2. Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Jan Otto Fredagsvik, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Snøfrid Skaare, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristelig Folkeparti, Lars Gunnar Lie og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm viser til det framlagte dokumentet.

       Komiteen syner til at Noreg har valt å nytte det vanlege domstolsystemet som klageorgan for saker innan offentlege innkjøp. Dette er omtala i Ot.prp. nr. 73 (1991-1992) og i Innst.O.nr.16 (1992-1993).

       Vidare vil komiteen syne til at det i tillegg til dei nasjonale klageorgana også er høve til å ta slike problemstillinger opp internasjonalt med kommisjonen og EFTAs overvakingsorgan.

       Verksemdene vert ikkje påførde kostnader når den internasjonale klageretten nyttast, men bedriftene er sjølv ansvarlege for å skaffe til veie den naudsynte informasjon.

       Komiteen vil peike på at det er klåre reglar for korleis verksemdene kan gå fram dersom dei ønskjer å klage på eventuelle brot på EØS-reglane om offentlege innkjøp. Det har sidan 1994 vore ca 25 saker der norske verksemder har klaga inn norske offentlege innkjøp for EFTAs overvakingsorgan for påståtte brot på innkjøpsreglane. Ein er kjent med at berre ei bedrift har nytta seg av domstolssystemet og ført sak.

       Frå starten av EØS-avtala er det oppretta eit « kontaktpunkt for eksport mot offentlege markeder i EØS-området » i Nærings- og handelsdepartementet.

       Komiteen vil vidare peike på at det er viktig å informere om norske verksemders rettar og muligheiter i EØS-marknadene. Etablering av ei støtteordning for å fremje EU-reglane om offentlege innkjøp er eit av fleire tiltak for å fremje EØS-reglane i Noreg og norske bedrifters interesser i Europa. Det er imidlertid svært viktig å arbeide for å gjere EØS-avtala meir kjent i EU-landa. Komiteen ser det som viktig at Regjeringa syner et sterkt engasjement i høve til EU-landa.

       Komiteen vil syne til at norske bedrifter som vert sett til side i konkurransen om offentlege innkjøp i EU ofte kan ha vanskar med å nå fram fordi det er store kostnader bunde til klagesaker.

       Komiteen syner til Nordia-saken i Belgia som er eit eksempel på vanskane enkeltbedrifter har med å få kontraktar i eit EU-land. I dette tilfellet synest det som om tollstyresmaktene i Belgia såg på Noreg som eit tredjeland til trass i EØS-avtala. Ei rekkje andre eksempel på forbigåing i konkurransen om offentlege anskaffelsar har vi mellom anna i møbelindustrien, bygg- og anleggsindustrien og offshore. I viktige land som Tyskland og Storbritannia kan det synast som om norske bedrifter har vorte forbigått urettmessig.

       Komiteen syner også til Europakommisjonens « grønnbok » « Public Procurement in the European Union » som peikar på at reglane for offentlege innkjøp ikkje vert følgde i tilfredsstillande grad i EU/EØS-landa. Europakommisjonen rår difor medlemslanda til å etablere ordningar som medverker til ei meir effektiv praktisering av reglane om offentlege innkjøp. Europakommisjonen si « grønnbok » peikar på at problemet med synlege og usynlege barrierar mot opne og frie anbod i EU/EØS-landa er størst for småbedriftene. Norske bedrifter, som vert omfatta av EU-reglane om offentlege innkjøp gjennom EØS-avtala, har i tillegg eit problem i konkurransen i EU fordi EØS-avtala ikkje har blitt godt nok kjent hos offentlege styresmakter i EU-landa.

       Komiteen syner til brev frå nærings- og handelsministeren dagsett 16. april og 13. mai 1997.

       Komiteen vil syne til at det er høve til å be EFTAs overvakingsorgan, ESA, vurdere om ei støtteordning er i samsvar med eller i strid med EØS-avtala.

       Fleirtalet, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, vil difor be Regjeringa vurdere om ei slik støtteordning kan etablerast innafor ramma av EØS-avtala. Fleirtalet vil på denne bakgrunn be Regjeringa vurdere om det kan opprettast ei støtteordning for prosseskostnadene som små og mellomstore bedrifter får i samband med klagesaker knytta til EØS-avtala og konfliktar med EU. Fleirtalet vil understreke at ei slik ordning må kome i tillegg til andre tiltak som kan gjere EØS-avtala meir tilgjengeleg for norske verksemder og meir kjent i EU-landa. Regjeringa vert beden om å kome attende til Stortinget med forslag til ei eventuell slik ordning, så sant EØS-avtala ikkje forbyr dette.

       Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringa greia ut behovet for ei støtteordning for prosesskostnader for små og mellomstore verksemder ved søksmål i samband med brot på EØS-avtalen. Utgreiinga må innehalda kriteria for tildeling og ei vurdering av om ei slik ordning vil vera lovleg i høve til EØS-avtalen.
2. Stortinget ber Regjeringa greia ut behovet og eventuelt kriteria for ei støtteordning for kostnader for norske verksemder i samband med bruk eller trugsmål om bruk av anti-dumpingtiltak frå EUs side.
3. Stortinget ber Regjeringa arbeida aktivt i EFTA for å få innført offentlege innsynsreglar i ESA.»

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har med interesse merka seg at forslagsstillarane har identifisert generelle problem ved EU/EØS-samarbeidet, i tillegg til spesielle problem for norske verksemder. Desse medlemene har ofte framheva ei rekkje problem, og vonar dette er eit signal om vilje til samarbeid i framtida om forsøk på løysing på tvers av synet på den store ideologiske skilnaden i EU-spørsmålet.

       Desse medlemene har, som forslagsstillarane, registrert at proteksjonistiske tiltak i EØS-medlemslanda somme gonger gjer at priskonkurransen om anbod ikkje vert reell. Desse medlemene meiner likevel det er eit langt større problem at priskriteriet etter EØS-reglane får for stor vekt. Desse medlemene ser det som uheldig at EØS-reglane i for stor grad set grenser for offentlege styresmakter sitt høve til å bruka posisjonen sin som stor innkjøpar til å spela ei miljøpolitisk og næringspolitisk rolle. Desse medlemene ser det som ønskjeleg å utvikla reglar som gjev rom for offentlege innkjøparar til å ta heilskapsomsyn i større grad enn dagens EØS-regelverk gjev rom for. Med bakgrunn i dette kan det vera ein fordel å godta eit noko dyrare lokalt tilbod framfor eit billegare frå ein fjern leverandør med dårlegare trygging av tilbod om vedlikehald og oppfølging, og lengre transportveg for leveransen.

       Desse medlemene er likevel samde med forslagsstillarane i at rein utestenging av norske verksemder på usaklege vilkår på tvers av rettane i EØS-avtalen, så lenge den gjeld, kan vera uheldig og må motarbeidast. Tilgangen til marknaden av offentlege anbod i EØS-området er nettopp ein av fordelane som skal målast opp mot ulempene i EØS-avtalen, i form av suverenitetsavståing og mindre råderett over norsk økonomi. Ved urimeleg bruk eller trugsmål om bruk av anti-dumpingtiltak frå EU mot norske verksemder, er det naudsynt at norske styresmakter yter god nok hjelp til verksemdene. Det må vera ei sentral oppgåve for norske styresmakter å arbeida for at rettane til norske verksemder i og utanfor EØS-avtalen er godt nok kjende. Desse medlemene vil derfor be Nærings- og handelsdepartementet om å styrka dette arbeidet.

       Desse medlemene meiner det må klarleggjast tydelegare enn i forslaget ved kva for brot på EØS-avtalen det eventuelt skal ytast dekking av prosesskostnader. Vidare meiner desse medlemene det må klargjerast tydelegare kva for kriterier som eventuelt skal leggjast til grunn for å tildela støtte til prosesskostnader m.v. Desse medlemene meiner det er eit stort problem ved ei anna side av konfliktsaker under EØS-avtalen at det etablerte tilsyns- og klageorganet på EFTA-sida i EØS-avtalen, ESA, manglar offentlege innsynsreglar for dokument frå organet. For ESA eksisterer ikkje eingong regelverk tilsvarande dei relativt offentlegheitsfiendslege innsynsreglane i EU-kommisjonen og EU-rådet. Manglande offentlege innsynsreglar gjer det vanskelegare å følgja ein klageprosess og føra ein offentleg debatt om regelverket og praktiseringa av det.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til Høyres Dok.nr.8-forslag om å opprette støtteordning for små og mellomstore bedrifters prosesskostnader ved brudd på EØS-avtalen. Dette medlem mener at innføringen av en ny statlig tilskuddsordning ikke er veien å gå for å løse bedriftenes problemer som opererer i EU/EØS-området. Dette medlem vil hevde at det er næringslivets generelle rammevilkår som må bedres blant annet gjennom nødvendige skatte- og avgiftslettelser. Bedriftene og deres organisasjoner vil dermed kunne styrkes økonomisk og selv kunne løse problemene med usaklig forbigåelse i konkurransen med andre virksomheter innenfor EØS-området uten å belaste det offentlige gjennom tilskuddsordninger.

       Dette medlem vil på denne bakgrunn avvise forslaget.