2. Komiteen sine merknader

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, meiner at det er viktig å streke under miljøverdiane i samfunnet, både for dei einskilde alders- og yrkesgrupper, på arbeidsplassane, i heimane og for samfunnet som heilskap.

       Fleirtalet er samd med forslagsstillarane i at biltrafikk, ureining, inneklima og stoff i maten stundom kan skape helseproblem også for born. Fleirtalet meiner difor det er viktig med opplysningsarbeid og målretta tiltak på ulike miljøområde, i enkelte tilfelle også gjennom forbetring av eksisterande lovgjeving. Fleirtalet meiner at dersom ein vil vera resultatorientert i miljøpolitikken, kan konkrete tiltak innanfor definerte område vera meir effektivt og målretta enn ønskje om generell lovfesting av retten til eit godt miljø.

       Fleirtalet viser elles til at Regjeringa vurderer kontinuerleg kor vidt Noreg følgjer opp sine plikter etter barnekonvensjonen i FN og andre konvensjonar som sikrar dei rettane born har.

       Fleirtalet minner dessutan om dei rikspolitiske retningslinene for born og unge i plan- og bygningslova og til det utviklingsprogrammet for førebyggjande arbeid overfor born og unge som går føre seg i regi av Miljøverndepartementet.

       Fleirtalet vil òg vise til at det i fleire departement arbeides med saker som tek sikte på å betre borns og unges miljø.

       Fleirtalet vil peike på at Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om barnepolitikken, og at det i samband med denne vil bli høve til å gå nærare inn i dei problemstillingane som er omtalte i framlegget.

       På denne bakgrunnen vil fleirtalet avvise framlegget.

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, prioriterer miljøhensyn høyt, og er særlig oppmerksom på kommende generasjoner i de langsiktige prioriteringer i politikken. Det er naturlig å ta særlig hensyn til barn og unge, og legge føringer som sikrer dem et godt miljø, både når det gjelder natur, et godt bomiljø, inneklima, fravær av skadelige stoffer i mat og luft/vann m.m.

       Dette flertallet mener at miljøhensyn i forhold til barn og unge vil bli bedre ivaretatt dersom dette hensynet tas inn i gjeldende lovverk. Som eksempel kan nevnes Innst.S.nr.144 (1995-1996), der et flertall fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti ba departementet utarbeide et lovverk knyttet til arbeidsmiljø og fysiske rammebetingelser for elevene (i grunnskole og videregående skole) i tråd med de bestemmelser som gjelder for vanlige arbeidstakere.

       Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti meiner det må vera ein føremon å slå fast barns rett til eit godt miljø i eiga lov. Mindretalet syner til Grunnlovas § 110 b om retten til eit godt miljø, og strekar under at mange miljøpåverknader gjer barn meir utsett enn vaksne. Ei eksplosiv utvikling av astma og allergi mellom barn syner det.

       Denne medlemen oppmodar Regjeringa om å gjera framlegg om lov som gjev oppvekstgenerasjonen ein særleg rettstryggleik andsynes miljøproblema. Lova bør særleg ta for seg ureining og støy i trafikken, inneklima i barnehagar og skular, og ureining og framandstoff i maten. Denne medlemen syner i denne samanhengen til at reglane for merking av mat er særleg uklåre i samband med førehavinga av « matsminkedirektiv » i EU/EØS. Lova bør òg sikra at tiltak som t.d. trafikktryggleik og « grøne lunger » » kan gjennomførast med offentlege pengar.