Vedlegg: Brev fra Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, datert 26. mai 1999.

Spørsmål vedkomande dok 8:58 (1998-99)

Eg viser til brev av 26. mai 1999 frå næringskomiteen med førespurnad om å stadfeste opplysningar gjevne i høyring i komiteen i dag.

1. At Stortinget sine føresetnader om ein heilskapleg plan for utvikling av eit IT- og kompetansesenter blir lagt til grunn for val av privat aktør som det skal forhandlast vidare med for utvikling av IT- og kunnskapssenteret på Fornebu?

Ja, som eg nemnde i komiteen har samtlege av dei mest aktuelle tilboda ein heilskapleg plan. Eg kan stadfeste at det ikkje er aktuelt å plukke ut delar av ulike tilbod.

2. At Stortinget sine føresetnader om bruken av Terminalbygget blir lagt til grunn?

Ja, eg kan stadfeste at Terminalbygget vil bli brukt som ein del av IT- og kunnskapssenteret i samsvar med Stortinget sine føresetnader.

3. At interessent som opererer med eit totalkonsept med eit areal på ca. 500 da ikke er utelukka fordi samla plan for arealbruk går ut over dei 270 da regjeringa har lagt til grunn.

Ja, eg kan stadfeste dette, og viser til Nærings- og handelsdepartementet sine krav og retningsliner av 8. april 1999 der det mellom anna går fram at tilbydar "kan eventuelt foreslå og begrunne et større eller mindre areal for eit IT- og kunnskapssenter" enn 270 da. Eg gjer for ordens skuld merksam på at dette ikkje inneber at staten tek på seg plikt til å skaffe det overskytande arealet, heller ikkje at staten pliktar å ta på seg medansvar for utvikling av eigedomar med andre formål enn det som inngår i eit IT- og kunnskapssenter.

4. At det vil vere tryggast, for å unngå krav om melding til ESA, at ein går vidare med til dømes 3 aktørar i forhandlingar etter 1. juni 1999 som Stortinget har sett som frist for val av aktør.

Ja. I evalueringa har det skilt seg ut fleire tilbod som er kvalifiserte. Det er i og for seg mogleg å velje ut ein aktør innan fristen 1. juni 1999. Men ut frå omsynet til forsvarleg sakshandsaming vil den beste løysinga truleg vere å gå vidare i forhandlingar med fleire aktørar etter 1. juni.

Det er samtidig rett at ein slik framgangsmåte også skapar ein ryddigare prosess, og at ein på den måten gjer det mindre sannsynleg at notifikasjon til ESA blir nødvendig.