Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 om endring av vedlegg IX til EØS-avtalen om finansielle tenester

Til Stortinget

SAMMENDRAG

Bakgrunn og forholdet til norsk rett

Ved EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 var europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF av 19. mai 1998 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir, tekne inn i EØS-avtalen. Direktivet vil gå inn i vedlegg IX til avtalen, som gjeld finansielle tenester. Fordi gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget i medhald av Grunnlovas § 26, 2. ledd og EØS-avtalas artikkel 103 nr. 1.

EØS-komiteen si avgjerd nr. 53/99 og europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF følgjer som trykt vedlegg i norsk versjon.

Hovudføremålet med direktivet er å minske risikoen i avreknings- og oppgjerssystem for betalingar og overføringar av finansielle instrument mellom bankar eller verdipapirføretak. Ved betalingar mellom bankar eller verdipapirføretak oppstår det ei rekkje fordringstilhøve som kan avreknast mot kvarandre til nettofordringar og nettoskyldnader og gjerast opp ved overføringar mellom bankane sine konti i ein oppgjersbank. Slik avrekning med nettobasert oppgjer er ein vanleg oppgjersmåte for pengeskylnader både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjeld også i aukande grad for verdipapir og andre finansielle instrument. Nettooppgjer gjev fleire fordelar for bankane ved at det reduserar likviditetsbehovet og transaksjonskostnadene deira, men kan óg medføre risiko dersom systema ikkje byggjer på ein trygg rettsleg basis. Dette gjeld særleg ved insolvens hos ein av dei deltakande bankane i systemet. Direktivet gjev reglar som skal sikre at avrekning og oppgjer mellom dei deltakande bankane eller verdipapirføretaka i systemet skal kunne gjennomførast sjølv om ein deltakar kjem under insolvenshandsaming. Reglane i direktivet gjev såleis utvida høve til motrekning i konkurs for dei avreknings- og oppgjersavtalane som vert omfatta i direktivet. Det er i pkt. 2 i proposisjonen gjort nærare greie for direktivet og i pkt. 3 i proposisjonen er det gjort greie for avgjerda i EØS-komiteen.

I norsk rett er det i dag inga særskild lovregulering av rettsvern m.m. for avreknings- og oppgjerssystem, med unntak for ei særføresegn i Lov om Verdipapirsentral. Det er difor naudsynt å innføre nye lovreglar som gjennomfører føresegnene i direktivet. Ein gjer framlegg om at reglane vert tekne inn i ei ny lov om betalingssystem m.m., som vert lagd fram som eigen lovproposisjon samtidig med denne proposisjonen.

Som følgje av føresegnene i direktivet må det mellom anna innførast reglar som gjev utvida rett til motrekning i konkurs for avreknings- og oppgjersavtalar i høve til det som gjeld etter dei vanlege reglane i dekningslova. Dette har samanheng med at dei vanlege vilkåra for motrekning ofte ikkje vil vere oppfylte for avreknings- og oppgjerssystem. Etter dekningslova § 8-1 er det eit vilkår for motrekning i konkurs at hovudkrav og motkrav eksisterer ved opninga av buhandsaminga. Vidare er det eit vilkår etter dekningslova at hovudkrav og motkrav ligg føre mellom dei same partane på konkursopningstidspunktet. I avreknings- og oppgjerssystem vert pengeskyldnader mellom bankane ofte stifta først ved godskriving eller belastning av kundekonti som skjer i tidsrommet mellom avrekning og nettoppgjer. Vidare vil vilkåret om at krav og motkrav ligge føre mellom dei same partane, ikkje vere oppfylt der avrekning skjer mellom fleire enn to bankar, såkalla multilateral avrekning.

Hovudregelen etter dekningslova § 7-3 er at buet har rett til å tre inn i dei gjensidig tyngjande avtalane som skyldnaren har gjort. Dei føresegnene som må innførast om utvida rett til motrekning for avreknings- og oppgjersavtalar, vil medføre at konkursbuet får mindre høve til gå inn i dei løpande avtalane til konkursskyldnaren enn det har etter reglane i dekningslova.

Det må innførast føresegner om at systema må velje kva for eit lands lovgjeving systemet skal vere underlagt. Det må òg innførast føresegner om notifiserings-, varslings- og opplysningsplikt i samsvar med direktivet. Ein føreslår at systema skal meldast til Noregs Bank, som òg skal gje melding til EFTAs overvakingsorgan om systema i samsvar med direktivet.

Nærare vurderingar og framlegg til gjennomføring av direktivet i norsk rett vert fremja i lovproposisjonen om betalingssystem m.m., som vert lagd fram samtidig med denne proposisjonen.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Det er venta at direktivet vil kunne gje grunnlag for reduserte kapitalkostnader for bankar og andre deltakarar i dei avreknings- og oppgjerssystema som vert omfatta av direktivføresegnene.

Det er ikkje venta at direktivet vil medføre nemnande administrative eller budsjettmessige konsekvensar.

Konklusjon og tilråding

Hovudformålet med direktivet er å minske risikoen i avreknings- og oppgjerssystem, særleg med tanke på insolvens hos ein av deltakarane i systemet.

Justisdepartementet og Finansdepartementet finn at direktivet om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjersystem for verdipapir tryggjer norske interesser på ein tilfredsstillande måte, og tilrår at avgjerda i EØS-komiteen om å ta direktivet inn i EØS-avtalen vert godkjend. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Jørgen Holte, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen og fra Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, viser til at komiteen har til behandling Ot.prp. nr. 96 (1998-1999) Om lov om betalingsssystemer m.v.

Komiteen anbefaler at avgjørelse i EØS-komiteen om å ta europaparlaments- og rådsdirektiv nr. 98/26/EF av 19. mai 1998 om endelig oppgjør i betalingssystemer og i oppgjørssystemer for verdipapirer godkjennes.

Komiteen viser til at komiteens utkast til innstilling den 14. oktober 1999 ble sendt utenrikskomiteen.

Utenrikskomiteen har i brev til komiteen 20. oktober 1999 avgitt følgende uttalelse:

«Under henvisning til finanskomiteens brev av 14. oktober 1999 meddeles herved at utenrikskomiteen ikke har merknader til nevnte utkast til innstilling.»

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gir samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjørelse nr. 53/99 av 30. april 1999 om endring av vedlegg IX til EØS-avtalen om finansielle tjenester.

Oslo, i finanskomiteen, den 21. oktober 1999

Lars Gunnar Lie

leder

Berit Brørby

ordfører

Siv Jensen

sekretær