Innstilling frå samferdsleskomiteen om gjennomføring av eit forprosjekt for skipstunnel gjennom Stadlandet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 214 (1997-1998)
  • Kildedok: St.meld. nr. 34 (1997-98)
  • Dato: 04.06.1998
  • Utgiver: samferdsleskomiteen
  • Sidetall: 3

1. Samandrag

Innleiing

       Regjeringa går i meldinga inn for å gjennomføre eit omfattande forprosjekt for ein skipstunnel gjennom Stadlandet for å sikre eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for eit vedtak om ei mogleg realisering av prosjektet.

       Farvatnet utanfor Stad vert rekna som eit av dei mest utsette, både som følgje av at det er særleg vêrutsatt og av di botntilhøva utanfor skaper særlege bølgjeproblem. Som følgje av m.a. straumtilhøva og botntilhøva, kan det verte danna farlege bølgjetilhøve i nærleiken av land ved Stad, også i relativt godt vêr. Ein kan gå klar dei farlegaste bølgjene ved å segle lenger vestover, godt klar av Stadlandet. Kystverket har, med lyssektorar frå eksisterande fyr og fyrlykter, etablert ei farlei som går klar av det farlegaste farvatnet nær land. Denne leia er noko lenger og går over ope hav.

       Frå lokalt hald er det sett fram ønskje om at det vert bygd ein om lag 1.900 meter lang skipstunnel gjennom det smalaste partiet av Stadlandet, mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Sogn og Fjordane, ved grensa til Møre og Romsdal.

       Fylkestinga i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har fatta vedtak om at ein tunnel vert bygd. Fylkesutvalet i Hordaland og formannskapet i Bergen har stødd dette.

       Sogn og Fjordane fylkeskommune har på vegner av fylkeskommunane søkt staten v/Fiskeridepartementet om stønad til forprosjektering av teknisk og miljømessig art for ein skipstunnel gjennom Stadlandet (Stad skipstunnel). Fylkestinga sine vedtak om bygging av ein skipstunnel er nærare omtala i pkt. 2 i meldinga.

       Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune engasjerte seg tidleg som pådrivarar for å få realisert ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Bakgrunnen for fylkeskommunane sitt engasjement var, og er, at ein ser det slik at ein skipstunnel er viktig for å auke tryggleiken for småskipstrafikken som går forbi Stad. Vidare ser ein skipstunnelen som eit viktig bidrag for å styrkje næringslivet på Vestlandet, og som ein turvande føresetnad for å få til eit tilfredsstillande samband mellom Vestlandet og Nordvestlandet. Eit viktig moment i denne samanhengen er utsiktene for å kunne etablere eit gjennomgåande snøggbåtsamband forbi Stad.

       Spørsmålet om bygging av ein skipstunnel gjennom Stadlandet har vore teke opp i Stortinget ved fleire høve.

       Etter gjennomføringa av eit avgrensa forprosjekt, i tråd med utgreiinga i St.prp. nr. 51 (1994-1995), fann Regjeringa at dei midla som ein slik tunnel ville krevja ikkje stod i høve til den auken i tryggleiken som ein kunne oppnå. Regjeringa la deretter i St.prp. nr. 58 (1995-1996) Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 1996 fram spørsmålet om bygging av skipstunnel. Regjeringa gjekk ikkje inn for bygging av tunnel, men gjorde i staden framlegg om å stø eit bølgjevarslingssystem. Regjeringa la vekt på at det er dei spesielle bølgjetilhøva i området som skaper farefulle tilhøve for skipstrafikken. Regjeringa gjorde framlegg om at det vart løyvd 4 mill. kroner til vidareutvikling og implementering av eit prosjekt for bølgjevarsling.

       Under handsaminga av St.prp. nr. 58 (1995-1996) slutta finanskomiteen i Innst.S.nr.283 (1995-1996) seg til Regjeringa sitt framlegg om ei løyving på 4 mill. kroner til bølgjevarslingssystem, samstundes som eit fleirtal i komiteen bad Regjeringa om å leggje fram spørsmålet om bygging av ein Stad skipstunnel som eiga sak. Stortinget slutta seg til innstillinga frå komiteen.

       Fram til no er det gjennomført delutgreiingar for ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Desse er gjennomførte dels i statleg regi og dels i lokal regi. I pkt. 4.1 i meldinga er det gjeve ein kort presentasjon av dei mest sentrale delutgreiingane.

Førebelse kostnadsoverslag

       Kostnadsoverslaget som m.a. låg til grunn for nyttekostnadsanalyse i 1994 i rapport frå Transportøkonomisk institutt, har rekna med investeringar i anlegg og utstyr på til saman 353 mill. kroner og årlege driftskostnader på 5,5 mill. kroner.

       Kystverket har gjort overslag som tyder på at kostnadene vil vere om lag 50 mill. kroner lågare.

       Etter Fiskeridepartementet si meining er det likevel monaleg uvisse med omsyn til kostnadene ved prosjektet. Moglege auka krav til avtrekksvifter og kontrollutstyr vil føra til auka kostnader. Det er òg fleire andre moment som fører til uvisse i kostnadsoverslaget. Dette er m.a. dei geologiske tilhøva, dvs. ein føresetnad om at tunneldrifta ikkje fører til større kostnader enn det som er vanleg, om ein parallell rømmings-/servicetunnel er nødvendig, og overslaga på kva nødvendige tryggleikstiltak vil koste.

       Det er òg ei uvisse når det gjeld bruken av dei utsprengte steinmassane frå tunnelen som ikkje kan nyttast i samband med andre delar av prosjektet.

       Etter det som Fiskeridepartementet er kjend med, er det ikkje tidlegare vore bygd nokon skipstunnel tilsvarande ein Stad skipstunnel. Det ligg difor ikkje føre direkte overførbart røynslemateriale når det gjeld krav til tryggleikstiltak m.m. Etter Fiskeridepartementet si vurdering er dei føresetnadene og det talmaterialet som er kartlagt fram til i dag ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag for å gjere noko endeleg vedtak om eit prosjekt av denne storleiken.

Behov for nærare dokumentasjon av dei ulike sidene ved ein skipstunnel

       Regjeringa legg vekt på at ein tunnel vil medverka positivt for tryggleiken for dei mindre fartya som går langs farvatnet ved Stad. Regjeringa ser det òg som viktig at ein slik tunnel vil vere positiv for utviklinga av samferdsle og næringsliv på Nordvestlandet og Vestlandet. For å sikre eit best mogleg grunnlag for å ta ei avgjerd ønskjer Regjeringa difor ei nærare utgreiing av avgjerdsgrunnlaget for ein skipstunnel, og meiner det er behov for ein omfattande gjennomgang og dokumentasjon av dei ulike sidene ved prosjektet.

       Regjeringa går inn for å gjennomføre eit utførleg forprosjekt, kor ein tek sikte på å kartleggje alle tilhøve ved ein Stad skipstunnel, så langt det er mogleg.

       Etter Regjeringa si vurdering bør eit slikt forprosjekt finansierast i fellesskap mellom staten og dei fylkeskommunane som har søkt om middel til prosjektering av ein skipstunnel. Når det gjeld løyvingar til forprosjektering og organisering, vil Regjeringa kome tilbake til dette i statsbudsjettet for 1999.

2. Merknader frå komiteen

    Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, frå Kristelig Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, frå Høgre, Ellen Gjerpe Hansen og Oddvard Nilsen, frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, og frå Venstre, May Britt Vihovde, er samd med Regjeringa i at det blir gjennomført eit forprosjekt for ein skipstunnel gjennom Stadlandet.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, og frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll, viser til at Regjeringa i St.meld. nr. 34 (1997-1998) ikkje gir til kjenne sitt standpunkt om det bør byggast ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Desse medlemene stiller seg undrande til Regjeringa sin handlemåte. Desse medlemene viser til at det er vanleg at Regjeringa gir uttrykk for sitt standpunkt i ei slik konkret sak der ein ber om vidare planlegging.

       Desse medlemene vil vidare peike på at Regjeringa i meldinga ikkje har gjort greie for kostnader ved forprosjektet. Regjeringa ber altså om ei tilslutning til at eit forprosjekt med økonomiske konsekvensar blir sett i gang utan at kostnadene er avklara.

       Desse medlemene legg til grunn at før Stortinget tek standpunkt til forprosjektet for skipstunnel gjennom Stadlandet, må Regjeringa ta standpunkt til prosjektet og foreslå løyving til forprosjektet.

       Desse medlemene vil ta standpunkt til spørsmålet om forprosjektet når Regjeringa sitt standpunkt ligg føre, og reknar med at Regjeringa i samband med St.prp. nr. 1 (1997-1998) kan legge fram eit konkret forslag til finansiering og tidsplan for prosjektet.

       Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til at Stortinget i St.meld. nr. 34 (1997-1998) er invitert til å ta stilling til gjennomføring av eit forprosjekt for ein skipstunnel gjennom Stadlandet.

       Desse medlemene viser til at farvatnet utanfor Stad vert rekna som eit av dei meir utsette på norskekysten. Desse medlemene har merka seg at det frå lokalt hald på Vestlandet gjennom mange år er vist eit stort engasjement for å få realisert ein skipstunnel gjennom Stadlandet.

       Desse medlemene konstaterer at Regjeringa er positiv til å byggje skipstunnel gjennom Stadlandet. Det er likevel nødvendig å få ein gjennomgang og dokumentasjon av dei ulike sidene ved prosjektet, både spørsmål knytta til bygging og drift av skipstunnelen. Det vil såleis vere ein naturleg framgangsmåte å gjennomføre eit omfattande forprosjekt for å sikre det best moglege avgjerdsgrunnlaget for eit vedtak om realisering av prosjektet.

       Desse medlemene har merka seg at Regjeringa legg vekt på at ein skipstunnel vil medverka positivt for tryggleiken for dei mindre fartøya som går langs farvatnet ved Stad. Og at ein ser det som viktig at ein slik tunnel vil vere positiv for utvikling av samferdsle og næringsliv på Vestlandet.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser den store betydning som en skipstunnel har for å øke tryggheten for småskipstrafikken som går forbi Stad.

       Disse medlemmer ser en skipstunnel som et viktig bidrag for å styrke næringslivet på Vestlandet, og en nødvendig forutsetning for å få til et tilfredsstillende samband mellom Vestlandet og Nordvestlandet.

       Disse medlemmer ser også viktigheten av å ha en gjennomgående hurtigbåtforbindelse forbi Stad.

       Disse medlemmer ser betydningen av at det nåværende forprosjektet blir fullført, og kan ikke se nytten av å starte opp et helt nytt forprosjekt.

       Disse medlemmer viser til at Norges fremste ekspertise på tunnelplanlegging har foretatt utredninger som er oversendt myndighetene og dette har til nå kostet ca 3 mill. kroner.

       Disse medlemmer viser til at det allerede er brukt en del midler fra lokalt hold, og selskapet Stad skipstunnel trenger nå 4,5 mill. kroner for å kunne fullføre utredningene.

       Disse medlemmer ser det derfor som naturlig at staten påtar seg resten av kostnadene ved forprosjekteringen slik at denne blir fullført.

       Disse medlemmer vil på bakgrunn av ovennevnte merknader fremme følgende forslag:

       « Restbeløpet til finansiering av forprosjektet for skipstunnel gjennom Stadlandet fullføres med statlige midler. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre ønsker å ha et best mulig beslutningsgrunnlag når Stortinget skal ta stilling til en eventuell realisering av en skipstunnel gjennom Stadlandet og støtter derfor forslaget om et forprosjekt. Ikke minst på bakgrunn av de store overskridelsene som har oppstått under flere samferdselsprosjekter, synes det nødvendig å gjennomføre det foreslåtte forprosjekt. Det må understrekes at forprosjektet må sette et særlig fokus på kostnadene. Dette er viktig i en tid der mange gode samferdselsprosjekter må avvises på grunn av mangel på midler.

       På grunn av hensynet til utbygging av annen infrastruktur i regionen er det nødvendig med en rask avklaring om Stadtunnelen skal realiseres.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil foreslå at Stortinget nå bevilger 6 mill. kroner, ved å overføre midler fra krengetogtiltak kap. 1350 post 30 Investeringer i linjen slik at forprosjektet kan startes opp så raskt som mulig og at Stortinget får saken til endelig behandling i forbindelse med statsbudsjettet for 1999.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « Det overføres 6 mill. kroner fra kap. 1350 post 30 Investeringer i linjen til forprosjekt for skipstunnel gjennom Stadlandet. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på at en forutsetning for Stortingets bevilgning er at de berørte fylkene stiller opp med de 2 mill. kroner slik at forprosjektet blir fullfinansiert.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:

Forslag 1

       Det overføres 6 mill. kroner fra kap. 1350 post 30 Investeringer i linjen til forprosjekt for skipstunnel gjennom Stadlandet.

Forslag frå Framstegspartiet:

Forslag 2

       Restbeløpet til finansiering av forprosjektet for skipstunnel gjennom Stadlandet fullføres med statlige midler.

4. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 34 (1997-1998) - Om gjennomføring av eit forprosjekt for skipstunnel gjennom Stadlandet - vert vedlagt protokollen.

Oslo, i samferdslekomiteen, den 4. juni 1998.

Oddvard Nilsen, Sigrun Eng, May Britt Vihovde,
leiar. ordførar. sekretær.