Innstilling fra samferdselskomiteen om en del saker under Vegformål og Jernbaneformål.

Dette dokument

1. Kap. 1322 Statens veganlegg (jf. kap. 4322)

1.1 Sammendrag

Rassikring av fv  344 Stamnes - Eidslandet.
Forskottering frå Hordaland fylkeskommune

       Samferdselsdepartementet går inn for at Hordaland fylkeskommune får høve til å forskottere 20,0 mill. kroner til fv  344 Stamnes-Eidslandet mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2001.

       Prosjektet er ein del av eit framtidig riksvegsamband mellom E  16 ved Dalseid og rv  1 ved Romarheim.

       Den totale kostnaden for strekninga Stamnes-Eidslandet er på 70,0 mill. kroner. Første byggetrinn er rekna ut til å koste 41,0 mill. kroner. Denne etappen vil bli finansiert med forskottet frå fylkeskommunen på 20,0 mill. kroner, eit fylkeskommunalt tilskott på 11,0 mill. kroner og eit tilskott frå Modalen og Vaksvik kommunar og Bergenhalvøens kommunale kraftselskap (BKK) på 10,0 mill. kroner.

       Det er ein føresetnad at vegen mellom Stamnes og Mo blir omklassifisert til riksveg når prosjektet til 41,0 mill. kroner er fullført.

       Forskotteringssaka er handsama og godkjend av fylkestinget i Hordaland.

       Tidspunktet for refusjon vil bli avgjort i samband med arbeidet med handlingsprogrammet for perioden 1998-2001.

1.2 Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

2. Statsgaranti for nykontrahering av ferjer i 1997

2.1 Sammendrag

       Samferdselsdepartementet foreslår at fullmakta til Vegdirektoratet for 1997 til å gje tilsegn om statsgaranti for lån med 2. prioritet til å skaffe og byggje om ferjer i den delen av riksvegferjedrifta som mottar statstilskott, vert endra frå 216,7 mill. kroner til inntil 294,8 mill. kroner.

       Summen av nytt og gamalt ansvar skal ikkje overstige 824 mill. kroner.

       Summane inkluderer påslag på 10 % til dekning av eventuelle inndrivingskostnader.

       Departementet legg til grunn at føresetnaden for kontrahering av totalt fem nybygg med statsgaranti for åra 1996 og 1997 står ved lag.

       Auken i garantiramma må sjåast i samanheng med at garantiramma inkluderer garanti for bygg der garantien fall bort i 1996.

2.2 Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

3. Riksvegferjedriften 1997

3.1 Sammendrag

       Samferdselsdepartementet orienterer om forhandlingane mellom Statens vegvesen og reisarlag om ferjetilbodet for 1997.

       Departementet legg til grunn at forhandlingane skal ha som utgangspunkt at tilbodet for 1996 vert oppretthalde for 1997, men at det òg må vere rom for lokale tilpassingar.

       Departementet har bede Vegdirektoratet om å vurdere situasjonen etter at forhandlingane med reiarlaga er avslutta. Dersom gjennomgangen til Vegdirektoratet skulle vise at det er gjennomført tilbodsreduksjonar av nemnande omfang, vil vegkontora på nytt ta opp forhandlingar med reiarlag om å oppjustere tilbodet.

       Sett frå staten si side er situasjonar med etterfølgjande forhandlingar med ferjeselskapa ikkje ønskjeleg. På sikt kan det svekke staten sin forhandlingsposisjon innanfor det noverande rammetilskottssystemet.

       Det er grunn til å rekne med at eit system basert på fastpristilbod for heile riksvegferjedrifta kan styrkje staten sin forhandlingsposisjon og fokusere i større grad på kostnadseffektivitet.

3.2 Komiteens merknader

       Komiteen har merket seg departementets orientering om forhandlinger mellom Statens vegvesen og ferjerederiene om ferjetilbudet for 1997.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil først ta stilling til eventuell utvidelse av bruk av anbud i riksvegferjedriften til det foreligger evaluering av forsøksordningen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre ber Regjeringen benytte anbudsprinsippet ved kjøp av ferjetjenester i riksvegferjedriften.

       Disse medlemmer foreslår:

       « Stortinget ber Regjeringen benytte anbudsprinsippet ved kjøp av ferjetjenester i riksvegferjedriften. »

4. Om kostnadsøkningen for prosjektet « Hovudbanen - forbindelsesspor mellom Hovudbanen og Gardermobanen » - orientering

4.1 Sammendrag

       Prosjektet « Hovedbanen - forbindelsesspor mellom Hovedbanen og Gardermobanen » blei første gang omtalt i St.prp. nr. 1 (1994-1995), s. 159, med eit kostnadsoverslag på 420 mill. 1994-kroner totalt for dei presenterte tiltaka. I proposisjonen er det opplyst at prosjekta ikkje var rekna med i Norsk jernbaneplan 1994-97, men føresetnaden var at prosjekta skulle prioriterast innanfor investeringsplanramma i perioden. I St.prp. nr. 1 (1996-1997) er kostnadsoverslaget sett til 436 mill. 1996-kroner.

       Departementet blei i desember 1996 varsla av Jernbaneverket om at det i oktober 1996 var inngått ei tilleggsavtale mellom NSB Bane og NSB Gardermobanen AS som innebar ein kostnadsauke for NSB Bane på prosjektet med 205 mill. kroner. Som ledd i handsaminga av denne saka har styret i Jernbaneverket fått gjennomført ei juridisk utgreiing av avtaleverket mellom NSB Bane og NSB Gardermobanen AS. Saka er no til handsaming i Samferdselsdepartementet, som vil kome tilbake til saka når ho er nærmare avklara.

4.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til at prosjektet « Hovedbanen - forbindelsesspor mellom Hovedbanen og Gardermobanen » er påført en kostnadsøkning på 205 mill. kroner i forhold til kostnadsoverslag på 420 mill. kroner gitt i St.prp. nr. 1 (1996-1997), og som var basert på overslag gitt i St.prp. nr. 1 (1994-1995).

       Komiteen ha videre merket seg at styret i Jernbaneverket har fått gjennomført en juridisk utredning av avtaleverket mellom NSB Bane og NSB Gardermobanen A/S.

       Komiteen er foruroliget over de meget store overskridelsene ved byggingen av prosjektet som må føres tilbake til uklart avtaleverk og mangelfulle kalkyler. Komiteen har merket seg at Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget med saken.

5. Forslag til endret og ny fullmakt for jernbaneverket

5.1 Sammendrag

       Det blir gjort framlegg om å utvide fullmakta til å overskride løyvingane på kap. 1350 Jernbaneverket. Dette på grunn av at Jernbaneverkets samhandel med NSB  BA no må bruttoførast i budsjett- og rekneskapssamanheng.

       Departementet legg opp til at Jernbaneverket frå og med 1. mai 1997 får ansvaret for kjøp og videresal av elektrisitet knytt til jernbanedrift, og gjer derfor framlegg om at Jernbaneverket får utvida fullmakta til å overskride kap. 1350 ytterlegare, tilsvarande meirinntektene frå vidaresalet.

5.2 Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

6. Forslag fra mindretall

Forslag fra Høyre

       Stortinget ber Regjeringen benytte anbudsprinsippet ved kjøp av ferjetjenester i riksvegferjedriften.

7. Komiteens tilråding

     Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       Stortinget samtykkjer i at:

1. Hordaland fylkeskommune får høve til å forskottere 20,0 mill. kroner til fv 344 Stamnes-Eidslandet mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2001.
2. Fullmakta til Vegdirektoratet for 1997 til å gje tilsegn om statsgaranti for lån med 2. prioritet til å skaffe og byggje om ferjer i den delen av riksvegferjedrifta som mottar statstilskott vert endra frå 216,7 mill. kroner til inntil 294,8 mill. kroner. Summen av nytt og gamalt ansvar skal ikkje overstige 824 mill. kr. Summane inkluderer påslag på 10 % til dekning av eventuelle inndrivingskostnader.
3. Jernbaneverket kan overskride løyvingane for 1997 på kap. 1350, postane 23 Drift og vedlikehald og 30 Investeringar i linja, tilsvarande rekneskapsførte inntekter på kap. 4350, post 02 Sal av eigedomar m.v. og post 03 Arbeid for framande, med inntil 6 % av dei samla løyvingane på kap. 1350 Jernbaneverket. Fullmakta gjeld ikkje sal til NSB Gardermobanen AS og vidaresal av elektrisitet til togdrift.
4. Jernbaneverket kan overskride løyvingane for 1997 på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, tilsvarande rekneskapsførte inntekter på kap. 4350, post 06 Vidaresal av elektrisitet til togdrift.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 6. juni 1997.

Magnus Stangeland, Ole Johs Brunæs, Solveig Torsvik,
leder. saksordfører. sekretær.