Innstilling fra næringskomiteen om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2000 og fisket etter avtalene i 1998 og 1999

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

Regjeringa gir i meldinga ei omtale av dei fiskeriavtalene som Noreg inngår med andre land. Meldinga tar for seg kvoteavtalene for 2000, norsk deltaking i arbeidet i fleirsidige fiskeriorganisasjonar og dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på dei tildelte kvotane. Meldinga viser også utnyttinga av kvotar av norske og utanlandske fiskarar i 1998 og 1999.

Dei ulike fiskeriavtalene for 2000

Ein omfattande andel av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtaler som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 n. mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land. Meldinga gir ein oversikt over dei fiskeriavtalene som er inngåtte mellom dei sentrale fiskerinasjonane i våre nærområde. Dei viktigaste forhandlingane for 2000 er førte med Russland, EU, Færøyane, Grønland og Island.

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES (International Council for the Exploration of the Sea). Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Totalkvoten for torsk i Barentshavet er redusert frå 480 000 tonn i 1999 til 390 000 tonn i 2000, grunna utviklinga i den norsk/arktiske torskebestanden. Også totalkvoten for hyse blei redusert i 2000. Bestandssituasjonen for blåkveite førte til at det heller ikkje i 2000 blei opna opp for eit direkte fiske etter blåkveite. Det er sett ein kvote på 435 000 tonn lodde i Barentshavet i 2000. Av omsyn til bestandssituasjonen for uer er det også i 2000 sett forbod mot eit direkte fiske etter uer i områda nord for 70oN.

For å betre situasjonen for konsumfellesbestandane i Nordsjøen har Noreg og EU for 2000 vedtatt langsiktige forvaltningsstrategiar basert på føre var-prinsippet for torsk, hyse, sei og raudspette.

Det er også for 2000 forbod mot eit kommersielt fiske etter kongekrabbe. Den framtidige forvaltninga av kongekrabbe, skal drøftast i eit særskilt utval under Fiskerikommisjonen i samarbeid med forskarane.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2000 på 1 252 000 tonn. Partane er vidare samde om ein ny forvaltningsstrategi frå og med 2001. Denne er basert på føre var-prinsippet og tar sikte på å hindre eit nytt samanbrot i sildebestanden.

I Nordsjøen har Noreg ein andel på 29 pst. og EU ein andel på 71 pst. av totalkvoten for sild. Tollkvoten er på 265 000 tonn for 2000, ei vidareføring av totalkvoten frå 1999. Det nye sildearrangementet inneheld forvaltningsmålsettingar og tiltaksgrenser som grunnlag for kvotefastsetting. Også for 2000 er det sett sterke avgrensingar i uttaket av ungsild.

Det vil i 2000 foregå eit gjensidig fiske av fartøy frå Noreg og Island, i tråd med den trilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland.

Færøyane er no akseptert som kyststat til makrellen av Noreg og EU. Det er inngått ei avtale mellom dei tre kyststatane om forvaltninga av makrell i 2000.

NEAFC (Northeast Atlantic Fisheries Commission) har vedtatt ein totalkvote i internasjonalt farvatn i Norskehavet ("Smotthavet") på 50 000 tonn makrell. Denne makrellkvoten er fastsett i samsvar med dei reguleringane dei tre kyststatane Noreg, Færøyane og EU er samde om i 2000. Russland og Island har reservert seg mot denne reguleringa.

Utkast av fisk utgjer eit særleg problem. EU praktiserer i dag eit utkastpåbod. Det er oppnådd prinsipiell semje om at eit utkastforbod er eitt mogleg tiltak i forvaltninga. EU er villig til å gjennomgå dei økologiske og økonomiske verknadene av og fordelane med å innføre eit forbod. Spørsmålet om beskatningsmønster er igjen sett på dagsordenen i den bilaterale avtala for 2000.

Den internasjonale hvalfangstkommisjonen (IWC) har vedtatt moratorium for fangst av vågekval. Noreg har reservert seg mot moratoriet og har for 2000 autonomt sett ein norsk kvote på 655 dyr.

Fisket etter avtalene i 1998 og 1999

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 620N godt i 1998, desse kvotane blei også nytta fullt ut i 1999. I tillegg til dei ordinære kvotene har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland både i 1998 og 1999.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 1998 og 1999. Seikvoten blei også godt utnytta begge åra, mens kvotane på dei andre konsumfellesbestandane ikkje blei utnytta i same høge grad.

Den norske kolmuleflåten fiska svært mykje kolmule i internasjonalt område både i 1998 og i 1999. Til saman blei det i 1998 fiska 240 000 tonn kolmule i internasjonalt område, eit kvantum langt utover det som har vore vanleg i tidlegare år.

For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite og reker ved Grønland av stor verd. Kvotane av blåkveite og kveite blir godt utnytta. Rekekvotane blei ikkje fullt utnytta korkje i 1998 eller 1999.

Av dei fem avtalepartnarane var det berre Noreg som fiska heile kvoten sin av norsk vårgytande sild i 1998 og 1999. Norsk økonomisk sone er området med desidert størst fangst både i 1998 og 1999.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62oN er godt utnytta. Unntaket er Island som i sin første sesong etter "Smotthol"-avtalen tredde i kraft, berre fiska 1 931 tonn torsk av ein kvote på 4 450 tonn.

EU si utnytting av makrellkvoten i norsk sone av Nordsjøen i 1998 og 1999 var god. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var også gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark).

Kontrollordningar

Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen. Dei ulike salsorganisasjonane har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og fiskar i desse landa sine jurisdiksjonsområde.

Innan utløpet av første halvår 2000 skal samtlege norske fartøy over 24 meter vere underlagt satellittsporing. Arbeidet med å leggje til rette for eit tilsvarande pålegg for utanlandske fartøy som fiskar i norsk sone, pågår og er iverksett for EUs vedkommande.

Samarbeid om kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar er inngått med Russland og EU. Noreg har også inngått avtaler om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU, og med Island og Canada. Samarbeidet om forvaltnings- og kontrollspørsmål mellom Noreg og Russland, omfattar eit pilotprosjekt om satellittsporing. På grunnlag av erfaringane frå dette prosjektet skal det leggjast fram ein plan for innføring av satellittsporing av russiske og norske fartøy under fiske i dei to partane sine økonomiske soner.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt verkemedel har vore "svartelistinga" av fartøy som fører utanlandsk flagg og som har drive uønska aktivitet i områder utanfor norsk jurisdiksjon. Fiskeridirektoratet ser til at fartøy som har deltatt i uregulert fiske i internasjonalt farvatn blir nekta lisens i Noregs økonomiske sone.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, fra Senterpartiet, lederen Morten Lund, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, vil understreke viktigheten i at de kyststatene som deler en eller flere fiskebestander skal samarbeide om regulering og vern av bestandene. Komiteen er enig i at de samme kyststatene har en plikt til å fremme en forsvarlig ressursforvaltning som også skal ta hensyn til befolkningens økonomiske behov. Meldinga viser at Norge har en viktig pådriverrolle og bruker et bredt engasjement i den forbindelsen.

Komiteen har merket seg den fortsatt negative utviklingen, spesielt for norsk/arktisk torsk. Meldinga viser at totalkvoten for torsk i Barentshavet også ble redusert i år 2000. I tillegg har totalkvoten for hyse blitt redusert og det ble heller ikke åpnet for direkte fiske etter blåkveite. Når det gjelder loddebestanden er den innenfor trygge biologiske grenser.

Komiteener enig i vedtaket om langsiktige forvaltningsstrategier basert på føre var-prinsippet for sei, torsk, hyse og rødspette som Norge og EU er blitt enige om for Nordsjøen.

Norge og EU har i løpet av de siste årene hatt et nært samarbeid om ressursforvaltning. Arbeidet har gitt resultat, men det er fremdeles områder der det trengs felles tiltak for å bedre fiskeriforvaltninga. Komiteen mener dette arbeidet må fortsette.

Komiteener enig i at for å nå målet om forsvarlig ressursuttak, er kontroll med all fiskeaktivitet nødvendig. Komiteen har også merket seg at satellittsporing er innført for norske fartøy og at arbeidet med å tilrettelegge for et tilsvarende pålegg for utenlandske fartøy som fisker i norsk sone pågår.

Norge er et av de land i verden som bruker mest ressurser på havforskning og bestandsvurderinger. Komiteen mener den kunnskapen vi innehar og den fiskeripolitikk som Stortinget har vedtatt er et godt utgangspunkt for de forhandlinger og beslutninger som skal tas på vegne av Norge i internasjonal sammenheng.

Komiteen er bekymret for den situasjon som flere bestander befinner seg i for tiden. Komiteen mener med bakgrunn i de tidligere inngåtte avtaler med andre land, at hensynet til bevaring og gjenoppbygging av flere viktige bestander må veie tungt i kommende fiskeriforhandlinger. Komiteen mener at Norge internasjonalt må jobbe sterkt for å få aksept for at ressursoppbygging har første prioritet. Dette tilsier også økt oppmerksomhet og samarbeid på områder som overvåkning og kontroll.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 44 (1999-2000) - Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2000 og fisket etter avtalene i 1998 og 1999 - vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 29. november 2000

Morten Lund

leder

Mimmi Bæivi

ordfører

Kjell Opseth

sekretær