1.1 Innleiing

I proposisjonen legg departementet fram ei sak om endringar i kommunegrensa mellom Sande og Vanylven kommunar i Møre og Romsdal fylke. Endringa inneber at Åram krins i Sande kommune blir overførd til Vanylven kommune.

Etter § 1 i lov av 21. desember 1956 nr. 3 om endringar i kommunal inndeling, er det Kongen som har mynde til å gjere endring i den administrative inndelinga. Dersom dei berørte kommunane og fylkeskommunane er samde om regulering av grensa, kan saka avgjerast av Kongen (delegert til Kommunal- og regionaldepartementet). Dersom ein eller fleire av kommunane eller fylkestinget uttaler seg imot grensereguleringa, og reguleringa heller ikkje "er av mindre omfang", må Stortinget samtykke til framlegget til grenseendring.

I denne saka er ikkje kommunane samde om grenseregulering. Departementet meiner at saka ikkje er av mindre omfang, og legg den difor fram for Stortinget. Området som blir foreslått ført over til Vanylven kommune utgjer ca. 33 pst. av Sande kommune sitt totale areal og får konsekvensar for ca. 13 pst., eller 393 av dei 3 108 innbyggjarane i Sande kommune.

1.2 Saksframstilling

Departementet viser til at Åram krins er einaste fastlandsområde i Sande kommune. Åram krins er ei naturleg forlenging av arealet på fastlandet som ligg i Vanylven kommune. Grunna endra kommunikasjonstilhøve i området, har spørsmålet om kva kommune Åram krins skal høyre til dukka opp med jamne mellomrom. I dag må innbyggjarane i Åram reise med ferje når dei skal til kommunesenteret Larsnes på Gurskøya i Sande kommune. Det er to alternative reiseruter. Det enklaste er å reise med ferja frå Åram tettstad til Larsnes som tar 20 minuttar og går ni gonger dagleg. Det andre alternativet er å reise med ferjesambandet Koparnes-Årvik. Frå Åram tettstad er det 15 km til Koparnes, og derifrå 15 minutter med ferje over til Årvik. Denne ferja går 28 gonger dagleg. I tillegg til dette kjem ulemper i form av ventetid og skifte av kommunikasjonsmiddel. Til samanlikning er det om lag 20 km til Fiskåbygd som er kommunesenteret i Vanylven, dersom ein køyrer om Hakallestranda, og 24 km dersom ein køyrer om Koparnes.

For ein del reisande med kollektive transportmiddel, kan det likevel opplevast som meir praktisk å hente tenester på Larsnes på grunn av at ferja går direkte til kommunesenteret. Ferja har fleire avgangar enn det bussrutesambandet til Fiskåbygd truleg vil få. Men det er også slik at på grunn av ferjefritt samband til Vanylven, vil ein stor del av innbyggjarane i Åram krins ha sine arbeidsplassar i Vanylven kommune og hente tenester i denne kommunen.

Departementet gjev i proposisjonen ei nærare utgreiing om gangen i saka.

1.3 Departementet sine merknader

Departementet viser til at Vanylven kommune støttar framlegget om at grensa blir regulert slik at Åram krins blir overført til Vanylven kommune, medan Sande kommune er imot forslaget. Fylkesmannen i Møre og Romsdal rår til at Åram krins blir overført til Vanylven kommune. Fylkeskommunen ønskjer at spørsmålet om grenseregulering blir sett i ein større samanheng. Departementet gjorde for eit par år sidan sonderingar i høve til ei større utgreiing av kommunestrukturen i denne delen av fylket, men det var ikkje semje mellom kommunane om ei slik utgreiing.

Departementet meiner at ei eventuell overføring av Åram krins til Vanylven kommune ikkje legg hindringar for ein eventuell framtidig og meir omfattande gjennomgang av kommunegrensene i området.

Det overordna målet ved grenseendringar er å få til ei føremålstenleg og tidsmessig administrativ inndeling. Grensene bør framstå som dei mest ønskjelege for kommunane og fylkeskommunen som produsentar og leverandørar av offentlege tenester. Dei same omsyn må takast til innbyggjarane som brukarar av tenestene. Til grunn for ei avgjerd om grenseregulering må ein leggje ei totalvurdering av spørsmålet om kva kommune det aktuelle området naturleg høyrer til, mellom anna ut i frå geografiske og kommunikasjonsmessige tilhøve, som vegsamband, avstandar og reisetid. Kva befolkninga på staden meiner om spørsmålet, er også eit viktig moment.

Departementet viser til at når ein nå ønskjer å endra grensene i området er det viktig at dei nye grensene byggjer på at kommunikasjonen i dag i stor grad foregår langs vegsambandet, og ikkje sjøvegen som er grunnlaget for dagens grense.

Det er òg eit spørsmål om kva grensereguleringa vil føre til for dei ulike kommunale tenestene i Sande kommune. Det er knytt stor uvisse til framtidige endringar av tenestestrukturen i kommunen, noko som er eit problem for konsekvensvurderinga som er gjort. Uvissa blir forsterka ved at folketalet i begge kommunar er redusert dei seinare år.

Departementet meiner at Åram krins står i ei særstilling i og med at det er den einaste krinsen i Sande kommune som ligg på fastlandet. Befolkninga i Åram er allereie i dag brukarar av tenestetilboda i Vanylven kommune. Fylkesmannen peiker på at både geografi og kommunikasjonar tilseier at den kulturelle og sosiale integreringa av Åram krins i Vanylven vil bli forsterka i åra framover. Departementet vil peike på at dette tyder på at den naturlege tilknytinga for Åram krins er Vanylven kommune.

Når det gjelder konsekvensane for rest-Sande vil departementet peike på at kommunen framleis vil ha ca. 2 715 innbyggjarar. Det er 138 kommunar i Noreg som har færre innbyggjarar.

Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane av den grensereguleringa det er gjort framlegg om, vil vere avhengig av utviklinga i kommunane i åra som kjem, og av korleis kommunane organiserer verksemda si.

Samanlikna med rammetilskotet som kommunane mottar i 1999 ville Sande kommune få om lag 3 mill. kroner mindre i rammetilskot dersom Åram var overført til Vanylven kommune med verknad frå 1. januar 1999. Vanylven ville fått ei auke med om lag 2,3 mill. kroner. På det noverande tidspunkt er det ikkje mogleg å seie noko om den samla storleiken på rammetilskotet i 2000.

Som følgje av ei eventuell regulering som fører til at folketalet i Sande blir lågare enn 3 000, vil kommunen kvalifisere for regionaltilskot frå og med tidspunktet for overføring av Åram krins. Regionaltilskotet er knytt saman med det ekstraordinære skjønnstilskotet. Auken i regionaltilskotet blir grovt rekna motsvara av ein reduksjon i det ekstraordinære skjønnstilskotet. Sjølv om Sande får regionaltilskot frå og med år 2000, får dei difor ikkje meir i rammetilskot totalt sett.

I 1999 mottar Sande 4 mill. kroner i skjønnstilskot, mens Vanylven mottar 1,7 mill. kroner. Ettersom tildelinga av ordinært skjønnstilskot blir gjort i samband med statsbudsjettet, er det uråd å seie noko om utviklinga i dette for Sande og Vanylven.

Det er også vanskeleg å seie noko om utviklinga i skatteinntekter etter ei grenseregulering. Dersom ein legg til grunn at alle innbyggjarane i Åram i dag betaler like mykje i skatt som gjennomsnittet av innbyggjarar i Sande, ville ei regulering i 1999 ført til at Sande miste om lag 3,7 mill. kroner i skatteinntekter, og at skatteinntektene i Vanylven auka tilsvarande. Det må understrekast at dette er høgst usikre tal.

Departementet har etter ei samla vurdering kome til at grensereguleringa bør gjennomførast. Eit viktig siktemål med dette er å tilpasse kommunegrensene til endringar i kommunikasjonshøve. Departementet legg særleg vekt på folkemeininga i Åram krins der hovudtyngda av befolkninga ved folkerøysting i 1998 ville tilhøyre Vanylven kommune. Departementet kan heller ikkje sjå at ei grenseregulering vil ha vesentlege negative verknader for Sande kommune. Departementet tilrår at grensa blir endra slik at Åram krins blir overført frå Sande kommune til Vanylven kommune.

1.4 Iverksetjing

Departementet ser det som rimeleg at iverksetjing av grensereguleringa skjer frå 1. januar 2000.

Av omsyn til innbyggjarane meiner departementet at det her er grunn til å nytte heimelen i inndelingslova § 17 om å gjere unntak frå gjeldande lov, slik at iverksetjinga blir framskunda for så vidt gjeld valet. Unntaka inneber at ein ved kommande kommune- og fylkestingsval legg til grunn at grensereguleringa allereie er gjennomført.