Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet)

Til Stortinget

Sammendrag

Bakgrunn

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 gjeld innlemming i EØS-avtala av Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet). Programmet blei skipa ved europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett tiltak og åtgjerder for å sikre samverknadsevne mellom og tilgang til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom administrasjonar (IDA). IDA er EU-programmet som skal lette den elektroniske utvekslinga av data mellom forvaltingane i EU og med institusjonane i EU. Dette skjer delvis ved tilskot til utvikling av nye telematikkløysingar innanfor prioriterte fagsektorar og politikkområde, og ved framskaffing av felles kommunikasjonsnett og tenester.

IDA-programmet, som varar i 5 år og tok til å gjelde 3. august 1999, byggjer på to rettsakter frå Europaparlamentet og Rådet, som vert viste til som sektorvedtaket eller vertikale tiltak med retningslinjer for prosjekt av felles interesse (europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999) og interoperabilitetsavgjerda eller fellestiltak av horisontal karakter (europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999). Statar utanfor EU vil og kunne ta del med status som observatør når dei gjev økonomisk støtte til IDA.

EFTA-statane i EØS vart med i det førre IDA-programmet mot slutten av den tida det varte, så seint som i 1997. I ein interimperiode med utfasing av det gamle programmet og førebuingar til nytt IDA-program har Noreg teke del med observatørstatus. På mange av dei sektorområda som får støtte av det nye IDA-programmet, medverkar Noreg gjennom EØS-avtala.

Norsk deltaking i rammeprogrammet fører med seg ei plikt til å løyve midlar over fleire år. Då EØS-komiteen vedtok å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg difor dei andre avtalepartane om at forfatningsrettslege krav må vere stetta i Noreg før avgjerda vil verte bindande.

Nærmere om programmet

Føremålet med IDA-programmet er å ta i bruk ein moderne infrastruktur og felles tenester for utveksling av informasjon mellom forvaltingane i EU anten dei er nasjonale eller regionale, og eventuelt mellom desse forvaltingane og felleskapsorgan. Programmet skal lette datautvekslinga på ei rekkje prioriterte sektorområder, t.d. innanfor statistikk, helse- og lækjemiddelkontroll, veterinærkontroll, trygd og pensjon, arbeidsmarknad, miljøvern m.m. Programmet støttar opp under dei sektorvise løysingane med ei rekkje horisontale tiltak, m.a. felles kommunikasjonsløysingar og tenester som alle sektorane kan bruke, t.d. e-post og sikker dokumentutveksling.

EU vil evaluere programmet sitt annakvart år.

I Noreg blir det lagt opp til at forvaltingsnettet til EU i utgangspunktet skal få eitt tilkoplingspunkt til det statlege tverrsektorielle nettet hos Statens forvaltingsteneste.

Avgjørelsen i EØS-komiteen

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 10. november å endre protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett.

Avgjerda tek til å gjelde 15. desember 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har fått melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av avgjerda er stetta.

Vurderinger

IDA støttar ei rekke prosjekt på sektorområde der Noreg tek del i EØS-samanheng, og der kommunika­sjonsnett og datautveksling er ein føresetnad. Det er viktig for Noreg å delta i dette programmet fordi vi ved utvidingar av samarbeidet med EU tidlegare har hatt røynsle med at det har meldt seg vanskar i tingingane på nye sektorområde når det har vore uklart om Noreg tek del i IDA-programmet.

Administrative og økonomiske konsekvenser

IDA-programmet har hatt ei budsjettramme på 24 mill. euro pr. år. EU vil truleg halde ei tilsvarande ramme for slutten av programmet. Dette inneber at den norske delen av kostnadene vil verte på om lag 3,4 mill. kroner pr. år medrekna kostnader til ein nasjonal sakkunnig.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jon Olav Alstad, Frank Willy Larsen, Liv Marit Moland, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Shahbaz Tariq, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad og Ola T. Lånke, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Sandberg, fra Høyre, Trond Helleland og Inger Stolt-Nielsen, fra Senterpartiet, Anne Enger Lahnstein, og fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, viser til at formålet med endring av protokoll 31 til EØS-avtalen om deltaking fra EFTA/ EØS statene i Fellesskapets program for forvaltningsnett (IDA-programmet), er deltakelse i et sett retningslinjer, medregnet fastlegging av prosjekter av felles interesse på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltninger. IDA er EU-programmet som skal lette den elektroniske utvekslingen av data mellom forvaltningene i EU og med institusjonene i EU. Dette skal delvis skje ved å skaffe felles kommunikasjonsnett og tjenester. Stater utenfor EU vil kunne delta med status som observatør når de gir økonomisk støtte til IDA. Norge har deltatt med observatørstatus gjennom EØS-avtalen.

Komiteen har merket seg at formålet med IDA-programmet er at det skal lette data-utveksling på en rekke prioriterte sektor-områder, for eksempel innenfor statistikk, helse og legemiddelkontroll, veterinærkontroll, trygd og pensjon, arbeidsmarked, miljøvern og lignende. Dette skal gjøres ved å ta i bruk felles tjenester for utveksling av informasjon og moderne infrastruktur som for eksempel e-post og sikker dokumentutveksling. Statens forvaltningstjeneste skal ha ansvaret i Norge.

Komiteen viser til at IDA-programmet skal vare i 5 år, og startet 3. august 1999. Den norske delen av kostnadene blir ca. 3.4 mill. kroner pr. år.

Komiteen viser til at AAD mener det er nødvendig og formålstjenlig for Norge å være knyttet til den samme infrastrukturen for datautveksling innenfor EU slik nettet ble utviklet i nært samarbeid med våre naboland.

Merknader fra utenrikskomiteen

Komiteen har forelagt utenrikskomiteen utkast til innstilling. Utenrikskomiteen uttaler i brev av 6. desember 2000 at komiteen ikke har merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtale om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsrett (IDA-programmet).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 7. desember 2000

May-Helen Molvær Grimstad

leider

Liv Marit Moland

ordfører

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

sekretær