Innstilling frå næringskomiteen om gjennomføring av stønadstiltak for fiskerinæringa i 1995 og 1996.

Dette dokument

1. Samandrag

1.1 Innleiing

       Stortinget har fått oversendt St.meld. nr. 60 (1997-1998) Om gjennomføring av stønadstiltak for fiskerinæringa i 1995 og 1996 til handsaming. Meldinga gjev eit oversyn over korleis stønadsmidla er brukt og eit oversyn over inntekts- og lønsemdtilhøva i næringa.

       Regjeringa vil - på grunn av at stønaden over dei årlege fiskeriavtalene er vorte sterkt redusert dei seinare åra - foreslå at det frametter ikkje lenger skal leggjast fram ei eiga melding til Stortinget om gjennomføring av stønadstiltak i næringa. Ei rapportering kan i staden verta lagt fram i Fiskeridepartementet sine årlege løyvingsproposisjonar til Stortinget.

1.2 Oversyn over stønadstiltaka i 1995 og 1996

Stønadstiltaka i 1995 og 1996

       Det vart semje mellom staten og Noregs Fiskarlag om stønadsavtale for 1995, og det vart løyvd 120 mill. kroner til gjennomføring av stønadstiltaka i 1995.

       Det kom ikkje til noka semje mellom staten og Noregs Fiskarlag om stønadsavtale for 1996. Stønadstiltaka for fiskerinæringa for 1996 vart difor fastsette ved vedtak i Stortinget 18. desember 1995. Det vart løyvd 70 mill. kroner til gjennomføring av stønadstiltaka i 1996. Beløpet var i samsvar med staten sitt siste tilbod under tingingane med Noregs Fiskarlag. I tillegg vart det løyvd 18 mill. kroner til førings- og pakketilskot.

       Utviklinga i retning av reduserte tilskotsbeløp vart følgd opp i meldingsperioden. Det vart ikkje avsett middel til ordningar som strukturtiltak og marknadstiltak.

Føringstilskot

       Ein vesentleg del av det samla stønadsbeløpet vart avsett til ordninga med føringstilskot, med høvesvis 33 og 32 mill. kroner i 1995 og 1996. I perioden vart det utbetalt høvesvis 36 mill. kroner i 1995 og 29 mill. kroner i 1996 til føringstilskot.

Stønad til særskilte fiskeri

       For 1995 vart det avsett 8 mill. kroner til stønadstiltak til særskilte fiskeri.

Garantilott

       Dei fiskeria som ordninga er retta mot, kan få eit økonomisk tilskot i ein avgrensa tidsperiode som gjer at dei held oppe fiskeriaktiviteten og busetjinga i ein periode med ulønsamt fiske.

       Utbetalt garantilott i 1995 utgjorde 50,2 mill. kroner. Av dette galdt 30,5 mill. kroner periodar i 1994. I tillegg kom administrative kostnader knytt til ordninga som i 1995 utgjorde 5,5 mill. kroner.

Driftstilskot til lineegnesentralar

       Siktemålet med ordninga er å effektivisera linefisket for å få auka rekruttering, auka sysselsetjing på sjø og land, auka driftstid for linefartøya og å betre den totale driftsøkonomien til fartøya.

       Det totale forbruket innanfor ordninga for 1995 var på 9,1 mill. kroner. I tillegg kom administrative kostnader som utgjorde om lag 410.000 kroner.

       Det totale forbruket innanfor ordninga for 1996 var på 4,1 mill. kroner. Administrative kostnader knytt til denne ordninga var om lag 210.000 kroner i 1996.

Stønad for å sikra norsk selfangst

       For å sikra norsk selfangst vart det i åra 1995 og 1996 avsett middel til dette over fiskeriavtala sitt reservebeløp. Det vart utbetalt 6,1 mill. kroner i 1995. Det vart utbetalt 6,5 mill. kroner i 1996.

Effektiviseringstiltak

       Posten Effektiviseringstiltak omfattar følgjande hovudområde:

- Forsøksfiske,
- reiskapsutvikling,
- miljøtiltak og
- vegleiingsteneste.

       Det har innanfor ordninga med Fiskeforsøk og vegleiingsteneste i ei årrekkje vore gjennomført seleksjonsforsøk med sorteringsrister i rekefisket og torskefisket.

       Det er innvilga stønad til forsøksfiske etter til no lite utnytta artar. Det har vidare vore gjort miljøtiltak i form av opprensking av tapte fiskereiskap på strekninga Møre til Finnmarkskysten.

Marknadstiltak

       Det vart ikkje avsett middel til marknadsføringstiltak i 1995 og 1996. Ordninga med marknadsføringsmiddel er avvikla, og av restmidla på vel 2,3 mill. kroner vart 1,5 mill. kroner overført til Eksportutvalet for fisk i desember 1996.

Omstillings- og strukturtiltak i fiskeflåten

       I 1995 vart det utbetalt 9 mill. kroner frå denne ordninga som er retta mot betring av arbeidsmiljøet om bord på fiskefartøy.

Andre tiltak andsynes fiskerinæringa

       Det vart løyvd 3 mill. kroner over kap. 1050 post 73 til kvinneretta og kompetansehevande tiltak. Dette kom som eit tillegg til den ordinære løyvinga på 17 mill. kroner.

1.3 Utviklinga i fiskerinæringa

       Det har vore ein tydeleg auke i førstehandsomsetnaden i perioden 1986-96 både målt i mengd og verdi. Medan førstehandsomsetnaden i 1986 var om lag 5,2 mrd. kroner, var tilsvarande omsetnad auka til om lag 8,5 mrd. kroner i 1996.

       Auken i førstehandsomsetnaden har vore mest tydeleg innanfor sildefiskeria i den aktuelle perioden, men òg innanfor torskefiskeria har auken vore monaleg.

1.4 Om inntektstilhøva i fiskerinæringa

       Generelt kan ein seia at det har vore ei positiv utvikling når det gjeld inntektstilhøva i næringa, basert på tala på fartøynivåa.

       Dersom ein samanliknar tala, ser ein at det frå 1994 til 1995 har vore ein auke i driftsresultat og resultat før ekstraordinære postar for dei fleste driftsformene. Meldinga syner ikkje historiske data som kan jamførast. Ut frå talmaterialet i St.meld. nr. 60 (1996-1997) er det naturleg nok dei største fartøygruppene som kan visa til dei beste resultata pr. fartøy. Dette gjeld trålane (ferskfisketrålarar, fabrikktrålarar med produksjon om bord), ringnotsnurparar og rekefrysetrålarar.

       For dei mindre fartøytypane er resultata meir variable og driftsmarginane tydeleg dårlegare.

2. Merknader frå komiteen

      Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mimmi Bæivi, Bjarne Håkon Hanssen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merka seg at det vart oppnådd semje mellom staten og Noregs Fiskarlag om stønadsavtale for 1995, og at det vart løyvd 120 mill. kroner til gjennomføring av desse stønadstiltaka. Komiteen har òg merka seg at det ikkje vart oppnådd semje mellom staten og Noregs Fiskarlag om stønadsavtale for 1996, og at stønadstiltaka vart fastsette ved vedtak i Stortinget der det vart løyvd 70 mill. kroner til gjennomføring av stønadstiltak i 1996. Løyvinga var den same som det siste tilbodet frå staten under tingingane med Noregs Fiskarlag. I tillegg vart det løyvd 18 mill. kroner til førings- og pakketilskot.

       Komiteen er nøgd med den positive inntekts- og kostnadsutviklinga i næringa, og at dette har ført til at fiskerinæringa i perioden har gått nye steg mot å verta ei sjølvstendig næring uavhengig av økonomisk stønad. Dette er i tråd med uttalt målsetjing.

       Komiteen er kjent med at direkte pristilskott vart avvikla i den førre meldingsperioden, og at ein del ordningar har vore avvikla i denne perioden. Komiteen har merka seg at det ikkje vart avsett middel til marknadsføringstiltak i 1995 og 1996 og at ordninga er avvikla, og at 1,5 mill. kroner vart overført til Eksportutvalet for fisk. Komiteen vil framheva effektiviseringstiltak innanfor ordninga med fiskeforsøk og rettleiingsteneste, arbeidsmiljøtiltak om bord på fiskefartøy innafor ordninga med omstillings- og strukturtiltak og kvinneretta og kompetansehevande tiltak som kjem inn under andre tiltak. Komiteen vil peika på at det, særleg i ei tid med stor konkurranse om arbeidskraft, vil vera naudsynt for næringa å satsa offensivt både på kompetanse- og rekrutteringstiltak.

       Komiteen har merka seg at det generelt har vore ei positiv utvikling når det gjeld inntektstilhøve i næringa, sjølv om dette varierer, m.a. ut frå storleiken på fartøya.

       Komiteen er samd i at det ikkje er naudsynt å leggja fram for Stortinget eigne meldingar om gjennomføringa av stønadstiltaka i næringa og at det i staden kan rapporterast i samband med dei årlege budsjettproposisjonane.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til partiets prinsipielle holdning til støtteavtaler og tiltak overfor enkelte næringer.

       Disse medlemmer mener en avvikling av særordninger og selektiv virkemiddelbruk i form av en næringsavtale for fiskeriene vil gi grunnlag for en effektiv fiskerinæring som kan være konkurransedyktig.

       Disse medlemmer vil hevde at generell virkemiddelbruk i form av lavere skatter og avgifter og fjerning av konkurranseregulerende lovverk, er veien å gå for å nå målet om en robust fiskerinæring. Fremskrittspartiet mener en annen organisering og struktur vil åpne for en bedret avkastning av fiskeformuen.


3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader til meldinga og gjer framlegg om at Stortinget gjer følgjande

vedtak:

       St.meld. nr. 60 (1996-1997) - om gjennomføring av stønadstiltak for fiskerinæringa i 1995 og 1996 - vert å leggja ved protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 27. november 1997.

Odd Roger Enoksen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Kjell Opseth,
leiar. ordførar. sekretær.