Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om finansiering av lærebøker for 2.-10. klassesteg og status for tilrettelegging av skulelokale til seksåringar i samband med Reform 97.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 183 (1996-1997)
  • Kildedok: St.meld. nr. 21 (1996-97)
  • Dato: 06.05.1997
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Samandrag

       Departementet legg i meldinga fram ein finansieringsplan for dei utgiftene kommunane har til lærebøker som følgje av nytt læreplanverk for 2.-10. klasse. Når det gjeld lærebøker til 1. klasse/førskulen, er desse rekna med i den årlege driftskompensasjonen til kommunane.

       Kommunane må i åra 1997-99 skifte ut lærebøker for 2.-10. klassetrinn. På bakgrunn av meirutgiftene til dette, ga Stortinget under salderinga av budsjettet for 1997 ei tilleggsløyving på 300 mill. kroner, og løyvde i alt 352 mill. kroner til lærebøker for 1997. Departementet føreset at denne løyvinga går inn som ein del av finansieringa av kommunane sine totale meirutgifter til lærebøker. Ut frå dette og ut frå opplegget for innføring av læreplanen i dei ulike klassetrinna i reformperioden, vil det ikkje vere behov for nye lærebokløyvingar til kommunane i 1998, medan det i 1999 vil bli overført 180 mill. kroner. Dei neste to åra reknar departementet med eit redusert behov for utskifting av lærebøker og føreset eit trekk i rammetilskottet til kommunane på 147 mill. kroner for kvart av åra 2000 og 2001. 28 mill. kroner, eller 30 % av det departementet reknar med at kommunane har hatt i mindre utgift til lærebøker i åra 1995 og 1996, blir òg trekt frå i departementet sitt opplegg for finansiell handtering av utgiftene til lærebøker i innføringsperioden for nytt læreplanverk 1997-99.

       I 1997 vil det vere 2., 5. og 8. klassesteg som får ny læreplan. Departementet legg opp til å fordele lærebokmidlane til kvar kommune ut frå talet på born i desse aldersgruppene i 1997. Regjeringa føreset at denne finansieringsplanen gjer kommunane i stand til å oppfylle dei krava til lærebøker som følgjer av lov, og legg ikkje opp til ei særskild oppfølging av dette.

       Departementet gjer i meldinga greie for status for tilrettelegginga av skulelokale til seksåringar i samband med Reform 97, jf. Innst.S.nr.77 (1996-1997). Departementet er nøgd med det omfattande arbeidet som er gjort i dei aller fleste kommunane for å legge skulelokale til rette. Etter dei opplysningane departementet har henta inn frå kommunane om status pr. 20. januar 1997, vil 89 % av alle seksåringane vere i permanente lokale når skuleåret 1997-98 tek til. For 42 % er lokala ferdige pr. 20. januar 1997, for 27 % har ein starta utbygging eller tilpassing, for 20 % er slik utbygging eller tilpassing vedteke, men ikkje starta. Departementet vil hente inn informasjon om framdrifta i mai/juni 1997.

       10 % av alle seksåringane vil vere i mellombelse lokale ved skulestart. Dei fleste av dei kommunane dette gjeld, reknar med at dette raskt vil endre seg etter kvart som byggearbeidet vert ferdig i løpet av skuleåret 1997-98. Departementet vil gjennom Statens utdanningskontor vurdere om desse mellombelse lokala er akseptable fram til dei skal tilpassast eller bytast ut med nye. Dette arbeidet vil bli avslutta innan juni 1997.

       23 kommunar vil departementet følgje opp særskilt. Desse har pr. 20. januar 1997 ikkje avklart skulelokala til alle elevar i 1. klasse/førskulen. Dette gjeld 600 seks­åringar eller 1 % av alle seksåringane.

2. Komiteen sine merknader

2.1 Finansiering av lærebøker for 2.-10. klassetrinn

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ottar Kaldhol, Marit Lefdal, Trond Mathisen, Tomas Norvoll, Marit Nybakk og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, Sigurd Manneråk og Rita H Roaldsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner og Siri Frost Sterri, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Jon Lilletun, og representanten Ellen Chr Christiansen, viser til at innføring av ny læreplan for grunnskulen i åra 1997-99 vil krevje ei total utskifting av lærebøker i same periode for 2.-10. klassetrinn. Dette vil krevje ei raskare utskifting enn det som er normalt, og vil av den grunn gi meirkostnader for kommunane i desse åra. Komiteen viser til at Stortinget i samband med statsbudsjettet for 1997 løyvde 352 mill. kroner til lærebøker for 2.-10. klassetrinn.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Christiansen, viser til at departementet har lagt inn en antatt kommunal innsparing for årene 1995-96 på 28  mill. kroner som skal trekkes fra de statlige tilskuddene i årene 1997-99. Videre antar departementet at det vil være et redusert behov for nye bøker i årene 2000 og 2001 og foreslår at kommunene blir trukket i rammetilskuddet med i alt 294  mill. kroner for disse årene.

       Flertallet mener at den antatte kommunale innsparingen for årene 1995-96 på i alt 28  mill. kroner ikke skal inkluderes i beregningene av kommunenes merutgifter for årene 1997-99. Flertallet mener det er vanskelig å forutsi hvilket behov det vil være for å skifte ut lærebøker i 2000 og 2001. Flertallet mener departementet må komme tilbake til dette spørsmålet når det foreligger dokumentasjon på hva behovet faktisk er i disse årene.

       Flertallet vil vise til at det ved innføringen av Reform 97 vil være behov for ulike former for tilleggslitteratur.

       Flertallet vil anslå behovet for bevilgninger til dette formål til 150  mill. kroner fordelt over perioden 1997 til 1999. Dette innebærer at 50  mill. kroner bevilges i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 1997.

       På denne bakgrunn vil flertallet fremme følgende forslag til vedtak:

       « Stortinget slutter seg til Regjeringens forslag til finansieringsplan av lærebøker for 2. til 10. klassetrinn med følgende endringer:

1. Den antatte kommunale innsparingen for årene 1995-96 på i alt 28  mill. kroner inkluderes ikke i beregningen av kommunenes merutgifter for årene 1997-99.
2. Det tas ikke nå stilling til om et antatt mindre behov for utskiftning av lærebøker i år 2000 og 2001 på i alt 294  mill. kroner skal trekkes i rammetilskuddet til kommunene.
3. Det bevilges i alt 150  mill. kroner som forutsettes benyttet til tilleggslitteratur fordelt over perioden 1997 til 1999 med 50  mill. kroner pr. år. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti syner til Innst.S.nr.286 (1995-1996) der medlemene frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti mellom anna peika på at totalkostnadene på 1.190  mill. kroner til innkjøp av lærebøker var avgrensa til ei hovedbok og ei arbeidsbok pr. elev, og at det ikkje var teke omsyn til innkjøp av elektroniske læremidel, emnehefte, differensieringstilbod, lydbøker, ordbøker m.m. som ledd i å styrke kvaliteten i undervisninga og slik sikre ei god gjennomføring av dei nye læreplanane.

       Desse medlemene er kjend med at Forleggerforeninga har berekna tilleggsmateriell med 25 % påslag av totalbeløpet på 1.190  mill. kroner til 298  mill. kroner og alternativt 15 % påslag til 178  mill. kroner.

       Desse medlemene viser til brev 15. april 1997 frå departementet som stadfestar at dette ikkje er teke omsyn til i den samla berekninga.

       Desse medlemene meiner at det er stort behov for tilleggsmateriell og at dette er avgjerande for å sikre kvaliteten og gjennomføringa av Reform 97. Ut frå dette vil desse medlemene gjere framlegg om at det vert løyvd 225  mill. kroner i perioden 1997-1999 i tillegg til 1.190  mill. kroner. Beløpet for tilleggsutstyr vert å fordele med 75  mill. kroner pr. år.

       Desse medlemene gjer framlegg om dette:

       « For perioden 1997-1999 vert det løyvt 225  mill. kroner til innkjøp av tilleggsmateriell i samband med innkjøp av lærebøker for 2. til 10. klasse i grunnskulen. »

       Desse medlemene viser til at departementet i si utrekning av tilskottet til kommunane føreset at kommunane har oppsparte midlar til disposisjon for 1995 og 1996 på tilsaman 94  mill. kroner, og at behovet for lærebøker i år 2000 og 2001 kan reduserast med 294  mill. kroner.

       Desse medlemene ser det som urealistisk å rekne med at dette er den faktiske situasjonen i kommunane, og vil avvise forslaget om å rekne inn 28  mill. kroner som eit innspart beløp som kan nyttast i den vidare finansiering.

       Desse medlemene vil heller ikkje no ta stilling til kva behov det blir til lærebøker i år 2000 og 2001, og kan ikkje slutte seg til departementet si vurdering om ei årleg inndraging i år 2000 og 2001 på 147  mill. kroner.

       Desse medlemene meiner ut frå dette at kostnadene med lærebøker med tilleggsutstyr blir 425  mill. kroner i 1997, 475  mill. kroner i 1998 og 515  mill. kroner i 1999.

       Desse medlemene er kjend med at det for 1997 er løyvd 352  mill. kroner i tillegg til det årlege beløpet gjennom inntektssystemet til lærebøker på 210  mill. kroner. Ved å bruke det udisponerte beløpet for 1997 på 137  mill. kroner i 1998, vil det i 1998 bli et ekstra behov for 128  mill. kroner. For 1999 vil det vidare bli behov for ei ekstra løyving på 305  mill. kroner.

       Desse medlemene vil ut frå dette vise til at det ekstra tilskottet frå staten i perioden 1997-2001 vil bli 1.079  mill. kroner og ikkje 238  mill. kroner slik departementet gjer framlegg om.

       Desse medlemene vil kome tilbake til løyvinga for 1998 i samband med statsbudsjettet for 1998.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at spørsmålet om finansiering av lærebøker har vært til behandling i Stortinget en rekke ganger, senest i B.innst.S.nr.12 (1996-1997). Dette medlem har hele tida understreket at kommunenes merkostnader ved innføring av den tiårige grunnskole skal fullfinansieres av staten, så også læremidlene. Departementets beregninger knyttet til kommunenes innkjøp av skolemateriell er beheftet med stor usikkerhet. Av den totale kostnad ved utskifting av lærebøker beregnet til 1.190 mill. kroner, stipulerte departementet en merkostnad på kommunene til 238 mill. kroner. Det er således nesten en milliard kroner som departementet har forventet at kommunene må betale selv. Stortinget har så langt bevilget 352 mill. kroner til lærebøker. Stortinget har med andre ord allerede bevilget 114 millioner mer enn departementet har stipulert.

       Dette medlem vil vise til at i beløpet 1.190 mill. kroner er det kun tatt med lærebok og arbeidsbok, og således ikke annet materiell som er nødvendig for undervisningen.

       Dette medlem viser til at det er store kommunale forskjeller i skolemateriell i dag, og at det er av avgjørende betydning for elvene at de har bøker, læremateriell og annet utstyr som er oppdatert. Dette vil ikke minst være viktig ved innføring av nye læreplaner i alle fag og alle klasser ved innføring av den tiårige grunnskolen.

       Dette medlem vil på denne bakgrunn fremme forslag om at Stortinget bevilger de nødvendige midler som et øremerket tilskudd til kommunene for at de skal kunne møte den nye reformen. Stortinget har så langt bevilget 352 mill. kroner til lærebøker, og det betyr at det gjenstående beløp bevilges over to år fordelt på 400 mill. kroner i 1998 og 438 mill. kroner i 1999. Departementets forslag til inndraging av 294 mill. kroner fra kommunene i år 2000 og 2001 avvises, da dette kun er skrivebordsberegninger, og uten rot i virkeligheten. Dette medlem fremmer forslag om dette.

       Dette medlem viser til at mange skoler ikke har hatt økonomi til å oppdatere skolebiblioteket, tilleggslitteratur, differensieringsmateriell, læremidler for elever med spesielle behov, klassekart, elektroniske læremidler m.v. i tilstrekkelig grad, og at det heller ikke er tatt høyde for disse kostnadene i den finansiering som departementet legger opp til. Dette underbygger sterkt behovet for at Stortinget fullfinansierer kostnaden ved nye lærebøker, og at kommunene bruker årene reformen innføres til å ta igjen forsømmelser på andre viktige områder av skolehverdagen. Dette innebærer at de overføringer til lærebøker som ligger i rammetilskuddet, videreføres i hele perioden reformen innføres.

       Dette medlem fremmer primært følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 1998 bevilge 400 mill. kroner, og i statsbudsjettet for 1999 bevilge 438 mill. kroner i øremerket tilskudd til innkjøp av lærebøker i forbindelse med innføringen av den tiårige grunnskolen. Det foretas ikke inndragning av 294 mill. kroner i rammetilskuddet til kommunene i år 2000 og 2001. »

       Dette medlem vil gi subsidiær støtte til forslaget fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti om lærebøker.

2.2 Status for tilrettelegging av skulelokale til seksåringane i samband med Reform 97

       Komiteen viser til Stortinget sitt vedtak i samband med handsaminga av Innst.S.nr.77 (1996-1997):

       « Stortinget ber Regjeringen legge frem en statusrapport om fremdriften i grunnskolereformen (Reform 97) som sak for Stortinget før 1. mars 1997. Statusrapporten skal gi en oversikt over fremdriften i den enkelte kommune. »

       I samband med handsaminga av denne saka var komiteen ottesam over at berre 52 % av seksåringane hadde eit tilbod i skulelokaler hausten 1996, og understreka departementet sitt overordna ansvar for utbygginga av nye skuleplasser for seksåringane.

       Komiteen viser til at 89 % av alle seksåringane ved skulestart hausten 1997 vil vere i lokale som pr. 20. januar 1997 anten er ferdig oppstarta eller vedtekne utbygd/tilpassa. Komiteen viser vidare til at 10 % av alle seksåringane vil vere i mellombelse lokale ved skulestart hausten 1997. Komiteen vil understreke behovet for at departementet i god tid før skulestart vurderer om dei mellombelse lokala er akseptable.

       Komiteen viser til at spørsmålet om skulelokale for 1 % av seksåringane ikkje er avklara pr. 20. januar 1997. Komiteen vil understreke behovet for ei avklaring for desse elevane, og føreset at situasjonen i dei aktuelle kommunane vert avklara våren 1997.

       Komiteen viser til B.innst.S.nr.12 (1996-1997) der ein samrøystes komité la fram fylgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa foreta en etterberetning av kommunenes reformrelaterte investeringsutgifter knyttet til grunnskolereformen. Etterberegningen bes foretatt av det uavhengige tekniske beregningsutvalget. Konklusjonen legges fram for Stortinget i kommuneøkonomiproposisjonen for 1999. »

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Christiansen, viser til at enkelte kommuner har måttet benytte seg av midlertidige løsninger når det gjelder lokaler til reformen, noe som kan ha medført merkostnader. For å stimulere til at de midlertidige løsninger ikke blir permanente og at disse kommunene ikke påføres urimelige ekstrakostnader, vil flertallet foreslå at det bevilges 100 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett for 1997.

       Flertallet vil understreke at kommunen må dokumentere at midlertidige løsninger har medført ekstrakostnader utover den investeringsramme som er beregnet for kommunen og at de erstatter disse lokalene med permanente løsninger i løpet av 1997-98. Kommunen kan selv søke om tildeling av slike midler etter nærmere fastsatte kriterier fra departementet.

       Et flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, ber departementet gå gjennom de mottatte søknader for å vurdere behovet for bevilgninger ut over dette beløp, men innen en totalramme på maksimum 200 mill. kroner. Departementet bes om å komme tilbake til dette i Revidert nasjonalbudsjett i 1998.

       Dette flertallet fremmer følgende forslag til vedtak:

       « Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at kommuner som må benytte midlertidige løsninger til lokaler i forbindelse med Reform 97 og dermed får en dokumentert merutgift utover investeringsrammen, kan søke om dekning for merutgiftene etter nærmere kriterier fastsatt av departementet. Det er en forutsetning at lokalene erstattes med permanente løsninger i løpet av 1997-98. Innenfor en totalramme på maksimum 200 mill. kroner bevilges 100 mill. kroner til dette i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 og etter behov resterende bevilgninger i Revidert nasjonalbudsjett for 1998. »

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Christiansen, viser til tidligere vedtak om oppstart av grunnskolereformen for skoleåret 1997/98. Dette ligger fast. I tråd med grunnskoleloven understrekes det selvstendige ansvar kommunene har for å kvalitetssikre reformen.

       Flertallet viser til meldingen og ber om at departementet gjennom statens utdanningskontorer bidrar til at kommunene ivaretar en slik kvalitetssikring. En legger til grunn at dette arbeidet er avsluttet innen juni 1997. Departementet gis fullmakt til å iverksette nødvendige tiltak dersom en slik kvalitetssikring ikke er tilfredsstillende.

       Flertallet vil peke på at dette i sin ytterste konsekvens innebærer at Statens utdanningskontor kan pålegge kommuner i henhold til kvalitetskontroll og gjeldende regelverk å ta i bruk andre lokaler for enkeltskoler inntil de planlagte lokaler er tilfredsstillende. Det vises i denne sammenheng til de foreslåtte tilleggsbevilgninger etter særskilte kriterier til dekning av merkostnader ved omgjøring av midlertidige lokaler til permanente lokaler.

       På denne bakgrunn vil flertallet fremme følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen sikre at skoletilbudene til 6-åringene kvalitetssikres før skolestart høsten 1997. Det understrekes i forbindelse med at den vedtatte grunnskolereformen trer i kraft fra skoleåret 1997/98 at kommunene i henhold til grunnskoleloven skal sørge for tjenlige skolelokaler. Regjeringen gis fullmakt til å iverksette nødvendige tiltak dersom skoletilbudet ikke tilfredsstiller kvalitetskravene. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil vise til at ein ved fleire høve har uttalt at svært mange kommunar ikkje vil ha tilfredstillande skulelokale til disposisjon for 6-åringane hausten 1997 og at mange elevar sitt første møte med skulen er provisoriske løysingar og midlertidige lokaler. Statusrapporten slik den går fram av meldinga, bekrefter at slik vil det bli i fleire kommunar.

       Desse medlemene ser positivt på at 42 % av elevane vil møte ferdige lokale, men vil peike på alvoret i at 18.800 av 61.050 6-åringar vil møte ein høgst uklar situasjon. For 12.010 elevar er det vedteke, men ikkje starta bygging av lokale. 6.190 elevar vil møte midlertidige lokale og 600 elevar har framleis ein uavklart romsituasjon. I tillegg til den uferdige romsituasjonen 6-åringane vil møte, har tempoet om iverksetting frå august 1997 hatt ein negativ verknad i form av press på arbeidsmarknaden med påfylgjande prisauke.

       Desse medlemene meiner framleis at 6-årsreforma ut frå fleire omsyn hadde vore tent med eit anna og meir realistisk tempo for iverksetting enn det fleirtalet har pressa fram. Statusrapporten er ein klar og tydeleg dokumentasjon på det.

       Desse medlemene viser vidare til at Stortinget ved fleire høve har vedtatt at kommunane skal ha full kompensasjon for kostnader til investering, drift, skyss og skulefritidsordning.

       Desse medlemene meiner at i tillegg til dette må kostnadene med opparbeiding av uteareal og utstyr til leikeplass takast med, då 6-årsreforma er ei pedagogisk reform der leik som pedagogisk metode skal ha ei vesentleg rolle. Gode uteareal er avgjerande for at reforma skal fungere slik den er tenkt, og desse medlemene ber departementet leggje fram ein plan med kostnadsoverslag og kompensasjon til kommunane:

       « Stortinget ber Regjeringa leggje fram ein plan for opparbeiding av uteareal og utstyr til 6-åringane og forslag til kompensasjon til kommunane. »

       Desse medlemene viser til Innst.S.nr.136 (1996-1997) som omhandla manglande kompensasjon til kommunar som har språkdelte klasser i t.d. samisk, noko som fører til ekstra behov for klasserom til undervisninga. Desse medlemene gjer slikt framlegg:

       « Stortinget ber om at kommunar som i samband med 6-årsreformen får meirkostnader som fylgje av tospråkleg undervisning, får dekt sine kostnader. »

       Desse medlemene viser vidare til situasjonen for dei kommunar med fådelt og udelt skule som får auka behov for rom i 1998-99 som følgje av reformen og derfor må investere i nye klasserom.

       Desse medlemene meiner at kommunar med slike behov bør få dekt sine kostnader, og at det blir sett en søknadsfrist slik at kommunen får ei reell moglegheit til å få søkt om kompensasjon for desse tiltaka:

       « Stortinget ber om at kommunar med fådelte eller udelte skular som ikkje har fått nye klasserom i 1997 på grunn av 6-årsreformen, men som får utgifter til klasserom i 1998, får dekt sine kostnader. »

       Desse medlemene vil fremje tilsvarande forslag som vart fremma i Innst.S.nr.77 (1996-1997) om at det vert gjeve høve til at kommunar som etter eiga vurdering ikkje er i stand til å tilby eit akseptabelt tilbod, kan søkje departementet om utsetting av reformen i eitt år:

       « Grunnskulereformen vert iverksett frå skuleåret 1997-98. Kommunar som etter eiga vurdering ikkje er i stand til å tilby eit akseptabelt tilbod, kan søkje departementet om utsetting i eitt år. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet viser i denne samanheng til Innst.S.nr.184 (1995-1996) der Senterpartiet fremma følgjande forslag:

       « Den enkelte kommune avgjør selv om de vil starte obligatorisk opplæring for 6-åringer i 1997 eller 1998. Den øvrige delen av Reform 97 settes i verk i alle kommuner fra høsten 1997. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil på nytt slå fast at kommunane skal ha full kompensasjon for utgiftene som er knytte til Reform 97, og viser til B.innst.S.nr.12 (1996-1997) der komiteen ber om ei etterrekning av investeringskostnadene som vert å leggje fram for Stortinget i samband med proposisjonen om kommuneøkonomien for 1999.

       Desse medlemene er kjend med at mange kommunar står overfor eit tidspress som er skapt på grunn av at fleirtalet har vedteke eit tempo for iverksetting som gjer at mange elevar møter uferdige og midlertidige lokale, og at mange foreldre av den grunn er utrygge for kva som blir dei framtidige og permanente skulelokala.

       Desse medlemene føreset at dei kommunane som vel midlertidige løysingar i 1997, skal syte for at dei frå og med skuleåret 1998 har til disposisjon permanente lokale for 6-åringane.

       Desse medlemene vil vidare peike på at problemet med midlertidige og uferdige lokale kunne Stortinget styrt unna ved å iverksette 6-års tilbodet, slik desse medlemene tidlegare har gjort framlegg om.

       Desse medlemene viser òg til at forslaget om å gi dispensasjon for iverksetting til dei kommunane som etter eiga vurdering ber om det, kan gi den enkelte kommune tid til å ordne romsituasjonen på ein meir tilfredsstillande måte og slik redusere dei ekstrakostnadene bruk av midlertidige lokale medfører.

       Desse medlemene viser til fellesmerknad frå Arbeiderpartiet og Høgre som no erkjenner at det tempo som er lagt for iverksetting av 6-årsreforma, alt no og etter desse partia sine berekningar utløyser ein meirkostnad til midlertidige lokale på 200  mill. kroner.

       Dette stadfester det syn desse medlemene tidlegare har gitt uttrykk for, at det tidspress for iverksetting som fleirtalet har pressa fram, alt no og eitt år før reforma skal etterreknast, vil få auka økonomiske konsekvensar.

       Desse medlemene ser med uro på at i mange kommunar vil 6-åringane hausten 1997 møte ein byggeplass og ikkje ein permanent skuleplass slik desse medlemene hadde som mål for tilbodet til 6-åringane, og vil vidare peike på at lokalisering av midlertidig lokale til andre område enn der den permanente skulen skal vere, vil auke den trafikkfare 6-åringane i mange kommunar vert utsette for.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og representanten Christiansen står fast ved forpliktelsen om at kommunane skal ha full kompensasjon for dei kostnadene 6-årsreformen medfører. Ut frå at fleirtalet har bestemt at iverksettingstidspunktet skal vere hausten 1997, vil fleire kommunar få meirkostnader med midlertidige lokale. Desse medlemene vil ikkje fråvike forpliktelsen om at alle kommunar skal ha full kompensasjon for den meirkostnad reformen medfører. Dette gjeld også dei kommunar som blir påførde ekstrakostnader ved bygging av midlertidige lokale i 1997.

       Desse medlemene vil ut frå prinsippet om likebehandling av alle kommunar og forpliktelsen om full kompensasjon ikkje no ta stilling til kva omfang ei slik investering vil få. Det ligg heller ikkje føre konkrete berekningar om kva omfang dette har.

       Desse medlemene meiner at ekstrainvestering i midlertidige lokale også blir å etterrekne i 1998, og totalramma for desse kostnadene vil ein kome tilbake til i Revidert nasjonalbudsjett for 1998.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil med bakgrunn i den situasjonen enkelte kommunar vil få alt i 1997, gjere framlegg om å løyve 100  mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 til delvis dekning av midlertidige lokale:

«1. Stortinget ber Regjeringa løyve 100  mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 til delvis dekning av ekstrakostnader i samband med midlertidige lokale for 6-åringane.
2. Stortinget ber Regjeringa etterrekne kostnadene med midlertidige skulelokale for 6-åringane og gjere framlegg om løyving av totalramme i Revidert nasjonalbudsjett for 1998. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil vise til sine tidligere merknader i forbindelse med grunnskolereformen, bl.a. i Innst.S.nr.234 (1992-1993). Sosialistisk Venstreparti mente i utgangspunktet at det ikke ville være fornuftig å senke skolestartalderen til 6 år. Når det likevel ble flertall for dette, har Sosialistisk Venstrepartis hovedanliggende vært at reformen må gjennomføres på en forsvarlig måte. Dette betyr bl.a. at kommunene bør få dekket alle merkostnadene med reformen. Dette medlem vil videre vise til Innst.S.nr.216 (1994-1995) hvor det blir uttalt:

       « Dette medlem mener at det ikke er forsvarlig å vedta gjennomføring av reformen allerede i 1997 fordi kommuner ikke får tilstrekkelige midler til drift og investering og fordi spørsmål om skyssgrense, lærebøker og etterutdanning ikke er avklart. Iverksetting av reformen vil bety å overlate en stor del av kostnadene til kommunene og foreldrene. »

       I Innst.S.nr.184 (1995-1996) understreket dette medlem at bevilgningene fremdeles var for utilstrekkelige for å gjennomføre en forsvarlig reform. Sosialistisk Venstreparti fremmet derfor forslag om at det bør være anledning for kommuner som ikke kan tilby et kvalitativt tilfredsstillende tilbud til 6-åringene, å søke departementet om utsettelse i ett år.

       Dette medlem vil videre vise til sine merknader i Innst.S.nr.77 (1996-1997) hvor det ble påpekt at dette medlem ved flere anledninger har tatt opp spørsmålet om tilstrekkelige bevilgninger til kommunene i forbindelse med reformen slik som etterutdanning for lærere, lærebøker, inneklima, investeringer i skolebygg og utemiljø, skoleskyss og generelle driftskostnader. Dette medlem mente at flere kommuner ikke ville ha et forsvarlig tilbud og fremmet derfor på nytt forslaget om at kommuner som etter egen vurdering ikke er i stand til å tilby et akseptabelt tilbud, kan søke departementet om utsettelse i ett år. Dette forslaget ble det ikke realitetsvotert over.

       Dette medlem sier seg ikke tilfreds med de beregninger departementet har gjort når det gjelder å få fram opplysninger fra kommunene om status for tilrettelegging av skolelokaler for seksåringer. Dette medlem mener at tallene ikke viser den reelle situasjonen på mange skoler. Tallene sier f.eks. lite om hvordan skoleromsituasjonen er for eldre klassetrinn. Sosialistisk Venstreparti har foretatt egne undersøkelser om statusen i kommunene. Opplysninger som her er kommet fram, viser at flere kommuner har problemer med å gjennomføre reformen på en forsvarlig måte. Dette medlem viser til forslag sammen med Senterpartiet og Kristelig Folkeparti ovenfor.

       Komiteen sitt medlem frå Kristeleg Folkeparti syner til tidlegare handsamingar av skulestart for seksåringar. Kristeleg Folkeparti har stemt imot obligatorisk skule for seksåringar, og har ved ulike høve gjort framlegg om utsetting av oppstart for reformen.

       Komiteens medlem representanten Christiansen ønsker ikke å forskuttere midler til å dekke ekstra utgifter i forbindelse med midlertidige skolelokaler. Dette medlem vil fremme forslag om at utgiftene i sin helhet blir etterberegnet:

       « Stortinget ber Regjeringen etterberegne utgiftene ved midlertidige skolelokaler for 6-åringene og foreslå en totalramme for bevilgninger i Revidert nasjonalbudsjett for 1998. »

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti:

Forslag 1

       Stortinget ber Regjeringa leggje fram ein plan for opparbeiding av uteareal og utstyr til 6-åringane og forslag til kompensasjon til kommunane.

Forslag 2

       Stortinget ber om at kommunar som i samband med 6-årsreformen får meirkostnader som fylgje av tospråkleg undervisning, får dekt sine kostnader.

Forslag 3

       Stortinget ber om at kommunar med fådelte eller udelte skular som ikkje har fått nye klasserom i 1997 på grunn av 6-årsreformen, men som får utgifter til klasserom i 1998, får dekt sine kostnader.

Forslag 4

       Grunnskulereformen vert iverksett frå skuleåret 1997-98. Kommunar som etter eiga vurdering ikkje er i stand til å tilby eit akseptabelt tilbod, kan søkje departementet om utsetting i eitt år.

Forslag 5

1. Stortinget ber Regjeringa løyve 100  mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 til delvis dekning av ekstrakostnader i samband med midlertidige lokale for 6-åringane.
2. Stortinget ber Regjeringa etterrekne kostnadene med midlertidige skulelokale for 6-åringane og gjere framlegg om løyving av totalramme i Revidert nasjonalbudsjett for 1998.

Forslag fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti:

Forslag 6

       For perioden 1997-1999 vert det løyvt 225  mill. kroner til innkjøp av tilleggsmateriell i samband med innkjøp av lærebøker for 2. til 10. klasse i grunnskulen.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 7

       Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 1998 bevilge 400 mill. kroner, og i statsbudsjettet for 1999 bevilge 438 mill. kroner i øremerket tilskudd til innkjøp av lærebøker i forbindelse med innføringen av den tiårige grunnskolen. Det foretas ikke inndragning av 294 mill. kroner i rammetilskuddet til kommunene i år 2000 og 2001.

Forslag fra representanten Christiansen:

Forslag 8

       Stortinget ber Regjeringen etterberegne utgiftene ved midlertidige skolelokaler for 6-åringene og foreslå en totalramme for bevilgninger i Revidert nasjonalbudsjett for 1998.

4. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget slutter seg til Regjeringens forslag til finansieringsplan av lærebøker for 2. til 10. klassetrinn med følgende endringer:

1. Den antatte kommunale innsparingen for årene 1995-96 på i alt 28  mill. kroner inkluderes ikke i beregningen av kommunenes merutgifter for årene 1997-99.
2. Det tas ikke nå stilling til om et antatt mindre behov for utskiftning av lærebøker i år 2000 og 2001 på i alt 294  mill. kroner skal trekkes i rammetilskuddet til kommunene.
3. Det bevilges i alt 150  mill. kroner som forutsettes benyttet til tilleggslitteratur fordelt over perioden 1997 til 1999 med 50  mill. kroner pr. år.

II.

       Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at kommuner som må benytte midlertidige løsninger til lokaler i forbindelse med Reform 97 og dermed får en dokumentert merutgift utover investeringsrammen, kan søke om dekning for merutgiftene etter nærmere kriterier fastsatt av departementet. Det er en forutsetning at lokalene erstattes med permanente løsninger i løpet av 1997-98. Innenfor en totalramme på maksimum 200 mill. kroner bevilges 100 mill. kroner til dette i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 og etter behov resterende bevilgninger i Revidert nasjonalbudsjett for 1998.

III.

       Stortinget ber Regjeringen sikre at skoletilbudet til 6-åringene kvalitetssikres før skolestart høsten 1997. Det understrekes i forbindelse med at den vedtatte grunnskolereformen trer i kraft fra skoleåret 1997/98 at kommunene i henhold til grunnskoleloven skal sørge for tjenlige skolelokaler. Regjeringen gis fullmakt til å iverksette nødvendige tiltak dersom skoletilbudet ikke tilfredsstiller kvalitetskravene.

IV.

       St.meld. nr. 21 (1996-1997) - om finansiering av lærebøker for 2.-10. klassesteg og status for tilrettelegging av skulelokale til seksåringar i samband med Reform 97 - vert lagd ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 6. mai 1997.

Jon Lilletun, Ottar Kaldhol, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.