Innstilling frå kommunalkomiteen om tilleggsløyving på statsbudsjettet for 2000 til kommunar og fylkeskommunar vedrørande auka utgifter til feriepengar og ny arbeidstidsavtale for lærarar

Til Stortinget

Samandrag

I innleiinga til proposisjonen vert det sitert frå brev av 26. mai 2000 frå statsminister Jens Stoltenberg til Kommunenes Sentralforbund i samband med lønsforhandlingane mellom staten og lærarane.

På bakgrunn av tariffoppgjeret mellom staten og Hovudsamanslutningane/Norsk lærarlag vert det foreslått i proposisjonen at det i 2000 skal gjevast ei tilleggsløyving til kommunesektoren på 1 474,125 mill. kroner som kompensasjon for meirkostnaden for utvida ferie i 2001 og to ekstra lønstrinn til lærarane i 2000. Av dette er 1 080 mill. kroner kompensasjon for to ekstra feriedagar i 2001. Dette talet er basert på eit overslag over lønskostnadene i kommunesektoren i 2000, og gjeld også auka kommunale utgifter til kyrkjelege fellesråd. Tilleggsløyvinga til utvida ferie vert foreslått fordelt etter kommunane og fylkeskommunane sin del av lønskostnadene. Dette gjev ei fordeling på 735 mill. kroner til kommunane og 345 mill. kroner til fylkeskommunane.

Meirkostnaden for dei to ekstra lønstrinna til lærarane i 2000 i samband med ny arbeidstidsavtale er utrekna til brutto 394,125 mill. kroner. Det vert gjort framlegg om at tilleggsløyvinga til kommunesektoren på 394,125 mill. kroner skal fordelast etter kommunane og fylkeskommunane sin del av dei samla lønskostnadene i undervisningssektoren. Dette gjev kommunane 271 mill. kroner og fylkeskommunane 123,125 mill. kroner.

Samla utgjer tilleggsløyvinga til kommunesektoren 1 474,125 mill. kroner, fordelt med 1 006 mill. kroner til kommunane og 468,125 mill. kroner til fylkeskommunane.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Berit Brørby, Odd Eriksen, Aud Gaundal, Einar Johansen og Leif Lund, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, frå Kristeleg Folkeparti, Ruth Stenersen og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Sverre J. Hoddevik og Erna Solberg, frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, og frå Sosialistisk Venstreparti, Helge Bjørnsen, visertil forslag om ei samla tilleggsløyving til kommunesektoren på 1 474,125 mill. kroner fordelt med 1 006 mill. kroner til kommunane og 468,125 mill. kroner til fylkeskommunane. Dette gjeld auka kostnader til feriepengar og ny arbeidstidsavtale for lærarar. Løyvinga er ein kompensasjon for to ekstra feriedagar i 2001 og for to ekstra lønstrinn til lærarane i 2000. Komiteen seier seg samd i at slik kompensasjon vert gitt. Komiteen viser også til at det ikkje vert gitt kompensasjon for to lønstrinn i justeringsforhandlingane pr. 15. juli 2000. Grunngjevinga for dette frå Kommunal- og regionaldepartementet er at det ikkje er tradisjon for at staten kompenserer kommunesektoren for auka lønskostnader.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, har merka seg at Kommunenes Sentralforbund har laga utrekningar for lønskostnader som viser eit beløp som er 68 mill. kroner høgare enn dei anslag som departementet har lagt fram, og at desse utrekningane baserer seg på kommunane sine rekneskap. KS har rekna kostnadene med utvida ferie til å vera 20 mill. kroner meir enn departementet.

Komiteen viser vidare til brev til komiteen frå kommunane Stavanger og Sandnes, der det framgår eit misforhold mellom kommunane si forståing av meirkostnader og departementet sine utrekningar.

Komiteen viser til brev av 24. oktober 2000 frå Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden der ho kommenterer Stavanger og Sandnes sine synspunkt, og der det m.a. blir sagt at det "hefter usikkerhet" ved både KRD og KS sine måtar å laga anslag på.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til dette, og vil vidare understreke at det er Stortinget gjennom handsaminga av Rekrutteringsmeldinga, jf. Innst. S. nr. 120 (1999-2000), St.meld. nr. 12 (1999-2000) som har initiert dei særskilde lærarlønsforhandlingane, og vil ut frå det tilrå at desse vert tilførte 88 mill. kroner meir.

Fleirtalet gjer slikt framlegg:

"I statsbudsjettet for 2000 gjerast følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

571

Rammetilskot til kommunar

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

1 066 000 000

frå kr 29 483 608 000 til kr 30 549 608 000

572

Rammetilskot til fylkeskommunar

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

496 125 000

frå kr 15 672 543 000 til kr 16 168 668 000"

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at grunnlaget for departementets beregninger er tall fra Det sentrale tjenestemannsregisteret for skoleverket (STS) pr. 1. september 1999. STS skal gi et totalt bilde av antall ansatte i skoleverket. De beregninger som er foretatt av merkostnadene ved to ekstra lønnstrinn gir derfor et så godt anslag over de totale kostnadene som det er mulig å gi. Disse medlemmer mener det ikke er grunnlag for å si at KS sine tall er mer sikre enn departementets.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"I statsbudsjettet for 2000 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

571

Rammetilskudd til kommuner

60

Innbyggertilskudd/utgiftsutjevning, forhøyes med

fra kr 29 483 608 000 til kr 30 489 608 000

1 006 000 000

572

Rammetilskot til fylkeskommuner

60

Innbyggertilskudd/utgiftsutjevning, forhøyes med

fra kr 15 672 543 000 til kr 16 140 668 000"

468 125 000

Komiteen viser til korrespondanse med departementet som gjer det klart at det ikkje vert gjeve kompensasjon til private skular og til folkehøgskular. Dette inneber at desse skulane vil kunna få vanskar med å få budsjettet i år til å gå i hop.

Komiteen vil peika på at lærarar i desse skuleslaga i sine avtalar har høve til å krevja løns- og arbeidstilhøve tilsvarande dei som ekstraordinært er forhandla fram i år i det offentlege.

Komiteen vil tilrå at også alle private skular og alle folkehøgskular får kompensasjon i samsvar med den tilskotssatsen som elles gjeld. Det vises til svarbrev frå Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden (datert 21. november 2000) der det framgår at dette inneber ei ekstra løyving på 5,5 mill. kroner til folkehøgskulane og 22 mill. kronar til dei private skulane.

På denne bakgrunn gjer komiteen slikt framlegg om endringar i statsbudsjettet for 2000:

"I statsbudsjettet for 2000 gjerast følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

240

Private skular m.v.

70

Tilskot, overslagsløyving, vert auka med

22 000 000

frå kr 1 061 115 000 til kr 1 083 115 000

253

Folkehøgskular

60

Tilskot til fylkeskommunale folkehøgskular, kan nyttast under post 70, vert auka med

800 000

frå kr 38 838 000 til kr 39 638 000

70

Tilskot til andre folkehøgskular, kan nyttast under post 60, vert auka med

4 700 000

frå kr 329 249 000 til kr 333 949 000"

Forslag frå MINDRETAL

Forslag frå Arbeidarpartiet:

I statsbudsjettet for 2000 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

571

Rammetilskudd til kommuner

60

Innbyggertilskudd/utgiftsutjevning, forhøyes med

fra kr 29 483 608 000 til kr 30 489 608 000

1 006 000 000

572

Rammetilskot til fylkeskommuner

60

Innbyggertilskudd/utgiftsutjevning, forhøyes med

fra kr 15 672 543 000 til kr 16 140 668 000

468 125 000

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2000 gjerast følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

240

Private skular m.v.

70

Tilskot, overslagsløyving, vert auka med

22 000 000

frå kr 1 061 115 000 til kr 1 083 115 000

253

Folkehøgskular:

60

Tilskot til fylkeskommunale folkehøgskular, kan nyttast under post 70, vert auka med

800 000

frå kr 38 838 000 til kr 39 638 000

70

Tilskot til andre folkehøgskular, kan nyttast under post 60, vert auka med

4 700 000

frå kr 329 249 000 til kr 333 949 000

571

Rammetilskot til kommunar

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

1 066 000 000

frå kr 29 483 608 000 til kr 30 549 608 000

572

Rammetilskot til fylkeskommunar

60

Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med

496 125 000

frå kr 15 672 543 000 til kr 16 168 668 000

Oslo, i kommunalkomiteen, den 21. november 2000

Berit Brørby

leiar

Magnhild Meltveit Kleppa

ordførar

Erna Solberg

sekretær