1. Samandrag

       Stortingsrepresentant Jan Simonsen har den 12. februar 1997 sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen snarest mulig fremsette forslag for Stortinget om nødvendig tilleggsbevilgning til politi- og lensmannsetaten, slik at samtlige politidistrikt får like mye midler til å dekke sine variable utgifter i 1997 som de hadde i 1996. »

       I grunngjevinga for framlegget heiter det m.a. at til tross for at Stortinget vedtok å løyva meir pengar til politi- og lensmannsetaten i 1997 enn det som var framlegget frå Regjeringa, har dei fleste av politikamra og lensmannskontora fått ein kraftig reduksjon i løyvinga til variable kostnader. Budsjettreduksjonen til politi- og lensmannsetaten har ført til ein kriseliknande situasjon fleire stader i landet, m.a. i Oslo. Forslagsstillaren meiner at debatten om justisbudsjettet for 1997 sist haust viser at det ikkje har vore noko ynskje frå stortingsfleirtalet si side å redusere aktivitetsnivået i politiet i høve til i 1996.