6. Avkastningskrav og utbyttepolitikk

6.1 Sammendrag

       Samferdselsdepartementet har allereie, som ledd i si eigaroppfølging, gitt to konsulentar i oppdrag å utføre uavhengige verdivurderingar av Telenor. Totale aktiva i konsernet er av konsulentane verdsette til 30-36 mrd. kroner pr. juni 1997, medan selskapet blei verdsett til om lag 24 mrd. kroner ved etableringa. Føremålet med den førre verdsettinga var å kome fram til ein opningsbalanse for statsaksjeselskapet. Trass i skilnaden i tilnærming, meiner departementet at ein med dei nye verdivurderingane likevel har fått sannsynleggjort at Telenor har auka tilfredsstillande i verdi sidan omdanninga til statleg aksjeselskap frå 1. november 1994.

       Konsulentane meiner at Telenor har vore dyktig til å tilpasse seg ein marknad med stadig aukande konkurranse. Det blir mellom anna vist til dei store prisreduksjonane som er gjennomførte, og at Telenor hevdar seg godt på dei allereie sterkt konkurranseutsette vekstområda som mobil- og satellittkommunikasjon og ulike verdiaukande tenester. Samferdselsdepartementet har særleg merka seg at det er Telenors konkurranseevne på desse vekstområda som medverkar til den verdiauken som konsulentane sannsynleggjer. Hadde ikkje Telenor greidd å effektivisere og omstille den tradisjonelle basisverksemda og oppnådd den sterke posisjonen på dei nye vekstområda, ville ikkje berre verdien av Telenor blitt vesentleg redusert, men ein hadde heller ikkje klart å oppretthalde talet på arbeidsplassar i verksemda.

       Departementet meiner at det særleg i den internasjonale ekspansjonsfasen som konsernet no er på veg inn i, er behov for å legge større vekt på slike supplerande verdivurderingar. I den samanheng ser departementet det som særleg viktig at Telenor også legg opp til å gjennomføre separate verdivurderingar av dei internasjonale engasjementa på regelmessig basis.

       Samferdselsdepartementet vil framleis leggje eit høgt avkastningskrav på Telenor. For å få eit meir dekkjande bilete av den reelle avkastinga i ein periode med stor etablering av ny verksemd, særleg internasjonalt, vil den ordinære finansrekneskapen bli supplert med meir verdiorienterte vurderingar av verksemda. Departementet vil inntil vidare leggje til grunn eit avkastningskrav på minimum 13 % før skatt.

       Det er behov for å etablere ein langsiktig og stabil utbyttepolitikk overfor Telenor AS. Ikkje minst av styringsmessige omsyn er det viktig at eigaren, etter at retningslinene er lagt, ser på utbyttepolitikken som forpliktande, og det difor berre blir gjort avvik frå den dersom særskilte omstende inntrer.

       Telenor er inne i ein ekspansjonsfase på ein marknad der det skjer store omveltingar, og der det er god tilgang på interessante investeringsprosjekt. Fortenestenivået i bransjen har vore høgt, og storleiken på marknaden veks som følgje av teknologiutviklinga og innføring av generell konkurranse både på regionalt og globalt nivå.

       Med slike utsikter vil eit relativt lågt utbyttenivå i denne fasen vere det som best legg til rette for utnytting av Telenors verdiskapingspotensial og størst mogleg samla avkasting for eigaren.

       Sjølv om det er sterke argument for å leggje seg på eit lågt utbyttenivå i dei næraste åra, vil det kunne verke uheldig om utbyttepolitikken for Telenor avvik mykje frå kva som normalt er tilfelle for samanliknbare bedrifter. Ut frå ei samla vurdering vil Samferdselsdepartementet foreslå at utbytte frå Telenor AS inntil vidare blir fastsett til 30-40 % av resultatet etter skatt.

       Regjeringa tek sikte på å utarbeide generelle prinsipp for fastsetjing av avkastningskrav og utbyttepolitikk i statlege selskap i 1998, og ein vil difor eventuelt måtte komme attende til avkastningskravet og utbyttepolitikken også for Telenor i St.prp. nr. 1 for 1999.

6.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til Telenors sentrale rolle i telepolitikken i Norge, og at den bare kan ivaretas gjennom at Telenor ligger i front teknologisk. Dette innebærer et behov for store investeringer i årene framover.

       Komiteen understreker derfor viktigheten av en langsiktig og stabil utbyttepolitikk, og at lavt utbyttenivå de nærmeste år vil legge til rette for den beste utnytting av Telenors verdiskapingspotensial.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, understreker betydningen av en forutsigbar utbyttepolitikk for Telenor. Flertallet vil understreke at staten som eier av Telenor, må sikre et solid økonomisk fundament for selskapet. Flertallet mener at Telenor må gis mulighet for økt deltakelse i telesektoren internasjonalt. Dette krever at Telenor har mulighet for langsiktig teknologisk, markeds- og økonomisk planlegging.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti forutsetter at Regjeringa i forbindelse med St.prp. nr. 1 (1998-1999) vil komme til Stortinget med et forslag til generelle prinsipp for fastsetting av avkastningskrav og utbyttepolitikk for statlige selskaper.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil peke på det paradoksale i at den samme regjering som fremmet forslag om å øke utbytte til staten fra Telenor fra 300 mill. kroner til 475 mill. kroner i Regjeringen Bondeviks statsbudsjett for 1998, i St.prp. nr. 33 (1997-1998) fremmer forslag om å tilføre 2 mrd. kroner i statlig kapital.

       Disse medlemmene ser det problematiske ved mangelen på den forutsigbarhet Telenor opplever ved at det er salderingen av statsbudsjettet som i stor grad styrer eierens utbyttepolitikk. Dette gjør det vanskeligere for selskapet å planlegge sin virksomhet. Ved å få private eiere inn i Telenor ville selskapet kunne oppnå større forutsigbarhet i eiernes utbyttepolitikk og det vil bli enklere å planlegge den videre virksomhet.