1. Samandrag

Næringskomiteen fekk den 13. oktober 1999 oversendt følgjande forslag frå stortingsrepresentantane Per-Kristian Foss og Ansgar Gabrielsen:

  • «1. Det vert innført ordningar som påskjønnar tilsette i offentleg byråkrati og forvaltning som fremmar gjennomførbare forslag til forenklingar og fjerning av unødvendige skjema, lover og føresegner. Konkret bør det setjast av midlar i kvar etat som premierer gode forslag. På denne måten kan tilvande arbeidsformer og gamle incentivstrukturar i forvaltninga endrast til fordel for enklare reglar og føresegner.

  • 2. Som ein hovudregel skal eitkvart forslag om eit nytt skjema, lov eller føresegn følgjast av forslag om å fjerne eit anna.

  • 3. I samband med at dei årlege statsbudsjetta vert fremja skal det utarbeidast eit oversyn over talet på skjema, lover og føresegner som næringslivet må takle. Oversynet bør innehalde ei samanlikning med tidlegere år og mellom ulike etatar. På denne måten blir det mogleg å sjå om utviklinga går i riktig retning og samanlikne innsatsen i ulike delar av forvaltninga.

  • 4. For å kartlegge administrative konsekvensar av nye lover og større endringar i føresegnene skal det etablerast eit system der verksemdene skal kontaktast på førehand. Dette skal gjerast gjennom utvalde testpanel av verksemder som identifiserer kva for fordel eller ekstra vanskar ei ny lov eller føresegn fører med seg.

  • 5. For at verksemdene lettare skal kunne ha oversynet og tilpasse eigne rutinar skal det fastsetjast to årlege datoar for offentleggjering for skattemessige endringar i føresegner og regelverk med iverksetjing to månader seinare.

  • 6. Statistikklova pålegg næringslivet innrapportering av statistiske opplysningar til Statistisk sentralbyrå. Der det er mogleg må Statistisk sentralbyrå avgrense seg til å få opplysningar frå representative utval av verksemder istadenfor å få opplysningar frå samtlege føretak.

  • 7. Arbeidet til Føretaksregisteret i Brønnøysund med å samordne skjema frå ulike offentlege etatar må styrkjast slik at det offentlege ikkje spør etter same informasjon fleire gonger. Det er særleg viktig at innsamlinga til Statistisk sentralbyrå av informasjon vert inkludert i dette arbeidet.

  • 8. Utfylling av skjema og innbetalingar til det offentlege skal kunne gjerast over Internett»

Bakgrunnen for forslaga er at forslagsstillarane meiner at norske verksemder brukar store ressursar på å svare på forespurnader frå det offentlege og korleis dei skal takle ulike lover og føresegner.

Forslagsstillarane syner òg til at dette er eit problem av di knappe arbeidskraftressursar vert bundne opp i stort sett uproduktivt arbeid. Små verksemder er særleg utsette av di dei må bruke ein urimeleg stor del av arbeidsressursane til dette arbeidet.

Forslagsstillarane syner til at skjemaveldet aukar i omfang. I det andre kvartalet 1999 auka skjemapresset med drygt 45 500 timar. Forslagsstillarane etterlyser ein samla strategi med slagkraftige verkemiddel som kan medverka til ein omfattande reduksjon av skjemaveldet og forenkling og fjerning av lover og føresegner.