Samandrag

Departementet gjer framlegg om å justere løyvingane for inneverande år 2000 på i alt 58 kapittel og om einskilde andre vedtak, m.a. om Stiftinga NORSAR. Det er for ein del gjort parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingane til institusjonane. Framlegget om reduksjon for 2000 under kap. 3278 post 49 Sal av eigedom er fylgt opp med tilsvarande auke for 2001, jf. St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (2000-2001).

For ein rad regelstyrte ordningar har departementet tilpassa løyvingane til den aktiviteten som har vore i 2000. Det gjeld tilskott til trudomssamfunn og til private skule- og kyrkjebygg (kap. 210), verkemiddeltiltaka i Nord-Noreg, skulefritidsordninga, finskopplæringa, morsmålsopplæringa og omlagløyvinga til dei kommunale musikk- og kulturskulane (kap. 221). På same måten har det vore eit mindre forbruk i tilskottet til lærebedriftar (kap. 234), utvida elevtal ved godkjende private skular (kap. 240) og ved grunnskuleopplæringa for innvandrarar 16-20 år (kap. 254). Også endringane over kap. 2410 gjeld mest endra grunnlag for omlagløyvingar.

Andre justeringar er knytte til omorganisering eller nyetablering. Såleis er 94 mill. kroner av driftsmidlane under kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning, overførte til kommunal sektor. Omlegginga av ordninga med tilskott til norskopplæring for innvandrarar gir eit meirbehov på 175 mill. kroner (kap. 254). Opprettinga av Vaksenopplæringsinstituttet (VOX) har gjeve ein meirkostnad på 3 mill. kroner (kap. 256). Senteret i Villa Grande blir ikkje oppretta i 2000, og tilskottet er gjort overførbart (kap. 260). I samband med opprettinga av Bedriftsuniversitetet som aksjeselskap er 7,5 mill. kroner av fellesmidlane for universitet og høgskular overførte som kapitalinnskott (kap. 281).

Departementet legg opp til at forsøka med alternativ tildeling av timar på ungdomstrinnet vert å gjennomføre i skuleåra 2000/2001 og 200H002 innafor den økonomiske ramma på totalt 34 mill. kroner (kap. 228), jf. Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 28 (1998-1999) Mot rikare mål, og seinare Revidert nasjonalbudsjett 2000 ut frå Innst. S. nr. 22 (1999-2000). Departementet er i dialog med kommunane om å sjå dette i samanheng med andre forsøk med utvik­lingsarbeid og arbeidstidsordningar, jf. intensjonserklæringa med lærarorganisasjonane 19. mai 2000. Forsøka vil bli evaluerte.

Departementet gjer framlegg om justerte tilskott til internasjonale program under kap. 239 og 281, og internasjonale grunnforskningsorganisasjonar under kap. 288, dei siste pga. endra valutakursar. Etter lærarlønsoppgjeret gjer departementet framlegg om kompensasjon til statlege skolar og tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorgen over kap. 222, 231, 232, 243 og 256. Studentboligane i Bjerregaardsgt. 21 vert å overføre utan vederlag til Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad.

Det er ikkje lenger aktuelt for staten å kjøpe Menighetsfakultetet sitt bygg. 25 mill. kroner var ei første løyving til dette i budsjettet for 1998 (kap. 281 post 49). Departementet gjer framlegg om å nytte dei overførte midlane slik: 4 mill. kroner til å tilpasse den noverande bygninga til Noregs musikkhøgskole før tilbygg kan realiserast (kap. 281), 10 mill. kroner til Menighetsfakultetet som kompensasjon for utsett rehabilitering (kap. 282) og 7 mill. kroner til forprosjekt for Musikkhøgskolen på Trafotomten, jf. kap. 2445 under Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Jordskjelvobservatoriet NORSAR vart fristilt frå Noregs forskingsråd 1. juli 1999, men Riksrevisjonen har teke opp at samtykke frå Stortinget mangla. Departementet foreslår åpningsbalanse, gjer greie for verdier og rettar ein vil overføre til Stiftelsen NORSAR og ber om Stortinget sitt samtykke til overføringa.