Samandrag

Stortinget har 6. mai 1999 fått oversendt fylgjande framlegg frå stortingsrepresentantane Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Terje Knudsen og Øystein Hedstrøm:

«Stortinget ber Regjeringa leggje alle avtalar, kontrakter og vedtak vedrørande oppretting av eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu fram for Stortinget til endeleg godkjenning før iverksetting.»

Stortinget har ved fleire høve lagt klare føringar og premissar for utviklinga av eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1997-98) frå familie-, kultur- og administrasjonkomiteen, Innst. S. nr. 232 (1997-98) IT-kompetanse i eit regionalt perspektiv og Innst. S. nr. 99 (1998-99) om enkelte gjenstående spørsmål i forbindelse med etablering av IT-senter på Fornebu.

Forslagstillarane viser til at Nærings- og handelsdepartementet den 8. april 1999 sendte ut krav og retningsliner for eit IT- og kompetansesenter på Fornebu.

Forslagstillarane hevdar at krava og retningslinene på fleire punkt er i strid med, eller avvik frå, Stortinget sin behandling og vedtak i saka.

Det vert også vist til at Arbeidarpartiet og Framstegs-partiet har gjort næringsministeren merksam på desse tilhøva i eige brev datert 14. april 1999.

Forslagstillarane konkluderer med at næringsministeren ikkje har følgd opp Stortinget sitt vedtak og stortingsfleirtalet sine presiseringar, og finn det difor naudsynt at Stortinget gjennom eiga behandling får kontroll med at Stortinget sine føresetnader for val av samarbeidande selskap og øvrig gjennomføring vert lagt til grunn.