Innstilling fra finanskomiteen om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån.

Dette dokument

Til Stortinget.

Sammendrag

Statsbudsjettet for 1999, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99), er gjort opp med eit overskot på 52,2 mrd. kroner før overføringar til Statens petroleumsfond. Det er foreslått å setje av heile dette beløpet i Petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.v. på 5,3 mrd. kroner, saman med avdrag på langsiktig gjeld på 41,6 mrd. kroner, gjer at staten ut frå Statsbudsjettet 1999 har eit brutto finansieringsbehov på 46,8 mrd. kroner i 1999.

Etter at arbeidet med Statsbudsjettet 1999 var ferdig, har Finansdepartementet kjøpt tilbake statsobligasjonar frå marknaden for pålydande på om lag 9,2 mrd. kroner, jf. avsnitt 2.1 i proposisjonen. Dette er obligasjonar som elles i hovudsak ville ha forfalle i 1999. I tillegg har Folketrygdfondet innløyst for pålydande på 10,8 mrd. kroner i langsiktige kontolånsplasseringar som elles ville ha forfalle i 1999. Desse transaksjonane verker til å auke avdragsbetalingane i 1998 med om lag 20 mrd. kroner og å redusere avdragsbetalingane i 1999 med om lag 11,5 mrd. kroner. Dette fører isolert sett til at brutto finansieringsbehovet for staten i 1999 blir redusert til 35,3 mrd. kroner.

Etter gjeldande opplegg for Statens petroleumsfond skal overføringar frå fondet dekke det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet, jf. mellom anna omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1997. Avdrag på statens gjeld og utlån til statsbankane m.v. skal dekkast ved trekk på kontantbehaldninga eller ved nye låneopptak. Overskot på statsbudsjettet vil såleis ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens bruttogjeld.

Nivået på statskassens bruttogjeld har sidan 1993 vore om lag uendra i nominelle storleikar, jf. figur 1.1 i proposisjonen. Ved utgangen av 1997 utgjorde statsgjelda i alt vel 276 mrd. kroner, medan fordringane utanom kapitalinnskot i forretningsdrifta, forskot og mellomrekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde vel 460 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde statskassen netto fordringar på 184 mrd. kroner. Når ein reknar med kapitalinnskot i forretningsdrifta m.v. og statskassens gjeld og avsetningar utanom statsgjelda, utgjorde statskassens netto finansielle fordringar ved utgangen av 1997 i bokførte verdiar om lag 295 mrd. kroner, jf. vedleggstabell 2.24 i St.meld. nr. 1 (1998-99).

Tabell 1.2 i proposisjonen gjev ei oversikt over utviklinga i statens gjeld saman med ei oversikt over utviklinga i statens kontantbehaldning og utlån til statsbankane. Lån som i utgangspunktet bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir rekna som langsiktige lån, medan lån med løpetid på inntil eitt år blir rekna som kortsiktige lån.

Statens kontantbehaldning var 81,1 mrd. kroner ved årsskiftet 1997-98. Ved utgangen av september 1998 var kontantbehaldninga redusert til 63,7 mrd. kroner. Dette har mellom anna samanheng med at avdraga på utanlandsgjelda på 12,7 mrd. kroner i dei tre første kvartala i år hovudsakleg blei dekte ved trekk på kontantbehaldninga.

Tabell 1.3 i proposisjonen gjev ei samla oversikt over lånefullmaktene i 1997 og 1998 saman med forslag til fullmakter for 1999.

Fullmakta for opptak av nye, langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 50000 mill. kroner og 10000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige mark-nadspapir, herunder statssertifikat, blir foreslått halden uendra på 150000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 90000 mill. kroner. Grunnkjøpsobligasjonar kan berre utferdast for oppgjer som er avtalt før utgangen av 1991. Finansdepartementet legg til grunn at alle oppgjer som er avtalte før denne fristen, no er gjennomførd, og at det derfor ikkje vil vere behov for fullmakt til å utferde nye grunnkjøpsobligasjonar i 1999. Det er i avsnitt 1.4 i meldinga gjort greie for målsetting for Statens gjeldsforvaltning og for behovet for låneopptak i 1999.

Ved Stortingets vedtak 11.desember 1992, jf. St.prp. nr. 25 (1992-93) og Innst. S. nr. 71 (1992-93), fekk Finansdepartementet fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75000 mill. kroner. Innanfor denne ramma fekk Finansdepartementet samtidig fullmakt til å godkjenne at Noregs Bank kunne trekke på eventuelle kredittlinjer med andre sentralbankar og med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar. Fullmakta blei gjeven utan tidsavgrensing.

Finansdepartementet har ikkje nytta denne fullmakta til ordinær opplåning, men departementet har på grunnlag av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under sine avtalar med nordiske sentralbankar. Under eiga fullmakt, jf. Stortingets vedtak 9.april 1991, Innst. S. nr. 113 (1990-91), har Finansdepartementet tidlegare godkjent at Noregs Bank trekkjer inntil 2000 mill. ecu under avtalar med sentralbankane i EU.

Desse avtalane med nordiske sentralbankar og sentralbankane i EU går ut 31.desember 1998. Noregs Bank arbeider med å fornye avtalane med sentralbankane i Danmark, Island og Sverige og med å få ein avtale med Den europeiske sentralbanken som erstattar avtalane med sentralbankane i dei landa som innfører euro frå 1.januar 1999. Finland vil ikkje lenger vere del i den nordiske avtalen etter som landet, som det einaste i Norden, blir med i ØMU frå nyttår. Det kan også bli aktuelt å inngå kredittavtalar med sentralbankar i andre land. Finansdepartementet legg til grunn at avtalar som Noregs Bank gjer med sentralbankar i andre land, herunder Den europeiske sentralbanken, kan godkjennast i medhald av den fullmakta Stortinget gav 11.desember 1992.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Kjell Ivar Fossnes, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Frank Willy Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen, og fra Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, slutter seg til forslagene I-IV i proposisjonen vedrørende fullmakter til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån i 1999.

Komiteen er enig at eventuelle kredittavtaler mellom Norges Bank og sentralbanker i andre land, herunder Den europeiske sentralbanken, kan godkjennes i henhold til Stortingets fullmakt 11.desember 1992.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I.

Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye, langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 50000 mill. kroner i 1999.

II.

Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 150000 mill. kroner.

III.

Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 90000 mill. kroner.

IV.

Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 1999 til eit beløp motsvarande 10000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane pr. 30.september 1998.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. desember 1998.

Lars Gunnar Lie,

Hill-Marta Solberg,

Siv Jensen,

leder.

ordfører.

sekretær.