Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Tom Thoresen, frå Framstegspartiet, Dag Danielsen og André Kvakkestad, frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Magne Bondevik og leiaren Einar Steensnæs, frå Høgre, Jan Petersen og Siri Frost Sterri, frå Senterpartiet, Johan J. Jakobsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lisbet Rugtvedt, og frå Venstre, Lars Sponheim, syner til at det i proposisjonen blir gjort framlegg om ein mindre auke i løyvingane til kap. 190 Humanitær bistand ved naturkatastrofar og kap. 191 Menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningtiltak. Komiteen er òg kjent med at to av dei største norske friviljuge hjelpeorganisasjonane, Norges Røde Kors og Kirkens Nødhjelp, i år har fått langt mindre tildelingar til slike formål enn i 1999.
Komiteen viser til brev frå utviklingsministeren dagsett 13. november 2000 der det blir varsla ein eigen proposisjon om bruk av ledige midlar innafor bistandsramma. Proposisjonen blir lagt fram 17. november 2000.