1. Samandrag

       Dokumentet inneheld dette framlegget:

       « Stortinget ber Regjeringen legge fram en plan og finansiering for innføring av energieffektiv belysning, varme og ventilasjon i alle offentlige skolebygg. »

       Forslagsstillarane syner til at Noreg ligg på verdstoppen i energiforbruk pr. innbyggar. Den enøk-innsatsen som raskast vil kunne gi konkrete resultat, er innsatsen i offentlege bygg. Det har vore fokusert på eit alt dårlegare inneklima i skolebygg og på verknadene av dette for elevane. Etter statlege føresegner har kommunane plikt til å sørgje for forsvarleg inneklima i skolane innan 1998. Kommunane kan ikkje nå dette viktige målet aleine. Omfattande statleg medansvar er naudsynt. Forslagsstillarane meiner ein må starte med dei offentlege skolebygga og få laga ein plan for energiøkonomisering i desse, som seinare kan utvidast til å gjelde alle offentlege bygg. Ei større satsing på skolebygg vil ikkje berre gi betre inneklima, men òg spare inn kostnader og ha stor « læreeffekt » for auka enøk-satsing i kommunane.

       Representanten Inga Kvalbukt satte 9. april 1997 fram dette framlegget på vegne av Senterpartiet:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at det iverksettes tiltak for forbedring av inneklimaet i skoler og barnehager. »