Innstilling fra samferdselskomiteen om forskottering av delprosjekt på riksveg 5 Førde - Florø i Sogn og Fjordane og om bompengefinansiering av fylkesvegprosjektet Sykkylvsbrua i Møre og Romsdal.

1. Riksveg 5 Førde - Florø. Søknad om forskottering

1.1 Sammendrag

       I proposisjonen blir det gjort framlegg om å gi løyve til forskottering av midlar til vidare utbetring av Rv 5 mellom Førde og Florø.

       Føremålet med ei forskottering er å framskunde arbeidet med å gje Flora kommune ei god tilknyting til stamvegnettet. Det bur i dag om lag 10.000 personar i Flora kommune.

       Delar av eksisterande veg er smal og har dårleg standard. Med utbetra veg vil dei to byane Førde og Florø etter kvart kunne utgjere ein arbeidsmarknad. Strekninga mellom Førde og Florø er også viktig for resten av Sunnfjordregionen.

       Trafikkmengda på Rv 5 varierer frå 1.000 til 2.000 kjøretøy pr. døgn.

       Sunnfjordtunnelen AS har søkt om løyve til å forskottere inntil 120 mill. kroner til vidare utbetring av Rv 5 mellom Førde og Florø på strekninga mellom Svarthumle og Brandsøy, mot refusjon av 40 mill. kroner i kvart av åra 2006, 2007 og 2008.

       I søknaden er det lagt til grunn at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar i eksisterande bomstasjon i tilknyting til prosjektet Rv 5 Naustdal - Svarthumle (Naustdalstunnelen som blei opna for trafikk i 1995), jf. St.prp. nr. 63 (1991-1992), for å betale renter på lånet.

       Vidare er det lagt til grunn at fylkeskommunen i kvart av åra 2002-2005 vil prioritere 55 mill. kroner av venta statlege løyvingar til vidare utbetring av Rv 5 mellom Førde og Florø.

       Kostnadene ved å bygge ut Rv 5 til samanhengande tofelts vegstandard med vegbreidd 7,5 m på strekninga Førde - Florø, er førebels kostnadsrekna til om lag 340 mill. kroner. I perioden 2002-2007 er det i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007, lagt til grunn ei investeringsramme på 500 mill. kroner til det « øvrige riksvegnett » i Sogn og Fjordane. Finansieringsplanen for Rv 5 føreset at 300 mill. kroner av desse midlane vert nytta til denne vegstrekninga (i tillegg til 40 mill. kroner i 2008).

       Det er knytt stor uvisse til kostnadsoverslaget for utbetring av heile strekninga Svarthumle - Brandsøy da planstatus for delstrekningane er på ulike nivå.

       Ved godkjenning av finansieringsordninga for Naustdalstunnelen i Stortinget i 1992 var det ein føresetnad at lånet skulle vere nedbetalt i 2008 etter i alt 13 års bompengeinnkrevjing. Større trafikk gjer at dette lånet kan ventast nedbetalt i 2006, om lag 2  1/2 år tidlegare enn planlagt.

       Med føresetnadene som går fram av proposisjonen er det rekna med at bompengeinnkrevinga kan avsluttast i 2008, slik som opphavleg føresett.

       Fylkeskommunen har vedteke å auke den fylkeskommunale garantien til Sunnfjordtunnelen AS til 179 mill. kroner i samband med forskotteringa. Vegdirektoratet meiner at risikoen ved å auke den fylkeskommunale garantien er låg.

       Lokalpolitiske vedtak går fram av pkt. 1.4 i proposisjonen.

       Finansieringsplanen som ligg til grunn for forskotteringssøknaden, og som fylkeskommunen har slutta seg til, inneber ei omprioritering i høve til dei prioriteringane som blei gjort ved handsaminga av handlingsprogrammet for perioden 1998-2007.

       Samferdselsdepartementet tek i denne omgangen ikkje stilling til fylkeskommunen si prioritering av midlar til Rv 5 Førde - Florø i åra 2002-2005. Det vil vere opp til fylkeskommunen å følgje opp desse prioriteringane ved planrevisjonen for perioden 2002-2011.

       Departementet legg til grunn at det blir utarbeidd reguleringsplan for dei ulike prosjekta på strekningen, og at uvissa i kostnadsoverslaget vil bli redusert til +/- 10 % før dei ulike prosjekta kan startast. Departementet vil komme tilbake til vidare prioritering mellom dei aktuelle prosjekta i samband med dei årlege budsjetta.

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, medlemmene fra Høyre, Ellen Gjerpe Hansen og lederen Oddvard Nilsen, medlemmet fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll og medlemmet fra Venstre, May Britt Vihovde, slutter seg til en forskuttering av delprosjekt på Rv 5 Førde-Florø i Sogn og Fjordane.

       Komiteen viser til at hensikten med en forskuttering for videre utbedring av Rv 5 er å framskynde arbeidet med å gi Flora kommune en god tilknytning til stamvegnettet. Komiteen legger til grunn at arbeidet ikke igangsettes før det er inngått en tilleggsavtale om forskottering mellom Samferdselsdepartementet ved Vegdirektoratet og bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS, og at den fylkeskommunale garantien som er gitt selskapet er godkjent.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, viser til at fordelene med en slik forskottering er at parseller på Rv 5 kan realiseres tidligere. Flertallet vil likevel peke på ulempene slike bindinger gir for fylkeskommunens handlefrihet ved framtidige prioriteringer innen tildelte økonomiske rammer.

       Flertallet vil peke på at det i Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 ifølge Regjeringen Jaglands forslag til økonomiske planrammer er lagt til grunn en investeringsramme på 500 mill. kroner til det « øvrige riksvegnettet » i Sogn og Fjordane, og at det er lagt til grunn 137 mill. kroner til Rv 5 i samme periode. Flertallet konstaterer at det i finansieringsplanen legges opp til ytterligere bevilgninger på 55 mill. kroner hvert år av fylkets riksvegramme til Rv 5 i perioden 2002-2005. Flertallet viser til at når fylkeskommunen har sluttet seg til dette, vil det bety en omprioritering i forhold til de prioriteringene som ble gjort ved behandlingen av handlingsprogrammet for perioden 1998-2007.

       Flertallet vil på prinsipielt grunnlag peke på at en fylkeskommune ved å gi tilslutning til prosjekter som vil ha økonomiske konsekvenser for kommende planperioder, binder opp framtidige planrammer og dermed sin frihet til å prioritere andre prosjekter. Flertallet legger til grunn at Stortinget ved framtidig behandling av de økonomiske rammer for de enkelte fylker må inkludere bindinger slik at fylkene ikke får økt sine rammer på grunn av slike bindinger som bl.a. forskottering er.

       Flertallet forutsetter at planarbeidet for de ulike delprosjekter gjennomføres slik at usikkerheten i kostnadsoverlag reduseres til ± 10 % før de ulike delprosjekter kan oppstartes.

       Flertallet vil ellers vise til de respektive partiers merknader og forslag i Innst.S.nr.273 (1996-1997) om Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 vedrørende økonomiske planrammer.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at med denne forskottering mot refusjon er det sannsynlig at det ikke blir penger til andre investeringer i fylket, dersom rammene for Sogn og Fjordane følger opplegget fra framlegg til NVVP og bevilgning for 1998. Dette medlem viser til Innst.S.nr.273 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 hvor Sosialistisk Venstreparti sammen med komiteens flertall gikk inn for å øke rammene for Sogn og Fjordane med 200 mill. kroner fra 480 mill. kroner til 680 mill. kroner for perioden 1998-2001.

       Dette medlem mener at Sogn og Fjordane har mange udekkede behov og vise til at dette partis medlemmer av Fylkestinget har prioritert fullføringa av Bremangersambandet samt Dalfjordbrua før Rv 5. Av denne grunn gikk Sosialistisk Venstrepartis medlemmer inn for alternativ finansiering gjennom bompenger av Rv 5 da denne vegen har en forholdsvis høg årsdøgntrafikk. Ut fra at dette ikke er aktuelt, vil dette medlem understreke viktigheten av at flertallets rammer ved behandling av NVVP så vel for perioden 1998-2001 som for perioden 1998-2007 blir realisert.

2. Bompengefinansiering av fylkesvegprosjektet Sykkylvsbrua

2.1 Sammendrag

       Sentrum i Sykkylven kommune, Aure, har i dag mangel på industriareal og sentrumsnære bustadtomtar. Rett over fjorden for Aure ligg Ikornnes med Ekornes fabrikkar. I dette området av kommunen er det areal som kan nyttast både til industri- og bustadføremål.

       Mellom Aure og Ikornnes er det om lag 14 km veg rundt Sykkylvsfjorden. På austsida av fjorden går riksveg 60 som har god standard, på vestsida går fylkesveg 71 som i nokre parti har dårleg standard. Både næringslivet og kommunen ser på vegstandarden og avstanden mellom Aure og Ikornnes som eit problem. Det har difor i lengre tid vore arbeidd med eit bruprosjekt over fjorden.

       Alternativet som no er tenkt finansiert i hovudsak med bompengar, er ei bru som skal gå mellom Vik i Sykkylven sentrum og Ikornnes. Prosjektet er 1.129 m langt, der brua utgjer om lag 800 m. Brua vil korte inn kjøyrelengda mellom Vik og Ikornnes med 12,4 km.

       Brua inkludert tilføringsveg er kostnadsrekna til 127 mill. 1997-kroner med ei uvisse på +/- 10 %. Vegdirektoratet har kvalitetssikra kostnadsoverslaget i 1998.

       Prosjektet har særs høg samfunnsnytte og vil ha positiv innverknad på mellom anna spart køyrelengde. Netto nytte er rekna til 104 mill. 1997-kroner. Miljøet i Straumgjerde vil også bli betre ved at ein stor del av trafikken fell vekk.

       For bruprosjektet ligg det føre stadfesta reguleringsplan frå 1989.

       Trafikkprognosane som ligg føre tilseier ein trafikk på om lag 1.300 køyretøy dagleg når brua opnar. Etter at Sykkylvsbrua opnar vil det framleis vere mogleg å kjøyre eksisterande veg.

       Det spesielle med dette prosjektet er at brua kortar inn avstanden så mykje at ein vil kunne få overgang frå privatbil til gang- og sykkeltrafikk.

       Av kostnadene løyver fylkeskommunen 10 mill. 1997-kroner over anleggsbudsjettet, resten skal dekkjast opp med bompengar. Prosjektet kan bli finansiert med bompengar over 15 år.

       Sykkylvsbrua AS har i tillegg ein aksjekapital/tilsegn på ansvarleg lån på 26 mill. kroner som er med på å korte ned bompengeperioden. I finansieringsanalysen er det rett nok rekna inn at aksjekapitalen med priskompensasjon etter retningslinene skal bli tilbakebetalt innan utløpet av bompengetida, men ein stor aksjekapital medfører lågare finansieringskostnader enn om tilsvarande sum skulle finansierast med lån til marknadsrente.

       Føresetnadene i finansieringsanalysen og takst- og rabattsystem går elles fram av pkt. 2.3.1 og 2.3.2 i proposisjonen. M.a. er førebels avgift liten bil kr  25.

       Selskapet foreslår eit opplegg der dei bussane som nyttar brua i rute betalar bompengar ved at taksten for passasjerane blir den same som om bussen gjekk rundt fjorden. Differansen mellom denne taksten og taksten for den reelle avstanden via bru skal overførast bompengeselskapet som innbetalte bompengar.

       Ser vi vekk frå tidskostnadene vil trafikantar i buss få same kostnad over brua som rundt fjorden, medan bilistane får auka sine kostnader med 40 %.

       For å få ned innkrevingskostnadane har selskapet i hovudsak lagt opp til automatisk innkrevjing.

       I fylkeskommunen sitt vedtak er det ikkje nemnt noko om kven som skal dekkje ei eventuell kostnadsauke. Vegdirektoratet tolkar dette slik at fylkeskommunen meiner at bompengeselskapet skal dekkje eventuell kostnadsauke.

       Vegdirektoratet peiker på at ut frå utrekningane skal det ganske kraftige endringar til i føresetnadene før fylkeskommunen må ut med midlar i form av effektiv garanti. Vegdirektoratet meiner difor at det er lite sannsynleg at den fylkeskommunale garantien blir effektiv.

       Lokale vedtak går fram av pkt. 2.4 i proposisjonen.

       Samferdselsdepartementet ser positivt på realiseringa av Sykkylvsbrua og vil tilrå at prosjektet vert godkjent.

       Samferdselsdepartementet legg til grunn at det blir gitt avgiftsfritak for køyretøygrupper i samsvar med takstretningslinene. Dette inneber mellom anna at buss i rute ikkje skal betale bompengar.

       I dette konkrete prosjektet støtter Samferdselsdepartementet det framlagde forslaget om at passasjerane på bussen betaler bompengar ved at busstaksten oppretthaldast som om bussen køyrde rundt fjorden. Samferdselsdepartementet meiner vidare at om økonomien i prosjektet blir betre enn venta, bør takstane for busspassasjerane reduserast.

       Samferdselsdepartementet legg til grunn at dersom anleggskostnadene skulle auke utover det som er føresett, vil ansvaret for at anlegget blir fullført og nedbetalt liggje hos fylkeskommunen og bompengeselskapet, jf. St.prp. nr. 80 (1992-1993) som omtalar mellom anna fylkesvegprosjektet Bjorøytunnelen. Departementet meiner at det er uheldig dersom bompengeselskapet, og dermed trafikantane, skal lastast alt ved større kostnadsaukar og meiner difor at selskapet og fylkeskommunen etter anbodsopning, men før anleggsstart, bør ta finansiering av ei eventuell kostnadsauke opp til ny vurdering.

       Etter at Stortinget har gjort vedtak om innkrevjing av bompengar til Sykkylvsbrua. vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet, Møre og Romsdal fylkeskommune som veghaldar og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale, med dei unnatak som er omtalte i proposisjonen.

Komitens merknader

       Komiteen viser til at dette er et fylkesvegprosjekt som knytter sammen Sykkylven kommune. Prosjektet er beregnet å ha positiv samfunnsøkonomisk lønnsomhet. Dette bruprosjektet gir gode muligheter for en videre utvikling av kommunen og regionen. Prosjektet har miljømessige fortrinn ved at gjennomgangstrafikken reduseres i enkelte deler av kommunen.

       Komiteen har merket seg den store oppslutningen prosjektet har i kommunen og fylkeskommunen. Komiteen legger til grunn at det ikke skal bevilges penger til dette prosjektet over Samferdselsdepartementets budsjett. Komiteen forutsetter at dersom kostnadene skulle øke utover det som er forutsatt, skal ansvaret for at anlegget fullføres og blir nedbetalt ligge hos fylkeskommunen og bompengeselskapet. Komiteen legger til grunn at dette blir avklart før anlegget igangsettes.

       Komiteen legger fortsatt til grunn at for bompengeprosjekt som ikke er ferjeavløsningsprosjekt, skal passasjerer og kollektivtransport i rute ikke betale bompenger, jf. St.meld. nr. 46 (1990-1991) og Stortingets tilslutning til dette.

       Komiteen vil i dette tilfelle slutte seg til at det avvikes fra disse retningslinjene, slik at de bussene som benytter brua i rute betaler bompenger ved at taksten for passasjerene blir den samme som om bussen går rundt fjorden. Differansen mellom denne taksten og taksten for den reelle avstanden via brua skal overføres bompengeselskapet som innbetalte bompenger.

       Komiteen forutsetter at dersom økonomien i prosjektet skulle bli bedre en forutsatt, må dette komme de kollektivreisende til gode gjennom reduserte takster.

       Komiteen slutter seg til det skisserte opplegget som departementet legger til grunn for rabattstrukturen.

3. Komiteens tilråding

       Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I.

       Stortinget samtykker i at:

1. Sunnfjordtunnelen AS får høve til å forskottere 120 mill. kroner til Rv 5 Førde - Florø i 1999-2001, mot refusjon, utan kompensasjon for prisstigning og renter, i 2006-2008.
2. Samferdselsdepartementet ved Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS og å gje nærare reglar for finansieringsordninga.

II.
1. Bompengeselskapet får rett til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av fylkesveg 71 Sykkylvsbrua etter vilkåra i St.prp. nr. 77 (1997-1998) og Innst.S.nr.251 (1997-1998).
2. Samferdselsdepartementet ved Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og å gje nærare reglar for finansieringsordninga.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 16. juni 1998.

Oddvard Nilsen, Ola Røtvei, May Britt Vihovde,
leder. ordfører. sekretær.