Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om sikring av høyrselhemma sin rett til å velje anten vidaregåande opplæring på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø eller medbruk av tolk i eit norskspråkleg miljø.

Til Stortinget.

1. Samandrag

Dokumentet inneheld dette forslaget:

       « Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk i et tegnspråklig miljø eller videregående opplæring med bruk av tolk i et norskspråklig miljø. »

       Det er i dag omkring 100 høyrselhemma elevar på vidaregåande nivå. Opplæringa finn stad på døveskolar i eit teiknspråkleg miljø eller i vanleg vidaregåande skole med hjelp av tolk. Forslagsstillaren drar fram det spesielle i høyrselhemma sin situasjon som språkleg minoritet. Han peikar på at ei overføring frå dei statlege døveskolane til fylkeskommunale knutepunktskolar vil føre med seg oppsplitting av elevmiljø og meir undervisning med hjelp av tolk. Dette vil ha konsekvensar for elevane si læring og sosiale situasjon.

       Einskilde døve vel å ta utdanninga på ein vanleg vidaregåande skole. Grunnen kan vere at dei har familie på staden, eller at dei ønskjer utdanning ved liner som døveskolane ikkje har. Men døve er ikkje sikra eit reelt skoletilbod ved bruk av tolk. Forslagsstillaren peiker m.a. på at sjølv om hjelpemiddelsentralane frå 1. januar 1997 har finansieringsansvaret for skolehjelpemiddel, er finansieringsansvaret for tolkehjelp for høyrselhemma i skolen likevel ikkje ført over til folketrygda. Døve som søkjer seg til vidaregåande skolar og treng tolk, må difor på eige initiativ skaffe seg tolk.

       Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring gjeld alle som har gjennomført grunnskolen våren 1994 og seinare. For at høyrselhemma skal vere i stand til å gjere seg nytte av denne retten, må dei, etter forslagsstillaren si meining, ha høve til å velje mellom å ta utdanninga i eit teiknspråkleg miljø med eit noko redusert linetilbod eller i eit norskspråkleg miljø med bruk av tolk og med eit omfattande linetilbod.

2. Komiteen sine merknader

Komiteen viser til at høyrselhemma er i ein spesiell situasjon. Dei har behov for å få opplæring på sitt eige språk og i sitt eige språk, og dei må ha høve til å vere i eit språkmiljø og ein kultur som fremjar sosial utvikling og sjølvstende.

       Komiteen er kjend med at det pr. i dag er 90 elevar knytta til kompetansesentra, 40 elevar er knytta til knutepunktskolane, og ein reknar med at om lag 70 elevar følgjer ordinær undervisning i eit norskspråkleg miljø med tolk. Erfaringa tilseier at det er rimeleg å rekne med 200 teiknspråklege elevar i vidaregåande opplæring til ei kvar tid.

       Komiteen viser til at frå 1. juli 1997 får høyrselhemma elevar med teiknspråk som fyrstespråk rett til grunnskoleopplæring på og i teiknspråk (teiknspråkparagrafen). I samband med Reform 97 blir det innført eigne obligatoriske læreplanar i m.a. teiknspråk som fyrstespråk og norsk for døve. Vidare er det utvikla og igangsett opplæring for lærarar og kurs for foreldre med døve barn.

       Komiteen er kjend med at departementet med det fyrste vil greie ut kva konsekvensar teiknspråkparagrafen (§ 2-4 i føresegnene til grunnskolelova) vil få for vidaregåande opplæring, m.a. for læreplanane og kva status teiknspråk vil få.

       Komiteen vil understreke at den lovfestede retten til videregående opplæring skal gjelde alle. For at hørselshemmede skal være i stand til å bruke denne retten, må de etter komiteen sin mening også ha full rett til å velge å ta videregående utdanning enten i et tegnspråklig miljø eller med bruk av tolk i et norskspråklig miljø. For elever som har så omfattende hørselstap at de ikke kan følge undervisningen ved å benytte høreapparat og/eller forsterkeranlegg, vil det være nødvendig å kunne benytte en tolketjeneste for at retten til videregående opplæring i et norskspråklig miljø blir reell.

       Komiteen fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk i et tegnspråklig miljø eller videregående opplæring med bruk av tolk i et norskspråklig miljø. »

       Samtidig vil det etter komiteens mening være nødvendig å ruste opp og utvikle tolketjenesten slik at en slik tjeneste kan fungere tilfredsstillende. Komiteen forutsetter at Regjeringen kommer tilbake med konkrete forslag til opprustning av tolkeutdanningen i statsbudsjettet for 1998:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om opprustning av tolkeutdanningen i forslag til statsbudsjett for 1998. »

       Komiteen mener det også er naturlig å vurdere spørsmålet om en lovfesting av blinde elevers rett til likeverdig opplæring. Komiteen er klar over at blinde elevers behov vil være ulike de behov døve elever har for å benytte et eget kommunikasjonsspråk i tillegg til eller som alternativ til talespråket. Komiteen vil imidlertid peke på som et problem, mangelen på lærebøker/læremidler i blindeskrift. Komiteen viser til at melding om spesialundervisning vil bli fremlagt til høsten. Komiteen ber departementet i den forbindelse utrede dette nærmere som grunnlag for en drøfting av å lovfeste blinde elevers rett til likeverdig opplæring i grunn- og videregående skole.

       Komiteen fremmer forslag i samvar med dette:

       « Stortinget ber Regjeringen ved fremleggelse av melding om spesialundervisning høsten 1997 utrede spørsmål om lovfesting av blinde elevers rett til likeverdig opplæring. »

3. Komiteen si tilråding

Komiteen rår etter dette Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk i et tegnspråklig miljø eller videregående opplæring med bruk av tolk i et norskspråklig miljø.

II.

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om opprustning av tolkeutdanningen i forslag til statsbudsjett for 1998.

III.

       Stortinget ber Regjeringen ved fremleggelse av melding om spesialundervisning høsten 1997 utrede spørsmål om lovfesting av blinde elevers rett til likeverdig opplæring.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 12. juni 1997.

Jon Lilletun, Marit Lefdal, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.