Innstilling frå næringskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Paul Chaffey og Erik Solheim om auka satsing på økologisk landbruk.

Dette dokument

1. Samandrag

       Forslagsstillarane meiner at nye tilsettingsstoff, auka matimport, nye produksjonsmåtar og ei meir intensiv landbruksdrift aukar behovet for eit strengt regelverk, betre kontroll og auka viten om den maten vi et og korleis den er produsert. Den store bruken av plantevernmiddel og sprøytemiddel i landbruket gjev grunn til otte. Ei større satsing på miljøvenlege driftsformer i landbruket vil ha positive verknader både på miljøet og matkvaliteten. Forslagsstillarane syner vidare til at undersøkingar har synt at mange forbrukarar ynskjer lettare tilgong til matvarer som er økologisk dyrka.

       Det er etter forslagsstillarane si meining behov for klårare reglar for merking av matvarer. For menneske som reagerer allergisk mot stoff, eller som av andre grunnar skal unngå inntak av visse stoff, er slik merking heilt turvande. Merking gjev vidare forbrukarane høve til å velja mellom ymse produkt. Merking av matvarer gjev òg forbrukarane ei monaleg makt til å påverka matproduksjonen slik at den betre tek vare på miljø og helse.

       Forslagsstillarane meiner at fleire land er komne lengre enn Noreg når det gjeld omlegging til økologisk landbruksproduksjon. Forslagsstillarane meiner at Noreg, til liks med land som t.d. Sverige, Sveits og Østerrike, bør setja klåre målsettingar for kor stor del av landbruksproduksjonen som skal leggjast om til økologiske dyrkingsformer. For å auka etterspurnaden må dei økonomiske verkemidla rettast inn slik at økologisk produsert mat ikkje vert dyrare til forbrukarane enn matvarer som er produserte på tradisjonelt vis.

       Dei målsettingane som er sette for økologisk produsert mat i Landbruksdepartementet si « Handlingsplan for videre utvikling av økologisk landbruk », er særs lite konkrete, etter forslagsstillarane si meining. Forslagsstillarane ynskjer difor at det vert utarbeidd ei stortingsmelding som inneheld ei målsetjing om at økologiske landbruksvarer skal ha ein marknadsdel på minst 10 % i år 2000.

       På denne bakgrunnen vert fylgjande framlegg teke opp:

       « Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ei stortingsmelding om økologisk matproduksjon i samsvar med dette dokumentet. »

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, meiner det er sentrale og viktige spørsmål som vert tekne opp i Dok.nr.8:19 (1996-1997). Komiteen har merka seg den auka interesse det er både mellom forbrukarar og produsentar, for matvarer som er dyrka økologisk.

       Komiteen ser det som viktig at produksjonen av økologiske produkt held tritt med etterspurnaden. Komiteen er merksam på at ein pr. i dag er i ein situasjon der produksjonen er lågare enn etterspurnaden.

       Komiteen syner til at Landbruksdepartementet på oppmoding frå komiteen har kome med ei grundig vurdering av spørsmåla som er tekne opp i Dok.nr.8:19 (1996-1997). Komiteen har merka seg at Landbruksdepartementet meiner økologisk landbruk er eit viktig satsingsområde. 
       Komitefleirtalet, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, stør den målsettinga som er nedfelt i handlingsplanen for økologisk landbruk som Landbruksdepartementet har sett opp, slik det framgår av brev frå departementet datert 12. februar 1997.

       Fleirtalet ser på engasjement frå produsentane sjølv som avgjerande for om økologisk landbruk skal ha ei positiv vidareutvikling.

       Fleirtalet meiner klare regler for merking av økologisk produkt er viktig, og legg til grunn at dei krava som er gjevne ved offentleg forskrift av 5. september 1996 vert stetta av varer som får bruke Ø-merket (merke for økologiske produkt).

       Fleirtalet legg til grunn at utvikling av økologisk landbruk er ein kontinuerleg prosess, som må gå parallelt med den utviklinga ein har i tradisjonelt landbruk.

       Fleirtalet har merka seg at det framleis er eit relativt lite antal bruk som er godkjent for økologisk drift, og reknar med at departementet og landbruksorganisasjonane har merksemd på dette ved dei årlege jordbruksoppgjera.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, er klår over at meirkostnadene med økologisk produksjon vil føre til noko høgare pris for at inntekta til produsent skal vere tilfredsstillande, og dette fleirtalet har merka seg at Landbruksdepartementet gjev uttrykk for at det er viktig å legge til rette for at denne prisskilnaden ikkje vert for stor. Dette fleirtalet vil understreke at marknadsføring av økologiske produkt er svært viktig i denne samanhengen.

       Dette fleirtalet har merka seg at forslagsstillarane bak Dok.nr.8:19 (1996-1997) ynskjer konkrete målsettingar for kor stor del av landbruksproduksjonen som bør vere lagt om til økologisk produksjon innan eit bestemt årstal.

       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet, ser det som viktig med målsettingar, men då denne omlegginga er noko avhengig av jordbruksforhandlingane der også landbruksorganisasjonane er part, meiner dette fleirtalet at det vil vere ynskjeleg at partane drøftar om dei kan kome fram til slik talfesta målsetjing.

       Dette fleirtalet har merka seg at Landbruksdepartementet vil gjennomføre rullering av handlingsplanane og vurdere organiseringa av arbeidet med å vidareutvikle økologisk landbruk i samband med jordbruksoppgjeret.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti meiner det er ynskjeleg å vidareføre norsk landbruk i økologisk lei. Desse medlemene ynskjer derfor at departementet utarbeider ei melding, og desse medlemene fremjer derfor fylgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ei stortingsmelding om økologisk matproduksjon. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg den økende interesse for økologisk dyrkede produkter og ser det som viktig at dette dekkes gjennom en gradvis økt produksjon. Disse medlemmer legger til grunn at de faktiske merkostnader knyttet til produksjon og distribusjon av økologiske produkter reflekteres i en reell pris til forbruker som på dette grunnlag kan gjøre et fritt valg.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til forslagets målsetting om ei egen Stortingsmelding om økologisk matproduksjon i Norge. Dette medlem har merket seg at Regjeringa vil komme tilbake til ei bred vurdering av status til økologisk landbruk i de årlige jordbruksoppgjørene. Ei slik vurdering er etter dette medlems oppfatning viktig, men det vil ikke gi mulighet til en bred debatt om hva økologisk landbruk skal utvikle seg til. Ei stortingsmelding vil kunne gi grunnlag for en langt bredere, forpliktende og perspektivrik debatt om økologisk landbruk og hvordan vi kan utvikle hele landbruket i Norge til et økologisk landbruk.

       I dag utgjør økologisk landbruk en liten, viktig men begrenset nisje. Økologisk landbruk er på mange måter en spydspiss inn i framtida hva angår miljøtenking i landbruket. Målet må være økologisering av hele det norske landbruket. Dette medlem vil i den sammenheng vise til de initiativ som er fremmet av Norsk Bonde- og Småbrukerlag om ei økologisering av norsk landbruk.

       Dette medlem vil understreke betydninga av at økologisk landbruk gis alle muligheter for ei videre utvikling både i kvalitet og i kvantitet. Målet må være å sette konkrete målsettinger som f.eks. Sverige, Sveits og Østerrike om andelen av økologisk landbruk innen et gitt tidsrom. Videre må initiativet om ei økologisering av norsk landbruk følges opp på kort og langt sikt.

       Dette medlem vil peke på at økomat ikke må være dyrere enn annen mat. Det må være et uttalt mål at alle skal ha like tilgang til økomat uavhengig av geografi og pris på produktene.

       Dette medlem vil understreke nødvendigheten av at all økologisk mat merkes. Bare på den måten vil forbrukerne ha en reell frihet til å velge økologisk dyrket mat. Etter dette medlem oppfatning er økt kunnskap avgjørende for å skape forutsetningene for økt satsing på økologisk landbruk. Det må derfor satses penger og ressurser på utdanning og etterutdanning innen økologisk landbruk.

       På denne bakgrunn vil dette medlem fremme følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide en stortingsmelding om økologisk matproduksjon som blant annet inneholder både en målsetting om at økologiske landbruksvarer skal ha en markedsandel på minst 10 % i år 2000 og en plan for økologisering av hele landbruket. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til en økende etterspørsel etter økologisk produserte landbruksvarer. Derfor er det viktig for norske bønder å se markedsmulighetene ved økologisk produksjon blant annet for å kunne styrke sin stilling i et mer konkurranseutsatt marked.

       Dette medlem vil peke på at dagens driftsformer i jordbruket har bidratt til sterkt å forverre miljøsituasjonen. Utviklingen av økologisk landbruk kan bidra til å redusere miljøskadene fra jordbruket.

       Dette medlem vil hevde at alternative driftsformer vil bidra til større valgfrihet for forbrukerne innenfor rammen av helsemessig trygghet til de matvarer som blir produsert. Dette medlem vil videre minne om at Fremskrittspartiets målsetting for norsk landbruk er å etablere en økonomisk effektiv landbruksnæring uten behov for interne støtteordninger. Det betyr at forbrukerne må betale eventuelle merkostnader for økologisk dyrkede produkter direkte i markedet.

       Dette medlem mener forholdene må legges til rette for en lønnsom kvalitetsproduksjon basert på våre klimatiske begrensninger, men også på den styrke som produksjon i et av verdens reneste miljøer gir.

       Dette medlem viser til Handlingsplan for økologisk landbruk og Landbruksdepartementets brev datert 12.  februar 1997 som inneholder omfattende informasjon om tiltak for å fremme økologisk produksjon. Videre vil Departementet bredt vurdere tiltak overfor økologisk landbruk i årets proposisjon om jordbruksoppgjøret.

       Komitifleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, ser på økologisk produksjon av matvarer som eit viktig område, og vil be om at Landbruksdepartementet finn eigna måtar å orientere Stortinget om arbeidet med mål og omfang av økologisk landbruksproduksjon.

       Komiteen syner elles til brev frå Landbruksdepartementet datert 12. februar 1997, som er vedlagt innstillinga, saman med brev frå Næringskomiteen datert 15. januar 1997.

       Komiteen har elles ingen merknader og vil tilrå at Dok.nr.8:19 (1996-1997) vert lagt ved protokollen.


3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti:

Forslag 1

       Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ei stortingsmelding om økologisk matproduksjon.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 2

       Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide en stortingsmelding om økologisk matproduksjon som blant annet inneholder både en målsetting om at økologiske landbruksvarer skal ha en markedsandel på minst 10 % i år 2000 og en plan for økologisering av hele landbruket.


4. Komiteen si tilråding

       Komiteen syner til dokumentet og til det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Dok.nr.8:19 (1996-1997) - framlegg frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Paul Chaffey og Erik Solheim om auka satsing på økologisk landbruk - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 20. februar 1997.

Svein Ludvigsen, Lars Gunnar Lie, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.

Vedlegg 1

Brev fra næringskomiteen v/Lars Gunnar Lie til Landbruksdepartementet, datert 15.  januar 1997:

Vedrørende Dok.nr.8:19 om økologisk landbruk

       Dok.nr.8:19 om økologisk landbruk er oversendt næringskomiteen for videre behandling.

       Komiteen ønsker i denne forbindelse å få departementets vurdering av forslaget om å utarbeide en egen stortingsmelding om økologisk matproduksjon.

       Så snart departementets vurdering av forslaget foreligger, vil komiteen vurdere om det er behov for en egen høring med statsråden i sakens anledning.

       Vi ber om et snarlig svar fra departementet.


Vedlegg 2

Brev fra Landbruksdepartementet, statsråden, til Stortingets næringskomité v/Lars Gunnar Lie, datert 12.  februar 1997:

Dok.nr.8:19 (1996-1997) om økt satsing på økologisk landbruk

       Jeg viser til Dok.nr.8:19 (1996-1997) fra stortingsrepresentantene Reidar Johansen, Paul Chaffey og Erik Solheim om økt satsing på økologisk landbruk. Det fremmes forslag om at Stortinget skal be Regjeringen om å utarbeide en stortingsmelding om økologisk matproduksjon. I brev av 15. januar 1997 ber Næringskomiteen om Landbruksdepartementets vurdering av forslaget.

1. Bakgrunn for forslaget

       Representantene Johnsen, Chaffey og Solheim begrunner forslaget om å utarbeide en stortingsmelding om økologisk landbruk ut fra behovet for en større satsing på miljøvennlige driftsformer, forbrukernes økte etterspørsel etter økologisk dyrket mat og behovet for merking.

       I tillegg vises det til at flere land har uttalte mål for økologisk produksjon. Det påpekes videre at de økonomiske virkemidlene må innrettes slik at alle som ønsker å legge om til økologisk produksjon får slik støtte. I tillegg pekes det på at tilskuddsordningene må utformes slik at økologisk mat ikke blir dyrere til forbruker enn matvarer produsert på tradisjonelt vis.

       På bakgrunn av dette ønsker representantene at det

       « utarbeides en Stortingsmelding som inneholder en målsetting om at økologiske landbruksvarer skal ha en markedsandel på minst 10 % i år 2000. En forutsetning for en slik målsetting vil være at;
- all økologisk produsert mat skal merkes
- at støtteordningene til økologisk landbruk legges om slik at alle som ønsker å legge om produksjonen i økologisk retning kan få støtte. »
2. Grunnlaget for landbrukspolitikken

       Retningslinjene for landbrukspolitikken er gitt i St.prp. nr. 8 (1992-1993) Landbruk i utvikling, Stortingets behandling av denne proposisjonen (jf. Innst.S.nr.92 (1992-1993)) og oppfølgingen gjennom de påfølgende jordbruksoppgjørene.

       St.prp. nr. 8 trekker opp retningslinjene for den samlede norske jordbruksproduksjonen herunder økologisk produksjon. I proposisjonen legges det bl.a. stor vekt på landbrukets betydning for den langsiktige matvaresikkerheten, de positive miljøgodene og å opprettholde produksjonspotensialet i hele landet.

       Det presiseres videre at målet for miljøpolitikken i landbruket er å kombinere næringsvirksomhet med hensynet til natur, kultur og miljø. Det tas sikte på en bærekraftig utvikling i langsiktig balanse med naturgrunnlaget. Dette skal sikres gjennom en reduksjon av erosjon, forurensning av vann, jord, luft og bruk av skadelige plantevernmidler. Landbruket skal bidra til å sikre et variert kulturlandskap, vern av kulturminner og opprettholdelse av biologisk mangfold. Miljøkvaliteten i produksjon og produkter skal økes.

       Disse hensynene kan bare ivaretas gjennom en miljørettet utvikling av landbruket under ett. Jeg mener derfor at det i den videre debatten er viktig å se utviklingen i norsk jordbruk i sammenheng og uavhengig av om det er konvensjonell eller økologisk produksjon. En slik strategi vil gi den største miljøeffekten på sikt.

       I tilknytning til Jordbruksavtalen er det derfor lagt stor vekt på å etablere tiltak som bidrar til at norsk jordbruk generelt utvikles videre i en miljøvennlig retning.

       Det kan f.eks. nevnes at det ved Jordbruksoppgjøret i 1996 ble avsatt 3,3 milliarder til miljøtiltak. Dette var en økning med omlag 300 mill. fra 95. Støtten er omtalt i St.prp. nr. 72 (1995-1996) jordbruksoppgjøret 1996 og i Miljøverndepartementets grønne bok. Midlene over jordbruksoppgjøret og Landbruksdepartementets budsjett ellers er vel 3,8 milliarder dersom budsjettallene for 1997 legges til grunn. Av disse er omlag 800 mill. klassifisert som rene miljøtiltak.

       I tillegg er det etablert et stort antall miljøtiltak gjennom lover og forskrifter. Det iverksettes også betydelige miljøtiltak gjennom veiledning, forskning og administrative tiltak. Det er bl.a. tatt initiativ til å utarbeide en ny handlingsplan for redusert bruk av plantevernmidler. Det er fremmet forslag om innskjerping av husdyrgjødselforskriften. I tillegg er det igangsatt et omfattende arbeid med kvalitetsstyring i primærproduksjonen. Det er et mål at samtlige norske bruk skal ha et kvalitetssystem som bygger på moderne kvalitetsprinsipper innen utgangen av år 2000. Kvalitetssystemene vil gi en dokumentasjon av produksjonsprosessen på den enkelte gard, herunder bruk av plantevernmidler, kunstgjødsel og husdyrgjødsel. Den vil også omfatte dyrevern, helseopplysninger, kjøp av fôr m.v.

       For å følge miljøutviklingen i landbruket ble det i 1992 etablert et system for resultatkontroll rettet mot forurensing av næringssalter i landbruket. Arbeidet med systematiske målinger av rester av plantevernmidler i vassdrag ble trappet opp i 1995. I 1997 vil det videre ble igangsatt et system for resultatkontroll mot jordbrukets kulturlandskap jf. St.prp. nr. 72 Jordbruksoppgjøret i 1996 s. 18 og 19.

3. Satsingen på økologisk landbruk

       Økologisk landbruk er et viktig satsingsområde for Landbruksdepartementet. Dette er bl.a. nedfelt i Landbruksdepartementets handlingsplan for økologisk landbruk og St.prp. nr. 72. Gjennom handlingsplanen er det foretatt en systematisk gjennomgang av de forhold som antas å ha stor betydning for den videre utviklingen av økologisk landbruk i Norge. De forslag som er fremmet er i hovedsak gjennomført og/eller igangsatt. Landbruksdepartementet er nå i ferd med å revidere planen for å sikre en videre positiv utvikling av økologisk landbruk i Norge.

       I den sammenhengen vil jeg også nevne at det i tilknytning til Jordbruksoppgjøret i 1996 ble avsatt en melkekvote på 4 mill. liter for å fremme økologisk melkeproduksjon. I tillegg ble den øremerkede støtten til økologisk landbruk hevet med omlag 30 % fra 18.5 til 25. mill. kroner. I tillegg kommer ekstra tilskudd til forskning i 97. Det er gitt en oversikt over bevilgningen i 1997 i vedlegg 1. I tillegg får produsentene som driver økologisk produksjon de ordinære tilskuddene over jordbruksavtalen. Tilskuddsutbetalingen til økologiske produsenter er derfor betydelig høyere enn de 25 mill. nevnt ovenfor.

       Omfanget av støtte til økologisk landbruk må sees i sammenheng med at antall bruk med godkjent økologisk drift/under omlegging fortsatt er beskjeden i forhold til det totale antallet bruk. Det har imidlertid vært en stor økning de siste årene. Det var ved utgangen av 96 i overkant av 900 bruk som var godkjente og/eller under omlegging. Dette tilsvarer en økning med omlag 250 det siste året.

       Ved fastsettelse av tilskuddsbeløpet ved Jordbruksoppgjøret i 96 ble det tatt hensyn til forventet antall produsenter etter innspill fra Debio og Fylkesmannens landbruksavdeling.

       De spesifikke produsentrettede tilskuddene til økologisk produksjon er omleggingstilskudd og ekstra areal- og kulturlandskapstillegg. Omleggingstilskuddet er på kr 600,- pr. dekar fordelt på karenstiden. I tillegg gis det et ekstra areal og kulturlandskapstillegg pr. år for ferdig omstilt areal. Omleggingsperioden er normalt to år. Tilskuddene gis til samtlige brukere som oppfyller de krav regelverket stiller. Ordningen er frivillig og alle som ønsker å legge om får støtte.

4. Målsetting for omfanget av økologisk produksjon

       I landbruksdepartementets handlingsplan for økologisk landbruk er det satt følgende mål;

- Omsette og selge mest mulig av den økologiske landbruksproduksjonen under økologisk merking. Innen 1998 bør 85 % av produksjonen omsettes som økologisk.
- Dekke forbrukernes etterspørsel etter økologisk produserte landbruksvarer.

       Målsettingene må sees på bakgrunn av den situasjon økologisk landbruk sto ovenfor i 1995. Hovedproblemet var at økologiske produkter ikke ble omsatt som økologiske. Dette skyldes flere forhold bl.a. små volumer og svake omsetningssystemer. Situasjonen har etter dette endret seg i positiv retning. Produsentene har vist et økt engasjement og omsetningsleddene arbeider nå aktivt for å forbedre distribusjonssystemene.

       Regjeringen legger stor vekt på å videreutvikle økologisk landbruk. En videre positiv utvikling vil imidlertid også være avhengig av at næringen selv har et sterkt engasjement i saken og utviklingen i forbrukernes etterspørsel etter disse varene. Økologisk landbruk kan ikke utelukkende drives frem som et offentlig ansvar. Utviklingen av økologisk landbruk i Danmark viser betydningen av produsentenes eget ansvar og engasjement.

       I tilknytning til årets Jordbruksoppgjør er jeg derfor innstilt på å se nærmere på om det bør utformes konkrete mål for omfanget av økologisk produksjon i Norge. I den sammenhengen vil vi også drøfte hvordan vi best organiserer arbeidet videre for å fremme et bredt engasjement også fra næringen selv.

5. Merking av økologiske varer

       Forskrift om produksjon og merking av økologiske landbruksvarer, fastsatt av Landbruksdepartementet 5. september 1996, beskytter begrepet « økologisk » brukt som betegnelse på matvarer. Forskriften inneholder bestemmelser om når det er lov å bruke betegnelsen og hvordan blandingsprodukter skal kunne merkes. Dette innebærer at forbrukerne gis den nødvendige garanti for at varen er økologisk produsert når det fremgår av varedeklarasjon/merking ellers at de er økologiske.

       Forskriften inneholder ikke noe krav om at produkter skal merkes med ett bestemt symbol. Landbruksdepartementet vurderte i 1996 om det var hensiktsmessig å innføre et offentlig obligatorisk merke. Det ble konkludert med at dette ikke var nødvendig eller hensiktsmessig. Grunnen til dette er at det er etablert et privat merke for økologiske produkter gjennom Debio - det sk. Ø-merket. De krav Debio stiller for bruk av Ø-merket samsvarer med de krav som er stilt ved offentlig forskrift.

       Organisasjonen Debio har gjennom flere år fått støtte over jordbruksavtalen. Debio er en privat organisasjon der ulike organisasjoner kan tegne medlemsskap. Både produsent-, omsetnings- og forbrukersida er representert.

       Det er etablert en praksis der de aller fleste med godkjent økologisk drift for salg av produkter også benytter Ø-merket. Slik kontrollen av produksjonen gjennom hele verdikjeden nå er organisert, vil det fortsatt ligge til rette for enhetlig merking uten at denne gjøres offentlig.

       Ut ifra dagens situasjon ser det ut til å være lite å vinne ved å endre dagens merke og etablere et offentlig merke. Dette forutsetter imidlertid at Debios merkekrav også fremover er på linje med de offentlige bestemmelsene. Forutsatt at denne praksisen videreføres har departementet inntil videre valgt å ikke etablere et offentlig merke.

6. Prisen på økologiske matvarer

       Undersøkelser viser at det er muligheter for å ta ut en merpris på 10-20 % for økologiske produkter. Om merprisen blir over 20 % avtar kjøpsvilligheten betydelig. På den annen side har økologisk produksjon høyere kostnader enn konvensjonell produksjon.

       Muligheten for å ta ut en merpris i markedet kommer produsenten til gode og er nødvendig for å sikre et inntektsgrunnlag på linje med konvensjonell produksjon. S,ammenligner man et økologisk produkt med et tilsvarende konvensjonelt produkt oppnår som oftest en økologisk produsent en merpris for sine varer. Størrelsen på merprisen vil variere og er delvis avhengig av tilgangen på økologisk produserte varer.

       Det er økt etterspørsel etter økologiske matvarer i hele Europa. Økologiske matvarer antas generelt å ha en markedsandel i underkant av 1 % av det totale matvaremarkedet i EU-landene. Fremtidsutsiktene og markedsanalyser viser en klar økning. Enkelte land estimerer en markedsandel for økologiske matvarer på 2,5 %. I Danmark har detaljhandelen vurdert at de økologiske matvarene vil nå en hjemmemarkedsandel på 15-20 % i år 2000. I Sverige er målsettingen at 10 % av landbruksproduksjonen skal være økologisk innen år 2000.

       Når det gjelder merpris på økologiske varer varierer forholdene i Europa en del. Det tas generelt ut en merpris. Den synes imidlertid å være litt lavere enn merprisen i det norske markedet. Hovedgrunnen til dette er at volumet som tilbys markedet er større. For enkelte produktgrupper, i enkelte land, er tilbudt volum omtrent lik etterspørselen.

       I de generelle målsettinger som gjelder for norsk landbruk legges det opp til en økt markedsorientering og reduksjon av de samlede overføringene.

       Økologiske produkter representerer en tilleggskvalitet som forbrukerne er villig til å betale for, og som dermed kan øke jordbrukets markedsinntekter og redusere overføringsbehovet.

       Merkostnadene i økologisk produksjon gjør det nødvendig med noe høyere pris for at produsentenes inntekter skal være tilfredsstillende. Jeg vil imidlertid understreke at det er viktig å legge til rette for at denne prisforskjellen ikke blir for stor. Derfor er omleggingstilskott, men også et permanent høyere årlig tilskott nødvendig. Videre tilrettelegges det for forbedret markedsføring der det årlig bevilges to millioner kroner til ulike prosjekter av Omsetningsrådet. Det er viktig raskt å øke markedsføringen av økologisk merkede produkter fra de produsenter som har lagt om produksjonen. Det vil både øke tilbudet i markedet og gjøre omsetningen og markedsføringen billigere og bedre. De støtteordninger som er etablert for økologisk produksjon vil også kunne bidra til å redusere prisen på disse produktene.

7. Sluttmerknad

       I min presentasjon ovenfor er det gitt en bred redegjørelse for de tiltak som er igangsatt for å fremme økologisk produksjon. Disse tiltakene ivaretar etter min vurdering flere av de hensyn som er lagt til grunn for Dok.nr.8-forslaget om en stortingsmelding om økologisk landbruk. Videre vil jeg understreke betydningen av at en bærekraftig utvikling av norsk landbruk skjer innenfor de rammer som den generelle landbrukspolitikken setter. Det er også viktig at utvikling i konvensjonelt og økologisk landbruk sees i sammenheng.

       Regjeringen legger opp til en sterk økning i økologisk produksjon, og legger opp til at produksjonen økes i takt med etterspørselen. Den mest fleksible måten å følge opp dette er gjennom oppfølging og rullering av handlingsplanen for økologisk landbruk. Landbruksdepartementet kan på denne måten årlig rapportere til Stortinget om oppfølging og utvikling innenfor området økologisk landbruk i budsjettproposisjonen og proposisjonen om jordbruksoppgjøret. Med dette som basis vil Stortinget ha anledning til å foreta en løpende vurdering av utviklingen og gi de styringssignaler som ansees å være nødvendige.

       Jeg vil på denne bakgrunn ta initiativ til en bred vurdering av tiltakene overfor økologisk landbruk i årets jordbruksoppgjør. I den sammenhengen vil organiseringen av arbeidet videre bli vurdert. Jeg vil videre vurdere utforming av mål for omfang av økologisk produksjon på kort og mellomlang sikt.