Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa meiner at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for utvikling av naudsynt næringsaktivitet knytt til fiskeri, havbruk og tang- og tarehausting og til vern av område i sjø og på land.
Det vert i meldinga peika på at både vern og næringsutvikling vil vere ein del av ei langsiktig utvikling i kystsona og at det derfor er viktig å ta vare på areal som ikkje vert påverka av ulike aktivitetar og inngrep. Det er òg viktig å sikre for ettertida område som har særlege verdiar med tanke på representativitet og som typeområde.
I dei fleste verneområda som omfattar sjøareal, er utøving av fiske ikkje i strid med verneformålet, og dei fleste verneforskriftene vil derfor framleis verte utforma slik at omsynet til fiskeriaktivitetane vert ivareteke.
Ved framlegg om nye verneområde vil behovet for å regulere taretråling i verneforskriftene verte vurdert på bakgrunn av forvaltningsplanen for tare og verneformålet. Regulering av taretråling i verneforskriftene kan likevel vere naudsynt dersom forvaltningsplanen ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek verneverdiane. Ein bør i størst mogleg grad samordne framlegga til verneområde med dei trålfrie områda i forvaltningsplanen.
Regjeringa understrekar at både oppdrettsnæringa og verneinteressene legg beslag på marginale areal totalt sett i kystsona, og at nasjonale vernevedtak i liten grad har verka inn på utviklinga av oppdrettsnæringa. Regjeringa meiner derfor at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for naudsynt etablering av oppdrettsanlegg og gjennomføring av dei resterande verneplanane. Før ein fattar vedtak om vern som omfattar sjø, vil Regjeringa gjere ei grundig vurdering av storleiken på sjøareala som skal vernast.
Dersom det i enkelte høve viser seg å verte konkurranse om dei same areala, og det både for naturverninteressene og for havbruksnæringa ikkje er mogleg å finne alternative tilsvarande lokalitetar, må ein gjere ei grundig vurdering av forholdet mellom verneformål og kva for type oppdrett som er aktuelt. Dersom miljøverknadene av den aktuelle oppdrettsverksemda i liten grad vil påverke verneformålet, t.d. skjeloppdrett i eit landskapsvernområde, kan vern og oppdrett kombinerast. Under føresetnad av at det ikkje er i strid med verneformålet meiner Regjeringa at det i framtida vil kunne vere mogleg å kombinere vern av eit sjøareal og bruk av det same området til havbruksverksemd i større grad enn ved tidlegare vernevedtak. Regjeringa meiner at ein skal leggje føre-var-prinsippet til grunn når ein vurderer om miljøstyresmakta kan gi løyve til havbruk innafor eit verneområde.