7. Verdipapirsentralen si verksemd i 1995

7.1 Samandrag

       Årsmeldinga for verksemda til VPS i 1995 vart gitt av styret 20. mars 1996.

       VPS hadde ved utgangen av 1995 71 tilsette, som er to fleire enn året før.

       Det øvste organet i VPS er eit offentleg oppnemnt representantskap, jf. verdipapirsentrallova § 2-4 og forskrift fastsett 25. oktober 1985.

       Styret i VPS har i 1995 hatt åtte møte.

       VPS har ein kontrollkomite som er oppnemnd av representantskapet, jf verdipapirsentrallova § 2-5.

       Resultatrekneskapet for VPS i 1995 viser samla driftsinntekter på 90,6 mill. kroner mot 101,8 mill. kroner i 1994. Samla driftskostnader i 1995 var 85,4 mill. kroner som er om lag det same som i 1994.

       VPS gjennomførte 5,6 mill. transaksjonar i 1995, som er det høgaste transaksjonstalet i soga til VPS. Denne høge aktiviteten kjem av stor omsetjing av aksjar gjennom heile året og auka teikning i verdipapirfond.

       Ved utgangen av året var 261 aksjeselskap registrerte i VPS. Det var til same tid registrert 959 obligasjonslån, 435 sertifikatlån, grunnfondsbevis i 13 sparebankar og 77 verdipapirfond. Det var ein auke i talet på verdipapirkonti frå 487.666 i 1994 til 516.353 i 1995.

       Marknadsverdien for dei registrerte aksjane var ved utgangen av 1995 til saman 300,2 mrd. kroner. For obligasjonslån var marknadsverdien på same tidspunktet 336,2 mrd. kroner og for sertifikatlån 97,8 mrd. kroner.

       VPS er nasjonal tildelar av verdipapirnummer. Denne verksemda har i 1995 vorte knytt til eit internasjonalt elektronisk nettverk, GIAM (Global ISIN Access Mechanism), der ein kan drive gjensidig utveksling av verdipapirinformasjon.

       Saman med Oslo Børs og Noregs Fondsmeklarforbund har Norsk Opsjonssentral og VPS saman utvikla system for lån av verdipapir for « market-makarar » i derivat. Denne løysinga kan og nyttast dersom lån av verdipapir blir tillate for andre marknadsaktørar. Ordninga er til no lite nytta, særleg fordi skattereglane ikkje er klare.

       VPS har inngått ein samarbeidsavtale med Norsk Opsjonssentral om produktutvikling og drift av ymse tenester. Formålet med avtalen er å gjennomføre felles prosjekt og driftsoppgåver. Det er jamvel inngått samarbeidsavtale med Norsk Bankkompetanse om marknadsføring og sal av tenester utanlands.

       Finansdepartementet har 13. desember 1995 fastsett forskrift om levering av kontrolloppgåver for forvaltningsføretak og Verdipapirsentralen til likningsmyndigheitene.

7.1 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Verdipapirsentralen si verksemd i 1995 til orientering.