Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om 1) framlegg frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om at dei som har vorte registrert i Overvakingspolitiet sine arkiv skal få innsyn i dei opplysningane som er samla om dei der og om at dei skal få vere vitne til at materialet blir makulert og at dei skal få ei skriftleg stadfesting på at Overvakingspolitiet ikkje lenger har opplysningar om vedkomande og 2) om forslag fra stortingsrepresentant Erling Folkvord om at Peder Martin Lysestøl gis innsyn i premisser og beslutninger som lå til grunn for at hans private telefon ble avlytta, slik det ble avdekka høsten 1979, og at dokumentene nedgraderes og frigis på en slik måte at det blir tatt hensyn til personvernet for de involverte.

1. Samandrag av Dok.nr.8:93 (1995-1996)

  I forslaget heiter det at politisk overvaking er både åtak på og inngrep i den enkelte borgaren si rettssfære, og at det er eit åtak på den demokratiske retten til å drive politisk aktivitet i opposisjon mot det rådande maktapparatet. Overvaking er eigna til å skremme folk til å bli politisk passive og derfor svært skadeleg for demokratiet. Rettsleg sett er politisk overvaking eit trugsmål mot den ytringsfridomen som er fastsett i Grunnlova § 100, som tyder at retten til politiske ytringar er ein del av sjølve kjerna i ytringsfridomen.

       I forslaget heiter det vidare at dersom eit statsorgan driv systematisk registrering av opposisjonelle ytringar, vil det lett føre til at denne grunnlovfesta ytringsfridomen i praksis blir illusorisk. Politisk overvaking er dessutan inngrep i « privatlivets fred », jf. § 390 og § 390 a i straffelova. Telefonavlytting og romavlytting er i denne samanhengen svært inngripande tiltak og dermed svært grove krenkingar av personvernet.

       Legalitetsprinsippet krev at inngrep i borgarane si rettssfære skal ha heimel i lov. Dette gjeld heilt klart all overvaking som omfattar avlytting, filmopptak o.l., men det må òg gjelde for anna systematisk personregistrering, uttaler forslagstillaren.

       Forsalgsstillaren meiner at Lund-kommisjonen har gitt visse opplysningar om kor mange som har vorte registrert i Overvakingspolitiet sine arkiv og kor mange som har vorte overvaka. Forslagsstillaren meiner vidare at det synest nokså klart ut frå Lund-kommisjonen sin rapport, at Overvakingspolitiet har drive med ulovleg overvaking i strid med det lovgrunnlaget som har eksistert og eksisterer, og at det i dag er uklart for utanforståande kor omfattande dette har vore.

       Forslagsstillaren nemner at då Lund-kommisjonen var på besøk hjå Overvakingspolitiet, fann dei t.d. ut at det framleis var registrert 8 164 « saker som gjeld personar med tilknyting til AKP og organisasjonar som står AKP nær ». Om 84 % av desse personane opplyser Lund-kommisjonen at « det ikke er registrert andre former for virksomhet enn ordinær politisk aktivitet eller tilhørighet ». Ser ein dette i samanheng med Raud Valallianse sitt stemmetal ved siste stortingsval, så utgjer dei registrerte omlag 31 % av dette talet, uttaler forslagsstillaren vidare.

       Det heiter i forslaget at det er grunn til å framheve at overvaking har vorte gjennomført over lang tid utan at det har vore knytta til mistanke om konkrete straffbare handlingar. Til dømes ser det ut til at telefonavlytting har vorte brukt nærmast rutinemessig for å skaffe politisk og organisasjonsmessig oversyn over personar og organisasjonar som Overvakingspolitiet av politiske grunnar har interessert seg for. Overvakinga har altså ikkje vorte avgrensa til å vere førebyggjing eller etterforsking av straffbare handlingar.

       Forslagsstillaren peikte vidare på at slik politisk overvaking er i strid med Den Europeiske Menneskerettighetskonvensjonen, særleg artikkel 8 og 10.

Truverdig opprydding er uråd utan innsyn

       I forslaget heiter det at det er uråd å få til ei truverdig opprydding i dette utan at kvar enkelt får innsyn i si eiga sak og at det må gjelde alle, utan omsyn til kva politisk gruppe dei høyrer til, med dei unnataka som er nemnt nedanfor.

       Forslagsstillaren meiner at ein slik innsynsrett er ein heilt nødvendig del av det rettsoppgjeret Norge no må ta, og at dette kan gjennomførast ved at dei som har hamna i Overvakingspolitiet sine arkiv får ein lov- eller instruksfesta rett til:

a) å få ei skriftleg melding frå statleg myndigheit om at ho/han har vore eller er registrert,
b) innsyn i alt det som framleis finst om vedkomande i Overvakingspolitiet sine arkiv,
c) å få vere vitne til at alt dette materialet blir makulert, dersom ikkje ho/han heller ynskjer å få det utlevert,
d) å få ei skriftleg stadfesting om at vedkomande har vore registrert/overvaka og at alle opplysningar som er samla inn på den måten, no er sletta frå statlege arkiv.

       Forslagsstillaren uttaler at det må vere ein sjølvsagt føresetnad at ingen får innsyn i opplysningar om andre enn seg sjølv, noko som tyder at ein del dokument må bli delvis sladda dersom dei inneheld opplysningar om fleire personar.

Unnatak frå innsynsretten

       Det heiter vidare i forslaget at det kan berre gjerast unnatak frå innsynsretten dersom det er skjellig grunn til å mistenkje ein person for brotsverk mot staten sin tryggleik og sjølvstende, brotsverk mot statsforfatninga eller Kongen, eller politisk motivert sabotasje eller vald (terrorisme).

       Forslagsstillaren uttaler at eit slikt unnatak kan gjerast av forhøyrsretten, men det må da vere ein føresetnad at retten fullt ut skal prøve grunnlaget som Overvakingspolitiet oppgjer for å kreve unnatak. Unnatak kan berre bli gitt for ei avgrensa tid og ikkje for meir enn 6 månader. Unnatak ut over dette, må politiet på nytt bevise for retten at det er skjellig grunn til mistanke.

       Forslagsstillaren uttaler vidare at for å kontrollere at innsynsretten blir praktisert i samsvar med dette, må Stortinget opprette eit særskild kontrollutval med nødvendig juridisk kompetanse og slik politisk breidde at det får tillit. Dette utvalet skal ha rett til å anke ei avgjerd i forhøyrsretten inn for høgare rett, slik det ordinære stortingsoppnemnde kontrollutvalet for dei hemmelege tenestene har. Det heiter vidare i forslaget at det er særskild viktig at dei organisasjonane som ifølgje Lund-kommisjonen har vore utsett for ulovleg overvaking, får høve til å peike ut medlemar til dette utvalet og det er såleis m.a. ein føresetnad at SV, NKP og AKP/RV vert representert.

Ein tidsavgrensa eingongsoperasjon

       Det heiter vidare i forslaget at framlegget om innsynsrett skal vere eit tidsavgrensa eingongstiltak for å få ei truverdig opprydding etter drygt 50 år med meir og mindre lov- og regelstridig politisk overvaking. Det må difor, etter det forslagsstillaren seier, fastsetjast lovreglar som slår fast at denne innsynsretten gjeld dei som i denne perioden har hamna i Overvakingspolitiet sine arkiv og at innsynsretten gjeld for eit visst tidsrom. Forslagsstillaren meiner at dette tidsrommet må vere så romsleg at ein person får god tid til å svare etter at vedkomande har mottatt skriftleg melding om at ho eller han er i Overvakingspolitiet sitt arkiv, men det må samtidig vere klart at dette er ein eingongsoperasjon og at både det særskilde kontrollutvalet og denne særskilde innsynsretten opphøyrer når oppryddingsarbeidet er avslutta. Forslagsstillaren uttaler vidare at dersom Overvakingspolitiet alt har gjennomført makulering av dokument, slik at ein person ikkje kan gjere bruk av alle dei rettane som er nemnd i punkta a-d i framlegget, skal innsynsretten likevel gjennomførast så langt det er råd.

       På bakgrunn av dette fremjar forslagsstillaren følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa utarbeide utkast til lov om innsynsrett i eigen sak for dei personane som har vore eller i dag er registrert i Overvakingspolitiet sine arkiv. »

2. Sammendrag av Dok.nr.8:68 (1996-1997)

    Under kontroll- og konstitusjonskomiteens høringer kom tidligere justisminister Andreas Cappelen med uttalelser om en trondheimslektor i samband med at vedkommende var blitt utsatt for telefonavlytting, og at saken ble diskutert med daværende overvåkingssjef.

       Cappelen hevdet, ifølge forslagsstilleren at dette ikke var « en person som drev alminnelig politisk virksomhet », og at bakgrunnen for avlyttingen var « at man hadde fått kjennskap til at vedkommende hadde oppholdt seg i en leir i Libanon, hvor man ble opplært i sabotasje og terrorhandlinger ». Overvåkingspolitiet mente derfor at « det på det grunnlag var nødvendig å følge med i hva den mannen foretok seg », noe Cappelen erklærte seg enig i. Cappelen uttalte videre med adresse også til dagens situasjon at « hvis man kommer under vær med at noen har mer eller mindre nær kontakt med den slags aktiviteter, bør overvåkingspolitiet følge med i hva som skjer ».

       Ifølge forslagsstilleren forklarte Cappelen seg svært upresist til å være tidligere byrettsdommer og justisminister, og at det er typisk at Cappelen omtaler telefonavlytting som « å følge med i hva som skjer », nærmest som om han er uvitende om at norsk lovgivning stiller særskilte krav før telefonavlytting er tillatt. Cappelen sier intet om hvorvidt lovens krav i dette tilfellet med rimelighet kunne sies å være oppfylt.

       Trondheimslektoren er Peder Martin Lysestøl og bakgrunn for saken er at det høsten 1979 ble påvist avlytting av hans telefon. I en periode på 9 år forsøkte Lysestøl å få en avklaring av grunnlaget for avlyttingen. Bl. a. ble saken brakt inn for Kontrollutvalget for overvåkings- og sikkerhetstjenesten, for norske domstoler og for Menneskerettighetsdomstolen i Strasbourg.

       Det heter i forslaget at Lysestøl fikk aldri vite hva som var grunnlaget for eller årsaken til at han var blitt utsatt for telefonavlytting og fikk dermed aldri mulighet til å få avklart om avlyttingen var ulovlig. Han fikk derfor aldri mulighet til å renvaske seg for den beskyldning som ligger i det faktum at avlytting iverksettes, nemlig knyttet til det vilkår at han blir mistenkt for forhold som utgjør en fare for rikets sikkerhet.

       Lundkommisjonens avdekking av at det har foregått ulovlig avlytting i stor utstrekning, viser at Lysestøls krav om innsyn var høyst berettiget hevder forslagsstilleren, og mener at det er på høy tid at Lysestøl gis rett til slikt innsyn i grunnlaget for den avlytting som ble iverksatt.

       Forslagsstilleren er av den oppfatning at tidligere justisminister Andreas Cappelen uttalelser gjør dette enda tydeligere ved bl.a. å hevde at det å besøke palestinske flyktningleire er også viktig ifølge forslagsstilleren. Det var kjent at Lysestøl engasjerte seg sterkt i solidaritetsarbeidet for det palestinske folket på andre halvdel av 1960-tallet og besøkte palestinske flyktningleire, noe som ble drevet i full åpenhet bl. a ved at Lysestøl utga en bok om palestinerne i 1973. Hans besøk ble, ifølge Cappelen, brukt som grunnlag for telefonavlytting flere år senere. Forslagsstilleren uttaler videre i forslaget at det er velkjent at Lysestøl i skrift og tale har tatt avstand fra bruk av terror som politisk virkemiddel, uttaler forslagsstilleren.

       Forslagsstilleren mener at hadde avlyttingen overfor Lysestøl frambragt noe som kunne bekrefte en mistanke om slike straffbare handlinger, ville det nødvendigvis også blitt reist straffesak.

       Forslagsstilleren nevner spesielt at under den rettslige behandlingen av Lysestølsaken var det fra Lysestøls side ønske om bevisførsel knyttet nettopp til det forhold at han som medlem av partiet AKP(ml) drev utelukkende lovlig politisk virksomhet. Lysestøl ønsket derfor ført bl.a. vitnet Finn Sjue for å belyse dette, men Staten v/ regjeringsadvokaten motsatte seg slik vitneførsel og avga i den anledning følgende erklæring i prosesskriv av 30. mars 1983:

       « Staten er selvsagt kjent med at AKP(ml) er et lovlig parti, og det vil heller ikke bli hevdet at partiet driver ulovlig politisk virksomhet. »

       Kåre Willoch var statsminister, og det må ansees, ifølge forslagsstilleren å være en viktig uttalelse som stiller den senere tids utsagn fra en høyesterettsdommer og tidligere sentrale politikere om at AKP måtte betraktes som et « ulovlig » parti, og at dette ga grunnlag for overvåking og telefonavlytting i et underlig lys.

       Det heter i forslaget at uttalelsen må klart forstås som en erkjennelse fra statens side av at Lysestøl og andre medlemmer av AKP ble ansett å drive lovlig, politisk virksomhet og at staten ikke hadde mistanke om det motsatte. Videre at staten bestred at det var nødvendig med vitneførsel når det gjaldt Lysestøls politiske virksomhet, fordi det ikke var omstridt at han drev med lovlig politisk virksomhet.

       Forslagsstilleren er av den oppfatning at den konklusjon som må trekkes ut fra statens erkjennelse fra 1983, er at den senere tids forsøk på å stemple AKP som et ulovlig parti, er uttrykk for en tenking som er av helt ny dato og at den må sees på som et utslag av at Lundkommisjonen har avdekket ulovlig overvåking i stor skala.

       Forslagsstilleren uttaler at det kan vanskelig legges til grunn at statens erkjennelse fra 1983 var en ren usannhet, beregnet på å føre rettsapparatet, Lysestøl, publikum og det politiske liv bak lyset.

       Forslagsstilleren hevder at det på denne bakgrunn er uholdbart at Lysestøl fortsatt nektes innsyn i de premisser som ble anført for å gjennomføre telefonavlytting. Det kan ikke anføres at hensynet til rikets sikkerhet i dag, snart 18 år etter at avlyttingen ble oppdaget, tilsier fortsatt hemmeligholdelse, og slett ikke etter forklaringen fra daværende justisminister Cappelen. Det vises også i forslaget til Cappelens uttalelse i brev av 28. januar 1997 til Stortinget v/ stortingspresidenten:

       « I denne anledning tillater jeg meg å anmode Stortinget om at det treffer et vedtak om at « mappen » som Overvåkningspolitiet måtte ha på Lysestøl blir fullstendig nedgradert slik at den blir tilgjengelig for allmennheten. »

       Reglene om hemmelighold er ikke ment å beskytte mot berettiget kritikk av eventuelle kritikkverdige forhold. Forslagsstilleren uttaler i forslaget at den senere tids forsøk på i ettertid å stemple AKP som et ulovlig parti i strid med bl.a. statens egen erkjennelse fra 1983, vitner om at involverte høytstående aktører nettopp ønsker beskyttelse mot berettiget kritikk.

       Det heter videre i forslaget at den omfattende behandlingen Lysestølsaken har fått både i rettsapparatet, i kontrollutvalget og overfor Menneskerettighetskommisjonen, tilsier at denne saken står i en særstilling, noe som forsterkes ytterligere ved Cappelens forklaring og ved den motstrid det er mellom statens standpunkt i 1983 og det som fra enkelte hold hevdes om AKP i 1997.

       Samlet sett, uttaler forslagsstilleren, vil det være høyst urimelig å nekte offentliggjøring av premisser og beslutning som lå til grunn for telefonavlyttingen mot Lysestøl. Det vil for øvrig ikke være første gang at Overvåkingspolitiets dokumenter om en person som har vært overvåket, blir tillatt offentliggjort. Forslagsstilleren viser her til at Overvåkingspolitiet for kort tid siden kom med et tilbud om at dokumentene i Berge Furres sak kunne offentliggjøres.

       Det vises videre i forslaget til nåværende justisministers uttalelse i brev av 7. mars 1997:

       Lysestøls eget krav om innsyn med å opplyse at kravet er « inntil videre lagt til observasjon i påvente av den videre behandling i Stortinget og Justisdepartementet ».

       Forslagsstilleren er derfor av den oppfatning at det ut fra dette er rimelig at Stortinget nå gir et klart signal om at dokumentene i denne spesielle saken skal frigis, og fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at Peder Martin Lysestøl får innsyn i premisser og beslutninger som lå til grunn for at hans private telefon ble avlyttet, slik det ble avdekket i 1979. Det forutsettes at dokumentene nedgraderes og frigis på slik måte at det blir tatt hensyn til personvernet for de involverte. »

3. Komiteens merknader

    Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Sigbjørn Johnsen, Ragna Berget Jørgensen og Gunnar Skaug, fra Senterpartiet, Edvard Grimstad og Marit Tingelstad, fra Høyre, Petter Thomassen og Jan P Syse, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjellbjørg Lunde, fra Kristelig Folkeparti, Dag Jostein Fjærvoll, og fra Fremskrittspartiet, Carl I Hagen, viser til komiteens generelle merkander i forbindelse med innsynsspørsmål i innstillingen til Dok.nr.15 (1995-1996) Lund-kommisjonens rapport, jf. Innst.S.nr.240 (1996-1997) og forslag til vedtak I. Komiteen viser videre til sine merknader vedrørende Lysestølsaken i samme insntilling.

4. Komiteens tilråding

     Komiteen viser til dokumentet og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I.

       Dok.nr.8:93 (1995-1996) - framlegg frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om at dei som har vorte registrert i Overvakingspolitiet sine arkiv skal få innsyn i dei opplysningane som er samla om dei der og om at dei skal få vere vitne til at materialet blir makulert og at dei skal få ei skriftleg stadfesting på at Overvakingspolitiet ikkje lenger har opplysningar om vedkomande - vedlegges protokollen.

II.

       Dok.nr.8:68 (1996-1997) - forslag fra stortingsrepresentant Erling Folkvord om at Peder Martin Lysestøl gis innsyn i premisser og beslutninger som lå til grunn for at hans private telefon ble avlytta, slik det ble avdekka høsten 1979, og at dokumentene nedgraderes og frigis på en slik måte at det blir tatt hensyn til personvernet for de involverte - vedlegges protokollen.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 10. juni 1997.

Petter Thomassen, Kjellbjørg Lunde,
leder og ordfører. sekretær.