Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.4 Konklusjon og tilråding

Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at verksemda til EU med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet kan gje viktige bidrag til forskinga om sysselsetjing og arbeidsløyse, og samanheng mellom arbeidsmarknaden og andre politikkområde. Delar av dette vil dessutan vere samanliknande forsking mellom land som kan gje oss utvida perspektiv i høve til forsking og analyse der ein berre ser på norske tilhøve. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.