8. Verksemda til statsbankane og folketrygdfondet i 1995

8.1 Verksemda til statsbankane i 1995

8.1.1 Samandrag

       I B.innst.S.nr.III 1995 vart rammene for tilsegn av lån i statsbankane i 1995 sette til i alt 22.219 mill. kroner. Den samla ramma vart auka gjennom året med til saman 565 mill. kroner til 22.784 mill. kroner. I samsvar med gjeldande regelverk kan Husbanken overføre 5 % av tilsegnsramma til neste års budsjett dersom ramma ikkje blir brukt. Dei samla rammer for statsbankane i 1995 vart ikkje endra i forhold til B.innst.S.nr.III utover overføringane av ubrukt ramme i 1994 til 1995 i Husbanken. Dessutan vart somme av delrammene i Husbanken omfordelte i løpet av året i forhold til B.innst.S.nr.III. Opplysningar om bruken av rammene og endringar i rentevilkåra er gitt under omtalen av kvar enkelt statsbank.

Husbanken og Landbruksbanken

       Det er i meldinga gjort greie for rammene og rentesatsane for bustadfinansieringa og landbruksføremål i 1995.

       Husbanken bokførte i 1995 500,9 mill. kroner i tap. Av dette var tap på skyldnader Husbanken tok over frå Selskapet for innvandrar- og flyktningebustader (SIFBO), 95,1 mill. kroner.

Noregs Kommunalbank

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart ramma for løyvingar av lån i Noregs Kommunalbank sett til i alt 2.800 mill. kroner.

       Uteståande garantiar frå Kommunalbanken for lån i andre kredittinstitusjonar til skular gjekk i 1995 ned med om lag 48 mill. kroner frå 140 mill. kroner til 92 mill. kroner.

       I 1995 tok Kommunalbanken opp lån for til saman om lag 55,7 mrd. kroner, fordelte på 45,2 mrd. kroner i sertifikat og 10,5 mrd. kroner i obligasjonar. Låneopptaka vart dekte på den innanlandske lånemarknaden.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       SND har to typar låneordningar, grunnfinansieringsordninga og risikolåneordningane.

       Føremålet med den langsiktige grunnfinansieringsordninga er å delfinansiere bedriftsøkonomisk lønnsame prosjekt med relativt god trygd. Veksten i utlån under grunnfinansieringsordninga blir styrt med rammer for netto utlånsvekst, ikkje med tilsegnsrammer. Grunnfinansieringsordninga skal vere sjølvfinansierande. I Nasjonalbudsjettet 1995 vart ramma for netto utlånsvekst sett til 765 mill. kroner. På grunnlag av overslag for avdraga gav dette rom for utbetaling av nye lån på 1.500 mill. kroner i 1995. Det vart utbetalt lån på 1 249 mill. kroner i 1995.

       Føremålet med SNDs risikolåneordningar er å delfinansiere prosjekt som ein forventar skal vere samfunnsøkonomisk lønnsame, men som er så risikofylte at dei ikkje kan bli realiserte berre med tilgang til ordinære finansinstitusjonar. SNDs risikolåneordningar har ein landsdekkjande og ein distriktsretta del. Den distriktsretta ordninga blir forvalta av SND og fylkeskommunane. Staten gir støtte til risikolåneordningane gjennom tapsfondsløyvingar som er knytte til kvar enkelt låneårgang. For dei låna ein gav tilsegn om i 1995, vart tapsfondsprosenten sett til 25 for dei landsdekkjande og 30 for dei distriktsretta risikolåna. I Nasjonalbudsjettet 1995 vart ramma for dei landsdekkjande risikolåna sett til 500 mill. kroner. Denne ramma vart redusert til 418 mill. kroner i salderinga av statsbudsjettet for 1995. Heile ramma vart utnytta i 1995. Ramma for den distriktsretta risikolåneordninga vart i Nasjonalbudsjettet 1995 sett til 511 mill. kroner. Det vart gitt tilsegn om nye distriktsretta risikolån for 439 mill. kroner i 1995.

       SND har to garantiordningar for lån som blir nytta til realinvesteringar og driftskreditt. Desse garantiordningane blir forvalta etter dei same prinsippa som risikolåneordningane. Den distriktsretta garantiordninga blir forvalta av SND og fylkeskommunane. Tapsfondsprosenten for dei garantiane SND gav tilsegn om i 1995, vart òg sett til 25 for den landsdekkjande delen og 30 for den distriktsretta delen. Ramma for SNDs landsdekkjande garantiar var 50 mill. kroner i 1995. Det vart gitt tilsegn om landsdekkjande garantiar for 47 mill. kroner i 1995. Ramma for distriktsretta garantiar vart i Nasjonalbudsjettet 1995 sett til 95 mill. kroner. Det vart gitt tilsegn om garantiar for 47 mill. kroner i 1995.

       Fram til 1991 var det to garantiordningar for lån til miljøverntiltak, ei i Industribanken og ei i private kredittinstitusjonar. Frå og med 1991 vart desse ordningane erstatta av -in ramme for statsgarantiar for lån til miljøvernføremål i industrien. I Nasjonalbudsjettet 1995 føreslo ein at ramma for nye garantiar vart sett til 100 mill. kroner. SND gav nye garantiar for 97 mill. kroner i 1995.

       I tillegg til at ein har vidareført den eksisterande verksemda til dei fire institusjonane som gjekk inn i SND, vart det oppretta ei eigenkapitalordning som vart lagd til SNDs eigenkapitaldivisjon. Stortinget løyvde 2 mrd. kroner til eigenkapitalordninga i samband med handsaminga av Statsbudsjettet for 1993. Kvart år kan SND investere 15 % av hovudstol pluss avkastninga det året. Investeringar som blir finansierte ved sal av tidlegare kjøpte aksjar, kjem i tillegg til dette. I 1994 fekk SND løyve til å bruke eigenkapitalordninga til å yte ansvarlege lån. I 1995 avgjorde ein å investere for til saman 576 mill. kroner. 511 mill. kroner av desse investeringane var i aksjekapital, og 65 mill. kroner var i ansvarlege lån. Ved utgangen av 1995 hadde SND ein samla aksjeportefølje på 795 mill. kroner. Avkastninga på SNDs investeringar skal over tid minst svare til den renta statsbankane betaler på innlån frå staten.

       SND fastset sjølv utlånsrentene sine. Den gjennomsnittlege utlånsrenta på grunnfinansieringslån låg på om lag 7,2 % i 1995. Renta på risikolån var 10,0 % i 1995.

       SND hadde i 1995 bokførte tap på utlån og garantiar på 229 mill. kroner.

Fiskarbanken

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart tilsegnsramma for lån i Fiskarbanken sett til 300 mill. kroner, fordelt på 150 mill. kroner for lån til nybygg og større ombyggingar og 150 mill. kroner for lån til andre føremål.

       Fiskarbanken fekk løyve til å omfordele mellom dei to delrammene, og banken valde å overføre 16 mill. kroner frå ramma for lån til andre føremål til ramma for lån til nybygg. I 1995 vart det såleis gitt tilsegn om 166 mill. kroner i lån til nybygg og større ombyggingar. Ein gav tilsegn om lån for 134 mill. kroner i lån til andre føremål.

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart det òg foreslått ei kontraktsramme for kontraheringstilskot til nybygg og vesentlege ombyggingar på 450 mill. kroner. Fiskarbanken administrerer sjølv denne ordninga. Kontraktsramma vart seinare auka til 560 mill. kroner fordi ein del av dei prosjekta som fekk tilsegn i den første delen av 1995 hadde kontrakt frå 1994. Ein kunne såleis auke kontraktsramma utan å gå ut over dei løyvingane som var stilte til disposisjon. Heile kontraktsramma vart nytta i 1995.

       Utlånsrenta i Fiskarbanken var 8,0 % i byrjinga av 1995. I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 1995 vedtok Stortinget å setje utlånsrenta ned til 7,5 % med verknad frå 1. juli 1995. Fiskarbanken hadde bokførte tap på 20 mill. kroner i 1995.

Statens lånekasse for utdanning

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart det lagt til grunn at Lånekassa for utdanning ville gi tilsegn om lån for 6 280 mill. kroner i 1995. I salderingen av statsbudsjettet for 1995 vart dette overslaget endra til 6 370 mill. kroner, m.a. fordi Stortinget gjekk imot Regjeringa sitt framlegg om å endre reglane for støtte til trygdemottakarar, og fordi det vart vedteke å auke stipenddelen med 1 prosentpoeng. I 1995 vart det til saman gitt tilsegn om lån for 6 217 mill. kroner. Dette er 14 mill. kroner mindre enn året før.

       I 1995 var renta på utlån i Lånekassa 7,5 % for lån som hadde vore renteberande i mindre enn sju år, og 8,5 % for lån som hadde vore renteberande i sju år eller meir.

       Lånekassa hadde 97,0 mill. kroner i bokførte ordinære tap i 1995. Ved utgangen av 1994 hadde Lånekassa ei uteståande gjeld på om lag 2 075 mill. kroner som ikkje lét seg drive inn med dei verkemidla som Lånekassen rådde over. Det går fram av årsrapporten frå Lånekassa for 1995 at dette beløpet hadde vakse til 2 451 mill. kroner fram til utgangen av 1995. Av dei tapte fordringane var om lag 1 294 mill. kroner lån, 1 114 mill. kroner renter og 43 mill. kroner gebyr og kostnader.

       I statsbudsjettet for 1995 vart det gitt ei løyving på 2.000 mill. kroner til avskriving av den uteståande gjelda som vart rekna som tapt. Denne løyvinga vart nytta til ein en bloc-avskriving på dei utestående låna i rekneskapen for 1995, slik at det ved utgangen av året reelt sett berre stod att 451 mill. kroner i lån som var uinndrivelege. I tillegg til dette kjem det likevel lån på 1 568 mill. kroner som blir rekna som utsette for tap. Lånekassa skal ikkje inntektsføre renter på dei låna som er avskrivne, sjølv om det framleis blir rekna renter på låna overfor kundane.

       Stortinget vedtok i samband med Ot.prp. nr. 38 (1994-1995) , jf. Innst.O.nr.52 (1994-1995) at lån som var grovt og vedvarande misleghaldne, kunne overførast permanent til Statens innkrevjingssentral for innkrevjing etter Lov om tvangsfullbyrdelse. Etter kvart som dei uinndrivelege låna blir overførte til Statens innkrevjingssentral, vil låna bli avskrivne i dei interne rekneskapane til Lånekassa, samtidig som en bloc-avsetnaden blir redusert. Det vil ikkje bli gitt nye løyvingar til tapsavskriving før heile avsetnaden på 2.000 mill. kroner er nytta. Deretter legg ein opp til at Stortinget kvart år vil gi ei løyving til avskriving av dei låna som ein reknar med å overføre til Statens innkrevjingssentral i budsjettåret.

Statens lånekasse for aviser

       Utlånsrenta i Lånekassa var på 8,0 % i 1995. Lånekassa hadde ikkje bokførte tap i 1995.

       Frå 1. januar 1996 vart Lånekassa for aviser slått saman med SND. Den kapitalen som staten hadde investert i verksemda, vart ført tilbake over statsbudsjettet for 1996, medan utlåna vart overførte til SND. Det vart lagt til grunn at eit sakkunnig, rådgjevande utval ville bli oppretta for å hjelpe SND med handsaminga av lånesøknader. På denne måten ville ein sikre at dei kulturpolitiske målsetjingane vart tekne vare på. Etter samanslåinga vil det ikkje vere eigne utlånsrammer som er øyremerkte for aviser i SND.

8.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende statsbankenes virksomhet i 1995 til orientering.

8.2 Verksemda til Folketrygdfondet i 1995

8.2.1 Samandrag

       Stortinget fastsette 15. februar 1990 i medhald av § 16-7 i lov om folketrygd reglement for Folketrygdfondet, forvaltning av midlane, revisjon o.a. (jf. St.prp. nr. 51, Innst.S.nr.89 (1989-1990)). Reglementet er seinare endra ved vedtaka til Stortinget den 20. juni 1991, 19. juni 1992, 28. oktober 1994, 19. juni 1995 og 21. juni 1996.

       Etter reglementet skal styret for Fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som sender melding til Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1995 vart sende til departementet ved brev av 29. april 1996.

       Det er i meldinga redegjort for Folketrygdfondets styre og administrasjon.

       Styret for Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av midlane til Fondet, innanfor dei retningslinjer Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer gitt av Kongen med heimel i § 9 i Fondet sitt regelverk.

       Folketrygdfondet tok i brev av 16. november 1994 opp spørsmålet om reglementet for Fondet gav høve til å skyte inn pengar i norske filialar av utanlandske bankar og i Postbanken. Etter Finansdepartementet si vurdering var det, jf. brev frå departementet av 14. mars 1995, ikkje forhold i reglementet for Fondet som er til hinder for plasseringar i norske filialar av utanlandske bankar. § 5 i vedtektene til Folketrygdfondet gir høve til å plassere fondsmidlane i forretnings- og sparebankar. Det er ikkje spesifisert at desse må vere norske. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1995 vedtok Stortinget 19. juni 1995 å utvide § 5 i Folketrygdfondet sitt reglement til også å omfatte Postbanken.

       Folketrygdfondet tok i brev av 22. desember 1994 opp spørsmålet om høve til å delta i emisjonar knytte til notering på Oslo børs. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1995 vart Fondet gitt høve til å delta i emisjonar knytte til børsintroduksjon.

       Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga vart delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon av 17. januar 1992. I den grad slike nærare retningslinjer blir gitt, er dei naturleg av generell karakter, til dømes ved kvantitative samla rammer for verksemda. Det er ikkje nokon føresetnad at instruksjonsrett i enkeltsaker skal liggje til Kongen eller departementet (jf. omtale i St.prp. nr. 69 (1990-1991) og Innst.S.nr.228 (1990-1991)).

       For 1995 fastsette departementet ei felles øvre ramme for dei nettoplasseringane (behaldningsauke) Fondet kunne gjere i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), i bankinnskott og i aksjar på 3,5 mrd. kroner. Annan plasseringsauke kunne skje i stats- og statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa.

       Nærare regler for Fondet sine plasseringar i statspapir vart fastsett i brev frå Finansdepartementet av 15. desember 1992. Etter reglane kan Fondet plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein portefølje på maksimalt 5 mrd. kroner. Dei andre plasseringane i Fondet gjer i statspapir, skal som hovudregel skje i form av kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Retningslinjene inneber at fondsplasseringane i stats- og statsgaranterte papir utover 5 mrd. kroner må replasserast i kontolån etter kvart som eksisterande portefølje av obligasjonar og sertifikat forfell.

       Fondet auka i 1995 forvaltningskapitalen sin med 10,3 mrd. kroner, til 93,0 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen auka til samanlikning med 1,1 mrd. kroner i 1994.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for plasseringane.

       Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. inkl. urealisert resultat) var i 1995 på 10,3 mrd. kroner. Dette svara til ei nominell avkastning på 12,5 % rekna på basis av Fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning på 1,3 % i 1994. Avkastninga på Fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var i 1995 på 12,6 %, medan avkastninga på aksjar var 12,1 %. Totalindeksen ved Oslo Børs gjekk til samanlikning opp med 11,6 % i 1995, medan OBX-indeksen, som består av dei 25 mest omsette aksjeklassane på børsen, steig med 0,9 %. Avkastninga i 1995 på Fondet sine plasseringar må ein elles sjå i samanheng med avkastninga i åra før og med avkastningsutsiktene framover, jf. omtale nedanfor. Samla renteinntekter i 1995 var 6 594 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 255 mill. kroner.

       Fondet hadde i 1995 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar på til saman 186 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på 3,3 mrd. kroner, etter ein reduksjon i 1994 på 5,4 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 0,7 mrd. kroner på aksjeporteføljen og 2,6 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.

       Avkastninga på aksjer må ein rekne med varierer frå år til år, mellom anna fordi ho er avhengig av forventningar om resultat i selskapa. På denne bakgrunnen må ein vurdere resultata av Folketrygdfondet sine plasseringar i aksjar med utgangspunkt i ein noko lengre periode enn dei 5-6 åra som har gått frå dei første aksjeplasseringane vart gjorde i august 1991 og fram til utgangen av 1995. Sett over denne perioden har avkastninga av aksjeporteføljen til Fondet vore om lag den same som auken i totalindeksen ved Oslo Børs.

8.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegejørelsen i meldingen vedrørende Folketrygdfondets virksomhet i 1995 til orientering.