Innstilling frå forsvarskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1996 under diverse kapittel administrert av Justis- og politidepartementet (Direktoratet for sivilt beredskap).

Dette dokument

1. Samandrag

       Kap. 481 Direktoratet for sivilt beredskap, post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast og post 46 Ombyggingar, utvidingar, ekstraordinært vedlikehald, kan overførast.

       Direktoratet for sivilt beredskap har bygd om Grorud leir for å få plass til den nye Stor-Oslo sivilforvarskrins. Arbeidet vart opphavleg planlagt gjennomført i 1997, men blei framskunda på grunn av ei omorganisering. I samband med dette foreslår departementet at løyvinga under post 45 vert redusert med 2,347 mill. kroner og at løyvinga under kap. 481 post 46 vert auka tilsvarande.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen har ingen merknader.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1996 vert gjort følgjande endringar:

Kap. 481 Direktoratet for sivilt beredskap     
  45  Store nyinnkjøp, kan overførast,
        vert redusert med kr 2.347.000
        frå kr 19.643.000 til kr 17.296.000
   46  Ombyggingar, utvidingar,
        ekstraordinært vedlikehald,
        kan overførast,
        vert auka med kr 2.347.000
        frå kr 7.578.000 til kr 9.925.000


Oslo, i forsvarskomiteen, den 4. desember 1996.

Hans J Røsjorde, Bjørg Hope Galtung, Are Næss,
leiar. ordførar. sekretær.