Samandrag
Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000, som gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve til å vera med i framhaldet av det fleirårige fellesskapsprogrammet for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER).
ALTENER har følgjande særskilde mål:
– å medverka til å skapa dei naudsynte vilkåra for å gjennomføra ein handlingsplan for fornybare energikjelder innanfor Fellesskapet, særleg dei rettslege, sosioøkonomiske og administrative vilkåra, mellom anna nye marknadsinstrument og marknadsmekanismar,
– å stimulera til private og offentlege investeringar i produksjon og bruk av energi frå fornybare energikjelder.
For perioden 1998-2002 har rammeprogrammet ei budsjettramme på 170 mill. euro. Til ALTENER er det sett av 77 mill. euro. Deltaking i programmet inneber økonomiske plikter for Noreg på 1,8 pst. av denne summen. Ved ein kurs på 1 euro = 8,2 kroner utgjer dette om lag 2,3 mill. kroner årleg.
Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare orientert om Noreg si deltaking i ALTENER i St.prp. nr. 1 (1996-1997) og St.prp. nr. 52 (1996-1997).
Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.
Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til proposisjonen.
Utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen, som ikke har merknader til innstillingen.