1. Samandrag

1.1 Innleiing

       Regjeringa legg med dette fram ein proposisjon om reindriftsavtalen 1997-98 og om dekning av kostnader vedrørande radioaktivitet i reinkjøt, med framlegg om endra løyvingar over statsbudsjettet for 1997.

       Inneverande reindriftsavtale har eit løyving på 75,0 mill. kroner over kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen i statsbudsjettet.

1.2 Grunnlaget for reindriftshandsamingane 1997

       Reindriftsavtalen legg til grunn dei måla og retningslinene for reindriftspolitikken som Regjeringa la fram i St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift, og som næringskomiteen i Stortinget slutta seg til i Innst.S.nr.167 (1991-1992). I avsnitt II.1 i denne innstillinga konkretiserast « en bærekraftig reindrift » gjennom følgjande tre punkt (mål):

1. Økologisk berekraft
2. Økonomisk berekraft
3. Kulturell berekraft

       Økologisk berekraft føreset at det vert lagt avgjerande vekt på å forvalte beitegrunnlaget slik at beitebalansen vert sikra. Økonomisk berekraft føreset at det vert stilt krav om produktivitet, innteningsevne, kostnadseffektivitet, inntektsnivå og inntektsfordeling. Kulturell berekraft inneber at ein må sikre ei stabil sysselsetting og inntekt i næringa.

       Stortinget vedtok 30. januar 1996 endringar i reindriftslova. Som fleirtalet i næringskomiteen peikar på i Innst.S.nr.233 (1995-1996), gjer reindriftslova det no mogleg å knytte økonomiske og lovbaserte virkemiddel saman i eit meir heilheitleg virkemiddelsystem for å tilpasse beitetrykket, og samtidig redusere miljøproblema knytta til overbeiting.

       Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, den viktigaste operative reiskap ein har for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. Her avgjer ein m.a. bruken av dei økonomiske verkemidla, og korleis dei på best mogleg måte skal utformast for å harmonere med reindriftslova sin intensjon og ordlyd.

       Departementet vil no leggje opp til at sanksjonsheimlane i reindriftslova og stimuleringstiltaka over reindriftsavtalen i sterkare grad skal kunne brukast saman for å nå måla i reindriftspolitikken betre, i tråd med Stortinget sine forutsetnader. Etter revisjon av reindriftslova er det no heimel for å ileggje ressursavgift for reineigarar som tyngjer fellesressursane meir enn vedkomande har rett til. For å sikre både effekten av, og tilliten til, dei økonomiske ordningane, må dei lovbaserte tiltaka stillast opp som eit « ris bak speilet ». Dette er naudsynt for at utviklinga skal kunne styrast i ei berekraftig lei, og ikkje minst for å kunne sikre driftsgrunnlaget til dei bruk og distrikt som reduserer og tilpassar reintalet sitt til beiteressursane på frivillig basis.

1.3 Nærare om utviklinga i næringa

       Reintalet i dei fleste områda er i stadig reduksjon. Nedgangen frå 1994-95 til 1995-96 er vesentleg høgare enn frå 1993-94 til 1994-95. Alle områda unnateke Troms, Sør-Trøndelag/Hedmark og tamreinlaga har ein større eller mindre reduksjon i dyretalet frå 1994-95 til 1995-96. Den store reduksjonen i reintalet i Finnmark det siste driftsåret skuldast truleg nedslakting i samband med Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.

       Totalrekneskapen for reindriftsnæringa viser hovudtrekka i utviklinga i næringa, og gjev ein oversikt over dei økonomiske tilhøva. Det totale slaktekvantum var i 1995 på 2.279 tonn, noko som er ei auke på 137 tonn (6,4 %) samanlikna med året før. Parallelt med auken i slaktekvantum, var det ein prisoppgang på 1,36 kr/kg (3,2 %). Gjennomsnittleg utbetalingspris til produsent var i 1995 på 43,26 kr/kg, medan den i 1994 var på 41,90 kr/kg. Auken i talet på slaktedyr, samla slaktekvantum og utbetalingspris gav ei auke i dei totale inntektene frå kjøt til biprodukt frå 89,7 mill. kroner i 1994 til 98,6 mill. kroner i 1995.

       Kostnadsnivået auka med 2,3 mill. kroner frå 1994 til 1995, i det vesentlege som følgje av høgare felles kostnader i reinbeitedistrikta. Dette utgjer ei auking på 3,1 %. Vederlaget for arbeid og eigenkapital pr. bruk aukar med 9.522 kroner (11,1 %) frå 1994 til 1995. I sum vert det venta i førebels rekneskap for 1996 ei relativt god betring i lønsemda i næringa. Rovdyrerstatningane gjekk klart opp frå 1994 til 1995.

       Det totale økonomiske resultatet for næringa samla sett må framleis karakteriserast som svakt. Det er framleis store ulikskapar i inntektsfordelinga internt i næringa. Departementet peikar på dei store skilnadene i økonomiske resultat mellom område, som speglar av skilnader i produksjonstilpassing og effektivitet i næringa. Dei økonomiske resultata i enkelte område må seiast å være uforsvarleg låge. Dette gjeld spesielt i deler av Finnmark og Nord-Troms.

       På marknadssida fortset den positive trenden, og marknaden for reinkjøt har også det siste året vore særs lett. Produksjonen vart stort sett omsett kontinuerleg og svært lite av kjøtet vart lagt inn på lager. Likeins med dei tre føregåande åra er det òg det siste året blitt importert ein del reinkjøt.

       Ordninga med omstillingsløn for reindriftsutøvarar i Finnmark vart sett i verk i 1993. Målet med ordninga har vore å få til ein varig reduksjon av reintalet i Finnmark til eit forsvarleg nivå.

       Næringskomiteen ba i samband med Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen 1996-97 om ei nærare analyse av samanhengane mellom dei økonomiske verkemidla på den eine sida og miljøproblema og inntektsfordelinga på den andre.

       Produksjonstilskottet skal medverke til ei betre reintaltilmåting, betre kvalitet, og utjamning mellom bruka. Ordninga har styrka dei små bruka.

       Kalvetilskottet skal stimulere til ein størst mogleg produksjon på eit avgrensa ressursgrunnlag. I område med jamn deling av reintalet mellom bruka verker ordninga godt ved at den stimulerer til optimalisering av slakteuttaket pr. produksjonsdyr.

       Tidligslaktetilskottet skal verke til innsparing av lavbeite ved å stimulere til tidlegare uttak av slaktedyr, betre slaktekvaliteten og auke lønsemda i næringa. Det er først og fremst i Kautokeino at ordninga har ført til tidlegare slakting. For dei andre områda, Troms og Aust-Finnmark, har verknaden vore liten.

1.4 Nærare om reindriftsavtalen

       Partane starta i samsvar med hovudavtalen drøftingar om reindriftsavtale for 1997-98 den 13. desember 1996, og kom fram til semje om ny avtale i avsluttande drøftingsmøte den 27. februar 1997.

       Hovudtyngda av handsamingane dreidde seg om tilpassing av budsjett og regelverk for dei ulike ordningane under reindriftsavtalen i høve til utviklinga i næringa. Omlegging av tilskottsystemet stod sentralt.

       NRL la fram sitt krav til ramme og fordeling den 13. desember 1996. Kravet hadde ei økonomisk ramme på 83,0 mill. kroner. Utover dette gjorde NRL framlegg om krav om at kostnader for å bøte på radioaktivitet frå Tsjernobyl skulle bli dekt fullt ut utanom denne ramma. NRL presiserte at ein endå større reduksjon av reintalet frå situasjonen i dag vil krevje kompensasjon med auka rammer og vurdering av nye ordningar for omstilling.

       Tilbodet frå staten hadde ei økonomisk ramme på 73,0 mill. kroner. I tillegg innebar tilbodet ei disposisjonsløyving på 4,5 mill. kroner til dekning av kostnader når det gjeld radioaktivitet.

       Den inngåtte avtalen har ei ordinær ramme på 75,0 mill. kroner.

       I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen frå drøftingane avtalt oppfølging på to punkt. Punkt 1 omhandlar nedsetjing av ei arbeidsgruppe for å vurdere tiltak som kan lette generasjonsoverganger i reindrifta. Punkt 2 omhandlar finansiering av tiltak mot radioaktivt reinkjøt, og prinsippa for ei vidareføring av slike tiltak i neste slaktesesong.

       Den reindriftsavtalen som no er framforhandla vil tre i kraft 1. juli 1997 og gjelde fram til 30. juni 1998.

       Dei løyvingsendringane som avtalen fører til vert føreslått innarbeidd med halvt utslag i statsbudsjettet for 1997.

1.5 Radioaktivitet

       Staten si dekning av kostnader som ein følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulukka har som prinsipielt utgongspunkt det vedtaket som Regjeringa gjorde om økonomisk skadebot 31. juli 1986.

       Departementet vil, i tråd med tidlegare praksis, gjere framlegg om at det vert avsett ei disposisjonsløyving på 4,5 mill. kroner for å finansiere iverksetting av ei tiltakspakke for slaktesesongen 1997-98.

1.6 Endringar i statsbudsjettet for 1997

       Avtalen medfører ein auke av post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskot, og ein reduksjon av post 51 Tilskot til Reindriftens Utviklingsfond. Det vert gjort framlegg om forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 1997 i samsvar med dette. Det vert gjort framlegg om ei disposisjonsløyving på 4,5 mill. kroner til dekning av tiltak mot radioaktivitet.