Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om målbruk i offentleg teneste.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 174 (1997-1998)
  • Kildedok: St.meld. nr. 13 (1997-98)
  • Dato: 30.04.1998
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 9

1. Samandrag

       Etter § 10 i lov om målbruk i offentleg teneste skal Kongen minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste. Etter at den førre meldinga vart behandla i 1992, er det skjedd ei omorganisering og intensivering av departementet sine tilsynsfunksjonar etter lova. Mellom anna er ein del oppgåver overførte til Norsk språkråd. Det er først no ein kan vurdere effekten av desse endringane og kan presentere eit fyldigare grunnlagsmateriale for Stortinget.

       Hovudbolken i meldinga er rapportering om etterleving av føresegnene som gjeld for bruk av bokmål og nynorsk i statstenesta, jf. kap. 2 og 3.

       Kap. 2 viser at det enno skortar mykje på at alle statsorgan etterlever kravet om minst 25 % av kvar målform i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. På visse område har det likevel vore stor framgang dei siste åra, særleg gjeld dette målbruken i dokument frå regjeringa til Stortinget. Dette må sjåast i samanheng med det intensiverte tilsynsarbeidet dei siste åra. Røynslene frå dette arbeidet gir grunn til å vone at denne framgangen vil halde fram, slik at alle statsorgan snarast råd vil kunne oppfylle dei kvantitative minstekrava i lova.

       Det blir under pkt. 2.5 gjort framlegg om at kvart statsorgan skal etablere instruksfesta interne samordnings- og registreringsrutinar for veksling mellom målformene, og det blir lagt opp til systematisk offentleggjering av den årlege målbruksstatistikken som departementet og Norsk språkråd utarbeider. Under pkt. 2.6 blir det drøfta om det kan vere tenleg å endre kravet til kvantitativ fordeling mellom målformene, men konklusjonen er å vidareføre dei føresegnene som no gjeld.

       Kap. 3 gjer greie for tilsynsarbeidet i høve såkalla faste målbrukssituasjonar, målform i skjema og blankettar, statleg målform i hopehav med private og med kommunar og fylkeskommunar, målform i eksamensoppgåver. Det blir også gitt ein rapport om kompetanse- og opplæringssituasjon med omsyn til nynorskkunnskapar hos medarbeidarane i staten.

       Eit nytt tema i høve til tidlegare målbruksmeldingar er drøftinga av dei utfordringane som informasjons- og kommunikasjonsteknologien representerer for norsk språk generelt og for måljamstillinga spesielt, jf. kap. 4. Kapitlet konkluderer med ei tilråding om å byggje ut Norsk språkråd til også å femne om eit sekretariat for språkteknikk. Dette er tenkt som eit verkemiddel for å sikre at norsk språk i framtida kan tene som eit fullverdig uttrykksmiddel også i arbeidet med avansert teknologi. Dette er viktig for å førebyggje såkalla domenetap for norsk språk.

       Kap. 5 drøftar verkeområdet for mållova, særleg i lys av dei omorganiseringane som er gjennomførte i statleg sektor dei seinare åra, ikkje minst innanfor samferdselssektoren. Meldinga tilrår å setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut aktuelle problemstillingar.

       Kap. 6 gjer greie for Norsk språkråd og behovet for å utvikle dette organet til å ta seg av ein del nye oppgåver i åra framover.

       Kap. 7 omtalar økonomiske og administrative konsekvensar av meldinga. Dette avgrensar seg til den utbygginga av Norsk språkråd som følgjer av kap. 2, 4 og 6. Alt i alt er dette kvantifisert til ein auke i dei årlege driftsutgiftene på 3 mill. kroner.

Nærare om særskilte kapitler i meldinga

Informasjonsteknologiens verknader for norsk språk og for måljamstillinga

       Bruken av edb og nye former for elektronisk kommunikasjon har gitt heilt nye rammer for språkleg verksemd. Ein stadig aukande del av dei tekstane som blir laga i både offentleg og privat verksemd, ligg i dag føre som elektroniske dokument.

       Dei mest avanserte produkta for tekstbehandling vil vere utvikla for engelsk språk. Langt over 90 % av den internasjonale teksttrafikken på Internett går i dag føre seg på engelsk. Nye former for avanserte produkt for tekstbehandling som er utvikla for engelsk, kan lokke mange større verksemder og grupper av privatpersonar til å nytte engelsk også i innanlands korrespondanse, både på grunn av lågare pris og dei nye funksjonane i produkta. Denne situasjonen kan samla sett gi så dramatiske verknader for norske språktilhøve, også for jamstillingsarbeidet, at det er grunn til å vurdere ei større nasjonal satsing for å fremje norsk språkbruk i det informasjonssamfunnet vi er på veg inn i.

Måljamstilling i elektronisk informasjonstilfang og korrespondanse

       Bruken av elektronisk program til støtte for tekstproduksjon, saksbehandling og arkivering reiser ei rad av nye problemstillingar når det gjeld bruken av dei to målformene.

       I 1994 tok Noregs Mållag opp desse spørsmåla og departementet omtala saka slik i budsjettproposisjonen for 1995 (s. 85):

       « Eit særleg problem mellom anna for måljamstillingsarbeidet i det offentlege er at ulike edb-program oftast berre blir laga i en bokmålsversjon. På denne måten gjer teknologien sitt til å redusere bruken av nynorsk og hindre at nynorskbrukarane får oppfylt dei språklege rettane sine. Det gjer også at det i mange samanhengar blir vanskeleg eller umogleg å etterleve lov om målbruk i offentleg teneste. Departementet vil no ta initiativ til ei nærmare kartlegging av situasjonen på dette området som grunnlag for å vurdere realistiske tiltak med sikte på ei betre jamstilling mellom bokmål og nynorsk. »

       Departementet følgde opp dette ved å be Norsk språkråd sjå nærmare på korleis mållova blir praktisert i høve til ulike elektroniske kommunikasjonsmåtar, og Språkrådet sende i 1996 eit spørjeskjema om dette til i alt 100 statsorgan. Dei vart bedne om å gi eit oversyn over målform i databaserte standardbrev, løyve og formular, i databasar, i web-sider og elektroniske filer for nedlasting, i elektroniske skjema og blankettar, i anna elektronisk materiale, og det vart spurt etter planar om databaserte skriv, databasar o.l. som kjem inn under lova.

       Det var til dels dårleg kvalitet på dei 79 svara som kom inn, og som gjeld situasjonen hausten 1996. Kartlegginga gir såleis ikkje noko fullgodt bilete av alt som finst av relevant elektronisk materiale. Granskinga gir likevel ein klar indikasjon på at det står heller dårleg til med måljamstillinga på dette området.

       I tida framover vil tilgjengeleggjering av offentleg informasjon på web (verdsveven) bli meir og meir vanleg. Her er det derfor særleg viktig å følgje med i språkbruken. Språkrådet si undersøking for 1997 vil gi meir detaljert informasjon om bruken av dei to målformene på dette området.

       Elles har departementet i ulike samanhengar teke opp spørsmålet om korleis ein kan sikre ei betre jamstilling mellom dei to målformene når ein legg til rette tenester for t.d. elektronisk tekst- og kjeldeproduksjon. I ein ny handlingsplan for informasjonsteknologi på kulturområdet er spørsmålet om det norske språket i høve til den nye teknologien gitt brei omtale. Departementet er også engasjert i det EU-baserte arbeidet med å sikre språkleg mangfald i Europa.

       Som oppsummering vil departementet peike på følgjande: Opplegg av parallelle skjema, malar og andre tekstar på bokmål og nynorsk er mangelfullt gjennomførte i dei ulike etatane. Det er få eller ingen tekniske hindringar for at dette kan gjerast slik at ei språkleg jamstilling kan gjennomførast. Samanlikna med produksjon av trykte skjema o.a. i begge målformer, er det no også billigare å gjennomføre full jamstilling. Tilrettelegging av til dømes elektronisk baserte verktøy for saksbehandling i begge målformer er meir komplisert og til dels svært kostnadskrevjande. I tida framover må ein vere særleg merksam på målbruken i web-baserte tenester.

Elektroniske språkverktøy i høve til dei nasjonale språkpolitiske måla

       I eit notat frå Noregs Mållag frå 1994 er det peikt på at det finst få nynorskversjonar for edb i staten, og at den kan vere vanskeleg å få til slike etter at systema er laga ferdig. Nynorskbrukarar som klagar på dette, får som før stempel som maskråker som kjem med krava sine når alt endeleg er i orden. Ofte blir nynorskversjonar utførte i all hast og stundom berre delvis.

       I notatet blir det teke til orde for at staten må definere ein politikk for måljamstilling i programvare og skaffe fram eit oversyn over stoda. Sjølv om situasjonen dei siste åra truleg har endra seg i positiv lei på visse område når det gjeld parallellutgåver av programvare o.a., er det grunn til å halde fast i det prinsipielt viktige i denne saka: I framtida vil gjennomføringa av dei lovheimla krava til måljamstilling i stor mon vere avhengig av at det finst språklege hjelpemiddel også på nynorsk når det gjeld tekstproduksjon, meldingshandtering, informasjonssøking, saksbehandling og arkivering. Det vil såleis vere dei informasjons- og kommunikasjonsteknologiske hjelpemidla som i høg grad kjem til å avgjere den framtidige bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Eit problem i så måte er at mållova ikkje seier noko om lik tilgang på nynorsk- og bokmålsversjonar når det gjeld elektronisk baserte verktøy for tekstproduksjon og informasjonshandtering.

       Regjeringa vil arbeide for å styrkje norskspråkleg programutvikling og utvikling av norskspråklege utgjevingar på CD-rom. Det er etablert kontakt mellom Kulturdepartementet og Planleggingsdepartementet om behovet for å sjå nærmare på kva føresegnene i mållova vil ha å seie i programutvikling og nettpublisering.

       Storparten av dei programvarene vil brukar er utanlandske, for en stor del amerikanske. Ettersom Noreg er ein svært liten marknad, vil ei norsk tilrettelegging frå produsenten i beste fall bli svært overflatisk og truleg ikkje omfatte dei mest avanserte språkverktøya. Det blir derfor viktig å finne fram til ei samarbeidsform med internasjonale produsentar for å innarbeide fullgode språkverktøy for norsk. Det særspråklege grunnlagsarbeidet må Noreg sjølv gjere. Dette har også ei kostnadsside.

       Den norske språkpolitikken som krev jamstilling mellom bokmål og nynorsk, og som dessutan inneber at vi skal ta omsyn til fleire jamstilte ord- og bøyingsformer, vil bli enda meir komplisert og arbeidskrevjande i det komande teknologiske informasjonssamfunnet. Målet må vere å utvikle ein norsk språkteknikk i tekstbehandlingssystem, i databasar, i spørje- og dialogsystem, på Internett osv. som er på høgde med det ein i dag finn på marknaden for engelsk og fleire av dei større språka i Europa.

       Ny teknologi vil altså endre mange av dei tradisjonelle rammevilkåra for arbeidet med språkleg jamstilling. Departementet konstaterer at den teknologiske utviklinga med relevans for norske språktilhøve no går så raskt at det er nødvendig å setje i verk nye tiltak på ei rekkje område. Det blir mellom anna viktig å bruke fagkunnskap i skjeringspunktet mellom språk og informasjonsteknologi, inngå nye alliansar med industri og næringsliv på teknologiområdet, og å skaffe fram eit best mogleg oversyn over aktuelle utviklingstendensar. Dette gjeld både innanfor basisteknologi, brukarprogram og tenesteyting og ikkje minst når det gjeld konsekvensane av utviklinga på desse områda for norske språkbrukarar.

       Det trengst eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administrative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel blir tekne i bruk. Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o.a. på begge målformer.

Ein nasjonal innsats for bruk av norsk språk i informasjonssamfunnet

       Dei aktuelle trugsmåla for norsk språk i framtida finn vi også innanfor mange andre språkområde. Nye massemedium og ny elektronisk kommunikasjonsteknologi kjenner ingen nasjonale grenser.

       Kompleksiteten i dei nye språkteknologiske produkta gjer at en ikkje ved enkle grep kan tilpasse produkta til bruk i Noreg. Skal det kunne skje, må vi ha tilgjengeleg i nynorsk- og bokmålsversjon dei språkmodulane som ligg føre for engelsk i den originale utgåva. Dersom vi ikkje er i stand til å gjere dette tilretteleggingsarbeidet, som igjen må vere grunnlagt på norskspråkleg forskings- og utviklingsarbeid, vil mange brukarar i Noreg truleg gå over til å nytte engelskspråklege versjonar for å få del i det sterkt auka brukspotensialet i dei nye produkta. Slik vil det mellom anna kunne gå innanfor konkurranseutsett eksportretta næringsliv. Dette vil truleg smitte over til undervisning og forsking. Dei samla språkpolitiske verknadene av dette kan bli store. Vi må derfor ruste oss til kamp for i det heile å kunne nytte norsk på alle bruksområde i eit stadig meir teknologisk samfunn.

       Å kunne utvikle frå botnen av dei avanserte systema for tekst- og talehandtering vil berre unntaksvis bli mogleg. Slik produktutvikling krev normalt særs store utviklingskostnader, og på mange felt manglar vi den nødvendige fagkompetansen i dag. Det er altså inga enkel løysing på dei alvorlege utfordringane vi her står overfor som kulturnasjon.

       Derfor må det satsast strategisk og langsiktig for å byggje opp dei kompetansemiljøa som trengst innanfor språkvitskap på relevante område og i fagmiljø som arbeider med terminologi, omsetjing og dokumentasjon. Like viktig er det at sterke industrieiningar kan spesialisere seg på utvikling og tilpassing av nye generasjonar av språkverktøy. Oppgåvene er så store at dei krev koordinerte løysingar på nasjonal basis, aktiv medverknad frå fleire departement, frå industrien og frå Noregs forskingsråd. Samstundes bør vi også søkje samarbeid med internasjonale programvareprodusentar og språknasjonar som er i same situasjon.

       Innanfor EU har det vore arbeid mykje med situasjonen til dei små nasjonalspråka i det komande internasjonale informasjonssamfunnet. I viktige strategidokument dei siste åra er det understreka at det er eit overordna politisk mål å sikre det språklege mangfaldet i Europa. Nyleg har EU-kommisjonen sett i gang eit eige utviklingsprogram for å styrkje bruken av nasjonalspråka i Europa og ikkje minst i elektronisk basert tenesteutvikling. Programmet er kalla Multilingual Information Society (MLIS). Sentrale innsatsområde er fleirspråkleg omsetjing, terminologisamarbeid og oppbygging av elektroniske språkressursar for dei ulike nasjonalspråka i form av tekstar, vokabular o.l. til felleseuropeisk bruk i språkleg utviklingsarbeid.

       Kulturdepartementet har sett det som viktig at Noreg tek aktiv del i dette programsamarbeidet og har teke på seg å koordinere den norske innsatsen i samarbeid med KUF og NHD. Dette kan ikkje kome i staden for ei nasjonal satsing på å byggje opp avanserte former for språkprodukt. Den nasjonale innsatsen er heilt nødvendig og er også på mange vis ein føresetnad for samarbeid på europeisk nivå.

       Før MLIS-programmet vart satt i gang, hadde det i fleire år vore arbeidt med eit særprogram for språkteknologi (language engineering) innanfor ramma av EUs forskings- og utviklingsprogram for telematikk. Noreg har fram til no vore lite med i dette arbeidet, som på mange område opparbeider metodegrunnlaget for ulike marknadsprodukt for språkstøtte og elektronisk basert tenesteyting. Dei siste to åra er det likevel kome i gang fleire tiltak innanfor språkteknologi med finansiering både frå Noregs forskingsråd, EU-midlar og næringslivet (Telenor). Dette viser at dei utfordringane som gjeld norsk språk i teknologisk informasjonsteneste, no blir tekne på alvor.

       Eit nyleg gjennomført kartleggingsprosjekt som har femna om 17 ulike europeiske nasjonar (EUROMAP) viser klart at Noreg i dag har særs lite marknadsretta utviklingsarbeid å vise til innanfor området språkteknologi. Samarbeidet mellom dei faglege språkmiljøa våre og industrien er også sterkt avgrensa. Her skil Noreg seg i dag negativt ut samanlikna med både Finland, Danmark og Sverige. I Sverige har det såleis frå 1990 til 1996 vore gjennomført eit eige forskings- og utviklingsprogram for språkteknologi til ein kostnad på om lag 50 mill. svenske kroner. Det er nyleg lyst ut eit oppfølgingsprogram for 1997-1999, og med høve til å søkje ei utviding på tre nye år. Innsatsramma er i første steget på om lag 20 mill. svenske kroner. Formålet med dette siste programmet er å utvikle og betre metodane og teknikkane for elektronisk bearbeiding av naturleg språk, særleg svensk språk, både i tale og skrift, å utvikle, evaluere og spreie språkverktøy og svenske språkressursar, og å skaffe fram konkrete resultat i form av data, metodar, verktøy og system.

       I Kulturdepartementets handlingsplan for informasjonsteknologi på kulturområdet er det i eit eige kapittel mellom anna gitt ein omtale av dei viktigaste oppgåvene som bruk av ny teknologi gir for departementet i åra som kjem. Som eige tiltak er det gjort framlegg om at det blir etablert eit sekretariat for språkteknikk.

Verkeområdet for mållova

       I innstillinga til den førre målbruksmeldinga ( Innst.S.nr.17 (1992-1993)) peika den daverande kyrkje- og undervisningskomiteen om verkeområdet for mållova m.a. på at:

       « ... området mållova gjeld for, har vorte innsnevra etter 1980, slik at ho ikkje er tilpassa situasjonen i dag. Fleirtalet meiner derfor at det bør gjennomførast ei utgreiing om eventuelt å endre noverande lov. »

       Departementet har til no funne det rett å konsentrere innsatsen om den ordinære statsforvaltninga.

       Ein har sett det som vanskeleg å vurdere ei utviding av verkeområdet for mållova så lenge det skortar mykje på at målbruksreglane blir etterlevde der lova tvillaust gjeld. Det er fleire grunnar til at dette no stiller seg annleis, og at det er nødvendig å sjå nærmare på nokre av dei spørsmåla stortingskomiteen peikte på i 1992, særleg spørsmålet om regulering av målbruken i statlege verksemder av ulike slag.

       Viktigast i så måte er at utviklinga i retning av fristilling av statleg verksemd har skote ny fart sidan 1992, ikkje minst på samferdselssektoren. I kjølvatnet av dette er det til dels oppstått tvil og ugreie om verkeområdet for mållova, både med omsyn til det rettslege grunnlaget for avgrensinga og den praktiske handhevinga av spørsmålet. Dette har skapt ei gråsone som er breiare enn tidlegare, og situasjonen framstår for mange som uklar, noko som også legg hindringar i vegen for tilsynsarbeidet.

       Det er omgrepet « organ for stat, fylkeskommune og kommune » i § 1 som er utgangspunktet for avgrensing av verkeområdet for mållova. I § 2 er det fastsett av dei nærmare reglane i lova berre gjeld for statstenesta, slik at det som i røynda blir gjenstand for tolking er « organ for staten ». Med utgangspunkt i forarbeida til lova, jf. Ot.prp. nr. 52 (1978-1979), har departementet for enkelte typar av verksemder lagt avgjerande vekt på eit reint formelt kriterium, nemleg den rettslege organiseringa aleine.

       Såleis har aksjeselskap organisert etter eiga lov utan vidare vore sett på som statsorgan etter mållova, mens statlege aksjeselskap organiserte etter den vanlege aksjelova og selskap organiserte etter den tidlegare lova om visse statsbedrifter har falle utanfor verkeområdet til mållova. Når det gjeld den seinare lova om statsføretak, er det i forarbeida uttalt at det er klart at mållova ikkje vil gjelde.

       Etter ei fråsegn som Lovavdelinga i Justisdepartementet har kome med, kan ikkje dette administrativt greie avgrensningsgrunnlaget utan vidare leggjast til grunn. Lovavdelinga meiner i staden at

       « problemstillingen etter målbruksloven § 1 (...) vil være den samme som etter forvaltningsloven § 1 (og for så vidt også etter offentligshetsloven § 1), nemlig at det må bero på en konkret vurdering om en statlig virksomhet som er skilt ut som eget rettssubjekt skal anses som et organ for staten. »

       Dette inneber at det i prinsippet må gjerast ei vurdering av kvar enkelt statleg verksemd som er organisert som eige rettssubjekt, og at konklusjonen framstår som resultatet av ei samla vurdering av fleire ulike faktorar som alle har å gjere med kor tett statleg tilknyting den aktuelle verksemda kan seiast å ha.

       For dei fleste av virksomheitene som endrar si tilknytningsform gjeld at det ikkje uttrykkjeleg er teke stilling til om mållova skal gjerast gjeldande, og departementet er ikkje viss på om det noverande lovgrunnlaget utan vidare er eigna til å gi ei formålstenleg og administrativt praktikabel avklaring av den situasjonen som dei mange omdanningane dei siste åra har skapt.

       Formålet med mållova har både ei individuell og ei kollektiv side. Ho skal såleis sikre retten for den enkelte språkbrukar til å kunne bruke og motta den målforma han ønskjer, og ho skal sikre ein viss balanse i den totale bruken av dei to målformene i det offentlege. Staten har derfor lovfesta visse krav til seg sjølv, krav som i utgangspunktet gjeld alle typar verksemd der ein nyttar seg av skriftleg utforming. Dette er eit spesifikt kulturpolitisk formål som ikkje i og for seg har noko å gjere med verksemda i seg sjølv. Det er derfor ikkje sikkert at verkeområdet for mållova utan vidare bør falle saman med verkeområdet for forvaltningslova og offentlegheitslova.

       For å signalisere at dei to målformene kan og skal brukast i alle samanhengar, er det viktig at dette blir avspegla i all verksemd der staten er involvert.

       Det kan likevel tenkjast at ikkje alle reglane i mållova høver like godt for dei utskilde verksemdene som for tradisjonelle forvaltningsorgan, og at også måljamstillingsomsyn vil tene på ei forenkling og praktisk tilpassing.

       Dette reiser mange ulike problemstillingar, og departementet vil derfor setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut desse spørsmåla og vil eventuelt kome tilbake til Stortinget med framlegg til lovendringar.

       Arbeidsgruppa må ha representantar frå andre særleg involverte departementet, Norsk språkråd, Noregs Mållag og dei omdanna tidlegare forvaltningsbedriftene. Kulturdepartementet vil dessutan sjå til at nødvendig juridisk kompetanse blir representert i gruppa.

       Arbeidsgruppa bør m.a:

a) utarbeide oversikter over
- forvaltningsbedrifter og andre forvaltningsorgan som heilt eller delvis er utskilde frå statsforvaltninga etter at mållova tok til å gjelde 1. januar 1981
- sjølvstendige rettssubjekt med ulike former for organisatorisk og/eller økonomisk tilknyting til staten, både slike som heilt eller delvis vidarefører verksemd som tidlegare vart utført i dei utskilde organa, og slike som utfører oppgåver som ikkje tidlegare har lege til statsforvaltninga
b) gjere greie for dei mest frekvente og/eller viktige utoverretta språkfunksjonane i dei ulike gruppene av sjølvstendige rettssubjekt sett i samanheng med regelverket, og vurdere om desse heilt eller delvis bør omfattast av mållova
c) foreslå eventuelle endringar i regelverket
d) vurdere om det bør vere nærmare reglar for målbruk også for kommunar og fylkeskommunar, og i tilfelle kva innhald og verkeområde slike reglar bør ha.

Norsk Språkråd - viktige arbeidsoppgåver framover

       For språkvernarbeidet vil særleg to målgrupper vere viktige: dei som har sterk språkleg påverknad, og dei som er særleg utsette for påverknad. I den første gruppa finn vi alle massemedia, forlaga, bedrifter og utdanningsinstitusjonar innanfor reklame og informasjonsteknologi, og bedrifter og anna verksemd med brei internasjonal kontakt. I den andre gruppa finn vi barn, unge og studentar, og tilsette i verksemd som inngår i internasjonale konsern, eller som har omfattande internasjonal kontakt. Meir generelt vil alle norske språkbrukarar vere målgruppe for tiltak som styrkjer bruken av norsk språk.

       Norsk språkråd må setjast i stand til å arbeide meir med tiltak som vernar norsk språk mot domenetap, og som sikrar at norsk også for framtidige generasjonar vil opplevast som eit fullgodt kultur- og bruksspråk på alle område. Det er viktig å leggje eit føre var-prinsipp til grunn for arbeidet, som sjølvsagt må ha eit langsiktig perspektiv. Det er ikkje tale om ei fullstendig omlegging av Språkrådets verksemd, men om ei sterkare vektlegging av eit arbeidsområde som tidlegare har vore lågare prioritert i det praktiske arbeidet. Ei slik omlegging må gjerast utan at dei noverande oppgåvene blir skadelidande. Mange av desse oppgåvene er dessutan sentrale også for språkvernarbeidet, men dei må gripast tak i på ein meir pågåande og resultatorientert måte. Språkrådet må bli ein meir utoverretta organisasjon der informasjon og haldningsskapande arbeid står sentralt, og det må etablerast god kontakt med relevante språkbrukarmiljø og industrielle tiltak som utviklar IT-program og elektroniske tenester.

       Departementet vil vidareføre drøftingane med Språkrådet om desse spørsmåla i tida framover.

2. Økonomiske og administrative konsekvensar

      Dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegga i denne meldinga avgrensar seg i all hovudsak til ei styrking av sekretariatet i Norsk språkråd, dels for å kunne møte dei utfordringane som utviklinga av informasjonsteknologien representerer for norsk språk.

       Kulturdepartementet legg til grunn at dette alt i alt vil krevje ei årleg styrking av driftsbudsjettet til Norsk språkråd med overslagsvis 3 mill. kroner.

3. Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at St.meld. nr. 13 (1997-1998) er en oppfølging av målloven § 10.

       Flertallet viser til den intensivering og omorganisering som har skjedd av departementets tilsynsfunksjoner. Flertallet vil påpeke at det har vært forbedringer av arbeidet med målbruken i det offentlige, men vil likevel påpeke at de kvantitative minstekrava i loven må oppfylles.

       Flertallet vil påpeke at alle henvendelser fra publikum skal besvares i den målform disse selv har valgt. I de påfølgende meldinger bør det utarbeides en oversikt over omfanget av klager på slike tilfeller.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner at meldinga gir ein god analyse og dokumentasjon av situasjonen for målformene i statstenesta. Det er eit felles nasjonalt ansvar å sikra og styrka nynorsk språk. Dette fleirtalet meiner vidare at mållova er heilt sentral for vår evne til å ta vare på kulturarven og identiteten vår. Dette fleirtalet ser positivt på framlegget om forskriftsfesta målbruksplanar, likeins at kapittelet om språk og ny informasjonsteknologi er så grundig behandla i meldinga. Det vil lett kunna bli slik at dersom ikkje staten tek den kulturpolitiske styringa når det gjeld språk og IT, vil tilfeldige programvareutviklarar kunna leggja føringer på utviklinga av norsk språk.

       Dette fleirtalet ser også positivt på viljen til å styrka funksjonane til Norsk Språkråd.

       Dette fleirtalet er glad for at meldinga så grundig har dokumentert språksituasjonen i staten og har ein del gode intensjonar om kva som bør gjerast her.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at nynorsk og bokmål er likestilte språkformer i Norge. Språkene er så lik hverandre at det ikke er vanskelig for noen nordmenn å forstå begge, uavhengig av hvilken språkform vi har som vårt hovedmål. Disse medlemmer finner det følgelig naturlig at de to språkformene får utvikle seg fritt uten offentlige reguleringer som bestemmer bruken. Innenfor offentlig forvaltning vil det være naturlig at den enkelte tjenestemann selv får velge hvilken språkform han ønsker å bruke i sin korrespondanse. Det viktigste er at han benytter et korrekt og godt norsk, og uttrykker seg presist og lett forståelig, uavhengig av om det er på nynorsk eller bokmål.

       Godt språk vil alltid være viktigere enn målform, og dårlig nynorsk i forvaltningen vil skade holdningen til nynorsk mer enn manglende oppfølging av målloven. FrP registrerer at tilslutningen til nynorsk i befolkningen ligger et sted mellom 10 og 15 %. Mange skoleelever opplever i dag kravet om tvungen sidemålsopplæring som urimelig, noe de mener de aldri vil få bruk for.

       Disse medlemmer mener følgelig at det er unødvendig med en egen lov som regulerer målbruk i offentlig tjeneste. Den nåværende målloven virker fordyrende og byråkratiserende på offentlig virksomhet. I dag følges ikke loven, selv ikke av tjenestemenn som er ansatt ved offentlige kontor. Dersom loven skal følges, er det nødvendig med dyre kontrollrutiner.

       Disse medlemmer har merket seg at departementet vil nedsette en arbeidsgruppe for nærmere vurdering av mållovens virkeområde, og at denne vurdering gjelder bedrifter og virksomheter som er utskilt fra staten. Dersom departementet mener det er behov for en bredere gjennomgang, vil disse medlemmer bemerke at Riksmålsforbundet må være representert i arbeidsgruppen på lik linje med Noregs Mållag, da disse organisasjoner er å anse som likeverdige språklige interesseorganisasjoner.

       Disse medlemmer er også uenig i at statlige bedrifter som er blitt enten aksjeselskap, legat i stiftelse e.l. skal underlegges Lov om målbruk i offentlige tjenester.

       Disse medlemmer mener derfor at loven bør oppheves, og at offentlig ansatte bør ha mulighet til selv å velge språkform ut fra alminnelige hensiktsmessige betraktninger.

Tilsynsarbeidet

Tilsynsfunksjonen

       Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at tilsynet med målbruk i offentlig tjeneste siden 1994 har vært delt mellom Kulturdepartementet og Norsk Språkråd.

       Disse medlemmer mener denne ansvarsdelegering er uheldig, spesielt fordi Språkrådet ikke har instruksjonsmyndighet i forhold til de organer de settes til å kontrollere. Det synes likevel som Språkrådets innsats har hatt positiv innvirkning på statsorganenes vilje til å etterleve målloven.

       Disse medlemmer mener at ansvaret for at målloven følges primært må ligge på hvert enkelt organ, dette vil også være i tråd med mållovens forarbeider. Det heter i Innst.O.nr.31 (1979-1980):

       « Tilsynsplikten bør liggja i departementet som m.a. vil ha ansvaret for å spreia informasjon, handsama klagesaker og førebu meldingar om utviklinga på dette området til Stortinget.
       Nemnda er samd med departementet i at ansvaret for og tilsynet med praktiseringa av lova bør fylgja vanlege ansvarsreglar i forvaltninga. »

       Disse medlemmer mener det fortsatt bør være slik, ikke minst for å forhindre uklare ansvarsforhold og ansvarspulverisering.

       Disse medlemmer mener at Norsk Språkråds oppgave i første rekke må være å kvalitetssikre målbruken for begge målformer.

Målbruken i pressemeldinger, rundskriv, kunngjøringer o.l.

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet mener at reglene er såpass klare at kontroll med oppfølgingen av loven burde være forholdsvis enkel. Tabell 2.3 viser en nynorskprosent på 31 i dokument på inntil 10 sider og 16,1 i større publikasjoner. Disse medlemmer har merket seg at nynorskprosenten i større publikasjoner fortsatt er for lav i forhold til forskriftenes § 6, men disse medlemmer vil bemerke at en her ser en positiv utvikling som tyder på at departementene i større grad enn tidligere tar målloven på alvor. En økning fra 7,6 i 1994 til 16,1 i 1996 er bra, men likevel ikke tilfredsstillende i forhold til kravet om minst 25 % nynorsk. Disse medlemmer vil understreke at kravet til språkveksling gjelder alle departement, og disse medlemmer finner det bemerkelsesverdig at tydeligvis ikke alle departement har klare rutiner for språkveksling. Disse medlemmer vil understreke det enkelte kontors ansvar for å innarbeide rutiner som gjør det enklere både å følge lovens bestemmelser og å etablere kontrollrutiner som letter tilsynsarbeidet.

De enkelte departementene

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at Forsvarsdepartementet, Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet ikke følger opp bestemmelsene i målloven. Disse medlemmer vil understreke at målloven er en forvaltningslov, og det påligger den administrative ledelse i departementene å påse at de forvaltningsmessige lover og regler følges i enhver sammenheng. Disse medlemmer mener det er alvorlig om departementenes ledelse ikke tar sitt klare ansvar for å etablere internrutiner som sikrer at alle forvaltningslover følges, da dette kan ha betydelig smitteeffekt nedover i organisasjonen.

Tilsynet med andre sentrale statsorganer

       Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at dette ansvar siden 1994 har vært tillagt Norsk Språkråd.

       Disse medlemmer har merket seg at det synes som om det i de ulike statsorgan hersker usikkerhet om hvilke skrifter som faller inn under lovens virkeområde. I pkt. 2.3.4 sies at:

       « dei viktigaste feilkjeldene er uklare førestellingar om kva slags tilfang som skal rapporterast, at ikkje alt tilfang som skal rapporterast er kome med, at det kan ha skjedd feiltolkingar ved samanfattinga av svara. »

       Dette tyder på at det er behov for en klargjøring av hvordan målloven skal praktiseres. Disse medlemmer har f.eks. merket seg at det rapporteres at

       « den låge gjennomsnittsprosenten under Fiskeridepartementet heng saman med mykje bokmålstilfang hos Havforskningsinstituttet, for det meste forskningsrapportar ».

       Disse medlemmer mener at forskningsrapporter klart faller utenfor lovens virkeområde, mens f.eks. reguleringsbestemmelser fattet på grunnlag av slike rapporter kommer inn under § 8 1. ledd. En slik grenseoppgang må gjøres av det enkelte statsorgan selv. Der underliggende organ er i tvil, er det departementet som avgjør om en publikasjon faller innenfor eller utenfor mållovens krav til språkveksling. Statistisk sammenblanding av skrifter innenfor og utenfor lovens virkeområde tilslører i hvilken grad det enkelte kontor etterlever den språklige forvaltningslov, og gjør det vanskeligere å treffe de fornødne tiltak.

       Disse medlemmer har merket seg at:

       « den gjennomgåande låge nynorskbruken (må) sjåast på bakgrunn av at dei fleste av dei statsorgana som er med i undersøkinga, ikkje tidlegare har rapportert systematisk om målfordelinga. Tilsynet har vore svakt, kunnskapen om regelverket ikkje god nok og rutinane for språkleg likestilling ofte mangelfulle. »

       Disse medlemmer mener det er positivt at det nå gjøres en innsats for å rydde opp i dette, og forventer at neste målmelding skal vise at innsatsen gir det forventede resultat.

Stillingsannonser

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at det i denne kategori synes å være brudd på lovens bestemmelser. Dette burde være aldeles unødvendig og særdeles enkelt for administrasjonen å kontrollere. Målbruk i stillingsannonser kan ha en sterk signaleffekt til unge mennesker. Disse medlemmer mener det påhviler administrasjonen et klart ansvar for å utforme stillingsannonsene slik at ingen som har nødvendige faglige kvalifikasjoner føler seg diskvalifisert på grunn av egen målform. Når stillingen krever det, bør det rutinemessig opplyses at søker må beherske begge målformer. Disse medlemmer mener dette ville ha en sterkere signaleffekt overfor nynorskbrukere enn flere stortingsdokument på nynorsk. Disse medlemmer mener at språkvekslingen i stillingsannonser kan være kvantitativt likefordelt. En annonse på nynorsk vil ikke hindre en bokmålbruker i å søke, men den vil være et klart signal til nynorskbrukere om at deres språklige kompetanse er verdifull.

Eventuelle endringer i de kvantitative kravene

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at statistisk materiale lagt frem under høring i komiteen viser at tilslutningen til nynorsk i befolkningen ligger et sted mellom 10 og 15 %. Disse medlemmer mener at denne realitet tilsier at en nynorskprosent rundt 25 % i tilstrekkelig grad ivaretar det mindretall som bruker nynorsk som hovedmål. Det er ikke noe mål å øke nynorskprosenten vesentlig over 25 %. Disse medlemmer mener at målbruk i offentlig tjeneste har relativt liten betydning i forhold til de private målvalg den enkelte foretar, likevel må nynorsk som mindretallsspråk gis et særskilt vern i den offentlige forvaltning.

       Stortingsmeldingen viser til at det er vanskelig å opprettholde tilstrekkelig nynorskkompetanse i statsorganene dersom kravet til bruk av språket er lavere enn 25 %. Disse medlemmer mener det vil ha større betydning for nynorskkompetansen om krav til at søkere skal beherske begge målformer rutinemessig settes inn i stillingsannonser. Dette vil også gi et viktig signal til ungdom under utdanning. Mange av dem opplever i dag kravet om tvungen sidemålsopplæring som urimelig, de mener de aldri vil få bruk for sidemålet. Det er viktig for unge mennesker å se at den opplæring de får har praktisk betydning, og nynorsk som kvalifikasjonskrav for ansatte i statsorganisasjoner kan bedre enn andre tiltak stimulere til at de som i utgangspunktet har nynorsk som hovedmål beholder dette gjennom videregående utdanning. I tillegg vil det øke motivasjonen for å lære nynorsk for dem som har bokmål som hovedmål. Disse medlemmer mener dette er tiltak av større betydning enn den prosentvise fordeling av bokmål og nynorsk i offentlige dokumenter som unge mennesker likevel i liten grad leser.

Interne samordningsrutiner og registreringssystem

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er enige med departementet i at det må utarbeides rutiner som sikrer at tjenestemenn ikke kan velge målform i skriv som kommer inn under lovens virkeområde. Disse medlemmer har merket seg at det i forarbeidene til målloven understrekes at det er de som sitter i ledende stillinger som har ansvar for å påse at kontorer og avdelinger følger loven om språkveksling. Disse medlemmer er enig i dette.

       Rapport om målveksling bør være en selvfølgelig del av alle årsrapporter fra statsorganer. Om et organ velger å skrive sin årsrapport på nynorsk, vil dette ikke utligne mangelfull oppfølging av lovens øvrige paragrafer. Disse medlemmer mener at også klager over brudd på mållovens bestemmelser bør registreres rutinemessig og rapporteres i årsmeldinger. Dette vil gjøre det enklere for overordnet organ å følge med i den språklige utvikling i underliggende organer som de har ansvar for.

Nynorskkunnskaper og opplæring

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har utarbeidet kurspakker for bruk av nynorsk i offentlig forvaltning. Disse medlemmer mener det er rimelig å anta at språkutvikling i første rekke skjer gjennom aktiv språkbruk. Disse medlemmer mener den kompetanse som LNK har, må vurders når tjenestemenn og -kvinner har bruk for opplæring i nynorsk.

Forslag til tiltak

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg Kulturdepartementets ansvar for å føre tilsyn med gjennomføringen av reglene i loven. Det er viktig at dette arbeidet som de senere år er intensivert og omorganisert fortsetter for å sikre en videre positiv utvikling i måljamstillinga. Det påpekes videre at alle departement bør utarbeide tilfredsstillende rutiner for språkveksling. Det er lederansvar å systematisere dette arbeidet slik at det er mulig å oppfylle lovens bestemmelser.

       Flertallet viser til at det er en positiv utvikling i de fleste departement, men vil likevel bemerke at flere departementer ikke har oppfylt målloven. Det påligger departementets ledelse å påse at lover og regler følges, og at det utarbeides rutiner som gjør det mulig å systematisk arbeide for å oppfylle mållovens minstekrav. Flertallet har merket seg at departementet vurderer å ta inn et påbud om slike rutiner i forskriften til mållova, samt å foreta en årlig offentliggjøring av målbruksstatistikken og slutter seg til dette.

       Komiteens medlemmer fra Høyre mener at Språkrådets arbeid i forhold til målbruk i offentlig tjeneste i første rekke må være å kvalitetssikre administrasjonsspråket. Hensynet til klare ansvarslinjer tilsier at tilsynet med målloven praktiseres på linje med andre forvaltningslover og følges opp på samme måte.

Informasjonsteknologiske utfordringer

       Stortingsmeldingen gir en grundig fremstilling av de utfordringer vi står overfor i forhold til utviklingen innen IT. Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at dette er en problematikk som går langt utover målbruken i offentlig tjeneste, og en regner med at departementet kommer tilbake til saken på egnet måte.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er klar over at bruk av edb og andre nye former for elektronisk kommunikasjon har gitt heilt nye rammer for språkleg verksemd. Ein stadig større del av tekstane som blir laga i offentleg og privat verksemd, ligg i dag føre som elektroniske dokument.

       Ved at stadig nye former for tekstbehandling ligg føre på engelsk, kan det få både verksemder og privatpersonar til å nytta engelsk også i innanlandsk korrespondanse. Dette kan skje både på grunn av lågare pris og nye funksjonar i produkta. Dette fleirtalet er redde for at denne situasjonen samla sett kan gi så dramatiske verknader for norske språktilhøve, ikkje minst for jamstillingsarbeidet, at det er grunn til å vurdere ei større nasjonal satsing for å fremja norsk språkbruk i det IT-samfunnet me er på veg inn i.

       Dette fleirtalet har merka seg at departementet i ein ny handlingsplan har gitt spørsmålet om det norske språket i høve til den nye teknologien brei omtale.

       Dette fleirtalet vil støtta Regjeringa i arbeidet for å styrka norskspråkleg programutvikling og utvikling av norskspråklege utgjevingar på CD-rom.

       Elles konstaterer dette fleirtalet at den teknologiske utviklinga med relevans til norske språktilhøve nå går så raskt at det er nødvendig å setja i verk nye tiltak på ei rekkje område. Dette fleirtalet har merka seg at Regjeringa går inn for eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administrative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel vert tekne i bruk. Målet må vere å kunna gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskap til støtte for språkbehandling og tilby tenlege informasjonstenester o.a. på begge målformer. Dette fleirtalet meiner det nå er viktig å rusta oss til kamp for i det heile å kunna nytta norsk på alle bruksområde i eit stadig meir teknologisk samfunn. Dette vil kunna krevja koordinerte løysingar på nasjonal basis, aktiv medverknad frå fleire departement, frå industrien og frå Norges Forskningsråd.

       Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at departementet i en ny handlingsplan har gitt spørsmålet om det norske språk i forhold til ny teknologi bred omtale. Disse medlemmer vil støtte arbeidet for å styrke norskspråklig programutvikling og norskspråklige utgivelser på CD-rom

       Disse medlemmer har merket seg at bruk av EDB og andre nye former for elektronisk kommunikasjon har gitt nye rammer for språklig virksomhet. En stadig større del av tekstene som blir laget i offentlig og privat virksomhet, foreligger i dag som elektronisk dokument. Disse medlemmer er enige i at den teknologiske utviklingen med relevans til norsk språk går så raskt, at det kan være nødvendig å iverksette nye tiltak på en rekke områder. Det er viktig å kunne gi både nynorsk- og bokmålbrukere gode språkverktøy til støtte for språkbehandling både for offentlig og privat virksomhet.

       Disse medlemmer mener det er viktig å møte utviklingen på en slik måte at norsk fortsatt skal kunne brukes på alle områder i et stadig mer teknologisert samfunn, og er enig med departementet i at dette vil kunne kreve koordinerte løsninger på nasjonal basis.

       Disse medlemmer vil påpeke at man ved å tilbakeføre tilsynsansvaret for målbruk til departementet, frigjør ressurser i Språkrådet. Disse ressurser kan benyttes til satsing på å møte de utfordringer som IT-utviklingen representerer.

Mållovens virkeområde

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at departementet vil nedsette en arbeidsgruppe for nærmere vurdering av mållovens virkeområde, og at denne vurdering gjelder bedrifter og virksomheter som er utskilt fra staten. Flertallet viser til mållovens forarbeider, der det i Innst.O.nr.31 (1979-1980) sies:

       « Nemnda ... meiner ... at i særlege tilfelle er det mogleg for staten som aksjonær gjennom framlegg og vedtak i styringsorgana å gjera regler om målbruk gjeldande for verksemda. »

       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, har merka seg at utviklinga i retning av fristilling av statleg verksemd har skote ny fart dei seinare åra, ikkje minst på samferdselssektoren. Dette har gitt grunn for tvil om verkeområdet for mållova, både med omsyn til det rettslege grunnlaget for avgrensinga og den praktiske handhevinga av spørsmålet. Dette igjen har skapt gråsoner som gjer situasjonen uklar og skapt hindringar i vegen for tilsynsarbeidet.

       Dette fleirtalet har merka seg at departementet nå vil setja ned ei arbeidsgruppe for å greia ut desse spørsmåla og eventuelt koma tilbake til Stortinget med framlegg til lovendringar. Denne arbeidsgruppa skal m.a. utarbeida oversikter over forvaltningsbedrifter og andre forvaltningsorgan som heilt eller delvis er utstilte frå statsforvaltninga etter at mållova tok til å gjelda. Likeins vil arbeidsgruppa vurdere om det bør vere nærare reglar for målbruk også for kommunar og fylkeskommunar, og i tilfelle kva innhald og verkeområde slike reglar bør ha.

       Dersom departementet nedsetter en arbeidsgruppe for nærmere vurdering av mållovens virkeområde, vil komiteens medlemmer fra Høyre bemerke at Riksmålsforbundet må være representert i arbeidsgruppen på lik linje med Noregs Mållag, da disse organisasjoner er å anse som likeverdige språklige interesseorganisasjoner.

       Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at Lov om målbruk i offentleg teneste må gjelda for alle føretak, aksjeselskap, legat og stiftingar der staten eig meir enn halve verdien av selskapet. For å signalisere at dei to målformene kan brukast i alle samanhengar, er det viktig at dette blir avspegla i alle verksemder der staten er involvert.

Norsk språkråd

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner at Norsk språkråd må setjast i stand til å arbeida med tiltak som sikrar at norsk også for framtidige generasjonar vil opplevast som eit fullgodt kultur- og bruksspråk på alle område. Fleirtalet er samde i at Norsk språkråd må bli ein meir utoverretta organisasjon der informasjon og handlingsskapande arbeid står sentralt. Det må dessutan etablerast god kontakt med relevante språkbrukarmiljø og industrielle tiltak som utviklar IT-program og elektroniske tenester.

       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene i Framstegspartiet og Høgre, har merka seg at Norsk språkråd i 1994 fekk ei ny stilling der ein del av informasjonsområdet er tilsyns- og informasjonsoppgåver i samband med lova. Eitt resultat av dette er at det nå finst betre data om praksisen i statsorgana, og dermed eit betre grunnlag for å setja i gang tiltak.

       Dette fleirtalet er einig i at det er fleire vilkår som må oppfyllast for at mållova skal bli etterlevd. Mellom anna må statsorgana etablere enkle og konkrete rutinar, nynorskkompetansen i statsorgana må betrast og det trengst fleire sanksjonsrådgjerder. For å føra tilsyn med mållova trengst det sanksjonar. Dette ser ut til å vere nødvendig både for å få inn rapportar i rett tid, og i samband med brot på mållova.

       Dette fleirtalet er samd i at meldinga trekkjer fram særleg to målgrupper som viktige for arbeidet for språkvernarbeidet; dei som har sterk språkleg påverknad og dei som er særleg utsette for påverknad.

Økonomiske og administrative fylgjer

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er klar over at dette området i meldinga avgrensar seg i all hovudsak til ei styrking av sekretariatet i Norsk språkråd for å møta nye utfordringar som utviklinga av informasjonsteknologien representerer for norsk språk. Fleirtalet er einig i dette.

4. Tilråding frå komiteen

     Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       St.meld. nr. 13 (1997-1998) - om målbruk i offentleg teneste - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 30. april 1998.

May-Helen Molvær Grimstad, Inger Stolt-Nielsen, Grethe G Fossum,
leder. ordfører. sekretær.