3. Kredittilsynet si verksemd i 1995

3.1 Styre og administrasjon i Kredittilsynet i 1995

3.1.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for styre, organisasjon og personell i Kredittilsynet i 1995.

       EØS-avtalen førte til ein sterk auke i den internasjonale aktiviteten i 1993 og 1994. Aktivitetsnivået er vidareført i 1995.

       Når det gjeld samarbeid mellom tilsynsmyndigheitene på forsikringsområdet, har Noreg, Island og Liechtenstein no slutta seg til den såkalla « samarbeidsprotokollen » til EU-landa. På bankområdet er samarbeidet mellom tilsynsmyndigheitene organisert gjennom bilaterale avtalar, såkalla « Memoranda of Understanding » (MoU). I 1994 vart slike avtalar inngått med tilsynsmyndigheitene i alle dei nordiske landa og med England, Frankrike og Luxembourg. I 1995 er avtalar inngått med Tyskland og Nederland. Med desse avtalane er det inntil vidare ikkje naudsynt med MoU med fleire EØS-land. På verdipapirsida vart det i 1995 inngått ein fornya MoU-avtale med England. Det blir òg arbeidd med å lage ein sams nordisk MoU som vil gi grunnlag for bilaterale avtalar mellom dei nordiske landa.

       Kredittilsynet har eit nært samarbeid med dei andre nordiske tilsynsmyndigheitene.

       Dei samla utgiftene til Kredittilsynet for 1995 var 69,6 mill. kroner, ein auke på 2,8 % frå 1994. Lønn, trygd og pensjon utgjorde 44,5 mill. kroner.

       Utgiftene til Kredittilsynet blir etter kredittilsynslova § 9 dekte av dei institusjonar som er under tilsyn i byrjinga av budsjettåret og blir delt på dei ulike grupper av institusjonar etter omfanget av tilsynsarbeidet. Det samla ordinære utlikningsbeløpet for 1995 var på 67,8 mill. kroner.

       Finansdepartementet vedtok 30. juni 1994 at utgiftene i samband med Granskingsutvalet (Wiker-utvalet) sitt arbeid fullt ut skal bli refundert av dei institusjonane der oppdraga har vore utførte. Eit krav retta til Sparebanken Rana på 424.155 kroner i samband med granskinga av tilhøve i Hemnes Sparebank, som vart innfusjonert i Sparebanken Rana 1. mai 1991, vart påklaga. Departementet endra 22. mai 1996 utlikningsvedtaket slik at refusjonskravet til Sparebanken Rana vart redusert til 200.000 kroner. Skilnaden mellom det opphavlege kravet og det reduserte kravet vart utlikna på alle sparebankar.

3.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende styre og administrasjon i Kredittilsynet i 1995 til orientering.

3.2 Kredittilsynet sitt granskingsutval (Wiker-utvalet)

3.2.1 Samandrag

       I 1990 oppretta Kredittilsynet, i samråd med departementet, eit utval (Granskingsutvalet) som skulle granske finansinstitusjonar som har hatt store soliditetsvanskar, jf. tidlegare utgreiingar som er gjeve til Stortinget seinast i Kredittmeldinga 1994. Granskingsutvalet avslutta sitt arbeid i 1995.

       I tillegg til innstillinga om Kreditkassen som er omtala i Kredittmeldinga 1994, la utvalet i 1995 fram ei avsluttande innstilling om Fokus Bank/Rogalandsbanken og ei innstilling om Den Norske Hypotekforening. Den førebels rapporten om Rogalandsbanken var tidlegare oversend til ØKOKRIM, men inga av dei andre rapportane vart sende til ØKOKRIM. ØKOKRIM arbeider enno med sakene om Kreditkassen. Dei andre er lagde bort « etter bevisstillinga ». Det er lagt fram oversyn over alle sakene i meldinga.

       Etter oppmoding frå Kredittilsynet utarbeide formannen i utvalet Håkon Wiker ein sluttrapport. Den vart framlagd i september 1995 og inneheld formannens evaluering av arbeidet i utvalet. Sidan denne rapporten går gjennom mange av dei sakene som er oversende til ØKOKRIM, er rapporten unnateken frå offentleg innsyn.

       I tildelingsbrevet for 1995-budsjettet bad Finansdepartementet Kredittilsynet om å utarbeide ein rapport om arbeidet til utvalet, resultata av arbeidet og Kredittilsynet sine erfaringar med utvalet. Rapporten vart oversend til Finansdepartementet i februar 1996.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for denne rapporten.

       I rapporten konkluderer Kredittilsynet med at det bør vurderast enkelte endringar i gjeldande regelverk. Etter Kredittilsynet si meining bør det mellom anna vurderast å fastsetje lengre foreldingsfristar for brot i høve til spesiallovgjevinga, og klarare reglar om rekneskapsføring. Kredittilsynet meiner det er grunnlag for å vurdere ein regel om straffesanksjonering av skøytelaus kredittvurdering nærare. Etter dei erfaringane ein har gjort hittil, meiner Kredittilsynet at straffelovgjevinga aleine ikkje er tilstrekkeleg til å hindre kritikkverdige forhold eller ulovlege handlingar i finansinstitusjonane. For å kunne utføre eit effektivt tilsyn som kan hindre kriser i finansinstitusjonar og redusere omfang og skade av ei eventuell krise, må ein etter Kredittilsynet si oppfatning ha eit regelverk som gjer det lettare for Kredittilsynet å gripe inn i eventuelle mislege forhold på eit tidlegare tidspunkt. Kredittilsynet har såleis gjort framlegg om at det blir vurdert å styrke administrative sanksjonsmidlar.

       Arbeidet med ein generell revisjon av finansinstitusjonslovgjevinga skal munne ut i ei utgreiing nr. 4 frå Banklovkommisjonen, eit arbeid som Kommisjonen no skal gå i gang med. Etter departementet sitt syn høyrer forslaga frå Kredittilsynet med unntak av det som gjeld rekneskapsreglane, naturleg under Banklovkommisjonen sitt arbeid. Departementet vil difor be kommisjonen om å vurdere forslaga frå Kredittilsynet. Behovet for klarare og meir eintydige rekneskapsreglar blir vurdert av departementet i samband med arbeidet med ny rekneskapslov. Det kan òg vere aktuelt å sjå nærare på behovet for endringar i forskriftene om årsrekneskap i finansinstitusjonar når den generelle rekneskapslovgjevinga er fastlagd.

3.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Kredittilsynets granskingsutvalg (Wiker-utvalget) til orientering.

3.3 Forretnings- og sparebankar i 1995

3.3.1 Samandrag

       Ved utgangen av 1995 var det 150 bankar i Noreg. Det var 133 sparebankar, 14 norske forretningsbankar, 2 utanlandske forretningsbankar og Noregs Postbank. I tillegg var tre utanlandske bankar representerte med filialar i Noreg, medan norske bankar hadde 11 filialar i utlandet. I 1995 har 5 utanlandske bankar meldt om filialetablering i Noreg.

       Det vart i 1995 utført 29 inspeksjonar i sparebankar, 19 inspeksjonar i forretningsbankar og ein inspeksjon i Postbanken.

       Tabell 3.1 og 3.2 i meldinga gir eit oversyn over resultat og balanseutvikling i bankane dei siste åra.

       Resultata for 1995 var gode for både forretnings- og sparebankane. I forretningsbankane auka driftsresultatet etter tap målt i % av gjennomsnittleg forvaltningskapital med 0,14 prosentpoeng i 1995. Driftsresultatet før tap viste ein nedgang på 0,18 prosentpoeng frå 1994.

       Sparebankane hadde ei betring i resultata både før og etter tap. Nettorenta i sparebankane syner same fallande tendens som i forretningsbankane, med ein nedgang på 0,33 prosentpoeng frå året før.

       Forretningsbankane auka utlåna til kundar med 7,5 % frå 1994 til 1995, medan sparebankane hadde ein auke på 8,4 % same året. Innskott frå kundar viste ein auke frå 1994 på 5,0 % i sparebankane og 4,1 % i forretningsbankane.

       Alle spare- og forretningsbankane oppfylte ved utgangen av 1995 det lovbestemte kravet til kapitaldekning på 8 % og kravet om 6 % kjernekapital.

       Norion Bank vart sett under offentleg administrasjon 30. november 1989. Administrasjonsordninga har frå årsskiftet 1989-90 vore basert på eit avviklingsalternativ, og har hatt karakter av handsaming av eit konkursbu. Banken har anka dommen i Oslo byrett 16. februar 1995 som gjeld banken sitt krav på å få betalt tilbake ei nedsetjing av aksjekapitalen på 30 mill. kroner. Så lenge dei pågåande rettssakene ikkje er avgjorde kan ikkje buet sluttast.

       I 1995 har oppfølginga av dei største finansinstitusjonane vore prioritert i inspeksjonsverksemda. Samtidig har mindre skadeforsikringsselskap og pensjonskasser vore ei særskilt målgruppe.

       Medan kredittrisiko tradisjonelt har spela ei hovudrolle i tilsynsarbeidet, har det både internasjonalt og i Kredittilsynet vore ei aukande fokusering på marknadsrisiko. Marknadsrisiko er risiko for tap på posisjonar som følgje av endringar i marknadsprisar. Dei vanlegaste formene for marknadsrisiko er aksjekursrisiko, renterisiko og valutarisiko. I Noreg hadde ein tilfellet med Bærum kommunale pensjonskasse, og internasjonalt har Barings Bank og problema i det japanske finanskonsernet Daiwa stått i fokus.

       Kredittilsynet si forskrift om internkontroll er ein viktig reiskap for å hindre at bankane skal pådra seg uidentifisert risiko.

       Gjennom inspeksjonsverksemda følgjer ein opp reglane om kvitvasking av pengar og bankane sine etiske retningsliner. Det er vidare utarbeidd eit tilsynsprogram for å følgje opp IT-forskrifta.

3.3.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende forretnings- og sparebanker i 1995 til orientering.

3.4 Forsikringsselskap i 1995

3.4.1 Samandrag

       Ved utgangen av 1995 var det 47 ordinære norske skadeforsikringsselskap og sju norske kredittforsikringsselskap.

       Mot slutten av 1995 hadde Kredittilsynet godkjent melding om grenseoverskridande verksemd inn til Noreg frå til saman 71 utanlandske forsikringsselskap etter andre og tredje generasjonsdirektiv.

       Det finansielle tilsynet med 22 filialar av utanlandske skadeforsikringsselskap og ein filial av eit livsforsikringsselskap er i 1995 overført til tilsynsorgana i heimlandet til selskapa.

       Norske forsikringsselskap har til no i liten grad nytta seg av sjansen til å etablere filial i eller drive grenseoverskridande verksemd retta mot andre EØS-statar.

       I 1995 gjennomførte Kredittilsynet 15 inspeksjonar i forsikringsselskap.

       I 1995 hadde dei tre største skadeforsikringsselskapa 72 % av marknaden for skadeforsikring, målt etter premieinntekter. Tabell 3.4 i meldinga gir eit oversyn over resultatutviklinga i dei fire største skadeforsikringskonserna (samla sett).

       Skadeforsikringsselskapa hadde samla sett eit betre driftsresultat i 1995 enn i 1994. Betringa har si årsak i auka finansinntekter. Det forsikringstekniske resultatet syner ein svak tilbakegang. Alle skadeselskapa oppfylte ved årsskiftet 1995-96 kravet til kapitaldekning på 6,75 % og solvensmarginkravet. Nokre mindre selskap har halde fram med svake resultat og svak soliditet.

       Tre av skadeforsikringsselskapa tilfredsstilte ikkje minstekravet til forsikringstekniske avsetningar ved utgangen av 1995. Av desse er det to selskap som har mellombels dispensasjon frå minstekravet til tryggingsavsetning under handsaming i Kredittilsynet og departementet.

       Våren 1995 vart den internasjonale reassuranseverksemda i UNI Storebrand-konsernet skild ut gjennom eit offentleg spreiingssal med etterfølgjande børsintroduksjon av selskapet under namnet Oslo Reinsurance Company AS. Det er i meldinga gjort nærare greie for dette. Kjøpar er det amerikanske selskapet FolksAmerica

       Skadeforsikringsselskapenes Garantiordning har betalt ut i alt 42 mill. kroner for å dekkje dei direkte sikra i Star Forsikring AS u.o.a.

       Det var fem kredittforsikringsselskap i Noreg ved utgangen av 1995. to av selskapa er under avvikling. Kredittforsikringsmarknaden har i ei tid vore prega av tilbakegang og stagnasjon.

       Alle kredittforsikringsselskapa møtte ved utgangen av 1995 kravet til ansvarleg kapital og minstekravet til forsikringstekniske avsetningar.

       Ved inngangen til 1996 var det gjort avtale om å selje det største norske kredittforsikringsselskapet på den norske marknaden, UNI Storebrand Kredittforsikring, til tyske Gerling Konzern. Det er i meldinga gjort nærare greie for dette.

       I 1995 har alle direkte forsikringstakarar i Strand Kredittforsikring u.o.a. motteke dekning for sine krav frå Kredittforsikringsselskapenes Garantiordning.

       Den offentlege administrasjonen av Star Forsikring AS og Strand Kredittforsikring AS har avdekt kritikkverdige tilhøve i selskapa. Dette har ført til fleire rettssaker. Det er i meldinga gjort nærare greie for dette.

       Ved utgangen av 1995 var det ni norske livselskap: David, Gjensidige, Kommunal Landspensjonskasse, NOR Forsikring (tidlegare Alfa Livsforsikring), Norske Liv, Samvirke, UNI Storebrand, Vesta Liv og Vital. Dei fire største selskapa (UNI Storebrand, Kommunal Pensjonskasse, Vital og Gjensidige) hadde 91 % av samla forvaltningskapital ved utgangen av 1995. Tabell 3.5 i meldinga syner resultatutviklinga i livselskapa.

       Driftsresultatet for livselskapa før tilleggsavsetningar auka frå 1,4 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 1994 til 3,4 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 1995. Verdijustert resultat før tilleggsavsetningar auka frå -1,5 % i 194 til 5,0 % i 1995. Livselskapa sette av nye tilleggsavsetningar på til saman 2,5 mrd. kroner i 1995, mot 0,5 mrd. kroner i 1994. Driftsresultatet etter tilleggsavsetningar utgjorde dermed 1,2 % i 1994 og 2,3 % i 1995.

       Forvaltningskapitalen i livselskapa auka med 8 % frå 219 mrd. kroner ved utgangen av 1994 til 237 mrd. kroner ved utgangen av 1995.

       Alle livselskapa hadde ei kapitaldekning høgare enn minstekravet på 6,75 % ved utgangen av 1995. Berre eitt selskap hadde ei kapitaldekning som var lågare enn kravet på 8 % som vil gjelde ved utgangen av 1997. Etter forskrifta om solvensmargin skal sovensmarginalkapitalen utgjere minst 100 % av eit nærare definert solvensmarginkrav. Alle livselskap hadde høgre solvensmargin enn minstekravet.

       Ut frå ei vurdering av at livsforsikringsselskapa innanfor bransjen kollektiv pensjonsforsikring har avsett for lite administrasjonsreservar til å dekkje framtidige kostnader ved fullt betalte forsikringar, har Kredittilsynet utarbeidd ein opptrappingsplan som tek sikte på å byggje opp tilstrekkeleg administrasjonsreserve innan utgangen av 1998. Det er ein føresetnad at selskapa set i verk dei tariffendringane som er naudsynte.

       Som eit tiltak for å styrkje soliditeten i livsforsikringsselskapa vart det i 1993 innført ei ordning med tilleggsavsetningar i forsikringsfondet. Det er i 1995 sett i verk to prinsipielle endringar i regelverket for tilleggsavsetningar. Den eine endringa inneber at underskott utover det som blir dekt av den delen kvar einskild kontrakt har av tilleggsavsetningane frå tidlegare år, også kan dekkjast av midlar frå årsresultatet eller ved ei overføring frå eigenkapitalen. Den andre endringa går ut på at tilleggsavsetningar for dei kontraktane som har ein lågare rentegaranti enn den faktiske årsavkastninga, ikkje kan bli redusert.

       Ny forskrift for kontoføring og kontoutskrift i livs- og pensjonsforsikring tok til å gjelde i mai 1995. Forskrifta er ei vidareutvikling av den gamle forskrifta. Forskrifta er gitt verknad for alle EØS-selskap som driv verksemd i Noreg.

       Kapitalkrava for private og kommunale pensjonskasser gjeld frå 31. desember 1994. Mange pensjonskasser har i 1995 fått tilført kapital for å oppfylle minstekravet. Tre pensjonskasser vart avvikla i 1995. Det vart også avvikla tolv pensjonsfond, og fleire er under avvikling. Slik reglane for pensjonsfond er utforma, vil alle pensjonsfond etter kvart bli avvikla.

       Gjennom ei forskriftsendring (23. april 1996) var det innført unntak frå reglane om utrekning av ansvarleg kapital for pensjonskasser.

       Sidan 1993 har det vore inspeksjonar i pensjonskasser som representerer om lag 3/4 av forvaltningskapitalen i bransjen.

       Standardvedtekter for private pensjonskasser vart fastsette i 1995.

3.4.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende forsikringsselskapene i 1995 til orientering.

3.5 Finansieringsføretak

3.5.1 Samandrag

       Ved utgangen av 1995 var det registrert 40 finansieringsselskap og 5 filialar av utanlandske selskap og 11 kredittføretak. I 1995 vart det utført fem inspeksjonar i finansieringsføretetak.

       Forvaltningskapitalen til finansieringsselskapa auka med 24,4 % i løpet av 1995.

       Kredittføretaka har redusert den totale forvaltningskapitalen sin kvart år sidan 1990. I løpet av 1995 vart forvaltningskapitalen redusert med om lag 0,4 %.

3.5.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende finansieringsforetakene i 1995 til orientering.

3.6 Kredittilsynet sitt arbeid med Verdipapirfondet, eigedomsmekling, innkassoverksemd og låne- og garantiformidling

3.6.1 Samandrag

       Det er i 1995 gjennomført stadleg tilsyn i alle dei 32 føretaka som har løyve til å drive fondsmeklarverksemd. Kredittilsynet har også i 1995 lagt vekt på oppfølging av reglane om handsaming av kundemidlar, føring av ordre- og omsetningsjournalar og rutinar i samband med derivathandel. Ein har lagt vekt på å granske dei interne kontrollrutinane i føretaka.

       Våren 1995 vart det gjennomført emnetilsyn i fleire meklarføretak og i fondsavdelingane i einskilde bankar.

       Det har og vore eit aukande behov for å følgje med på framvekst og bruk av nye derivatinstrument.

       Forvaltningskapitalen i aksjefonda var ved utgangen av 1995 i overkant av 17 mrd. kroner, mot 15 mrd. kroner året før. Forvaltningskapitalen i fond for ulike renteinstrument var ved utgangen av 1995 snautt 28 mrd. kroner mot om lag 23 mrd. kroner året før. Om lag 75 % av auken kom av verdiauke på aktiva i fonda. For rentefonda kan over 80 % av auken forklarast med nyteikning i dei såkalla pengemarknadsfonda.

       I tillegg til dei reine tilsynsoppgåvene hadde Kredittilsynet i 1995 mykje arbeid med handsaming av søknader i samband med regelverket om sal av andelar i verdipapirfond.

       Ved slutten av 1995 var det 318 verksemder som dreiv eigedomsmekling under tilsyn. Det var og om lag 900 advokatar som hadde stilt garanti for å drive mekling.

       Det vart gjennomført 59 stadlege tilsyn i perioden.

       Ved utgangen av 1995 var det 142 inkassoverksemder under tilsyn.

       Rapportar frå verksemdene i 1995 syner at det har vore ein auke i talet på inkassosaker og total sum til innkrevjing samanlikna med 1994.

       Det vart gjennomført 41 stadlege tilsyn i perioden.

       Hausten 1994 fastsette Kredittilsynet forskrift om inkassoverksemdene si inntektsføring av inkassosaker under utføring.

       I 1995 dreiv ti foretak låneformidlingsverksemd. Av desse var to reine låneformidlingsføretak og åtte fondsmeklarføretak.

3.6.1 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsene i meldingen vedrørende verdipapirhandel, eiendomsmegling, innkassovirksomhet og låne- og garantiformidling i 1995 til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rxd Valgallianse viser til sine merknader under avsnitt 1.1.2.

3.7 Rekneskap og revisjon

3.7.1 Samandrag

       Kredittilsynet fører tilsyn med autorisasjonsordninga for rekneskapsførarar. Kredittilsynet handsamar og klager på Rekneskapsregisteret i Brønnøysund når det har gitt avslag på søknader om å få ettergitt gebyr når årsoppgjer m.v. har kome for seint. I 1995 handsama Kredittilsynet 480 klager på slike avgjerd, mot 418 i 1994. I 31 saker har Kredittilsynet gjort om på avgjerda.

       Forskrift om årsrekneskap o.a. for bankar, finansieringsføretak og morselskap for slike, og forskrift om årsrekneskap o.a. for forsikringsselskap vart fastsett av Kredittilsynet 22. juni 1995. Forskriftene tok til å gjelde 1. januar 1996 med verknad frå rekneskapsåret 1996. Finansdepartementet har i brev 29. juni 1995 til Kredittilsynet hatt som føresetnad at forskriftene skal vere førebels, og at forskriftene skal reviderast når ny rekneskapslovgiving er vedteken. Finansdepartementet uttala vidare at rekneskapsforskrifter for finansinstitusjonane bør vere i form av tilleggsforskrifter til den generelle rekneskapslovgivinga.

       Den teknologiske utviklinga i kombinasjon med at internasjonale konsern treng rekneskapsføring over landegrensene, har ført med seg stadig fleire søknader om å få gjere unntak frå enkelte reglar i rekneskapslova. I 1995 var det 591 slike søknader.

       I 1995 vart det registrert 93 nye statsautoriserte revisorar og 148 nye registrerte revisorar.

       Kredittilsynet har hatt tilsyn hjå fleire revisorar i 1995 enn i 1994, 129 mot 92. Fleire av tilsyna var avgrensa emnetilsyn, men vart etter kvart utvida til generelt gjennomsyn av verksemda. Innsatsen når det gjeld tilsyn, har vore konsentrert om revisorgrupper der ein frå før har sett at revisjonsarbeidet har hatt manglar.

3.7.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Kredittilsynets arbeid angående regnskap og revisjon i 11995 til orientering.

3.8 Myndigheit som Finansdepartementet har delegert til Kredittilsynet

3.8.1 Samandrag

       Med brev 24. mars 1994 vart myndigheita etter ei rad lovføresegner delegert frå Finansdepartementet til Kredittilsynet. Dei prinsipp og føresetnader som tidlegare delegasjonsvedtak byggjer på, er førte vidare. I brev 24. mars 1994 uttala departementet m.a.:

       « Departementet finner grunn til å presisere at den delegerte myndighet gjelder for kurante saker og at saker av viktighet og/eller av prinsipiell karakter, etter saksforberedelse, skal oversendes departementet for avgjørelse. Dette gjelder også for tidligere delegert myndighet. »

       Kredittilsynet kom i brev 9. november 1994 med eit forslag til rutinar for rapportering av vedtak gjorde etter delegasjon frå Finansdepartementet. Departementet slutta seg til forslaget med brev av 14. desember 1994. Rapporteringsrutinane tek sikte på å sikre Finansdepartementet innsyn i viktige einskildsaker og i dei forskrifter og retningslinjer som blir fastsett for tilsynseiningane. Vidare skal departementet ha naudsynt oversyn over den forvaltningspraksis som blir følgd ved avgjerd av andre saker. Rapporteringa vert sett i verk frå og med januar 1995.

       3. august 1995 vart myndigheita til å fastsetje instruks for kontrollkomitear i finansieringsføretak delegert til Kredittilsynet.

       Sjå vedlegg til meldinga med oversyn over delegasjonsvedtak.

3.8.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende myndighet som Finansdepartementet har delegert til Kredittilsynet til orientering.