Innstilling frå sosialkomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Ola D. Gløtvold og Magnhild Meltveit Kleppa om dekking av meirkostnader og utlån av treningsutstyr for funksjonshemma

Til Stortinget

Samandrag

Det blir i dokumentet fremja følgjande forslag:

  • "1. Stortinget ber Regjeringa vurdera regelendring, eventuelt iverksetja forsøk som inneber at folketrygda dekkjer meirkostnader til spesialtilpassa treningsutstyr til funksjonshemma over 18 år.

  • 2. Stortinget ber vidare Regjeringa iverksetja forsøk med utlån av visse typar sportsutstyr til funksjonshemma."

Som bakgrunn for forslaget peiker forslagsstillarane på at funksjonshemma som driv aktiv trening, kan ha bruk for spesialtilpassa utstyr, og at det for å fungera oftast må tilpassast den einskilde. Det blir uttala at meirkostnadene for mange kan vera så store i forhold til inntektene, at dei ikkje ser seg høve til det og dermed må velja eit meir passivt tilvære.

Forslagsstillarane ynskjer å retta søkelyset på tiltak som kan medverka til at fleire funksjonshemma har høve til eit aktivt liv. Dei meiner det er god og rett investering å medverka til at fleire har høve til fritidsaktivitetar og legg vekt på den stimulans dette også kan vera til tilknytning til arbeidslivet.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Inga Balstad, Reidun Gravdahl, Asmund Kristoffersen, Karin Lian og Einar Olav Skogholt, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Are Næss, fra Høyre, Annelise Høegh og Sonja Irene Sjøli, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, og fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, viser til at det etter dagens regelverk bare kan gis stønad til hjelpemidler til trening, stimulering og aktivisering for funksjonshemmede under 18 år. Forslagsstillerne ønsker en vurdering av reglene slik at disse også kan gjelde for andre aldersgrupper. Komiteen slutter seg til at det er viktig for alle funksjonshemmede å kunne få stønad til hjelpemidler til trening, stimulering og aktivisering, da dette har stor betydning for opprettholdelse og forbedring av funksjonsnivå og livskvalitet.

Komiteen er kjent med at Sosial- og helsedepartementet gjennomgår regelverket for treningsutstyr, spesialleker og spesiallaget sportsutstyr og utreder de økonomiske konsekvenser ved å oppheve eller utvide aldersgrensen. Departementet vil på bakgrunn av denne utredningen vurdere endringer i statsbudsjettet for 2002. Komiteen finner det ikke nødvendig å gå veien om forsøksordninger, men ønsker en rask vurdering.

Komiteen foreslår at dokumentet vedlegges protokollen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til dokumentet og det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument nr. 8:111 (2000-2001) - forslag frå stortingsrepresentantene Ola D. Gløtvold og Magnhild Meltveit Kleppa om dekking av meirkostnader og utlån av treningsutstyr for funksjonshemma - vedlegges protokollen.

Oslo, i sosialkomiteen, den 5. juni 2001

John I. Alvheim

leiar

Inga Balstad

ordførar

Are Næss

sekretær