3. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til dokumentet og det som står over og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

1. Stortinget ber Regjeringa greia ut behovet for ei støtteordning for prosesskostnader for små og mellomstore verksemder ved søksmål i samband med brot på EØS-avtalen. Utgreiinga må innehalda kriteria for tildeling og ei vurdering av om ei slik ordning vil vera lovleg i høve til EØS-avtalen.
2. Stortinget ber Regjeringa greia ut behovet og eventuelt kriteria for ei støtteordning for kostnader for norske verksemder i samband med bruk eller trugsmål om bruk av anti-dumpingtiltak frå EUs side.
3. Stortinget ber Regjeringa arbeida aktivt i EFTA for å få innført offentlege innsynsreglar i ESA.

Oslo, i næringskomiteen, den 15. mai 1997.

Svein Ludvigsen, Astrid Marie Nistad, William Engseth,
leder. ordfører. sekretær.