5. Samfunnspålagte oppgaver

5.1 Sammendrag

       Fram til i dag har styresmaktene pålagt Telenor samfunnsoppgåver som motyting for einerettar i telesektoren.

       I ein situasjon med generell konkurranse vil oppfylling av dei telepolitiske måla måtte skje ved bruk av andre verkemiddel som generelle reguleringar og konsesjonskrav og ved offentleg kjøp av spesielle samfunnstenester. Sikring av likeverdige konkurransevilkår krev i utgangspunktet at meirkostnader knytt til samfunnspålegg anten blir dekte av det offentlege eller fellesfinansierte av aktørane i marknaden. Regjeringa vil vurdere ei ordning med aktørfinansiering av dei pålagde landsdekkjande tenestene i 1998 for eventuell innføring frå 1999.

       Inntil vidare vil Regjeringa påleggje Telenor å levere landsdekkjande tenester på grunn av verksemda si dominerande stilling i marknaden. Når det gjeld dei spesielle samfunnspålagde oppgåvene, som naud- og tryggingstenesta knytt til kystradioen, ytingar vedrørande Svalbard og ytingar til totalforsvaret, blir desse frå 1998 finansierte over statsbudsjettet.

       Frå og med 1. januar 1998, da eineretten for taletelefoni blei avvikla, vil Telenor AS og ha ei plikt til å levere tilknyting til digitalt nett til alle abonnentar i det faste jordbundne nettet. Tilknyting til digitalt nett vil betre kvaliteten på tenestene og gjere det mogleg for abonnentane å nytte andre tenester som ein ikkje kan tilby i eit analogt nett.

       Ytingar til funksjonshemma og drift av telefonautomatar vil vere omfatta av leveringsplikta for dei pålagde landsdekkjande tenestene.

       Samferdselsdepartementet vil vurdere omfanget av dei pålagde landsdekkjande tenestene med jamne mellomrom.

       Samferdselsdepartementet er open for at det i framtida kan vere ein eller fleire andre aktørar, i staden for eller i tillegg til Telenor, som vil ha ansvar for å levere dei pålagde landsdekkjande tenestene.

5.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til at fra og med 1998 blir kostnadene ved de spesielle samfunnspålagte oppgaver som Telenor er pålagt, finansiert over de respektive departementers budsjett.