1. Samandrag

       Representantane Hageler og Chaffey foreslår i dokumentet at Stortinget skal be Regjeringa gjera framlegg om ei lov som skal sikre barn sin rett til eit godt miljø.

       Forslagsstillarane peikar på at barn sin rett til eit godt miljø m.a. er slått fast i konvensjon i FN av 20. november 1989 om barnet sine rettar og at Stortinget i 1992 vedtok ein ny paragraf i Grunnlova som slår fast norske borgarar sin rett til eit godt miljø.

       Dei peikar òg på at ein del lover viser særleg til barn sine rettar i forhold til miljøinngrep, m.a. § 9-1 i plan- og bygningslova.

       Forslagsstillarane peikar på tre område som har særleg verdi for barn sitt miljø: biltrafikk, inneklima og ureining og framandstoff i maten.