Innstilling frå sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 1999 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar m.v.

Til Stortinget.

Samandrag

Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 1999 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar, post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 739 post 61 Tilskot til driftsavtalar. Auken på i alt 116,0 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned. Eigenbetalinga frå pasientane er halden uendra ved oppgjeret. Auken i takstane som følgje av dei nye avtalene kjem difor fullt ut på refusjonsdelen.

Det blir òg gjort framlegg om auke av løyvinga for 1999 under kap. 731 Rikshospitalet post 50 Statstilskot med 13,0 mill. kroner. Auken har samanheng med avtale mellom staten og Cerebral Parese-foreningen om husleige for statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1998.

Avtale om driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 1. juni 1999 blei Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for legar med avtale om drift av privat praksis. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1999 - 30. juni 2000.

Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande driftstilskot, takstar og fondsavsetningar blir auka med 3,7 pst. frå 1. juli 1999. I tillegg blir takstane for einskilde høgt prioriterte operasjonar auka med 15 mill. kroner. Det gir ei samla ramme på 4,0 pst.

Den særskilte justeringa av visse kirurgitakstar heng saman med problem som oppstod i samband med at det blei inngått ei rekkje nye driftsavtalar med legespesialistar frå 1. juli 1998. Nokre få av desse legane dreiv ein praksis med meir omfattande kirurgiske inngrep, t.d. grå stæroperasjonar. Takstane i normaltariffen er for låge til å finansiere slike operasjonar fullt ut, men så lenge legane ikkje hadde driftsavtale, kunne dei belaste pasientane med hovedtyngda av kostnadene. Når dei har driftsavtale, er legane bunde av avtalen om takstar og driftstilskot. For å halde oppe omfanget av denne verksemda, vil difor nokre av dei mest prioriterte takstane bli monaleg oppjustert frå 1. juli 1999 innanfor ei ramme på 15 mill. kroner. Det blir vist til Stortinget si handsaming av Dokument nr. 8:32 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 179 (1998-99).

Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetnader i 1999 er rekna til 73,0 mill. kroner, delt med 26,0 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 47,0 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.

Tilskotet til fastlønsstillingar var i 1998 203 000 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr. veke/1 600 konsultasjonar pr. år og 158 000 kroner knytt til minst 14 timar/1 000 konsultasjonar. Departementet tilrår at tilskota til fastlønsstillingar for allmennlegar blir auka til respektive 206 000 kroner og 160 500 kroner for 1999 og at kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar blir auka med 8,0 mill. kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå januar 1999 ved reguleringa av fastlønstilskotet.

Den samla budsjettauken som følgje av avtalen blir 81,0 mill. kroner.

Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar

I forhandlingsmøte 31. mai 1999 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1999 - 30. juni 2000.

Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 pst. pr. 1. juli 1999. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.

Departementet tilrår at løyvinga for 1999 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 21,0 mill. kroner.

Fastlønstilskotet for fysioterapeutstillingar var 109 000 kroner i 1998. Departementet tilrår at fastlønstilskotet blir auka til 112 500 kroner for 1999, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir auka med 4,0 mill. kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå januar 1999 ved reguleringa av fastlønstilskotet.

Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar

I forhandlingsmøte 31. mai 1999 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for perioden 1. juli 1999 - 30. juni 2000.

Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og fondsavsetningar med 3,8 pst. pr. 1. juli 1999. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.

Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 3,0 mill. kroner.

Tilskot til driftsavtalar

Staten gjev tilskot til driftsavtalar som er oppretta med legespesialistar, spesialistar i klinisk psykologi og fysioterapeutar i samband med endringar i lov om folketrygd pr. 1. juli 1998. Lovendringane inneber at det nå er ein føresetnad for trygderefusjon at yrkesutøvaren har kommunal eller fylkeskommunal driftsavtale, og det blei inngått rundt 1 380 nye driftsavtalar med statstilskot i 1998. Tilskotet er tidsavgrensa til 5 år. Tilskotet blir regulert i samsvar med reguleringa av driftstilskota. Departementet tilrår at kap. 739 post 61 Tilskot til driftsavtalar blir auka med 7,0 mill. kroner.

Leigeavtale for statens bruk av Berg Gård

Det blir vist til at Cerebral Parese-foreningen har fremja krav om husleige for statens bruk av Berg Gård frå det tidspunkt Berg Gård blei ein del av Rikshospitalet, dvs. frå 1. januar 1996, og fram til 31. desember 1998. Frå 1. januar 1999 er det forhandla fram ordinær husleigekontrakt.

Staten har på si side kravd fullt frådrag for statlege investeringar sidan 1970 i utrekninga av ein leigesum.

Det er nå forhandla fram ein avtale mellom partane om ein eingongssum på 13 mill. kroner for statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1998. Som del av det samla oppgjeret seier staten frå seg sitt potensielle tilbakebetalingskrav knytt til dekning av lån. Det er semje mellom partane om at 7 mill. kroner av summen skal nyttast til vedlikehald/oppgradering av bygget.

Sosial- og helsedepartementet gjer framlegg om at løyvinga for 1999 under kap. 731 Rikshospitalet post 50 Statstilskot blir auka med 13 mill. kroner til dekking av husleige for statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1998.

Det blir vist til at det i 1998 vart vedteke ei løyving på 85 mill. kroner under kap. 739 post 73 Erstatning for stråleskader, kan overførast. Utrekning av erstatningane viser at den samla utbetalinga vil bli på i underkant av 70 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om at 13 mill. kroner av 85 mill. kroner som blei overført frå 1998 til 1999 på denne posten, blir drege inn og nytta til finansiering av kostnaden til husleige for statens bruk av Berg Gård.

Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Arnesen, Gravdahl, Hildeng, Kristoffersen, Skogholt og Øyangen, medlemmene fra Fremskrittspartiet, lederen og Nesvik, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Næss og Woie Duesund, medlemmene fra Høyre, Høegh og Sjøli, medlemmet fra Senterpartiet, Gløtvold, og medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, Ballo, har merket seg at det i forhandlingsmøte 1. juni 1999 mellom Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten ble inngått revidert avtale om driftstilskott og takster for leger med avtale om drift av privat praksis for tidsrommet 1. juli 1999 - 30. juni 2000.

På samme måte er det inngått revidert avtale mellom Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten om driftstilskott og takster for fysioterapeuter for samme tidsrom etter forhandlingsmøte 31. mai 1999.

Etter forhandlingsmøte 31. mai 1999 mellom Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten er det inngått revidert avtale om driftstilskott og takster for spesialister i klinisk psykologi for samme tidsrom som for de ovennevnte grupper.

Komiteen har ingen merknader til de inngåtte avtaler.

Komiteen har heller ingen merknader til den inngåtte avtale om husleie mellom Cerebral Parese-foreningen og staten for det tidsrom Berg Gård har vært en del av Rikshospitalet.

Komiteen si tilråding

Komiteen viser til merknadene og til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

På statsbudsjettet for 1999 blir det gjort følgjande endringar:

I.

Kap.

Post

Formål

Kroner

731

Rikshospitalet

50

Statstilskot, aukast med

13 000 000

frå kr 1 201 900 000 til kr 1 214 900 000

739

Andre utgifter

61

Tilskot til driftsavtalar, aukast med

7 000 000

frå kr 180 000 000 til kr 187 000 000

2711

Diverse tiltak i fylkeshelsetensta m.v.

70

Refusjon spesialisthjelp, aukast med

26 000 000

frå kr 580 000 000 til kr 606 000 000

71

Refusjon psykologhjelp, aukast med

3 000 000

frå kr 120 000 000 til kr 123 000 000

2755

Helsetenesta i kommunane

61

Tilskot til fastlønsordning allmennlegar,

kan nyttast under post 70,aukast med

8 000 000

frå kr 200 000 000 til kr 208 000 000

62

Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar,

kan nyttast under post 71,aukast med

4 000 000

frå kr 140 000 000 til kr 144 000 000

70

Refusjon allmennlegehjelp, kan nyttast under post 61,

aukast med

47 000 000

frå kr 1 450 000 000 til kr 1 497 000 000

71

Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62,

aukast med

21 000 000

frå kr 665 000 000 til kr 686 000 000

II.

Stortinget samtykkjer i at kr 13 000 000 av kr 85 000 000 som blei overført frå 1998 til 1999 under kap. 739 Andre utgifter post 73 Erstatning for stråleskader, blir drege inn i 1999.

Oslo, i sosialkomiteen, den 10. juni 1999.

John I. Alvheim,

leiar.

Asmund Kristoffersen,

ordførar.

Are Næss,

sekretær.