Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyremakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E.

Til Stortinget.

Samandrag

Det vert i proposisjonen synt til at hovudformålet med ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) er å medverke til økonomisk utvikling i dei palestinske områda ved å betre handelsvilkåra for varene deira. Det har òg vore eit sentralt poeng å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår som i assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA. Dette inneber at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit tilnærma likt handelsregime i høve til dei palestinske områda på Vestbreidda og i Gaza. Samstundes ønskjer EFTA-statane å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda for å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Ei hovudmålsetjing med det økonomiske samarbeidet er å skape eit frihandelsområde mellom EU og middelhavslanda innan år 2010. Frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og PLO/PA og dei bilaterale landbruksprotokollane, som er forhandla fram parallelt med frihandelsavtalen, må også sjåast i denne samanhengen.

Det vert vidare synt til at frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO/PA er bygd over same leisten som EFTA sine frihandelsavtalar med tredjeland. Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på utviklinga i det internasjonale handelsregimet i den seinare tida. Avtalen er samstundes forhandla fram på bakgrunn av Paris-protokollen (Protocol on Economic Relations, underskriven i Paris 29. april 1994) mellom Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta (PA). Frihandelsavtalen omfattar alle dei palestinske områda som vart okkuperte i 1967, med andre ord Vestbreidda og Gaza. Israel har argumentert mot at Vestbreidda og Gaza blir handsama som eit særskilt tollområde. Frå EFTA si side har ein valt å leggje seg på samme linje som EU. Den mellombels assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA inneheld like ordningar som avtalen mellom EFTA og PLO/PA. Enkelte føresegner i avtalen er utarbeidd med utgangspunkt i at PA på enkelte område har avgrensa kompetanse etter Paris-protokollen. Dette gjeld mellom anna offentlege innkjøp, immaterialrettsleg vern, konkurransereglar samt fisk og fiskeprodukt. Avtalen er ein mellombels avtale til PA sin endelege status er avklart. Handelen med uforedla landbruksvarer er omfatta av ein bilateral landbruksprotokoll som Noreg og PLO/PA har inngått. Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli notifisert samstundes til WTO for å tilfredsstille kravet i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte hovuddelen av samhandelen.

Det vert opplyst i proposisjonen at det vert oppretta ein komité‚ som skal administrere og føre tilsyn med avtalen, og jamleg vurdere behovet for vidareutvikling av avtalen.

Ein eigen tilleggsprotokoll er avtala mellom partane. Tilleggsprotokollen inneheld presiseringar frå ein eller fleire avtalepartar si side når det gjeld gjennomføringa av avtalen, og uttrykkjer vilje til å utvide avtalen på visse område.

Det vert synt til at frihandelsavtalen inneheld ein protokoll som gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg vil gjere bruk av denne retten.

Frihandelsavtalen er ein multilateral avtale mellom PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta på den eine sida og EFTA-statane samla på den andre. Folkerettsleg er avtalen bindande mellom dei einskilde EFTA-statane og PLO/PA gjennom identiske tekster.

Det vert opplyst at frihandelsavtalen frå norsk side vart underskriven 30. november 1998. Avtalen trer i kraft 1. juli 1999 for dei partane som har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos depositaren, så framt avtalen trer i kraft for Den palestinske sjølvstyresmakta innan denne datoen. Om ein part ikkje har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos depositar innan 1. juli 1999, trer avtalen i kraft første dagen i den tredje månaden etter at parten har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos depositaren, så framt avtalen er tredt i kraft for Den palestinske sjølvstyresmakta.

Det vert halde fram i proposisjonen at den mellombels frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO/PA og den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA ikkje får særlege budsjettmessige følgjer for Noreg.

Utover vanlege oppgåver i samband med Den blanda komiteen og toll- og opphavsrelaterte oppgåver, vil ikkje avtalen og landbruksprotokollen medføre administrative følgjer.

Avtrykk av avtalen i engelsk språkversjon og uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Komiteen sine merknader

Komiteen vil vise til at stabil økonomisk utvikling i de palestinske områdene er en nødvendig del av fredsprosessen i Midtøsten. Frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO representerer ett av flere tiltak for å sikre markedsadgang for palestinske varer. Komiteen har merket seg at det har vært et sentralt poeng å sikre en parallellitet med den tilsvarende handelsavtalen mellom EU og PLO. Slik får EU og EFTA et tilnærmet likt handelsregime i forhold til de palestinske områdene.

Komiteen mener på denne bakgrunn at avtalen mellom EFTA og PLO kan ha en stor politisk betydning. Komiteen ser også på avtalen som en integrert del av det samarbeidet som EU utvikler rundt Middelhavet og i Midtøsten, av og til omtalt som "EUs sørlige dimensjon".

Komiteen si tilråding

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyremakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E, i samsvar med forslag framlagt i proposisjonen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 11. juni 1999.

Haakon Blankenborg,

leiar.

Marit Nybakk,

ordførar.

Einar Steensnæs,

sekretær.