3. Riksvegferjedriften 1997

3.1 Sammendrag

       Samferdselsdepartementet orienterer om forhandlingane mellom Statens vegvesen og reisarlag om ferjetilbodet for 1997.

       Departementet legg til grunn at forhandlingane skal ha som utgangspunkt at tilbodet for 1996 vert oppretthalde for 1997, men at det òg må vere rom for lokale tilpassingar.

       Departementet har bede Vegdirektoratet om å vurdere situasjonen etter at forhandlingane med reiarlaga er avslutta. Dersom gjennomgangen til Vegdirektoratet skulle vise at det er gjennomført tilbodsreduksjonar av nemnande omfang, vil vegkontora på nytt ta opp forhandlingar med reiarlag om å oppjustere tilbodet.

       Sett frå staten si side er situasjonar med etterfølgjande forhandlingar med ferjeselskapa ikkje ønskjeleg. På sikt kan det svekke staten sin forhandlingsposisjon innanfor det noverande rammetilskottssystemet.

       Det er grunn til å rekne med at eit system basert på fastpristilbod for heile riksvegferjedrifta kan styrkje staten sin forhandlingsposisjon og fokusere i større grad på kostnadseffektivitet.

3.2 Komiteens merknader

       Komiteen har merket seg departementets orientering om forhandlinger mellom Statens vegvesen og ferjerederiene om ferjetilbudet for 1997.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil først ta stilling til eventuell utvidelse av bruk av anbud i riksvegferjedriften til det foreligger evaluering av forsøksordningen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre ber Regjeringen benytte anbudsprinsippet ved kjøp av ferjetjenester i riksvegferjedriften.

       Disse medlemmer foreslår:

       « Stortinget ber Regjeringen benytte anbudsprinsippet ved kjøp av ferjetjenester i riksvegferjedriften. »