortinget til open handsaming før saka skal opp i EØS-komiteen. »

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen syner til brev frå handelsministeren til utanrikskomiteen frå 5. juli 1996 (vedlagt innstillinga). Komiteen syner vidare til at landbruksministeren vil orientera Stortinget i plenum om denne saka før endeleg handsaming i EØS-komiteen.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til opplysning i Stortingets Liste C nr. 4 frå 2. februar 1996 om at Utanriksdepartementet ville leggja fram ei stortingsmelding om « Utvidelse av EØS-avtalens veterinære del », og til at same opplysning vart gjeven av handelsministeren i EØS-utvalet 23. januar 1996.

       Desse medlemene ser det som påfallande om Regjeringa likevel ikkje vil leggja fram ei melding om saka før eventuelt vedtak i EØS-komiteen. Dersom EUs veterinære regelverk skulle verta implementert i norsk rett, inneber det ei utviding av heile EØS-avtalen som etter desse medlemene si meining vil kunna få vidtrekkjande konsekvensar. Regjeringa uttalte i St.prp. nr. 100 (1991-1992) at:

       « ... all handel med dyr og dyreprodukter mellom Norge og de øvrige EØS-land vil bli underlagt grensekontroll på samme måte som i dag, og muligheten for å sette dyr eller vareparti i karantene forblir uforandret. Dette vurderes som avgjørende for opprettholdelse av vår gunstige dyrehelse. » (s. 126)

       Å fjerna grensekontrollen og endra karantenereglane vil såleis vera ei betydeleg endring av ein av føresetnadene for EØS-avtalen, og det vil kunna endra den noverande balansen i avtalen mellom føremoner og ulemper. Desse medlemene meiner ei slik omlegging ikkje bør skje utan ei brei førehaving i stortingsmeldings form, og set fram følgjande framlegg:

       « Stortinget bed Regjeringa leggja fram ei stortingsmelding om eventuell utviding av EØS-avtalen på det veterinære området, og leggja til grunn Stortingets førehaving av denne før eit eventuelt vedtak om saka i EØS-komiteen. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti føreset at det, uavhengig av om det vert framlagt ei melding eller gjeve ei utgreiing, vert gjeve høve til ein brei debatt om dette spørsmålet.

3. Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

       Stortinget bed Regjeringa leggja fram ei stortingsmelding om eventuell utviding av EØS-avtalen på det veterinære området, og leggja til grunn Stortingets førehaving av denne før eit eventuelt vedtak om saka i EØS-komiteen.

4. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Dok.nr.8:97 (1995-1996) - framlegg frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Erling Folkvord, Terje Riis-Johansen, Einar Steensnæs og Lars Sponheim om stortingshandsaming av framlegg om å innlemma EUs veterinære regelverk om grensekontroll og import i EØS-avtalen - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 27. november 1996.

Haakon Blankenborg, Anne Enger Lahnstein,
leiar og ordførar. sekretær.

Vedlegg. Brev frå handelsministeren til utanrikskomiteen i Stortinget, datert 5. juli 1996.

       Eg vert i brev frå utanrikskomiteen av 27. juni 1996 oppmoda til å gi mi vurdering av framlegget i Dok.nr.8:97 (1995-1996) frå representantane Reidar Johansen, Erling Folkvord, Terje Riis-Johansen, Einar Steensnæs og Lars Sponheim. Svaret skal etter det eg skjøner nyttast i samband med komiteen si handsaming av saka.

       Ein syner i framlegget til visse utsegner eg skulle ha kome med i konsultasjonsorganet. Det er ein føresetnad at drøftingane i konsultasjonsorganet skal vera fortrulege og fleire av dei representantane som står bak framlegget er ikkje representerte i dette organet. Eg kan difor ikkje kommentere denne delen av framlegget.

       Representantane gjer framlegg om at Stortinget bed Regjeringa leggja saka fram for Stortinget til open handsaming før saka skal opp i EØS-komiteen.

       Etter samråd med Landbruksministeren vil det etter mi meining vera mest tenleg at ho i Stortinget til hausten gjer greie for drøftingane om utviding av EØS-avtalen på veterinærområdet. Landbruksministeren vil ta kontakt med Presidentskapet om dette.

       Når det gjeld sjølve handsaminga i EØS-komiteen, kan eg stadfeste det som gjekk fram i mitt svar til representanten Folkvord i Stortingets spørjetime 17. april slik det er synt til i forslaget. Sjølve avgjera vil bli teken med atterhald for Stortinget sitt samtykke. Dette vil skje i samsvar med den normale prosedyren for innhenting av Stortinget sitt samtykke etter grunnlova § 26 andre leden, ved at det vert lagt fram ein stortingsproposisjon om godkjenning av avgjera. Ho vil då fyrst verta ein del av EØS-avtalen etter at EØS-komiteen er gjort kjent med at framgangsmåtane etter grunnlova er fullførte for Noreg sin del.