Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om Gjør din plikt - Krev din rett. Kvalitetsreform av høyere utdanning

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 337 (2000-2001)
  • Kildedok: St.meld. nr. 27 (2000-2001)
  • Dato: 07.06.2001
  • Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
  • Sidetall: 38

Til Stortinget

1. Samandrag

Departementet gjer i meldinga framlegg om ei kvalitetsreformav høgare utdanning. Meldinga byggjer på informasjonen i innstillingane frå Mjøsutvalet om høgare utdanning etter år 2000, jf. NOU 1999:17, NOU 1999:18, og NOU:2000:14, og Aamodtutvalet om utdanningsfinansiering, jf. NOU 1999:33. Departementet viser til desse utgreiingane for fleire bakgrunnsopplysningar.

Stortinget vert i meldinga invitert til å avklare dei viktigaste prinsipielle spørsmåla knytte til den omleggingsprosessen som kvalitetsreforma er meint å vere. Departementet vil følgje opp Stortinget si handsaming av meldinga i ein lovproposisjon for endringar i universitets- og høgskuleloven, og i framlegga til statsbudsjett.

Forsking er ikkje teke opp som eige tema i meldinga, ettersom Regjeringa sin forskingspolitikk nyleg er handsama i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000). Departementet vil elles kome attende til evalueringa av Noregs forskingsråd, som vil liggje føre ved årsskiftet 2001-2002.

Departementet teiknar opp breie målsettingar for Regjeringa sin kunnskapspolitikk og meiner universitet og høgskular må vere spydspissar i utviklinga av kompetansesamfunnet. Meldinga peikar på dei utfordringane ein står overfor, mellom anna kunnskapsbehova i arbeidslivet, verknadene av skulereformene, dei nye og meir varierte studentgruppene og konkurransen på utdanningsmarknaden. Universitet og høgskular står framfor store oppgåver når det gjeld å leggje til rette for brei deltaking i høgare utdanning, med meir effektive læringsløp og tettare oppfølging av studentane.

Departementet sine framlegg til strukturtiltak er meint å auke institusjonane sin evne og vilje til omstilling og til å utvikle kvalitet i undervisning og forsking. Styrka leiing, nytt finansieringssystem og større fullmakter i høve til økonomi, organisering og personale er verkemiddel til dette. Tilhøvet mellom institusjon og student skal styrkast. Målet er at studenten skal lukkast og kome raskare gjennom studiet. Departementet legg ut frå dette opp til endra studieordningar, med nye gradar og evalueringsformer, og gjer framlegg om ei enklare og meir resultatorientert studiefinansiering.

Departementet vil at institusjonane skal innføre nye studieordningarmed meir læringsorientert undervisning og evaluering og ei tettare oppfølging av studentane i heile læringsløpet. Dette føreset ei gjensidig plikt i tilhøvet mellom institusjon og student. Institusjonane må gjere avtaler med studentane om studieløpet der det klart går fram kva for plikter og rettar institusjonen og studenten har overfor kvarandre. Dette gjeld både heiltids- og deltidsstudentar.

Departementet gjer framlegg om at institusjonane i tillegg til einskildfag skal kunne tilby samanhengande 3-årige studieløp. For å styrke læringsutbyttet og progresjonen skal det leggjast vekt på studentaktive undervisningsformer og evalueringar som fremjar læring gjennom jamnlege tilbakemeldingar. Det må vere rom for ei viss individuell tilpassing og for justeringar undervegs. Særleg førstegongsstudentar må få hjelp og rettleiing til å planleggje studiet. Departementet meiner det er heilt sentralt at studieåret blir nytta betre enn i dag og ser det som føremålstenleg at studieåret blir delt i tre terminar i staden for to semester.

Det endra studieopplegget føreset fagleg og pedagogisk gjennomgang og fornying av innhald og oppbygging av studia, med sikte på å unngå overlapping og fremje fagleg progresjon. Nye undervisningsmetodar må takast i bruk. Når det gjeld digitale læremiddel, kjem departementet attende til tilrådingane frå ei arbeidsgruppe om mellom anna å etablere nasjonale koordinerings- og støttefunksjonar. Departementet strekar elles under at tilrettelegginga for funksjonshemma så langt det er muleg, bør byggje på prinsippet om universell utforming.

Departementet sluttar seg til Mjøsutvalet sitt framlegg om å gjere bruk av studentporteføljar/mappevurdering og deleeksamenar, slik at ein kombinerer undervisning og evaluering. Hyppige tilbakemeldingar til studentane vil gje ei jamnare arbeidsfordeling gjennom studieåret. Bruken av ekstern sensor som medsensor ved eksamen kan etter dette reduserast.

Departementet går inn for ei ny vekting av studia der eit fullt studieår tel 60 studiepoeng i staden for 20 vekttall som i dag. Departementet strekar under at dette ikkje bør innebere oppstykking i mindre studieeiningar enn det som er føremålstenleg i det einskilde studium. Karakterskalaen skal berre ha fem trinn, A-E, i tråd med Mjøsutvalet sitt framlegg og det europeiske systemet ECTS.

Departementet strekar under at institusjonane har det overordna ansvaret for studentane sitt heilskaplege arbeidsmiljø, og vil i den etterfølgjande lovproposisjonen kome attende til dette. Departementet meiner studentsamskipnadene framleis skal ha ansvaret for velferdstilbodet og det sosiale tilbodet til studentane. Ei arbeidsgruppe har gjeve tilrådingar om vertskommunane sitt ansvar for studentane sine velferdsbehov. Departementet vil kome attende med oppfølging seinare.

Departementet gjer framlegg om ein ny gradsstruktur, der den lågare graden bachelor (BA) er normert til tre år og den høgare graden master (MA) til 3+2 år. Føremålet er å fremje studentane si læring og internasjonal studentmobilitet. Framlegget inneber ei nedkorting av førstegongsutdanninga, medan dei fleste yrkesutdanningane og gradane beheld tidsnormeringa, einskilde óg som heilskaplege studieløp over fem år.

Etter framlegget skal den lågare graden BA i tradisjonelle universitetsfag femne om minst tre fag, der eitt skal svare til minst 80 studiepoeng. Ex. phil. og ex. fac. skal vere del av den nye 3-årige lågare graden og telje 10 studiepoeng kvar, uavhengig av kor institusjonane ønskjer å byggje dette inn i dei nye studieopplegga.

Departementet ønskjer å behalde ei fireårig allmennlærarutdanning. Når Noregsnettrådet har gjort si evaluering, vil departementet i ei eiga melding kome attende til innpassing av lærarutdanninga i den nye gradsstrukturen.

Departementet sitt framlegg til ny gradsstruktur skal på begge nivå gje yrkeskompetanse og/eller opptak til vidare studium. Den organiserte forskarutdanninga vil gå over tre år som i dag og få nemninga PhD. Graden høgskulekandidat skal vere for dei kortare yrkesretta studia og dei 2-årige høgskulestudia. Som universiteta må høgskulane leggje til rette for gode studieløp med betre yrkesinnretning enn i dag.

Ny gradsstruktur vert å innføre hausten 2002. Etter dette skal det ikkje takast opp studentar etter gamal ordning. Institusjonane har ansvar for overgangar frå gamal til ny studieordning.

Departementet vil fremje internasjonaliseringaved dei norske utdanningsinstitusjonane og legg vekt på deltaking i internasjonale program og anna internasjonalt forskingssamarbeid. Det er eit mål å leggje tilhøva til rette slik at institusjonane blir attraktive arbeidsplassar for utanlandske vitskaplege tilsette. Institusjonane må stimulerast til å inngå gjensidige samarbeids- og utvekslingsavtaler.

Departementet meiner det framleis skal være høve til å ta heile studieløp i utlandet, men ønskjer framover i første rekkje å gjere det muleg for langt fleire studentar å ta delar av studiet sitt i utlandet. Departementet meiner det bør stillast som eit krav at alle høgare utdanningsinstitusjonar kan tilby dei studentane som ønskjer det, opphald i utlandet som del av eit gradsstudium. Dette kan gjerast ved at ein eller fleire norske institusjonar inngår samarbeid med utlandet om utveksling og utplassering av studentar.

Departementet vil samtidig stimulere til at fleire utanlandske studentar tek høgare utdanning i Noreg, frå så vel industrialiserte land som utviklingsland. På bakgrunn av NUFU- avtala vil departementet vurdere særskilte incentiv for å stimulere norske utdannings- og forskingsinstitusjonar til å inngå gjensidige faglege samarbeids- og utvekslingsavtaler med tilsvarande offentlege institusjonar i utviklingsland.

Departementet ser det som viktig at norske universitet og høgskular held fram med å byggje opp fagtilbod på engelsk. Tilboda bør være opne óg for norske studentar og kunne inngå som ein del av norsk grad.

Departementet meiner ei klar arbeidsdeling og konsentrasjon av fagmiljøa er ein føresetnad for å nå høge kvalitetsmål. Dei fire klassiske universiteta skal vere kunnskapsinstitusjonar på høgaste akademiske nivå. Dei skal stå for hovudtyngda av den frie grunnforskinga, og forskinga skal vere framifrå. Departementet meiner at dei fire eksisterande breiddeuniversiteta framleis skal ha ei særstilling når det gjeld midlar til grunnforsking, slik at deira rolle som grunnforskingsinstitusjonar og institusjonar med særskilde føresetnader for brei og tverrfagleg utdanning og forsking vert styrkt. Departementet meiner det ikkje er rom for fleire breiddeuniversitet enn dei ein har i dag.

Departementet går inn for at dei vitskaplege høgskulane skal kunne kalle seg universitet dersom dei ønskjer det. Dei vitskaplege høgskulane har tilsvarande oppgåver som universiteta innafor dei faga dei forvaltar.

Departementet meiner at dei statlege høgskulane framfor noko skal vere dyktige profesjonsutdannarar. Dei skal spele ei hovudrolle i regional næringsutvikling, i samarbeid med forskingsmiljø, det offentlege og næringslivet. Departementet legg vekt på at høgskulane skal drive forsking som er nært knytt til eigen fagprofil og til oppgåva som sentrale aktørar i regional innovasjon.

Departementet gjer framlegg om at høgskular som har permanent rett til å tildele ein doktorgrad, kan søkje departementet om overgang til nemninga universitet. Plikter og arbeidsoppgåver som høyrer med til universitetsnemninga, skal berre gjelde innafor dei fagområda der institusjonane har rett til å tildele doktorgrad, og vil såleis ikkje direkte røre ved rammevilkåra for andre fagområde eller tidsressursen til anna forsking.

Departementet vil føreta ein brei gjennomgang av samisk utdanning og forsking både ved Samisk høgskule og ved andre institusjonar på ulike nivå og kome attende til Stortinget med dette.

Departementet gjer framlegg om at universitet og høgskular skal verte forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og ikkje eigne rettssubjekt gjennom særlov. Dette gir eit klart statleg eigarskap og ansvar for institusjonane, som på si side skal få større fagleg, økonomisk og organisatorisk fridom. Departementet vil gje alle institusjonar meir handlingsrom til å utvikle nye studietilbod og til å omdisponere kapasiteten. Dei fire breiddeuniversiteta vil få fullmakt til å etablere og leggje ned studium på alle nivå. Andre institusjonar må søkje departementet om å få opprette utdanningar; for statlege berre når studietida er på meir enn to år, for private gjeld dette framleis alle nye studietilbod.

Departementet gjer vidare framlegg om nettobudsjettering også for høgskulane, slik at dei kan behalde overskot og stå friare til å dele kostnader mellom drift og investeringar. Eksternt finansiert verksemd ved universitet og høgskular skal framleis som hovudregel verte integrert i den ordinære verksemda. Men departementet meiner at institusjonane skal kunne søkje om å opprette eller delta i selskap for einskilde slag oppdragsverksemd der dette vil være ei føremålstenleg organisering. Departementet vil vurdere regelverket for eksternt samarbeid ut frå dette.

Departementet vil leggje opp til meir fleksibel bruk av personalressursar. Den faglege leiaren på grunnivået må i større grad kunne styre tidsressursen til forsking. Departementet legg òg opp til ein prosess for å sjå på lovverket i høve til å kunne gjere meir bruk av tilsettingar i prosjekt og engasjement. Departementet kjem attende til oppfølginga av slike tiltak på personalområdet.

Departementet vil avvikle ordninga med opprykk til professorstilling etter den einskilde sin kompetanse, og grunngir dette med institusjonane sine behov for å styre ressursane og prioritere mellom fagområde.

Effektive system for kvalitetssikring blir viktig når universitet og høgskular skal få meir fagleg fridom. Departementet legg til grunn at universitet og høgskular sjølv må ha hovudansvaret for kvaliteten i studietilboda. Alle skal utarbeide planar og system for kvalitetsarbeidet. Studentevaluering må inngå her, og nyttast langt meir enn i dag.

Departementet vil styrke Noregsnettrådet som kvalitetsutviklingsinstrument, og gjere rådet om til eit fagorgan med eige styre. Rådet skal gjennomføre evalueringar med hjelp frå adhoc-fagkomitear, gjerne med deltaking frå internasjonale fagmiljø. Rådet skal óg kontrollere at institusjonane følgjer opp arbeidet med kvalitetssikring. Ansvaret for å evaluere forsking skal framleis Forskingsrådet ha. Departementet vil kome nærare attende til spørsmålet om arbeidsdeling og mandat for Noregsnettrådet.

Departementet går inn for styringsordningar ved institusjonane som legg til rette for kvalitetsutvikling på alle nivå i utdanning og forsking, og for effektiv ressursutnytting. Departementet strekar under institusjonane sitt sjølvstendige ansvar i utforminga av eiga framtid, og gjer framlegg om eit sett av tiltak for å auke viljen og evnen til styring, ansvar og omstilling.

Departementet vil gje styret betre føresetnader for å verke som eit overordna, strategisk organ. Departementet meiner at styreleiar framleis skal være rektor, som øvste fagleg ansvarlege. Valperioden blir utvida til fire år for å sikre kontinuitet i styret. Eit fleirtal av styremedlemene skal vere frå institusjonen. Samstundes vert den eksterne representasjonen styrkt. Departementet gjer framlegg om at styra skal vere samansette av fire vitskapelege tilsette, ein representant frå gruppa av teknisk og administrativt tilsette, to studentrepresentantar og fire eksterne medlemer. Med dette vil inga einskild gruppering ha fleirtal i styret. Institusjonane bør gjere framlegg om eksterne styremedlemer for departementet, fylkeskommunen likeins. Sidan institusjonane er så ulike og det vil vere verdefullt å vinne erfaring med ulike organisasjonsformer, går departementet inn for at høgskulane skal ha høve til søkje om forsøk med eksternt styrefleirtal og tilsett rektor på åremål.

Departementet meiner styret må stå fritt i spørsmål om å opprette faglege organ og til å delegere vedtaksmynde til desse og til den administrative leiinga. Interne universitets- eller høgskuleråd vert avvikla. Etter lova i dag er det departementet som fastset inndelinga i avdelingar, noko som fører med seg ein omstendeleg og tidkrevjande prosedyre ved omorganisering. Departementet vil fjerne dette punktet i lova, slik at institusjonane sjølve kan fastsetje struktur på desse nivåa og sjølv fastleggje kompetanse- og oppgavefordelinga mellom ulike organ på ulike nivå.

Departementet vil styrke leiinga på instituttnivå og fakultets-/avdelingsnivå. Evalueringar har mellom anna peika på manglande fagleg leiing og fragmenterte forskingsprofilar. For å auke styringsevnen ved institusjonane gjer departementet framlegg om at leiarane på desse nivåa vert tilsette i åremålsstilling, og at dei skal vere både fagleg og administrativt ansvarlege. Dei tilsette må få styringsverkemiddel og meir attraktive løns- og arbeidsvilkår. Departementet strekar elles under at likestilling er ei sentral utfordring for institusjonane.

Departementet går inn for ein ny finansieringsmodell for universitet og høgskular, som premierer kvalitet i undervisning og forsking. Finansieringssystemet legg vekt på oppnådde resultat og vil innføre eit delvis skilje i korleis ein reknar ut budsjettmidlar til undervisning og forsking. Departementet meiner omsynet til langsiktig forskingsverksemd, breidd i fagtilboda og vidareføring av kostnadskrevjande fagområde tilseier at resultatorienteringa i finansieringsmodellen må balanserast ved at basisfinansiering vert innført som ein tredje budsjettkomponent. Basisfinansieringa skal dekkje delar av kostnadene både til undervisning og til forsking, slik at institusjonane blir mindre sårbare når studenttalet går opp og ned. Basisløyvinga bør óg gje grunnlag for særskilde prioriteringar og for å setje i gang eller vidareføre aktivitetar som ikkje er inkluderte i den resultatbaserte finansieringa.

Den delen av finansieringsmodellen som er knytt til studentane, skal reknast etter oppnådde resultat av undervisninga, målt i tala på avlagte studiepoeng og uteksaminerte kandidatar. Departementet meiner dette vil spore institusjonane til å setje studenten i sentrum og til å nytte studieåret effektivt. Denne finansieringsmåten vil óg stimulere evnen og viljen til omstilling og omdisponering av kapasitet. Departementet legg vekt på at institusjonane skal vere kjende med kva for faktorar som slår ut på budsjetta, slik at dei veit kva dei kan rekne med. Det vert samstundes understreka at institusjonane skal drive langsiktig kunnskapsutvikling og at gode fagmiljø ikkje må forvitre ved ein mellombels nedgang i studenttala.

Departementet gjer framlegg om at ein del av den noverande forskingsløyvinga blir knytt til ein kvantitativ berekningsmodell, sjølv om det kan verte måletekniske problem med dette. Denne delen av finansieringa må vere slik at institusjonane blir stimulerte til å utvikle seg i samsvar med den arbeidsdelinga som skal vere mellom dei: Universiteta skal ha eit særskilt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning, medan dei statlege høgskulane skal styrkje nasjonal kunnskapsutvikling, eigne profesjons- og yrkesutdanningar og FoU som tener regional utvikling. For å sikre naudsynt stabilitet og samstundes leggje til rette for omfordeling av forskingsressursar i sektoren vil denne delen av forskingsmidlane bli rekna ut frå gjennomsnittsresultata dei siste tre åra.

Departementet går vidare inn for at den andre delen av forskingsmidlane vert tildelt ut frå strategiske forskingsomsyn, med vekt på resultat frå evalueringar, nasjonale faglege prioriteringar og institusjonane sine eigne forskingsstrategiar.

Departementet vil kome attende til den endelege utforminga av finansieringsmodellen i samband med framlegg til statsbudsjett.

Departementet ser det slik at private høgskular utgjer eit supplement til dei statlege. Departementet meiner at finansieringa av godkjende studietilbod ved private høgskular bør vurderast på bakgrunn av kvalitet, behov i arbeidsmarknaden og studentsøknaden. Også for private høgskular bør ein leggje avgjerande vekt på å unngå for stor spreiing av ressursar mellom institusjonane. Departementet meiner at einskilde private høgskular som har rett til å tildele doktorgrad eller mottek budsjettmidlar til forskingsføremål, bør ha høve til å konkurrere om dei strategiske budsjettmidlane til forsking.

Departementet gjer i meldinga framlegg om ei ny studiefinansiering. Framlegget gjeld all utdanning med unnatak av rettighetsbasert vidaregåande opplæring, som departementet vil kome attende til.

Det er eit viktig mål i meldinga å auke studieprogresjonen i høgare utdanning. Departementet ønskjer å gje studentane vilkår som gjer det mogleg å konsentrere seg om studia på heiltid, og at studentane på si side nyttar studietida effektivt og bruker meir tid på studia. Departementet gjer framlegg om at den ordinære utdanningsstønaden over aldersskillet vert auka med om lag kr 1 000 pr. månad (frå om lag kr 7 000 til om lag kr 8 000 pr. månad). Heile auken i studiestønad skal kome som stipend. Stipendandelen vil etter dette gå opp frå 30 pst. i dag til eit gjennomsnittleg nivå på om lag 39 pst. Auka stipendandel vil saman med redusert studielengd som følgje av ny gradsstruktur, føre til at gjeldsbøra for studentar med høgare utdanning vil bli mindre enn i dag.

Departementet går inn for at studiestønaden først vert utbetalt som lån, og at ein del av beløpet så vert gjort om til stipend etter kvart som studiet blir gjennomført. Stipendelen kjem trinnvis etter avlagte vekttall. Lånet skal framleis vere rentefritt under utdanninga. Ei slik ordning vil stimulere til å gjennomføre studiet på normert tid.

Departementet legg vekt på å vidareføre dei sosiale ordningane i det systemet vi har i dag, t.d. ordninga med fødselsstipend. Stønadsordninga skal òg leggje til rette for at ein kan ta særlege omsyn til dei som blir forseinka i utdanninga som følgje av sjukdom eller sterk funksjonshemming. Heile forsørgjartillegget skal gjevast som stipend uavhengig av studieprogresjonen. Forsørgjartillegg for ektefelle vert avvikla.

Departementet gjer framlegg om ein ny og enklare modell for å berekne vanleg utdanningsstønad. Modellen går ut på at ein slår saman dagens grunnbeløp, butillegg og tillegg for bøker og materiell til ein basisstønad som alle studentar kan få. Basisstønaden kan gjevast som lån og stipend etter ein fast fordelingsnøkkel. Fribeløpet skal gjelde samla årsinntekt og auke til kr 100 000 pr. år.

Departementet gjer framlegg om å samordne kostnadsnormen i Noreg og i utlandet. Departementet vil vidare vurdere å nytte midlar som i dag blir gjevne som kunstfagstipend, til ein styrka etableringsstønad til særskilde grupper av nyutdanna kunstnare.

Etter departementet sitt framlegg skal ein ikkje lenger operere med eit aldersskille, men setje eit skille mellom rettighetsbasert vidaregåande opplæring og all anna utdanning. Normalramma for tildeling av utdanningsstønad skal vere 8 år, inkludert eventuell forseinking.

Departementet gjer framlegg om at det vert etablert ei meir fleksibel og moderne tilbakebetalingsordning i Statens lånekasse for utdanning.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, meiner departementet framlegga om å endre gradsstrukturen og auke studieintensiteten vil gjere høgare utdanning meir effektiv og slik frigjere arbeidskraftressursar. På sikt vil framlegga få stor innverknad på omfanget av arbeidsstyrken.

Departementet reknar med at dei framlegga som gjeld utdanningsstønad, alt i alt vil føre med seg budsjettverknader på 650 mill. kroner i 2002, med ein heilårsverknad på 1 264 mill. kroner. Heilårsverknaden av endra kostnadsnorm er rekna til 1 304 mill. kroner. Over eitt år gir avviklinga av forsørgjartillegget for ektefelle ei innsparing på 40 mill. kroner og avviklinga av stipend til studentar ved nordiske institusjonar om lag kr 100 000. I tillegg kjem eventuelle verknader av at inntektsgrensa for behovsprøving blir heva.

På sikt reknar departementet med store innsparingar. Dette gjeld ordninga med stipendtildeling etter studieprogresjon, rekna til om lag 330 mill. kroner, og innsparinga i studiestønad i kjølvatnet av ny gradsstruktur, rekna til om lag 190 mill. kroner.

Lånekassa vil i ein overgangsperiode få ei administrativ meirbelastning, med endra tildelingssystem og omfattande modernisering på IT-sida. Departementet vil kostnadsvurdere dette nærare i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Departementet meiner at kvalitetsutvikling og effektivisering av høgare utdanning krev at institusjonane har tilstrekkelege ressursar til å makte vidareutvikling av kvalitativt gode og effektive studieløp. Departementet vil kome attende til dette i samband med dei årlege framlegga til statsbudsjett.

Departementet meiner at framlegga om ny finansieringsmodell for universitet og høgskular kan gjennomførast innafor eksisterande budsjettrammer. For at modellen skal ha effekt, må ressursar og aktivitetsnivå verte overførte frå institusjonar med svake resultat til institusjonar med god gjennomføring og tilstrekkeleg søkjartilgang. Departementet vil kome attende til endeleg utforming av finansieringsmodellen i samband med framlegga til statsbudsjett.

Departementet vil følgje opp meldinga med framlegg til endringar i lov om universitet og høgskular, mellom anna knytte til å gje universiteta og høgskulane større fullmakter, innføring av ny styringsmodell ved institusjonane og kva for nemning dei skal ha. Departementet vil óg gå igjennom føresegner, regelverk og retningsliner med sikte på forenkling og større fridom for institusjonane.

2. Merknader frå komiteen

2.1 Generelt

Kvalitetsreform av høgare utdanning

Komiteen er samd i at det er trong for kvalitetsreformer i høgare utdanning, mellom anna i form av tettare oppfølging av studentane, meir intensiv undervisning bygd på solid forsking og betre studiefinansiering. Dette behovet har fleire gonger vore understreka av eit breitt fleirtal på Stortinget, mellom anna ved handsaminga av Forskingsmeldinga våren 2000 og ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001. Komiteen vil også streke under at slike kvalitetsreformer er ein nødvendig del av satsinga på opptrapping av Noreg sin samla forskingsinnsats, då rekruttering av nye forskingstalent vert sikra gjennom å utdanne motiverte og kvalifiserte studentar.

Komiteen meiner satsing på høgare utdanning og forsking er viktig både fordi det er økonomisk lønnsamt som grunnmuren i framtidig verdiskaping, og fordi det er avgjerande for å skape forståing om haldningar og verdiar, heilskap og samanhengar i samfunnet.

Komiteen viser til at kapasiteten til å ta imot studentar i dei høgare utdanningsinstitusjonane auka sterkt i åra etter 1990. Denne klare prioriteringa av kapasitetsauken gjorde det naudsynt å førebu reformer som fokuserer på kvalitet både i utdanning og forsking, av di talet på studentar gjekk ned mot slutten av 90-talet.

Komiteen vil streke under at satsing på kvalitet og kunnskap kostar. Meir intensiv undervisning, betre oppfølging av den einskilde studenten, større verdsetjing av kvalitet ved institusjonane og betre studiefinansierng vil krevje store løft i økonomiske og menneskelege ressursar. Komiteen føreset også at det parallelt med gjennomføringa av kvalitetsreformer for høgare utdanning skal vere ei forpliktande oppfølging av måla i Forskingsmeldinga.

Komiteens sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, vil minne om at realiteten ved dei høgare utdanningsinstitusjonane er ein heilt annan i dag enn for få år sidan, og dette er også grunnlaget for at det er trong for endringar i sektoren. Auken i talet på studentar har også skapt større breidde i deltakinga i høgare utdanning. Dette er avgjord positivt og krev ei revurdering av korleis utdanninga og undervisninga går føre seg. Framleis er det den sosiale bakgrunnen som er avgjerande i rekrutteringa til høgare utdanning, spesielt til universitetsstudia. Fleirtalet meiner at universiteta og høgskulane er viktige samfunnsinstitusjonar som må vere opne for alle.

Komiteen legg avgjerande vekt på å gje alle høve til å utnytte evnene og skaparkrafta si. Her står utdanning og forsking sentralt. Komiteen vil også streke under at det er av stor verdi å ha eit mangfald av frie og sjølvstendige kunnskapsmiljø som kan tilføre samfunnet innsikt og kritisk kompetanse. Skal vi halde på eit slikt mangfald, må reformene i utdanningssystemet ta vare på behovet som universiteta og høgskulane har for planlegging, særpreg og fordjuping.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, mener Regjeringen ikke har tatt tilstrekkelig hensyn til hvilke økonomiske kostnader og menneskelige ressurser som er nødvendig for at kvalitetsreformer skal kunne gjennomføres, ut over en viss vilje til et løft for studiefinansieringen. Flertallet mener dette er meget urovekkende, og viser til tilbakemeldingene fra studenter, forskere og institusjoner om at reformer uten ressurser bare vil gjøre vondt verre innenfor høyere utdanning. Flertallet sier seg enige med Regjeringen i at organisatoriske reformer kan gjøre det mulig å utnytte dagens ressurser på en bedre måte, men vil understreke at slike organisatoriske grep på ingen måte kan erstatte behovet for en kraftig opptrapping av samfunnets ressursbruk på forskning og høyere utdanning, og målrettede tiltak for styrket rekruttering til sektoren. For flertallet er det derfor en ufravikelig premiss at reformer skal kombineres med langt mer forpliktende løfter om at tilstrekkelige ressurser følger med, og at rekrutteringssituasjonen tas mer på alvor.

Flertallet vil i denne sammenheng vise til de dårlige erfaringene med tidligere reformer i utdanningssektoren hvor reformene ble vedtatt uavhengig av ressursbehovet.

Flertallet ønsker at høyere utdanning skal få en satsingsreform, mens Regjeringens opplegg slik det skisseres i St.meld. nr. 27 (2000-2001) langt på vei framstår som en sparereform, da det til og med sies i det avsluttende kapitlet om økonomiske og administrative konsekvenser at reformen skal frigjøre betydelige ressurser i form av arbeidskraft. Det er etter flertallets syn en reell fare for at Regjeringens manglende samsvar mellom vilje til reformer og vilje til å prioritere ressurser vil føre til redusert kvalitet på både undervisning og forskning.

Flertallet mener dessuten at flere organisatoriske grep i meldingen ikke samsvarer med målet om en kvalitetsreform, men tvert i mot peker i motsatt retning. Dette gjelder blant annet Regjeringens forslag til kraftig utvanning av de kriterier Mjøsutvalget foreslo for å kunne oppnå universitetsstatus, og flere forslag som innskrenker institusjonenes frihet i stedet for å øke den. Flertallet stiller seg også undrende til at en reform som blir framstilt som en kvalitetsreform ikke inneholder forslag om oppretting av et uavhengig organ for akkreditering og evaluering av utdanningsinstitusjoner, slik Mjøsutvalget foreslo i sin innstilling.

Flertallet vil videre peke på at 10 pst. av alle norske studenter studerer ved et bredt spekter av private høyskoler. Disse høyskolenes posisjon og rammevilkår hører naturlig hjemme i et helhetlig utdannings- og forskningssystem, noe Regjeringen ikke har tatt hensyn til i meldinga.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa leggje følgjande prinsipp til grunn for ei reell kvalitetsreform i høgare utdanning:

  • – Studentane på universitet og høgskular skal seinast frå og med haustsemesteret 2003 som hovudregel gjevast tilbod om eit studieår på 10 månader.

  • – Oppfølginga av den einskilde student skal seinest frå og med haustsemesteret 2003 styrkjast vesentleg, mellom anna med meir seminarundervisning og individuell vegleiing på lågare grads nivå. Det skal leggjast ekstra vekt på oppfølginga av førstesemesterstudentar.

  • – Prinsippet om forskingsbasert undervisning på universitet og høgskular skal oppretthaldast.

  • – Kvalitetsreformen skal ikkje finansierast ved å leggje opp til at det samla talet på avlagte vekttall/studiepoeng reduserast, ut over det som på lengre sikt blir resultatet av omlegginga i gradssystemet.

  • – Kvalitetsløftet for undervisning skal ikkje gå ut over forskingsinnsatsen ved institusjonane. Målet i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005 skal stå fast, til dette høyrer at ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane.

  • – Institusjonane skal tilførast ekstra løyvingar i 2002 og 2003 av ein slik storleik at gjennomføringa av kvalitetsreforma er realistisk seinast frå og med haustsemesteret 2003."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter flertallets forslag til vedtak med unntak av strekpunkt 3.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet meiner ei hovudprioritering ved bruk av offentlege midlar i åra framover vil vere å styrkje forskinga. Desse medlemene vil streke under at Noregs forskingsfond vart vedteke av Stortinget på bakgrunn av framlegg frå Arbeidarpartiet og Høgre i Budsjett-innst. S. I (1998-1999). Dette fondet skal vere med på å realisere og sikre ei meir stabil og langsiktig styrking av forskinga. Fondet hadde 1. juli 1999 ein fondskapital på 3 mrd. kroner. Fondskapitalen har auka til 7,5 mrd. kroner i 2001.

Desse medlemene vil presisere at institusjonane vil få større ressursar i oppfølginga av reforma, og at meldinga slår fast at tettare oppfølging av studentane vil krevje både betre ressursutnytting og auka ressursar. Desse medlemene viser til at Regjeringa har lagt klare føringar for ein betre økonomi for institusjonane, studentane og forskinga gjennom til dømes: Reforma vil få løyvd meir pengar pr. student, opptrapping av forskingsløyvingane, auke i kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping, auke i løyvingane til institusjonane, og ikkje minst ei betre studiefinansiering. Andre sentrale framlegg som har noko å seie for utviklinga av institusjonane sin økonomi og kvalitet, er overgangen til nettobudsjettering og etablering av eit kvalitets- og evalueringsorgan.

Desse medlemene meiner at denne reforma har ein samfunnsøkonomisk vinst ved at mellom anna kortare studieløp og raskare gjennomføring vil føre til ein auke i talet på kandidatar som er på arbeidsmarknaden, og at fleire vil lukkast i sine studieløp. I tillegg vil fleire få betre føresetnader til å finne seg betre til rette i sin studiesituasjon og at utdanningsnivået kan oppretthaldast. Stortingsmeldinga gjer óg framlegg om eit større løft i studiefinansieringa enn det nokon gong er gjennomført, ved ein kostnadsauke på 1,3 mrd. kroner. Desse medlemene viser til uttale frå styret i Universitets- og høgskolerådet der det vert streka under at framlegget om betre studiefinansiering og ny gradsstruktur er det viktigaste tilskotet stortingsmeldinga gjev til vidare utvikling av høgare utdanning i Noreg.

Desse medlemene peikar på at denne reforma representerer eit heilskapleg framlegg på å styrkje kvaliteten i norsk forsking og høgare utdanning.

Desse medlemene viser til reformene i utdanningssektoren dei siste ti åra. Det er no eit samla skuleløp frå seks års alderen med rett til opplæring til og med vidaregåande opplæringsnivå. Skuleverket har fått ein felles lov. Bakgrunnen for dette er mellom anna ønsket om og trongen for å sjå samanhengen mellom skuleslaga. I 1969 vart grunnskulen niårig. 1. juli 1997 vetok Stortinget skulestart for seksåringane og tiårig grunnskule. Når det gjeld røynslene frå reformene, er seksårsreformen under evaluering.

Desse medlemene vil vise til St.meld. nr. 32 (1998-1999) Om vidaregåande opplæring, når det gjeld røynsler med Reform 94. I høve til reforma si økonomiske ramme, viser utrekningane at dei økonomiske føresetnadene som vart lagde til grunn, har vore realistiske. Staten har i tillegg løyvd over 700 mill. kroner til ombygging og om lag 262 mill. kroner til etterutdanning. Desse medlemene vil peike på at hovudkonklusjonen er at det har vore ei positiv utvikling på dei fleste område innafor vidaregåande opplæring, sett i høve til situasjonen tidlegare, jf. Stortinget sine vedtak og føresetnader i 1992, og Innst. S. nr. 246 (1998-1999).

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til at regjeringen Bondevik i 1998 oppnevnte Mjøsutvalget for å utrede norsk høyere utdanning etter 2000, og Aamodtutvalget for å utrede utdanningsstøtten som forvaltes gjennom Statens lånekasse for utdanning. Regjeringen Bondevik la i 1999 også fram St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille (Forskningsmeldingen), som ble behandlet av Stortinget våren 2000. Stortingsmeldingen som nå foreligger, er en oppfølging av Mjøsutvalgets innstilling (NOU 2000:14) og Aamodtutvalgets innstilling (NOU 1999:33), og skal sammen med Forskningsmeldingen være en plattform for et kvalitetsløft innenfor høyere utdanning og forskning.

Disse medlemmer vil også påpeke de statlige høgskolers spesielle oppgave i å utvikle studietilbud i regioner som har et lavt utdanningsnivå. Disse medlemmer vil understreke den betydning høgskolene har i regional utviklingssammenheng for å øke kompetansen generelt, og fremme næringsutvikling spesielt.

Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader under de enkelte kapitler, og sine forslag til vedtak.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet er enig i at det er behov for reformer innenfor høyere utdannelse, med sikte på å fremme kvalitet i undervisning og forskning. Det er ingen tvil om at det innenfor deler av norsk høyere utdannelse i dag eksisterer alvorlige kvalitetsproblemer. Årsakene til dette er utvilsomt sammensatt, men etter disse medlemmers mening er en av hovedgrunnene trange budsjettrammer gjenom mange år. De stadige innstramninger i driftsbudsjettene har hatt negative konsekvenser både for forskningen og for undervisningen. Disse medlemmer understreker at det er meningsløst å snakke om en "kvalitetsreform" uten at de foreslåtte tiltakene blir fulgt opp med nødvendige budsjettøkninger. Uten økede ressurser vil forslaget om å redusere studietiden for store grupper studenter uvegerlig bety svekket kvalitet i undervisningen og svekket kvalitet på de ferdige kandidater.

Disse medlemmer mener at det også er nødvendig å se høyere utdannelse i sammenheng med resten av utdannelsessystemet. Universiteter og høyskoler kan ikke alene sikre effektive studier og et høyt faglig nivå, hvis studentenes kunnskapsgrunnlag er for dårlig når de kommer fra videregående skole.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre tok opp denne utfordringen bl.a. under Stortingets behandling av erfaringene med Reform 94 (kfr. Innst. S. nr. 246 (1998-1999)). Disse medlemmer minnet her om at det foreligger mange og særdeles klare signaler fra universiteter og høyskoler om at nye studenter har et dårligere grunnlag enn tidligere, med de konsekvenser dette får for undervisning og nivå. Denne utviklingen gjelder ikke bare realfagene, men også i språkfagene og andre kulturfag. Disse medlemmer gav også uttrykk for følgende:

"Desse medlemmer ser ikkje bort frå at dei skulane som ønskjer det må få høve til å bruke organisatorisk differensiering, dersom dette er naudsynt for å kunne oppfylle føresetnaden om at elevane skal få "en studieforberedende opplæring" som faktisk førebur elevane til akademiske studiar. I ein situasjon der ein stadig oftare understrekar at målet er å gi ei individuelt tilpassa undervisning, burde det ikkje vere urimeleg at ein også finn gode- og tilstrekkelig krevjande - tilbod for denne delen av elevmassen."

Denne utfordringen er like alvorlig i dag som i vårsesjonen 1999. Styrket kvalitet på undervisningen i grunnskolen og den videregående skole er en forutsetning også for kvalitet i høyere utdannelse.

Komiteens medlemmer fra Høyrevil sikre universiteter og høyskoler stor grad av selvstyre, med utstrakt frihet til å fastsette opptakskrav, velge fagsammensetning og bestemme innholdet i fagene. Disse medlemmer understreker også den akademiske frihets betydning for opprettholdelsen av et levende demokrati. Institusjonene må også ha økonomiske og administrative ordninger som bygger opp under den faglige frihet. Selv om institusjonene i dag har en forholdsvis stor grad av formell frihet, viser erfaringene fra de siste år at det er nødvendig å finne frem til modeller som både formelt og reelt sikrer institusjonene større grad av selvstyre enn i dag. Disse medlemmer mener at dette hensynet best ivaretas ved at institusjonene selv kan velge den organisasjonsmodell som passer institusjonen best. På samme måte bør institusjonene selv få velge styresammensetning og selv bestemme utformingen av ledelsen ved institutter og fakulteter. Høyre mener også at spørsmålet om rektor skal velges eller ansettes, og om han/hun skal være medlem av institusjonens styre, må avgjøres ved den enkelte institusjon.

Disse medlemmer viser for øvrig til merknader under de etterfølgende kapitler, enten alene eller sammen med andre partier.

Komiteens sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er samde i at det er trong for større handlingsrom for utdanningsinstitusjonane, og presiserer at dette også må gjelde rammeplanene i profesjonsstudia ved høgskulane. Desse medlemene vil streke under at i tillegg til endringar i organisering og finansiering, vert det krevd større satsing på utdanningssektoren for å setje utdanningsinstitusjonane i stand til å møte utfordringane. Etter desse medlemene sitt syn er styrking av dei offentlege utdanningsinstitusjonane naudsynt for å sikre at offentleg utdanning skal vere dominerande i utdanningssektoren i Noreg, i ei tid der stadig fleire private institusjonar tilbyr utdanning mot betaling.

Desse medlemene strekar under at ei kvalitetsheving også krev ei styrking av økonomien i utdanningssektoren, i tillegg til nødvendig omorganisering. Desse medlemene minner om at kunnskap og kompetanse er vår viktigaste verdi i åra framover, og desse medlemene viser til merknadene sine til St.prp. nr. 84 (2000-2001) der det vert streka under at det er behov for å flytte investeringane frå petroleumssektoren over i kunnskapsøkonomien.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti minner om at høyere utdanning står overfor nye oppgaver og store utfordringer, og at et økonomisk løft er nødvendig for å møte disse. Dette medlem viser til sine merknader i Budsjett-innst. S. I (2000-2001), Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-2001) og i innstillingen til St.prp. nr. 84 (2000-2001), Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Dette medlem viser til at overgangen fra en svart oljeøkonomi til en grønn kunnskapsøkonomi krever investeringer i utdanning og forskning på alle nivåer. Dette medlem er glad for at det nå er enighet om å satse på utdanning og forskning. Dette medlem minner om at løfter om satsing på utdanning forplikter, og forventer at slik satsing følges opp i de kommende budsjettbehandlinger. Dette medlem understreker at i tillegg til en styrking av økonomien i utdanningssystemet, står sektoren overfor store kvalitative utfordringer, og større institusjonell autonomi og en ny finansieringsform er viktige tiltak. Dette medlem mener at økt fokus på kvalitet i undervisningen er et av hovedelementene i denne utdanningsreformen, og minner om at bedret studiekvalitet kun blir en realitet dersom intensjonene følges opp med midler og med målrettede og langsiktige strategier. Dersom utdanningsinstitusjonene skal få mulighet til å utvikle seg, må de gis et større handlingsrom. Dette medlem støtter derfor forslaget om å gjøre universiteter og høyskoler til forvaltningsorganer med særskilte fullmakter, og understreker behovet for økonomisk handlefrihet for utdanningsinstitusjonene. Dette medlem understreker at et utvidet handlingsrom også må gjelde for høyskolene, og viser spesielt til dagens bruk av rammeplaner ved profesjonsstudiene. Dette medlem merker seg at Regjeringen i liten grad vil redusere bruken av rammeplaner, og frykter at dette kan være til hinder for faglig utvikling og innovasjon.

Satsing på de offentlige utdanningssystemene er viktig ikke bare av hensyn til unge og voksnes muligheter i samfunnet i fremtiden, men også for å opprettholde den offentlige utdanningen, og unngå at den blir et alternativ for dem som ikke har råd til annet.

Dette medlem er bekymret for rekrutteringen til høyere utdanning, som fortsatt underbygger sosiale forskjeller, og viser her til sine merknader til kapitlet om studiefinansiering.

Forsking

Komiteen viser til at Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000), er grunnlaget for den nasjonale forskingspolitikken.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, vil understreke at det fremdeles er langt igjen før Norge når et OECD-gjennomsnitt i forskningsinnsats, og at dette krever en helt annen vilje til å prioritere forskning i de årlige budsjettene enn det Regjeringen har vist til nå. Flertallet viser til at regjeringens budsjettforslag for 2001 ville ha ført Norge ytterligere på etterskudd i forhold til målet om å øke norsk FoU-innsats til gjennomsnittlig OECD-nivå i løpet av fem år. Flertallet vil understreke at det er nødvendig med ytterligere satsing både på institusjonenes grunnbudsjetter, grunnforsking, næringsrettet forskning og forskningsinnsats i privat sektor dersom vi skal nå målene i forskningsmeldingen innen 2005.

Flertallet viser til at Regjeringen i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett har lagt fram en opptrappingsplan for forskningsinnsatsen, slik stortingsflertallet påla Regjeringen å gjøre, etter at en slik plan ikke ble lagt fram i statsbudsjettet for 2001. Flertallet er positive til at målet om forskningsopptrapping innen 2005 nå tallfestes, og at behovet for årlig vekst i forskningsbevilgningene på et langt høyere nivå enn Regjeringen foreslo for 2001, innrømmes. Flertallet understreker spesielt betydningen av at det blir en vesentlig vekst i grunnforskningsmidlene til universiteter og høyskoler, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000) om Forskningsmeldingen.

Flertallet vil påpeke at opptrappingsplanen inneholder svært lite nytt ut over tiltak Stortinget allerede har vedtatt med eller uten støtte fra Regjeringen. Flertallet er også i tvil om det er realistisk å forutsette at så mye som 60 pst. av økningen skal komme fra den privatfinansierte forskningen. Flertallet vil peke på at flertallet i Hervik-utvalget ikke primært tilrådde en tilskuddsordning for forskningsinvesteringer i næringslivet slik Regjeringen har foreslått i statsbudsjettet for 2001, og i Revidert nasjonalbudsjett varsler at den vil videreføre. Flertallet er enig med flertallet i Hervik-utvalget om at en ordning med skattefradrag for forskningsinvesteringer i næringslivet er den beste løsningen for å nå de nasjonale målene om opptrapping av den samlede forskningsinnsatsen.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre går inn for at målet om økt frihet for institusjonene også tilsier at universiteter, høgskoler og forsk­ningsinstitutter bør få mer lokal/ regional handlings-frihet i bruk av forskningsmidlene, og vil legge større vekt på å støtte opp om forskerinitiert forskning. Disse medlemmer går derfor inn for å forenkle dagens system for tildeling av forskningsmidler, og at Norges forskningsråd i større grad får en koordinerende rolle.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet viser til at Regjeringa ønskjer å prioritere forskinga mellom anna gjennom framlegg i Revidert nasjonalbudsjett for 2001. Målet er at FoU-innsatsen i Noreg innan 2005 minst skal vere på gjennomsnittleg OECD-nivå, målt som del av BNP. Regjeringa legg opp til ei styrking av den samla forskingsinnsatsen på minimum 10 mrd. kroner innan 2005, med ei styrking av dei offentlege løyvingane til forsking med i gjennomsnitt 1 mrd. kroner pr. år. Desse medlemene viser også til at Regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2002 har gjort framlegg om ytterlegare auke i kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping. Regjeringa vil auke kapitalen i Forskingsfondet til 15 mrd. kroner innan 2005. Regjeringa vil òg auke løyvingane til dei prioriterte områda på lang sikt og grunnleggjande forsking, i tillegg til dei fire tematiske satsingane og midlar til oppretting av fleire doktorgradsstipendiatstillingar og postdoktorstillingar.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, vil også vise til dei ulike merknadene sine i Innst. S. nr. 110 (1999-2000) om at det er viktig å auke forskingsinnsatsen i Nord-Noreg, og til at departementet ønskjer å følgje dette opp. Fleirtalet meiner det er viktig at dei høgare utdanningsinstitusjonane får ei sentral rolle i forskingsopptrappinga.

Komiteens medlemmer fra Høyre er enige i at det er viktig å øke forskningsinnsatsen i Nord-Norge. Disse medlemmer viser til Høyres forslag i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett om å øke Forskningsfondet med 7,5 mrd. kroner. Den økende avkastning av Forskningsfondet vil komme både Nord-Norge og andre landsdeler til gode.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet påpeker at en tilstrekkelig bevilgning til formålet på landsbasis sammen med en organisasjonsmodell som ivaretar rasjonell drift og målsetting vil gi det ønskede resultat også for Nord-Norge.

Disse medlemmer viser i den anledning til sine forslag og merknader i Innst. S. nr. 110 (1999-2001).

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til behandlingen av Innst. S. nr. 128 (1998-1999) der dette medlem fikk flertall for sitt forslag om å trappe opp forskningsinnsatsen til gjennomsnittlig OECD-nivå målt som andel av BNP innen 2005. Dette medlem er glad for at Regjeringen endelig har kommet med en opptrappingsplan for denne målsettingen, og mener at innsatsen burde vært økt allerede fra inneværende år. Dette medlem viser dessuten til Budsjettt-innst. S. I (2000-2001) der Sosialistisk Venstreparti foreslo en opptrappingsplan for forskning over fem år, med offentlig andel satt til 50 pst., og en innsats på 1 mrd. kroner pr. år de neste fem år. Dette medlem viser videre til sitt forslag i Innst. S. nr. 325 (2000-2001), jf. St.prp. nr. 84 (2000-2001). Dette medlem beklager at disse forslagene ikke har fått flertall, men ser frem til den økte satsingen som komiteen nå samler seg om.

Dette medlem minner om at Norge ligger på bunn i Norden når det gjelder FoU-midler som andel av BNP, og at dette også gjelder FoU-investeringer fra næringslivet. Dette medlem mener det er viktig å stimulere til større forskningsinvesteringer i næringslivet dersom man skal nå målet om økt forskningsinnsats. Dette medlem mener en tilskuddsordning for investeringer i forskning best vil ivareta disse hensyn.

Arkiv, bibliotek og museum

Komiteen viser til Regjeringa sitt arbeid med å gjennomgå arbeids- og ansvardelinga på områda arkiv, bibliotek og museum, og er samd i at det er ei viktig utfordring å få til meir samhandling her.

Komiteen merkar seg at Regjeringa og eit einstemmig Storting, jf. Innst. S. nr. 46 (2000-2001), ønskjer eit nytt organ under Kulturdepartementet - ABM-utvikling - og vil særleg peike på at det er ei viktig utfordring å få til eit tettare samarbeid på dette området.

Komiteen viser i denne samanheng til Skrede-utvalet si utgreiing (NOU 1991:14) som gjorde framlegg om å slå saman Statens bibliotektilsyn og Riksbibliotektenesta, og til at Universitets- og høgskolerådet i si høyringfråsegn til Mjøs-utvalget gjer framlegg om å avvikle Riksbibliotektenesta. Komiteen føreset at Regjeringa føretar ei samanslåing og slik sikrar heilskaplege løysningar på dette området. Komiteen føreset at dette skjer raskt.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet er enig i Skrede-utvalgets forslag om å avvikle Riksbibliotektjenesten, men finner samtidig grunn til å understreke at dette forslaget ikke angriper det grunnleggende problem for bibliotekene innenfor høyere utdannelse: At det ikke finnes driftsmidler til å opprettholde et tilfredsstillende bibliotektilbud ved universiteter og høyskoler.

Samisk utdanning

Komiteen har merka seg at meldinga ikkje omhandlar samisk høgre utdanning og forsking, men at departementet ønskjer å kome attende til Stortinget med ei breiare vurdering av samisk utdanning og forsking. Komiteen er kjend med at dette er Sametingets ønskje. Komiteen viser til at Samisk høgskole held til i lokale som er særs dårlege til undervisningsføremål. Sidan det mellom anna er viktig å få ei avklaring både når det gjeld den vidare utviklinga av Samisk høgskule og når det gjeld samisk lærarutdanning, vil komiteen gjere følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa leggje fram sak om samisk høgare utdanning og forsking seinast ved årsskiftet 2001/2002."

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre mener at Samisk høgskole må prioriteres med hensyn til nye lokaler, ut fra den spesielle rolle denne institusjonen har i norsk og nordisk sammenheng.

2.2 Heilskapleg læringsmiljø

Student og institusjon

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner institusjonane må leggje til rette for at tilhøvet mellom student og institusjon blir styrkt, mellom anna gjennom å leggje betre til rette for læring og hindre fråfall og forseinking. Fleirtalet vil streke under at institusjonane må gje nye studentar grundig vegleiing om framtidige fagval.

Fleirtalet vil streke under at hovudansvaret for innhaldet og utforminga av nye studieopplegg ligg hjå institusjonane for høgare utdanning. Men fleirtalet vil òg streke under at studentane har ansvar for eiga læring. Fleirtalet vil minne om at dei tala som kjem fram over avlagte vekttal og strykprosentar, viser at det trengst eit meir forpliktande tilhøve mellom institusjonen og studentane.

Fleirtalet ønskjer at alle studentar skal få tilbod om ei omfattande erklæring frå studieinstitusjonen som gjer greie for kva for ansvar og plikter institusjonen har. Samstundes må studentane sine rettar og plikter klargjerast. Her vil evalueringar og tilbakemeldingar til studenten undervegs i studiet stå sentralt. Fleirtalet viser til at Regjeringa i den etterfølgjande lovproposisjonen vil kome attende til spørsmålet om studentane sitt arbeidsmiljø.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, vil likevel åtvare mot eit system med juridisk bindande kontraktar. Erklæringane må utformast ved kvar einskild institusjon og studentane må ta del i utforminga.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, støtter Regjeringens gode intensjoner om å legge forholdene bedre til rette for at studentene skal lykkes, men stiller seg kritiske og undrende til at Regjeringen ikke har gjort noen realistisk vurdering av hvilke ressurser som er nødvendig for å gjennomføre forslagene. Flertallet er kjent med at universitetene i Oslo og Bergen har beregnet at forslagene som ligger i meldingen, for universitetssektoren vil medføre et ekstrabehov i en overgangsfase på om lag 400 mill. kroner pr. år til undervisning og om lag 400 mill. kroner til forskning, og etter dette en permanent økning i størrelsesorden 500 mill. kroner årlig sammenlignet med i dag, profesjonsstudiene ikke medregnet. Flertallet er videre kjent med at Universitets- og høgskolerådet har angitt ekstrakostnader for høyskolesektoren i størrelsesorden 700 mill. kroner pr. år, de vitenskaplige høyskolene ikke medregnet. Alle disse vurderingene bygger på en nødvendig konkretisering av Regjeringens mål om bedre studiekvalitet, med lengre studieår, mer seminarundervisning og mer individuell veiledning av studentene som sentrale elementer.

Flertallet ser på universitetenes og Universitets- og høyskolerådets vurderinger som realistiske i forhold til de mål og forventninger meldingen uttrykker, og mener derfor at tilføring av friske midler i denne størrelsesorden er en nødvendig premiss for at kvalitetsreformen fullt ut skal gi de ønskede resultater. Flertallet forutsetter at de nødvendige friske midler for delvis innfasing av reformen allerede neste år, blir avsatt på statsbudsjettet for 2002.

Flertallet viser til at departementet, i brev 23. mai 2001 til komiteen, gir sine vurderinger av Universitet- og høgskolerådets kostnadsberegninger av reformer som konkretiserer målet om bedre studiekvalitet. Flertallet merker seg at departementet mener rådets arbeid er et godt og konstruktivt innspill, men at departementet trekker i tvil flere av forutsetningene for beregningene.

Flertallet legger imidlertid merke til at departementet i sitt brev i tilleggtil reduksjonen som følge av ny gradsstruktur, legger til grunn at studenttallet vil reduseres kraftig som følge av reformen og viser til beregninger foretatt av Statistisk sentralbyrå om en reduksjon på 35 000 studenter.

Flertallet vil understreke at målet med reformer for studiekvalitet er at flere studenter skal lykkes i studiesituasjonen, og at det derfor er naturlig å gå ut fra at det samlede antall avlagte vekttall/ eksamener ikke vil gå vesentlig ned selv om den enkelte student kommer raskere gjennom studiet, og antallet avlagte vekttall pr. student øker. Flertallet kan derfor ikke se at en eventuell kraftigere økning av vekttallsproduksjonen pr. student enn det rådet legger til grunn, innenfor en helhet hvor studentenes samlede vekttallsproduksjon holdes oppe, er noe argument for innsparing slik departementet gir uttrykk for i sitt brev av 23. mai 2001 hvor det sies:

"Det synes ikke som beregningene inkluderer en innsparing som følge av at reduksjonen i antall studenter som følge av bedre gjennomstrømming og kortere studietid reduserer antall studenter som får ordinær undervisning."

Departementet peker i sitt brev også på at det ikke er nødvendig å sette inn styrkingsmidler i den nevnte størrelsesorden fordi ikke alle studenter ved universitetene vil være heltidsstudenter. Flertallet viser til at dette allerede er tatt hensyn til i alle rådets beregninger for kostnader ved universitetene; blant annet i forhold til gruppeundervisning og individuell oppfølging. Flertallet viser til at dersom departementets modellforutsetninger om at enda flere studenter blir heltidsstudenter som følge av innfasingen av kvalitetsreformen, vil behovet for individuell oppfølging av disse øke ytterligere. Flertallet kan derfor ikke se at departementet har nye argumenter som kan trekke beregningene i tvil på dette punkt.

Departementet viser videre til at rådets beregning av et innsparingspotensiale ved modulisering av studietilbudene og mer strukturerte studieveier på 300 mill. kroner er et svært usikkert anslag. Flertallet sier seg enige i dette, men vil vise til at dette beløpet tilsvarer en reduksjon i det samlede antall vekttall som tilbys på 20-25 pst. Flertallet mener dette er et ambisiøst mål for en restrukturering av studiene, og ser det ikke som særlig sannsynlig at et realistisk innsparingspotensiale kan settes høyere enn dette.

Departementet stiller også spørsmål ved om det er en rimelig forutsetning at infrastrukturkostnadene vil øke når studenttallet er forutsatt å reduseres. Flertallet vil igjen vise til at målet med reformene er at flere studenter skal lykkes i studiesituasjonen, og at flertallet derfor deler rådets vurdering av at det samlede antall avlagte vekttall/ eksamener ikke vil gå vesentlig ned selv om den enkelte student kommer raskere gjennom studiet. Hver student vil således bruke institusjonens arealer og ressurser mer intensivt enn tidligere. Innsparinger ved å få samlet forelesninger på færre undervisningsrom vil høyst trolig bli mer enn oppveid av økt bruk av undervisningsrom som følge av mer gruppeundervisning og individuell oppfølging. Flertallet merket seg at departementet i sitt brev til Stortinget av 5. juni 2001 utdyper vurderingene av økt gjennomstrømning og økt vekttallsproduksjon pr. student. Departementet kritiserer i dette brevet Universitets- og høgskolerådet for å legge lista for lavt i forhold til hvor mange studenter som skal lykkes i studiet, uten å påvise nye momenter som svekker rådets kostnadsberegninger av reformene.

Flertallet konkluderer derfor med at departementet ikke på noe vesentlig punkt har påvist reelle feilmomenter i rådets arbeid, men tvert i mot bidratt til å styrke grunnlaget for å forholde seg til de vurderinger rådet har gjort. Flertallet merker seg også at departementet ikke har innvendinger til innholdet i de konkretiseringene av målet om bedre studiekvalitet som rådet har gjort.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti registrerer at medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre ikkje har ambisjonar om at særleg fleire studentar skal lukkast i studia. Desse medlemene meiner det må vere eit mål i utdanningspolitikken å leggje til rette for at studentane skal lukkast, og ikkje bruke lengre tid enn naudsynt. Desse medlemene meiner at framlegga i meldinga om ny gradsstruktur, tettare oppfølging og betre studiefinansiering, medverkar til dette.

Desse medlemene stør Regjeringa sin intensjon om å leggje større vekt på kvalitet og oppfølging av studentane. Det er særs positivt at både undervisnings- og evalueringsformene vert endra ved universiteta og høgskulane. Desse medlemene viser til at det er studentar ved dei store opne grunnfaga som slit mest med studiemotivasjon og studiemiljø, og meiner dette er ei viktig utfordring spesielt for universiteta.

Desse medlemene peikar på at systemet i dag i hovudsak er lagt meir til rette for privatiststudentane enn dei ordinære studentane, og strekar under at det er naudsynt med tettare band mellom student og institusjon. Dei studentane som ønskjer det, bør få tilbod om meir oppfølging og eit tettare studieløp. Samstundes er det viktig at studentar i etter- og vidareutdanning og ulike livssituasjonar får tilbod om tilpassa studieløp over lengre tid.

Studieår

Komiteen ser utforminga av studieåret som institusjonane sitt ansvar.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner at ein meir effektiv bruk av studieåret vil påverke studenten sitt arbeid med studia på ein annan måte, spesielt i høve til intensiteten og utbytte av læringa. Fleirtalet er samd i at dette er ein viktig føresetnad for ei tettare oppfølging av studentane, og på denne måten er eit viktig mål i reforma av høgare utdanning. Fleirtalet vil på dette punktet også vise til høyringsfråsegnene frå styret i Universitets- og høgskolerådet.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre meiner det er føremålstenleg å utvide studieåret, men ønskjer ikkje ei treterminordning som generell modell.

Disse medlemmer mener en treterminordning kan ha konsekvenser for forskningsaktiviteten på institusjonene, og kan medføre problemer i forhold til ønsket om mer internasjonalisering av høyere utdanning.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet meiner det er føremålstenleg å utvide studieåret. Desse medlemene vil streke under at ei treterminordning kan verke positivt, og stør dep-artementet i at det er opp til den einskilde institusjon å leggje til rette for å ta i bruk ei slik ordning, der dette er føremålstenleg.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at norsk videregående skole ikke kjennetegnes av å være av en særlig studieforberedende karakter. Faglig spesialisering foregår heller ikke i særlig utstrekning sammenlignet med en del andre land. Det vil således være vel så naturlig å sammenligne norsk videregående skole med High school i USA som er mer allment omfavnende enn de mer europeiske studieforberedende opplæringer. Det er i den sammenheng viktig å merke seg at Bachelor i USA er en utdanning på 4 år. Slik disse medlemmer ser det er det avgjørende at norske studenter får en så god faglig fordypning at en norsk bachelor ikke anses for å være av dårligere kvalitet enn tilsvarende betegnet utdanning i andre land. En mulighet ville være å foreta ennå en gjennomgang av den videregående utdanningen i Norge, basert på ønsket om mer studieforberedende fordypning. Dette ser i dagens situasjon ikke å være stemning for. Da gjenstår enten å har en 4 års bachelor eller 3 års bachelor basert på et løp med 3 semestre per kalenderår. I dagens situasjon er det rom for betydelig effektivisering av studieløpet. Samtidig er det et problem for mange studenter at Lånekassen ikke yter støtte til alle årets 12 måneder.

Det å åpne for 3 semestre i kalenderåret vil både effektivisere studieåret, men også skape større fleksibilitet og reelle helårsstudenter. 3 semestre vil også gi studentene mulighet til å komme ut i yrkeslivet ett år tidligere enn ellers. En løsning med 3 semestre benyttes bl.a. ved universiteter i Australia. En 3-årig bachelor basert på en ordning med en 3-semester løsning vil gi det faglige omfang som er nødvendig for at en norsk utdanning også skal kunne holde de kvalitative krav som forventes internasjonalt.

Disse medlemmer vil fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen innføre en grad med betegnelsen bachelor basert på et 3-årig løp med basis i en ordning med 3 semestre per kalenderår."

Undervisning

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, strekar under at det gjennom denne reforma må gjerast ein fagleg og pedagogisk gjennomgang og fornying av innhald og oppbygging av studia. I mange studium er undervisninga for sterkt fokusert på auditorieforelesningar.

Fleirtalet ser det som naturleg at institusjonane finn fram til undervisningsmetodar som gjev betre læring og oppfølging av studentane. Fleirtalet meiner at undervisningsformer som involverer og engasjerer studentane, vil auke studentane sin motivasjon og haldning til faget, særleg innafor fag som tradisjonelt har basert seg på førelesingar til store studentgrupper. Problembasert læring, gruppeundervisning, prosjekt- og feltarbeid, er gode eksempel på engasjerande undervisningsformer.

I staden for einsidig bruk av sluttevaluering, dvs. den tradisjonelle skuleeksamenen, vil andre evalueringsformer vere med på å fordele læringsarbeidet jamnare utover studieåret.

Fleirtalet går ut frå at kvaliteten på undervisninga i stor grad er med på å påverke studenten sine prestasjonar. Fleirtalet meiner det er viktig at institusjonane tilbyr pedagogisk opplæring for undervisningstilsette, som mellom anna kan utvide, forbetre og stimulere deira formidlingskompetanse.

Fleirtalet sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg om å innføre ECTS for omrekning av vekttal. Fleirtalet er òg samd i at institusjonane har det strategiske ansvaret for studentvelferda, medan studentsamskipnadene har det operative ansvaret.

Komiteens medlemmer fra Høyre er enig i at det er ønskelig med faglig og pedagogisk gjennomgang og fornyelse av studienes innhold og oppbygning. Disse medlemmer kan imidlertid vanskelig se det annerledes enn at dette er elementer som mer eller mindre kontinuerlig har stått - og står - sentralt i norsk høyere utdannelse. Det er etter disse medlemmers oppfatning en fortegning av virkeligheten å gje inntrykk av at institusjonene innenfor høyere utdannelse er preget av faglig stagnasjon og manglende nytenkning når det gjelder undervisningsopplegg. De viktigste sperrer mot gjennomføring av tiltak for en tettere faglig oppfølging av studentene er mangel på penger og personell, men til tross for disse problemene har det hele tiden foregått kontinuerlig oppdatering av fag og undervisningsmetoder.

Eksamen

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, vil leggje vekt på at eksamen som kontroll ikkje blir viktigare enn læringa. Den tradisjonelle eksamensformen med individuell skriftleg og munnleg eksamen bør revurderast slik at studentane får fleire tilbakemeldingar og skrivetrening i løpet av studietida.

Gjennom nye former for evaluering, som til dømes mappeevaluering eller underveisevaluering, vert læringsprosessen dokumentert gjennom heile læringsløpet, og til slutt lagt fram for endeleg evaluering. Fleirtalet meiner at det er viktig at evaluering om den einskilde sin læringssituasjon inngår som ein del av undervisningsarbeidet. Dette vil gje studentane nyttig korrigering og slik verte eit ledd i naudsynt sjølvevaluering. Innhald og organisering er som tidlegare nemnd opp til kvar institusjon. Bruken av ekstern sensor vil difor kunne reduserast. Høve til å etterprøve ved evalueringa og likehandsaming av studentane er viktig å oppretthalde ved underveisevaluering.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til sine merknader under Undervisning, og mener at øket bruk av "underveisevaluering" og redusert bruk av ekstern sensor kan gjør det vanskeligere å følge opp flertallets ønske om "etterprøvbarhet ved evaluering og likebehandling av studentene". Disse medlemmer vil understreke at ønsket om "etterprøvbarhet" og likebehandling av studentene også forutsetter et system som ivaretar studentenes mulighet til å klage over evalueringen på en tilfredsstillende måte. Disse medlemmer mener at hensynet til opprettholdelse av nasjonale standarder bør tillegges betydelig vekt også ved utformning av evalueringsformene.

Disse medlemmer mener at disse spørsmål best ivaretas av institusjonene selv.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti understreker at økt bruk av mappeevaluering eller underveis-evaluering ikke bør redusere bruken av ekstern kvalitetssikring.

Ekstern sensur på eksamen kan ved prosjektbasert undervisning og mappeevaluering erstattes med ekstern vurdering av prosjekter, ekstern oppgaveutforming og andre former for ekstern kvalitetssikring for å sikre studentenes rettigheter. Dette medlem fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen i arbeidet med lovutkastet utarbeide systemer for ekstern kvalitetskontroll av oppgaveutforming og prosjekter for best mulig å ivareta de hensyn som ligger til grunn for dagens ordning med ekstern sensur."

Studentar med funksjonshemming

Dei overordna målsettingane når det gjeld funksjonshemma, er å sikre jamstilling og deltaking. Komiteen presiserer at funksjonshemma har same rett til utdanning som andre. Komiteen vil streke under det departementet peikar på når det gjeld institusjonane sitt ansvar for å leggje til rette for at studentar med funksjonshemming og andre grupper med særskilte behov kan gjennomføre høgare utdanning.

Komiteen meiner studentar med funksjonshemming ikkje må verte fagleg forseinka på grunn av dårleg fysisk og fagleg tilrettelegging ved lærestadene. Komiteen meiner at det ikkje må bli slik at politikken som institusjonane fører andsynes funksjonshemma studentar, vert eit system av særordningar.

Komiteen strekar under at målsettinga om lik rett til utdanning må ha reelt innhald. Komiteen minner om at tilhøva for funksjonshemma studentar i høgare utdanning ofte er dårleg tilrettelagde med omsyn til både tilgjenge, lærestoff og eksamen.

Tilgjenge på læremiddel er ein viktig føresetnad for likeverdig opplæring. Med betre tilrettelegging av undervisninga og tilstrekkelege hjelpemiddel i utdanning og arbeidsliv, ville mange fleire kunne ha kome i arbeid og fått betre livskvalitet.

Komiteen strekar under at meirutgifter ved naudsynt ekstrautstyr ikkje skal medføre ekstra utgifter for dei studentane det gjeld.

Komiteen minner om at det er eit stort behov for å betre undervisning og tilrettelegging i heile utdanningssystemet for menneske med spesifikke lese-, rekne- og skrivevanskar. I grunnskulen og i vidaregåande skule har alle elevane formell rett til tilrettelegging av undervisninga og til naudsynte hjelpemiddel. Dette er eit steg i riktig retning, men det er trong for langt større innsats. Problema er særleg store i høgare utdanning.

Komiteen viser vidare til dei praktiske problem mange funksjonshemma møter på utdanningsinstitusjonane, og til at Stortinget tidlegare har bede Regjeringa kome attende med lovreglar om arbeidsmiljøet for elevar og studentar.

Komiteen gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa leggje betre til rette for å gjere læremateriell tilgjengeleg for lesehemma studentar."

Gradsstruktur

Komiteen sluttar seg til departementet sitt framlegg til endringar i gradsstrukturen der det vert innført ein lågare grad på tre år og ein høgare grad på to år, og der den organiserte forskarutdanninga skal vere som i dag med ei tidslengd på tre år.

Komiteen sluttar seg til framlegget om to ulike studieløp på masternivået, men viser til at det trengst vidare utgreiing av den faglege utforminga av ei slik todeling.

Komiteen vil peike på at innføring av ny gradsstruktur saman med nye studieløp og betre utnytting av studieåret gjer det naudsynt med ein grundig fagleg og pedagogisk gjennomgang av innhaldet og oppbygginga av studia.

Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg om at institusjonane, i tillegg til einskildfag, skal kunne tilby studieordningar med treårige studieløp. Ein føremon ved eit slikt alternativ er at ein unngår at parallelle fag overlappar kvarandre. Det gjev i tillegg studentane høve til å velje eit studieløp med ein sterkare arbeidslivsprofil.

Komiteen viser til at ein del studium, til dømes teologistudiet, psykologistudiet, sivilingeniørstudiet og kunst- og musikkfag, krev spesiell merksemd når gradsystemet vert lagt om. Dette gjeld også lærarutdanninga.

Komiteen har merka seg at Regjeringa skal arbeide vidare med dette etter at gradstrukturen er på plass, og at institusjonane blir med i dette arbeidet. Komiteen ber om at Stortinget vert orientert på eigna måte.

Komiteen ber departementet i denne samanheng også vurdere dei to-årige utdanningane.

Komiteen viser også til at kunstutdanninga med musikkfaga, og lærarutdanninga skal leggjast fram for Stortinget som eiga sak. Utdanninga av lærarar med bakgrunn frå universitetet må vere ein del av denne meldinga.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet stør departementet når det gjeld å halde på ei fireårig allmennlærarutdanning.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at profesjonsstudiane og lærarutdanninga krev spesiell merksemd ved ei omlegging av gradssystemet. Fleirtalet merkea seg at Regjeringa vil komme attende til desse spørsmåla. Fleirtalet ber Regjeringa leggje til grunn for det vidare arbeidet at korkje Noregs musikkhøgskule, kunstfaga, sivilingeniørstudiet eller profesjonsutdanningar som teologi eller psykologi, må påleggjast å bryte opp det mønsteret ein har i dag.

Fleirtalet viser til at Regjeringa har varsla ei stortingsmelding om lærarutdanning våren 2002. Fleirtalet legg til grunn at dette skal gjelde all lærarutdanning.

Fleirtalet gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa kome attende til Stortinget med spørsmål knytta til eventuelle omleggingar av profesjonsstudia, embetsstudia og lærarutdanninga. Det skal leggjast til grunn for ei slik sak at kunstutdanninga inkludert musikkfaga, sivilingeniørstudiet eller profesjonsutdanningar som psykologi og teologi, ikkje blir pålagde å bryte opp dagens struktur."

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, vil på denne bakgrunn ikke ta stilling til lærerutdanningens lengde, og heller vurdere dette i forbindelse med behandlingen av stortingsmeldingen.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det bør gis et generelt innføringsstudium på ett eller to semestre som ledd i all høyere utdanning. Av hensyn til institusjonenes faglige frihet bør ordningen ikke gjøres obligatorisk, og utformingen av studiet må delegeres til institusjonene selv. Dette medlem viser til enkelte kortere praktiske studier, eksempelvis journalistutdanning, informasjonsutdanning og animasjonsutdanning ved Høgskolen i Volda, og mener at praksisorienterte studier som i dag er toårige eller kortere bør kunne gi vitnemål i form av et diplom, og at de godskrives i grad etter nærmere regler.

Dette medlem ser det som naturlig at den nye mastergraden gir rom for to forskjellige typer mastergrader, der den ene er en faglig bred grad rettet mot yrkeskompetanse, og den andre en mer spesialisert grad rettet mot forskerutdanning og med stor faglig fordypning. Dette medlem understreker også verdien av høyere grads studier som påbygning til yrkesutdanninger i høyskolesektoren, og mer generelt for nye brede fagkombinasjoner.

Dette medlem mener det bør settes av midler til omstilling til ny gradsstruktur slik at dette arbeidet ikke går over institusjonenes ordinære budsjetter og vil understreke behovet for overgangsordninger for studenter som er midt i sine utdanningsløp.

Komiteen sluttar seg til departementet sine synspunkt når det gjeld privatistordninga og er samd i at denne held fram.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre mener at den detaljstyring av bachelor-graden som er formulert i meldingen, strider mot prinsippet om å gje institusjonene større frihet til å utvikle kvalitet og egenart. Institusjonene må selv kunne forme innholdet i bachelor-graden bortsett fra forutsetningen om at ex.phil./ex.fac. skal inngå i graden med 10 studiepoeng hver. Flertallet fremmer følgende utkast til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringen utforme regelverket slik at institusjonene gis frihet til selv å forme innholdet i bachelorgraden utover de første 20 studiepoengene (ex.phil./ex.fac.)."

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at hovudansvaret for utforminga av bachelor-graden till hjå den einskilde institusjon. Likevel ønskjer desse medlemene at også lågare grad studium inneheld ei viss fordjuping. Derfor skal det normalt i bachelor-graden vere eit fag som varer meir enn eitt år.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet konstaterer at viktige fagmiljøer er redd for at Regjeringens forslag til ny gradsstruktur vil kunne bety svekket kvalitet og reduserte kunnskaper hos ferdige kandidater. Dette gjelder spesielt en lang rekke profesjonsutdannelser, men vil også kunne bli resultatet for en rekke av de tradisjonelt "frie" universitetsstudier - humanistiske fag, samfunnsfag og naturvitenskapelige fag. Disse medlemmer finner grunn til å minne om at også disse "frie" studier i praksis for mange studenter er en profesjonsutdannelse, i den forstand at hovedtyngden av lektorer i den videregående skole har sin bakgrunn i disse fagene. Regjeringens forslag til utformning av bachelorgraden, med fordypning i ett fag og en bredde på minst tre fag vil i realiteten bety en kvalitetssvekkelse i forhold til idag siden de to "breddefagene" hver vil ha en størrelse på ca. O av dagens grunnfag. Selv om Regjeringen skulle makte å følge opp med de nødvendige ressurser, vil derfor resultatet bli at fremtidige lektorer vil ha dårligere faglig bakgrunn enn de har i dag. Disse medlemmer mener at også disse forhold må tillegges vekt under vurderingen av profesjonsutdannelsenes fremtid. Når det gjelder utdannelsen av lektorer, er det etter disse medlemmers mening en absolutt forutsetning at den praktisk-pedagogiske utdannelse kommer i tillegg til master-graden..

Disse medlemmer konstaterer at f.eks. Musikkhøyskolen, kunsthøyskolene, psykologiutdannelsen og sivilingeniørutdannelsen ikke kan tilpasses Regjeringen forslag uten faglige skadevirkninger, og forutsetter at det ikke foretas endringer her.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til henvendelse av 23. mai 2001 fra Norsk språkråd til komiteen. Disse medlemmer deler Språkrådets oppfatning av at det både prinsipielt og praktisk er uheldig å lovfeste engelskspråklige gradsbetegnelser i det norske utdanningssystem. Disse medlemmer er enige med Språkrådet i at de hevdvunde benevnelsene kandidat og magister er å foretrekke, noe som også vil bringe Norge på lik linje med våre naboland Sverige og Finland. Disse benevnelsene vil ikke skape problemer i forhold til internasjonal terminologi, i det gradstrukturen ivaretar behovet for samsvar med de engelske benevnelsene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, har merket seg at departementet foreslår å gå over til betegnelsen philosophiae doctor (Ph.D.) for alle doktorgrader med tilføyelser som angir fagretning. Denne betegnelsen skal også omfatte doktorgrader som er tatt utenom de organiserte forskerutdannelsesprogrammene. Flertallet ser ingen grunn til at man skal fjerne den tradisjonsrike dr.philos-graden, og mener at denne graden bør beholdes for forskere som ønsker å oppnå doktorgrad uten å delta i organisert forskerutdannelse.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet kan heller ikke se at det er fremlagt tungtveiende grunner til å gå bort fra de innarbeidede benevnelser på de fagspesifikke doktorgrader (dr.art., dr.scient. osv.). Å bruke forkortelsen PhD med tilføyet angivelse av fagområde vil gjøre benevnelsene mer tungvinte språklig og vil samtidig gi mindre presis informasjon om gradens fagprofil enn det dagens system gir.

Internasjonalisering

Komiteen meiner at utvekslinga av forskarar og studentar må stimulerast. Samarbeidsavtaler med utanlandske universitet bør difor vere ein naturleg del av verksemda som bør prioriterast. Komiteen reknar med at ei slik prioritering kan føre til at institusjonane vert meir attraktive for utanlandske studentar og forskarar. Komiteen er samd med departementet i at det er viktig at universiteta og høgskulane held fram med å byggje opp eit fagtilbod på engelsk for både norske og utanlandske studentar. Komiteen meiner at fagmiljøa kan medverke til ei meir aktiv studentutveksling gjennom å oppmode studentane til å ta del i internship (hospitant) ordningar i ulike internasjonale organisasjonar.

Komiteen meiner at utdanningsinstitusjonane bør tilby studentar som ønskjer det, studieopphald i utlandet som ein del av eit norsk gradsstudium.

Norske universitet og høgskular har i fleire år hatt samarbeid med institusjonar i utviklingslanda, og komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ser på dette som eit særs sentralt område. I denne samanhengen er det viktig å framheve kor mykje dette samarbeidet har å seie, ikkje minst for dei norske institusjonane og for innhaldet i dei norske utdanningstilboda.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre, merkar seg at Regjeringa ønskjer å kome attende til eventuelle endringar i gebyrstipendordninga. Dette fleirtalet ønskjer i denne samanhengen å peike på at det ikkje vil vere ei føremålstenleg ordning å kanalisere delar av gebyrstipendet til dei norske institusjonane i staden for studentane som studerer i utlandet. Dette fleirtalet vil streke under at gebyrstipendordninga er god slik ho fungerer i dag, og at det må vere muleg å internasjonalisere institusjonane samstundes som ein legg opp til gode utvekslingsordningar for studentane. Dette krev auka ressursar til institusjonane, slik at deira behov for internasjonalisering vert sikra.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre mener det må skje en kvalitetssikring av institusjonene som inngår i gebyrstipendordningen.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner det må leggjast betre til rette for utanlandske studentar ved norske utdanningsinstitusjonar.

Komiteens medlemmer fra Høyre mener at studentene fritt skal kunne velge om de vil utdanne seg i Norge eller i utlandet. Høyre går inn for at en del av finansieringsordningene innenfor høyere utdannelse skal være en verdisjekk fra staten for hver student. Denne verdisjekken vil også kunne inngå som en del av et gebyrstipend for studier i utlandet. Studentene må fritt kunne velge institusjon og fag i utlandet, under forutsetning av at institusjonen er akkreditert i vedkommende land. Disse medlemmer minner også om at Høyre flere ganger har foreslått at ordningen med gebyrstipend omlegges slik at stipendet dekker 75 pst. av skolepengene ved studier i utlandet på høyere og lavere grads nivå, jf. Innst. S. nr. 173 (1996-1997).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til den sterke internasjonalisering som også omfatter kunnskap og kompetanse. Det er derfor et viktig aktivum for Norge også å ha studenter og lærekrefter med erfaring fra utlandet. Ikke minst vil det være viktig å ha impulser fra fagmiljøer som er i det internasjonale toppsjikt med tanke på kvalitet innen undervisning og forskning. Det vil derfor være lite tilfredsstillende med en situasjon der norske studenter på økonomisk grunnlag ikke får mulighet til å benytte seg av de beste internasjonale tilbud. Det er også verdt å merke seg at Norge med sin lille befolkning nok kan være tjent med en viss spesialisering innen de områder vi kan hevde oss internasjonalt, fremfor å benytte uhensiktsmessig store ressurser på å etablere og vedlikeholde tilbud som kvalitetsmessig vil være mer naturlig å innhente fra utlandet. Sett på denne bakgrunn er det avgjørende at alle studenter stilles likt med tanke på offentlig finansierte skolepenger uavhengig av om utdanningen tas i Norge eller i utlandet, så lenge opplæringen holder den nødvendige kvalitet. Disse medlemmer vil fremme følgende primære forslag, jf. merknader under studiefinansiering nedenfor:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at alle studenter får fullfinansiert sine skolepenger uavhengig av hvor studiene foretas, så lenge det kvalitative innhold er tilfredsstillende."

Komiteen stør Regjeringa sin intensjon om å knyte utdanningsinstitusjonane tettare opp til studentutvekslinga. Utdanningsinstitusjonane må stimulerast økonomisk til slikt arbeid. Komiteen viser til Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 173 (1996-1997), der fleirtalet bad Regjeringa gjere framlegg om å opprette eit stimuleringsfond for utdanningsinstitusjonar til å utvikle innbyrdes utvekslingsavtaler med institusjonar utanfor Vest-Europa. Stimuleringsmidlane skulle knyttast til oppretting av studietilbod og tilrettelegging for studentutveksling i samsvar med merknader i Innst. S. nr. 173 (1996-1997). Komiteen konstaterer at eit slikt fond ennå ikkje er oppretta, og meiner ei omlegging av finansieringssystemet for høgare utdanning bør inkorporere dette framlegget. Komiteen gjer framlegg om at ein eigen komponent i utrekningsmodellen for tilskot over statsbudsjettet vert basert på utdanningsinstitusjonane sitt utvekslingsarbeid, målt i talet på studentar inn frå utlandet og talet på studentar ut til samarbeidsinstitusjonar i utlandet. Komiteen strekar under behovet for utveksling og samarbeid også med land utanfor Europa, USA og Australia.

Komiteen gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa inkludere institusjonane sitt internasjonale utvekslingsarbeid i utrekningsmodellen for finansiering."

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti understreker behovet for forutsigbarhet og likebehandling i godkjenning av studier fra utenlandsk institusjon. Godskriving av utdanning i form av vekttall bør fastsettes av et felles organ etter fastlagte retningslinjer.

Dette medlem mener det er nødvendig med en vurdering av ordningen med gebyrstipend for studier i utlandet. En slik vurdering må ta utgangspunkt i en bedre kvalitetssikring av studier i utlandet og en gjennomgang av prioriterte fagområder.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, ønskjer i større grad å framheve utviklingspolitikken i utdanningssystemet, gjennom å styrkje utviklingsrelatert forsking og utdanning, og auke talet på studieplassar på kvoteprogram og NORAD-finansierte studieprogram. Studieplassar for utanlandsstudentar frå utviklingsland vert i dag finansierte over to ulike program, med noko ulike finansieringsføresetnader, og desse kunne med fordel verte betre koordinerte.

Komiteen meiner framlegget i NOU 2000:14 om å opprette eit senter for fredsutdanning ved Universitetet i Tromsø er positivt. Komiteen ber Regjeringa leggje til rette for opprettinga av eit slikt senter.

2.3 Institusjonane sin fridom og nasjonal koordinering

Arbeidsdeling og profil

Komiteen meiner det bør vere ei arbeidsdeling mellom høgskular og universitet. Målet er ikkje ein situasjon der institusjonane blir mest muleg lik kvarandre, men heller ikkje eit fastlåst system der institusjonane ikkje får utvikle seg. Komiteen strekar under at forsking går føre seg både ved høgskular og universitet, men at universiteta framleis bør ha ei spesiell rolle ved at dei representerer ei breidde i forskingsverksemda og har sterke forskingsmiljø i alle fag dei tilbyr.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, har merket seg Mjøsutvalgets grundige vurdering av kriterier for å kunne tilkjennes universitetsstatus.

Flertallet fremmer følgende utkast til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn de kriterier, forutsetninger og prosedyrer som enstemmig er trukket opp av Mjøsutvalget i NOU 2000:14, for at en institusjon skal kunne tilkjennes universitetsstatus."

Det er etter flertallets syn viktig at institusjoner som skal kunne kalle seg universitet, må ha en rimelig bredde og dybde på hovedfags-/ masternivå, og innenfor forskerkompetanse og forskerutdanning.

Flertallet kan ikke se at Regjeringen har framlagt noen vektige argumenter for sitt forslag om en kraftig utvanning av disse kriteriene, ved at alle høyskoler med rett til å tildele doktorgrad skal kunne bli universitet. Flertallet går derfor inn for å legge til grunn de kriterier, forutsetninger og prosedyrer som er trukket opp av Mjøsutvalget som grunnlag for å kunne bli universitet.

Et flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, viser til at disse kriteriene, ut over det å oppfylle de generelle krav for at lærestedet kan betegnes som universitet, er:

  • – ved siden av grunnutdanninger å ha selvstendig ansvar for utdanninger på hovedfags-, sivilutdannings- og masterutdanningsnivå på minst 5 ulike områder. (Med betegnelsen "område" er her ment mindre enn fakultet).

  • – å ha blitt tildelt selvstendig ansvar for forskerutdanning på minst 4 ulike særskilte fagområder hvorav 2 av fagområdene må være sentrale i forhold til regionale virksomheters verdiskapning samtidig som fagområdene har nasjonal betydning,

  • – å delta i det nasjonale samvirke når det gjelder forskerutdanning.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, vil særlig understreke at det i kriteriene legges vekt på å dra nytte av regional kompetanse og regionalt verdiskapningspotensiale ved utviklingen av fag og forskningsområder.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre viser videre til at Forskningsmeldingen legger opp til en ambisiøs plan for å styrke norsk forskning de kommende årene. Disse medlemmer vil følge opp denne planen i de årlige budsjetter i kommende stortingsperiode, og vil i denne sammenheng legge vekt på å styrke kvalitativt gode forskningsmiljøer, også de av disse miljøene som har tilhørighet på institusjoner uten universitetsstatus. Dette betyr blant annet at høyskoler med doktorgrader (i dag gjelder dette høyskolene i Agder, Stavanger og Bodø) og gode forskningsmiljøer må gis adgang til å videreutvikle seg gjennom tildeling av forskningsmidler.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet sluttar seg til departementet sitt framlegg om at det ikkje er rom for fleire breiddeuniversitet enn dei fire ein har i dag. Desse medlemene ser på spørsmålet om å fremje samarbeid og arbeidsdeling innafor eit utdanningssystem prega av mangfald som viktigare enn spørsmålet om institusjonsnemning.

Desse medlemene ber departementet om å vurdere korleis ein best kan etablere eit system som sikrar eit forpliktande samarbeid mellom fagmiljøa innafor same fagområde ved universitet og høgskular, med sikte på å leggje tilhøva til rette for arbeidsdeling og samarbeid på tvers av institusjonsgrensene. Ved å oppretthalde dei statlege institusjonane som forvaltningsorgan kan ein samstundes samarbeide på tvers av institusjonane. Desse medlemene ber vidare om at departementet snarast råd kjem attende med ei vurdering av kva for incentiv som best kan fremje utviklinga av meir mangfald og arbeidsdeling innafor norsk høgare utdanning og forsking.

Desse medlemene viser til framlegget om at vitskaplege høgskular og høgskular med forskerutdanning kan søkje om overgang til universitetsnemning. Desse medlemene har merka seg at Universitets- og høgskolerådet ikkje stør Mjøsutvlaget sitt framlegg. Desse medlemene er samde i at vitskaplege høgskular kan få endra status. Når det gjeld statlege høgskular med forskarutdanning, legg desse medlemene til grunn at desse institusjonane bør ha meir enn ei forskarutdanning, og ein viss breidde i mastertilboda før dei kan få nemninga universitet.

Desse medlemene har merka seg at høgskulane i Agder, Bodø og Stavanger gjennom fleire år har arbeida systematisk med oppbygging av fagmiljø som er sterke nok til å kunne tilby forskarutdanning. Ut frå dette ber desse medlemene departementet leggje til rette for at desse tre institusjonane kan utviklast slik at dei kan få overgang med de rettar det inneber på dei aktuelle fagområde.

Desse medlemene føreset at departementet kjem attende med framlegg om strategiske midlar for å stø opp om ei slik utvikling i dei årlege budsjettframlegga.

Desse medlemene vil også be departementet om å sjå kor vidt høgskulane i Hedmark og Oppland kan verte utvikla til eit framtidig innlandsuniversitet. Desse medlemene gjer slikt framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa om å leggje til grunn at vitskaplege høgskular kan få universitetsstatus, og at statlege høgskular med meir enn ei forskarutdanning kan søkje om overgang til universitetsstatus. Det skal leggjast til rette for at høgskulane i Agder, Bodø og Stavanger kan få ei slik overgang. Ein skal også sjå kor vidt det kan verte utvikla eit innlandsuniversitet."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Forskningsmeldingen og de planer og visjoner som kommer til uttrykk der for norsk forskning i de kommende årene. Disse medlemmer er fortsatt av den oppfatning at en spredning av forskningsmidler ikke vil bringe Norge opp på et høyt internasjonalt nivå.

Disse medlemmer er likevel enige i at kvalitativt gode forskningsmiljøer, uavhengig av geografi bør styrkes.

Komiteens medlem fra Senterpartiet er kjent med at høyskolene i Oppland og Hedmark er godt i gang med tett samarbeid og nettverksbygging med sikte på i fremtiden å få universitetsstatus. Dette medlem ber om at dette blir tatt med i en helhetsvurdering.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at høgskolene også i dag har forskningsmidler. Dette medlem mener at høgskoler som har doktorgradsutdanning skal ha forskningmidler på linje med universitetene for den delen som omfattes av denne utdanningen.

Institusjonane sin fridom

Organisasjonsmodell

Komiteen strekar under at institusjonell fridom vil vere viktig for å sikre god omstillingsevne. Det systemet ein har no, der dei sentrale styresmaktene i stor grad har avgjerdsmynde, gjev ikkje institusjonane tilstrekkeleg høve til sjølve å ta ansvar for eiga utvikling.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner at i høve til andre aktørar på den internasjonale utdanningsmarknaden må universiteta og høgskulane prioritere kvalitet i undervisninga i sterkare grad. Ei rask og omfattande fagleg utvikling finn stad innafor mange område, studentane sine faglege preferansar og interessen for ulike studium varierer over tid, og institusjonane må rette seg etter omgivnader i rask endring. Fleirtalet meiner at institusjonane si evne til omstilling og til å drive fagleg og vitskapleg utvikling må styrkjast.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, stør departementet sitt framlegg om å gjere universitet og høgskular til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Dette vil gje institusjonane naudsynt grad av fridom for å løyse behovet dei har for endringar. Dette fleirtalet har merka seg at fråsegna frå Universitets- og høgskolerådet stør dette. Gjennom auka fagleg fridom og ved overgang til å verte nettobudsjetterande einingar vil institusjonane sjølve på ein meir effektiv og mindre tidkrevjande måte kunne tilpasse seg dei krava til endringar som samfunnet stiller. Dette fleirtalet viser til brev frå departementet 14. mai 2001, som svar på spørsmål frå komiteen i samband med meldinga. Der vert det presisert at dei utvida fullmaktene som det er gjort framlegg om for institusjonane, legg til rette for betre vilkår for å konkurrere om og utføre oppdragsundervisning og -forsking innanfor institusjonane. Framlegget om å gjere mellom anna høgskulane til nettobudsjetterte tilskotsinstitusjonar, vil innebere at dei får større fridom til å fordele ressursane mellom drifts- og investeringsføremål.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstremener likevel at institusjonene innenfor denne modellen på flere områder bør få større frihet og flere fullmakter enn det Regjeringen legger opp til.

Disse medlemmer viser til sin merknad om større frihet til å avgjøre den faglige sammensetningen av bachelorgraden.

Disse medlemmer ser positivt på økt samhandling mellom universitets- og høgskolesektoren og samfunns- og arbeidsliv for øvrig, og ønsker ikke unødvendig detaljregulering av denne aktiviteten.

Komiteens medlemmer fra Høyre mener at det må være opp til den enkelte institusjon innenfor høyere utdannelse selv å velge organisasjonsmodell. Disse medlemmer ser ingen grunn til, eller noen spesiell verdi ved, at disse institusjonene skal presses inn i samme organisasjonsmodell, uavhengig av størrelse eller egenart for øvrig. Etter disse medlemmers syn gir forslaget om å gjøre universiteter og høyskoler til forvaltningsorganer med særskilte fullmakter, institusjonene mindre selvstendighet enn Høyre ønsker. Disse medlemmer tar opp følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag med sikte på å gje universiteter og høyskoler rett til selv å velge organisasjonsmodell."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har merket seg at meldingen ikke tar opp i seg den logiske konsekvens at styring og fristilling må basere seg på en hensiktsmessig organisasjonsform med klare og tydelige ansvarsforhold og lojalitetsbånd.

Den kvalitetsreformen som Regjeringen åpenbart ønsker, vil vanskelig kunne gjennomføres i en organisasjonsform som dels er et forvaltningsorgan med særskilte fullmakter og delvis en tjenesteprodusent som skal tilfredsstille etterspørsel og internasjonal kvalitet innen opplæring på høyt nivå og forskning inkludert den oppdragsbaserte. For å ansvarliggjøre institusjonene er det etter disse medlemmers syn viktig å innføre en modell som legger klare ansvarskriterier på alle ledd i organisasjonene. Etter disse medlemmers oppfatning er en ansvarliggjøring nødvendig både av kvalitetsfremmende grunner og ikke minst for økonomisk styring. For å oppnå dette vil det være av avgjørende betydning at det blir foretatt den nødvendige atskillelse fra departementet gjennom en omdanning til egne rettssubjekter. Disse medlemmer støtter derfor Mjøsutvalgets vurdering og konklusjon om at institusjonene bør bli særlovsselskaper med egne styrer, og foreslår:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag om lovendringer, slik at universiteter, høyskoler og disses randsoneselskaper omdannes til selvstendige rettssubjekter."

Utprøving av alternative modellar

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at flertallet i Mjøsutvalget gikk inn for å organisere universiteter og høyskoler som særlovsselskap. Disse medlemmer har merket seg at styret for Universitets- og høgskolerådet ønsker å organisere institusjonene som forvaltningsorganer med særskilte fullmakter, men likevel går inn for at de institusjonene som ønsker å prøve ut en annen tilknytningsform og alternative styrings- og organisasjonsstrukturer, må få anledning til dette. Disse medlemmer viser til sine merknader om forvaltningsorgan med særskilte fullmakter, og er villig til å åpne for forsøk med særlovsselskap for å utvide mulighetene til samspill mellom institusjoner og næringsliv for å fremme forskning og næringsvirksomhet. Disse medlemmer legger til grunn for slike forsøk at det ikke åpnes for privat eierskap i de offentlige institusjonene (særlovsselskapet). Stortinget må forelegges en evaluering før slike organisasjonsformer eventuelt innføres på varig basis.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til sitt prinsipielle syn på valg av organisasjonsmodell, og går i samsvar med dette inn for at det bør åpnes for forsøk med alternative styrings- og organisasjonsstrukturer til flertallets modell med forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Disse medlemmer ser ingen grunn til at man ved utprøving av alternativer skal utelukke forsøk med privat eierskap i offentlige utdannelsesinstitusjoner.

Fag og studium

Komiteen går inn for at høgskulane skal ha fridom til sjølv å leggje ned og opprette studium som varer inntil 3 år.

Komiteen gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa om å gje statlege høgskular fridom til å opprette og leggje ned studietilbod som varer inntil 3 år."

Komiteen sitt fleirtal, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre, meiner at ein framleis bør ha systemet med nasjonale rammeplanar innafor utdanningar som fører fram til sertifisering eller autorisasjon.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstrepart og Venstre, stør Regjeringa i at det er naudsynt i ein fristillingsprosess å leggje mindre vekt på rammeplanar. Dette fleirtalet viser til meldinga s. 53:

"Departementet tar også sikte på å fristille enkelte utdanninger fra rammeplaner. Departementet legger likevel til grunn at rammeplaner er et sentralt virkemiddel for å oppnå en nasjonal standard på yrkesytøverne, og at rammeplanene er med på å forenkle nødvendige kvalitetssikringsprosedyrer for sertifisering eller autorisering."

Dette fleirtalet meiner ei slik forenkling ikkje må kome framfor omsynet til kvalitet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til at det uavhengige akkrediteringsorganet vil forholde seg til disse spørsmål på en faglig og kvalitativ god måte. Det er derfor disse medlemmer sitt prinsipielle syn at arbeidet med rammeplaner overlates til dette organ.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader i Innst. S. nr. 78 (1998-1999) og mener en avkorting av studiene er forsvarlig fordi studenten kan ventes å vende tilbake til utdanning etter noen år i arbeidslivet. Dersom denne muligheten skal bli reell, understreker imidlertid dette medlem at intensjonen fra komiteen om at høyere utdanning ved offentlige institusjoner skal være gratis, må gjelde.

Dette medlem konstaterer at flere utdanningsinstitusjoner i dag tilbyr utdanning mot betaling, og presiserer at selv om utdanning er nettbasert eller på annen måte skiller seg fra tradisjonell forelesningsundervisning, skal dette ikke gje anledning til å avkreve studieavgifter med mindre tilbudet retter seg mot bedrifter eller organisasjoner og ikke enkeltstudenter.

Institusjonane og næringslivet

Komiteen strekar under at den langsiktige grunnforskinga har stor verdi for nyskaping og næringsutvikling. Det er eit mål at institusjonane skal ha eit nært samarbeid med samfunns- og arbeidslivet. Komiteen har merka seg departementet sitt framlegg om å leggje til rette for utvida samhandling mellom universitets- og høgskulesektoren på den eine sida, og samfunns- og arbeidslivet på den andre. Komiteen er samd i at høvet til å tilby utdanningar finansierte som oppdrag, retta mot etter- og vidareutdanningsmarknaden og mot utanlandske studentar som ikkje har program/avtaler, bør utvidast. Den regionale tilknytinga mellom dei fleste høgskulane, universiteta og lokalsamfunna er som regel prega av tett og nær kontakt. Komiteen meiner at slik kunnskap og kontakt kan brukast aktivt for å utvikle det lokale næringslivet og for å løyse ulike samfunnsmessige problemstillingar i regionane.

Komiteen meiner vidare at det er viktig at institusjonane satsar på eit forskingspolitisk samarbeid mellom næringsliv, institusjon og lokalsamfunn.

Randsoneaktivitet

Komiteen viser til at Mjøsutvalet la fram ei eiga utgreiing om oppdragsforsking, NOU 1999:18 Organisering av oppdragsvirksomhet. Eit samla utval gjorde her framlegg om at einingar for oppdragsforsking ved universitet og høgskular skal organiserast i aksjeselskap/statsføretak, av di desse organisasjonsformene gjer det muleg med aktiv deltaking frå institusjonane si side i styringa av einingar for oppdragsverksemd. Skilnaden på desse selskapsformene er først og fremst at statsføretak ekskluderer deltaking av private i eigarskap og styring, og at staten står ansvarleg for pliktene til statsforetak.

Komiteen viser til at fleire institusjonar, både universitet og høgskular, har uttrykt eit klart ønskje om å organisere randsoneaktiviteten i tråd med tilrådingane i NOU 1999:18, og at dette vil vere ei fullmakt institusjonane kan gjevast innanfor ein vald hovudmodell som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter. Det er ein klar føresetnad for komiteen at verksemda i desse einingane ikkje må trekke vekslar på institusjonane si grunnløyving.

Komiteen gjer difor følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for at institusjonane har fullmakt til å organisere randsoneaktiviteten i tråd med tilrådingane i NOU 1999:18 Om at einingar for oppdragsforsking ved universitet og høgskular skal kunne organiserast i aksjeselskap eller statsføretak. Slik organisering kan også gjelde etter- og vidareutdanningsverksemd."

Komiteen ser på den eksternt finansierte verksemda som føregår ved institusjonar innafor høgare utdanning som ein viktig del av samfunnet si satsing på utvikling og bruk av ny kunnskap. Verksemda er også fagleg berikande for institusjonane og gir eit økonomisk grunnlag som kan styrkje kvaliteten på og omfanget av aktiviteten på dei aktuelle fagområda i institusjonane i høgare utdanning. Utfordringa er å utforme eit regelverk som gjer all eksternt finansiert verksemd til ei naturleg del av institusjonane si verksemd, samstundes som den delen av institusjonane sin verksemd som vert finansiert over grunnløyving vert skjerma, og det vert sett faglege og kvalitetsmessige premissar for det eksterne engasjementet.

Rekruttering til forsking

Komiteen meiner at ei opptrapping av den norske forskingsinnsatsen krev ei monaleg auke i talet på forskarar. I denne samanhengen må tilgangen på gode forskarar gjennom rekrutteringsstillingar sikrast.

Komiteen gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa på eigna måte leggje fram ei vurdering og drøfting av rekrutteringssituasjonen i universitets- og høgskulesektoren, sett i lys av den kraftige veksten som er planlagd i både undervisnings- og forskingsinnsats dei nærmaste åra. Denne vurderinga bør helst leggjast fram samstundes med statsbudsjettet for 2002, og seinast innan førstkommande årsskifte."

Komiteen føreset at statsbudsjettet for 2002 vil innehalde konkrete tiltak for å møte dei store rekrutteringsbehova i sektoren.

Komiteen viser til Universitets- og høgskolerådet si påpeiking av at stipendiatstillingane i dag er underfinansierte med mellom 80 000 og 100 000 kroner, og at dette har som resultat at institusjonane ikkje har råd til å nytte seg av tildelte heimler. Komiteen føreset at Regjeringa snarast tek naudsynte steg for å løyse dette problemet.

Etter komiteen sitt syn er betre finansiering av rekrutteringsstillingane ein føresetnad for å lukkast med den planlagte opptrappinga av talet på rekrutteringsstillingar dei kommande åra. Komiteen viser til at styret i Universitets- og høgskolerådet i brev til Stortingets finanskomite i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 har bedt om at eksisterande stipendiat- og postdoktorstillinger fullfinansierast ved tilførsel av ekstra midlar til institusjonane sine budsjett, og at nye stillingar fullfinansierast ved skipinga.

Komiteen merkar seg at Regjeringa ønskjer å auke løyvingane til doktorgradsstillingane i 2002, mellom anna gjennom direkte løyvingar til universitet og høgskular og ved tilsetjing av fleire postdoktorstipendiatar. Komiteen held på at gode arbeidstilhøve, som løn og utstyr, er viktig for å utføre forsking av god kvalitet.

Komiteen viser til at det er planlagt kraftig vekst både i undervisnings- og forskingsinnsatsen ved dei høgare utdanningsinstitusjonane dei nærmaste åra. Komiteen vil understreke at eit kvalitetsløft for undervisning ikkje må gå utover oppfølginga av måla i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005, der ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane.

Komiteen viser til at Regjeringa gjer framlegg ein meir fleksibel bruk av personalressursane som eit verkemiddel for å gjennomføre kvalitetsreformen for høgare utdanning. Komiteen vil understreke at hovudprinsippet om forskningsbasert undervisning skal oppretthaldast, og påpeike at regelverket allereie i dag gir godt høve til slik fleksibilitet, mellom anna i form av variert fordeling av undervisnings- og forskingsoppgåver frå semester til semester. Komiteen ser det ikkje som ønskjeleg eller naudsynt å endre regelverket i retning av at vitskapleg tilsette skal setje av mindre tid til forsking. Det vil vere eit kvalitetsvekkjande, ikkje eit kvalitetsfremjande tiltak. Komiteen meiner det viktigaste kvalitetsfremjande tiltaket som bør gjennomførast er å styrkje rekrutteringa til universitet og høgskular, slik at kapasiteten kan aukast på både undervisnings- og forskingssida.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, ser at det på doktorgradsnivået er eit godt stykke att til tilnærma jamstilling når det gjeld talet på kvinner, sjølv om talet aukar jamnt. Fleirtalet viser til at Regjeringa vil øyremerke ein del av dei postdoktorstipendiatane som vil kome i 2002, til kvinner. Fleirtalet strekar under at jamstilling er ei sentral utfordring for institusjonane, og at kvinner er sterkt underrepresenterte i høgare stillingar ved universiteta og høgskulane. Fleirtalet peikar vidare på at det er viktig at institusjonane stimulerer kvinnene til å søkje leiarstillingar på institutt- og avdelingsnivå. Fleirtalet meiner det er viktig at institusjonane i samband med rekruttering tek i bruk aktuelle tiltak som øyremerking, utarbeiding av handlingsplan for likestilling og styrking av nettverksbygging.

Opprykk til professor

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner at ordninga med opprykk til professor er eit godt personalpolitisk tiltak som mellom anna har gjort det lettare for kvinner å leggje planar for vegen fram til akademisk toppstilling. Komiteen meiner at denne ordninga skal halde fram.

Komiteen legg fram følgjande utkast til vedtak:

"Ordninga med opprykk til professor etter kompetanse skal førast vidare."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser det som lite hensiktsmessig med en lavere satsing på forskning blant vitenskapelige ansatte som helhet. Likevel ser disse medlemmer at det i en del tilfeller kan være hensiktsmessig å la enkelte lærekrefter få intensivere sitt arbeid med undervisning og oppfølging av studenter. Det er ingen automatikk i at gode lærekrefter er gode forskere eller at gode forskere automatisk er gode formidlere av den kunnskap de besitter. Slik disse medlemmer ser det, vil det være en fordel for alle parter dersom en legger opp til en modell der personalet ved universitetet og høgskoler kan benyttes på en så hensiktsmessig måte som mulig. Det må da legges opp til muligheter for varierende oppgaver slik at forholdet mellom undervisning og forskning ikke er en automatisk oppsatt brøk, som bare vanskelig lar seg justere.

Disse medlemmer ser det som avgjørende for at norske institusjoner skal kunne holde god internasjonal standard, at det er de til enhver tid best kvalifiserte personer som tiltrer professorstillinger. Kvalifikasjoner og kvalitet kan vanskelig regnes ut fra en prosentsats av kjønn eller tid ved en enhet. Disse medlemmer ser derfor behovet for å vurdere ordningen med opprykksordningen til professorat.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:

"I opprykkskriteriene for professor inkluderes undervisningskompetanse i tillegg til publisering og forskningsarbeid."

Organ for kvalitetssikring

Komiteen stør Regjeringa sitt framlegg om at universiteta sjølve skal ha ansvaret for å opprette og leggje ned fag og gradar. Universiteta kan etter eige initiativ innafor den økonomiske ramma dei har til disposisjon, ta initiativet til å opprette nye mastergradsstudium og nye doktorgradsprogram. Institusjonane må sjølve sjå til at dei har gode kvalitetssikringssystem internt slik at alle fag og gradar held internasjonale kvalitetsmål.

Komiteen viser til Mjøsutvalet si tilråding av eit sjølvstendig akkrediterings- og evalueringsorgan som er avhengig av departementet. Komiteen går inn for å opprette eit slikt organ, som skal stå for evaluering av fag og insitusjonar og akkreditering av institusjonar. Ein føreset at eit slikt organ skal vere avgrensa, ikkje stort og byråkratisk. Ein viser i denne samanhengen til Noregsnettrådet sitt innspill til komiteen om korleis dette er praktisk muleg å gjere.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, legg fram følgjande utkast til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for høgare utdanning, jf. Mjøsutvalet sitt framlegg i NOU 2000:14."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til at kvalitet i utdanningen må være det kriterium som er av avgjørende betydning. Det er svært vanskelig å vurdere i hvilken utstrekning en får en god utnyttelse av ressursene så lenge det ikke finnes uavhengige evaluering- og akkrediteringsorgan som kan foreta de nødvendige kvalitative vurderinger. En uavhengig akkreditering og evaluering vi gi den nødvendige kvalitative sikring ved oppretting av tilbud og at denne kvaliteten holdes på et vedvarende høyt nivå. Disse medlemmer viser til at Storbritannia og Australia har og arbeider med opprettelse av dette. Slik disse medlemmer ser det vil det være en åpenbar fordel dersom Norge ikke bare kunne utvikle tilsvarende, men også tok initiativ til å etablere et internasjonalt samarbeid på dette området. Uansett er det viktig at disse organer har en helt uavhengig stilling i forhold til de respektive institusjoner som skal vurderes og departementet som eier. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at det opprettes uavhengige evaluerings- og akkrediteringsorganer. Disse skal ha ansvaret for å evaluere og tildele/trekke tilbake godkjenning av institusjoners opplæringstilbud."

Disse medlemmer vil presisere at vurderingen av om en institusjon har den kvalitet og det omfang som skal til for å få mulighet til å benytte navnet "universitet", må foretas av det oppnevnte akkrediteringsorgan.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti understreker betydningen av gode systemer for kvalitetsutvikling og evaluering i utdanningssektoren, og at dette bør ligge utenfor departementet. Dette medlem mener et uavhengig evalueringsorgan bør hjemles i lov. Evalueringsorganet bør være uavhengig av departementet med et eget styre. Et slikt organ må forta evaluering, ikke akkreditering. Dette medlem viser til NOU 2000:14 og merker seg at kvalitetsbegrepet spriker noe i kap. 7 "Kvalitet og effektivitet i læringsmiljøet" og kap. 15 "Evaluering og akkreditering i høgre utdanning". Dette medlem mener den kvalitative tilnærmingen til kvalitet som drøftes i kap. 7 er bedre i stand til å sikre kvalitet og dynamikk gjennom evalueringer enn en kvantitativ akkreditering og godkjenning av minstestandarder knyttet til ulike institusjonsbetegnelser. Et evalueringsorgan bør etter dette medlems syn ikke tillegges ansvar for vurdering av institusjonsbetegnelser. Et evalueringsorgan bør i første rekke bistå institusjonenes egne kvalitetssentre, og videre foreta jevnlige institusjonsevalueringer, både av kvalitet og av institusjonens kvalitetsarbeid, såkalt "audit evaluering".

Et uavhengig evalueringsorgan bør videre tillegges ansvar for internasjonaliseringsarbeid og godkjenning av utenlandsk utdanning. Dette medlem støtter Regjeringens syn i at internasjonalisering i større grad enn i dag bør knyttes til samarbeid mellom norske og utenlandske utdanningsinstitusjoner. Et evalueringsorgan bør ha et overordnet ansvar som ressurs- og kompetansesenter for internasjonalisering av høyere utdanning, knyttet opp mot utdanningsinstitusjonenes internasjonale avdelinger.

Styringsordningar

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, stør Regjeringa sitt framlegg om å utvide talet på eksterne medlemer i styret. Fleirtalet meiner at dei eksterne styremedlemene kan tilføre institusjonane gode idear og kompetanse som kan vere av stor verdi.

Fleirtalet stør også framlegget om at styret skal setjast saman slik at inga einskildgruppe har fleirtal aleine. Fleirtalet viser elles til ordninga i dag, der høgskular og universitet kan søkje om forsøk med eksternt styrefleirtal, og meiner denne ordninga skal halde fram.

Fleirtalet er samd i at institusjonane skal ha vald toppleiing. Den valde rektoren skal framleis vere leiar for institusjonen sitt styre.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, vil opna for forsøk med tilsetting av rektor på åremål ved universitet og høgskular.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for framlegget i meldinga om å tilsette institutt- og fakultetsleiarar, og at dei vert tilsette på åremål. Dersom dette fører til urimeleg høge utgifter, ber fleirtalet departementet kome attende til dette.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet, med subsidiær støtte frå Framstegspartiet, gjer slikt framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for at institutt- og fakultetsleiarar skal tilsetjast på åremål."

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet meiner at eit samfunn i rask endring krev institusjonar med evne til omstilling, og at dette vil gjere linene i organisasjonsstrukturen klarare. Gjennom den reforma som meldinga legg opp til, vert det overført vesentleg større fullmakter og avgjerdsmynde til institusjonane sjølve. Dette set større krav til deira interne styringsorgan og forvaltning. Desse medlemene meiner at institusjonane bør leggje vekt på å utvikle ein god leiings- og personalpolitikk, slik at ein kan få kvalifiserte søkjarar til desse stillingane.

Desse medlemene føreset at ordninga ikkje inneber direkte inngrep i den einskilde vitskapleg tilsette sin fridom til å forske. Desse medlemene vil òg slutte seg til departementet sine synspunkt på jamstilling ved tilsetting i faglege leiarstillingar.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre og Venstre fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at de høyere utdanningsinstitusjonene selv skal kunne fastsette den interne styringsstrukturen i sine organisasjoner, og at dette ansvaret skal ligge hos institusjonenes styrer."

Når det gjelder den interne organisering for øvrig, mener komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre at det må være opp til den enkelte institusjon å avgjøre dette. Ved en modell med valg kan forpliktelsene innskjerpes ved at det innføres en rett for det valgte kollegium til å kunne utlyse nyvalg på lavere nivå innen institusjonen.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre og Venstre finner det lite rimelig at en reform som skal gi institusjonene større grad av frihet og selvstyre, skal låse fast den interne styringsordning og personalpolitikk på avdelings- og grunnenhetsnivå. Disse medlemmer vil peke på at en obligatorisk ordning med utlysing og tilsetting av instituttbestyrerstillinger vil binde opp betydelige ressurser på institusjonsbudsjettene, samtidig som ordningen vil svekke studenters og ansattes medinnflytelse på avdelings- og grunnenhetsnivå. Disse medlemmer kan ikke se noen grunn til at samtlige institusjoner skal pålegges å følge ett og samme mønster for intern styring. Det kan heller ikke være noe som tilsier at alle avdelinger ved større institusjoner skal følge samme mønster.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre mener det er en avgjørende forutsetning for både institutt- og fakultetsledelse at det for lederen står til rådighet ressurser både til egen forskning og til å stimulere andres forskning. Mangel på slike ressurser er etter disse medlemmers syn hovedproblemet med dagens styringsordning, og dette løses ikke i seg selv av å erstatte valgte ledere med ansatte.

Disse medlemmer er enige i at det trengs en klargjøring av fakultets- og instituttledernes forpliktelser for å følge opp universitetets helhetlige styringssignaler.

Komiteens medlemmer fra Høyreviser til sine innledende merknader, hvor det bl.a. blir understreket at institusjonene selv bør få velge styresammensetning og selv bestemme utformning av ledelsen ved fakulteter og institutter. Høyre mener også at spørsmålet om rektor skal velges eller ansettes må avgjøres ved den enkelte institusjon.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at styrenes sammensetning ikke bør være etter prinsippet om bukken og havresekken. Disse medlemmer forutsetter derfor at flertallet bør være eksternt oppnevnte personer uten lojalitetsbånd til institusjon eller departement. Samtidig vil disse medlemmer påpeke viktigheten av at institusjonenes mangfold og særpreg blir representert i styret på en hensiktsmessig og forsvarlig måte.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag for å ivareta prinsippet om oppnevnt eksternt styreflertall ved høyere utdanningsinstitusjoner, og ellers den nødvendige, hensiktsmessige og forsvarlige representasjon av studenter, vitenskapelige ansatte og andre faggrupper."

Disse medlemmer ser det slik at styret må ha det fulle ansvar for at den daglige oppfølging, kvalitetssikring og utvikling ivaretas på en hensiktsmessig og profesjonell måte. I en slik struktur og organisasjonsmodell ville det være en umulighet å ha en valgt administrerende direktør/rektor, med lojalitetsbånd til eget kollegium og ikke til styret. For å sikre driftens ansvarlighet og direktørens/rektorens legitimitet både i forhold til styret, men også til øvrige ansatte, må etter disse medlemmers oppfatning prinsippet om styrets rett og plikt til å ansette komme til anvendelse.

For at direktør/rektor skal kunne utføre sitt arbeid og iverksette styrets vedtak er det avgjørende at medarbeidernes lojalitet og ansvar knyttes opp til direktøren/rektor og derved styret. Valgte mellomledere vil etter disse medlemmers syn vanskelig kunne tilfredsstille disse enkle organisatoriske prinsipper.

Ansettelser i fremskutte og strategisk viktige stillinger må gjøres tidsavgrensede. Dette vil gi den nødvendige fleksibilitet for en stor organisasjon med stadige krav til endring og kvalitativ utvikling.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Styret ansetter administrative ledere ved høyere utdanningsinstitusjoner etter prinsippet om tidsavgrensede engasjementer. Tidsavgrensning i ansettelser stiller likevel styret fritt til å reengasjere dersom de finner dette ønskelig."

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er opptatt av at utdanningsinstitusjonene må få mulighet til å opptre strategisk og samlet. Større institusjonell autonomi må henge sammen med bedre organisering. Dette medlem viser til at selv om studiekvalitetsbegrepet har fått gjennomslag på institusjonene, synes studiekvalitetsarbeidet å være mer fragmentert. Raske endringer i utdanningssektoren krever omstillingsdyktighet og langsiktige strategier hos utdanningsinstitusjonene.

Dette medlem viser til at større autonomi i utdanningssektoren har vært en generell tendens i flere år, men at dagens struktur og organisering ikke i tilstrekkelig grad har muliggjort implementering av de ønskede tiltak.

Dette medlem mener det er nødvendig med tettere bånd mellom de ulike nivåene ved utdanningsinstitusjonene. Dette medlem mener en betingelse for institusjonenes interne organisering bør være at ledere på institutt- og fakultetsnivå er knyttet opp mot øverste nivå ved institusjonen, og således forpliktet av de overordnede strategier institusjonen har.

2.4 Finansiering av høgare utdanning

Finansiering av institusjonane

Komiteen sluttar seg til departementet sitt framlegg til utforming av finansieringsmodell på grunnlag av tre hovudkomponentar: basisløyving, studentfinansiering og forskingsfinansiering, som vil femne om ein incentivbasert del og ein strategisk del. Finansieringsordninga skal ta ivare omsyn som planlegging, kontinuitet og behovet for endring. Komiteen ser det som viktig at det til ein viss grad vert lagt opp til finansieringsordningar som stimulerer til auka kvalitet og aktivitet, og til breiddekrav etter overordna nasjonale interesser.

Komiteen vil kome attende til utforminga av finansieringsordningane i samband med statsbudsjettet for 2002.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, vil bemerke at Regjeringen ikke har gjort noen vurderinger av hvordan et slikt system kan utformes i praksis.

Komiteens medlemmer fra Høyre minner om at Høyre primært går inn for følgende modell for finansiering av offentlige institusjoner innenfor høyere utdannelse:

  • – En fast basisbevilgning, uavhengig av aktivitet.

  • – En aktivitetsbasert finansiering hvor institusjonen mottar en verdisjekk for hver student.

  • – En separat bevilgning til forskning.

Av hensyn til langsiktig planlegging i institusjonen, mener Høyre at den faste del av bevilgningen til undervisning og forskning gis for tre år ad gangen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet anser at kunnskaper og ferdigheter må betraktes som likeverdige uavhengig av hvor de er tilegnet. Konsekvensen av dette må være at studentenes muligheter til en fullfinansiert kvalitativ utdanning må være uavhengig av hvor det studeres, så lenge de kvalitative vilkår tilfredsstilles. Dette betyr at alle institusjoner må likebehandles uavhengig av eierforhold. At studenter skal stilles ulikt økonomisk ut ifra eierforhold kan vanskelig forklares. Det må bety en ønsket merbelastning for de studenter som velger noe annet enn statens egne opprettede institusjoner. Igjen kommer en til den situasjon at reell valgfrihet skal ikke baseres på innhold og kvalitet, men om en selv eller familien har den nødvendige økonomiske handlefrihet til å kunne bidra til å betale for utdanningen. En slik økonomisk skranke for det frie kvalitative fagvalg fremstår som et alvorlig slag mot behovet for likebehandling og like rettigheter til utdanning for alle uavhengig av privat økonomi. Disse medlemmer vil for å stille alle studenter og institusjoner likt, fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at norske utdanningsinstitusjoner stilles likt med tanke på finansiering og godkjenning."

Disse medlemmer ser at dagens finansieringsmodell ikke gir den nødvendige sammenheng mellom finansiering og produksjon av opplæring og forskning. Den generelle rammefinansiering av universiteter og høgskoler viser de samme mangler og problemer som ble påvist ved rammefinansieringen av sykehusene. Innen helsevesenet har en erkjent behovet for en innsatsstyrt finansiering, og det fremstår som underlig at samme innsikt i problematikken ikke synes å eksistere innen høyere utdanning.

Disse medlemmer ser at det også for høyere utdanning vil være en fordel å ha en finansiering av utdanningsdelen som i stor grad følger prinsippene for finansieringen innen helse, der en benytter en varierende stykkpris basert på kostnader forbundet med de respektive behandlingstilbud. Så ser disse medlemmer behovet for å finansiere forskningsvirksomheten separat. Her i forhold til kvalitet og omfang av den forskning som foretas. Det vil være grunnforskning som her anses for å være en offentlig oppgave. Oppdragsforskning og lignende naturlig ligge innenfor den næringslivsmessige sfære. Disse medlemmer viser til Forskningsmeldingen hvor Fremskrittspartiet fremmet forslag om skatteincentiver for norsk næringsliv for å stimulere til større satsing på forskning og utvikling også innen vårt næringsliv. Disse medlemmer ser at Norge fortsatt ligger meget langt etter de land det er naturlig å sammenligne seg med. Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at bedrifter får trukket fra sine investeringer til forskning og forskningsrelatert arbeid ved anskaffelsestidspunktet for utstyret."

Disse medlemmer ser det som hensiktsmessig å ha en basisfinansiering i bunnen for universitetene og høgskolene. Dette gjelder forhold som vil måtte finansieres uavhengig av antall studenter og finansiering av forskningsaktivitet. Disse medlemmer vil på samme måte som ved ISF innen helsevesenet foreslå at 80 pst. baserer seg på en innsatsstyrt finansiering og 20 pst. som basistilskudd. Dette vil ivareta både den nødvendige fleksibilitet innen studiefinansieringen og institusjonenes behov for et stabilt utgangspunkt. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag, slik at det innføres en innsatsstyrt finansiering også innen høyere utdanning."

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil understreke at finansiering av utdanningsinstitusjonene må fremme kvalitet, langsiktighet og evne til omstilling. Dette medlem støtter hovedmodellen i Regjeringens forslag til tre komponenter i finansieringen, en basisbevilgning, en forskningsbevilgning og en del basert på undervisning og uteksaminering av studenter. Basisbevilgningen bør ta hensyn til opprettholdelsen av marginale fag, distriktspolitikk og langsiktige hensyn. Dette medlem understreker at utdanningsinstitusjonene har et ansvar for studentenes læring. Dette medlem mener at institusjonene også må bære sin del av ansvaret, og dette bør gjenspeiles i finansieringen av universiteter og høyskoler. Dette medlem støtter Regjeringens forslag om å finansiere studenter som avslutter studiene heller enn studenter som påbegynner studier, slik tilfellet er i dag. Det reelle studenttallet ved utdanningsinstitusjonene er i dag vanskelig å anslå, og det er grunn til å tro at studenter med ulike behov også innebærer ulike kostnader for institusjonen. Den lave vekttallsproduksjonen samt den lave andelen av de registrerte studentene som er kunder i Lånekassen tyder på at det reelle antallet aktive studenter er langt lavere enn antall registrerte studenter. Dette medlem foreslår at bevilgningen per uteksaminerte student økes, og at det videre tas hensyn til institusjonenes studenter i andre utdanningsløp. Dette medlem mener institusjonene i større grad må finansieres for den utdanningsvirksomhet som foregår, men foreslår at slike beregninger gjøres innenfor et tre års intervall, slik at en viss stabilitet blir mulig. I tillegg bør skjønnsmessige vurderinger kunne tas med i beregningene for spesielle institusjoner der et nytt system slår urimelig hardt ut.

Finansiering av forskning bør være uavhengig av studenttall, dette for å sikre stabilitet og langsiktighet. Dette medlem viser til sine merknader i Innst. S. nr. 110 (1999-2000). Samtidig må forskningen være gjenstand for kontinuerlig evaluering, og dette bør danne grunnlag for beregninger av bevilgninger over statsbudsjettene.

Dette medlem understreker at kvalitet må være et grunnleggende prinsipp i en incentivbasert finansiering.

Private høgskular

Komiteen viser til at private høgskular har lange tradisjonar i Noreg. Komiteen konstaterer at eit aukande tal private høgskular er aktørar i undervisningssektoren. Fleire av desse tilbyr utdanningar på område kor den offentlege kapasiteten er mangelfull eller der det ikkje er etablert eit offentleg tilbod.

Komiteen vil byggje på at offentlege utdanningsinstitusjonar skal vere hovudstammen innafor høgare utdanning. Komiteen meiner likevel at det må sikrast likeverd i handsaminga av offentlege og private utdanningstilbod som oppfyller klare kvalitetskrav, og at offentlege og private institusjonar må handsamast etter same prinsipp, slik Noreg har slutta seg til i Bologna-erklæringa.

Komiteen meiner slikt likeverd krev eit enklare regelverk for private høgskuler, slik at mellom anna godkjenning av fagplanar og eksamen kan finne stad langt raskare og meir pårekneleg enn i dag. Komiteen føreset også at offentlege forskingsprogram skal vere opne for relevante fagmiljø, uavhengig av om dei er private eller offentlege. Ved private høgskular som gir organisert forskarutdanning, bør det takast omsyn til denne forskarutdanninga når tilskotsramma blir fastlagd.

Komiteen går inn for at private høgskular ut frå prinsippet om eit mest muleg samordna og oversiktleg regelverk, bør kome inn under den felles lova om statlege universitet og høgskular. Komiteen viser i denne samanhengen til at også Universitets- og høgskolerådet er ope for prinsippet om ei felles lov for all høgare utdanning.

Komiteen gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa utforme eit framlegg til ei felles lov for statlege og private institusjonar innafor høgare utdanning."

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, vil derfor understreke at enkelte utdanningstilbud ved private institusjoner er mer enn et supplement til offentlige tilbud, slik Regjeringen framstiller det i stortingsmeldingen. Flere private tilbud er faglig ledende med grunnlag i tunge forskningsmiljøer.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet viser til at universitet, statlege høgskular og vitskaplege høgskular har eit spesielt ansvar for å tilby utdanning og forsking og sikre rekruttering av kompetanse. Desse medlemene er difor samde med både Arbeidarpartiregjeringa og den førre sentrumsregjeringa om at private høgskular er eit supplement til det offentlege utdanningssystemet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader og forslag andre steder i innstillingen, hvor det begrunnes og foreslås en full likebehandling av private og offentlige institusjoner.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at et økende antall private høgskoler er aktører i utdanningssektoren. Flere av disse fyller en viktig rolle ved at de tilbyr utdanninger på områder der den offentlige kapasiteten er mangelfull eller der det ikke er etablert offentlige tilbud. Dette medlem vil likevel understreke at deler av det private tilbudet på områder der det ikke finnes offentlige tilbud har et innhold og et faglig nivå som gjør at dette ikke skal være del av et offentlig tilbud.

Dette medlem viser til at private institusjoner krever inn studieavgift for å dekke kostnadene. Studieavgift er urimelig for private tilbud som er resultat av manglende offentlige tilbud. Dette medlem viser også til at studenter får gebyrstipend til å dekke studieavgiften ved godkjente private institusjoner i utlandet. Selv om studier i utlandet er viktig av andre grunner enn de rent faglige, er dette en forskjellsbehandling som er vanskelig å forsvare. Dette medlem vil understreke at deler av de private tilbudene har et nivå og er innenfor et så begrenset område at studieavgift kan forsvares selv om tilbudene ikke har paralleller i det offentlige utdanningssystem. Dette medlem vil understreke at enkelte utdanningstilbud ved private institusjoner er mer enn et supplement til offentlige tilbud. Flere tilbud er faglig ledende med grunnlag i tunge forskningsmiljøer.

Dette medlem mener at offentlige utdanningsinstitusjoner skal være hovedstammen innenfor høyere utdanning. Dette medlem mener også at all grunnutdanning skal være gratis, jf. Innst. S. nr. 78 (1998-1999) Kompetansereformen.

Dette medlem mener at private ikke-kommersielle institusjoner kan benyttes til å dekke et nærmere definert behov som offentlige institusjoner ikke dekker, eller der private supplerer de offentlige tilbudene kvalitativt eller kvantitativt. Dette medlem mener at det skal inngås avtale mellom staten og den private tilbyderen om omfang av tilbudet og på hvilke områder den private tilbyderen skal dekke et behov. Dette medlem forutsetter at den private institusjonen får samme tilskudd som offentlige institusjoner med tilsvarende eller lignende tilbud. Dette medlem vil understreke at i tilskuddet skal også forskningsbevilgningen inngå. Tilbud ved private institusjoner som det er inngått avtale for skal være gratis for studentene. Dette medlem mener at slike avtaler skal inngås for en bestemt periode og evalueres ved utgangen av perioden.

Dette medlem vil understreke at private tilbydere som staten skal inngå avtale med skal ha høy undervisnings- og forskningskompetanse. Det er derfor viktig at det i finansieringen gis rom for forskningsprogrammer og forskerutdanning. Før slik godkjenning blir gitt skal de underlegges samme godkjenningsprosedyre som tilsvarende offentlige institusjoner.

Studiefinansiering

Komiteen meiner at ei god studiefinansiering er ein føresetnad for å skape lik rett til utdanning. Studiefinansieringa skal vere pårekneleg og samstundes tilpassa endringane i samfunnet. Komiteen viser til at ei overordna målsetting for utdanningsfinansiering gjennom Statens lånekasse for utdanning er å sikre like vilkår for alle som ønskjer å ta høgare utdanning. Komiteen vil peike på at det framleis er sosialt skeiv rekruttering til høgare utdanning.

Komiteen merkar seg at departementet legg vekt på å føre vidare dei sosiale ordningane som etter systemet i dag ivaretek behov til særleg grupper, og forseinking på grunn av t.d. graviditet, fødsel, sjukdom eller funksjonshemming. Komiteen viser i denne samanhengen til merknadene sine under overskrifta "funsjonshemma studentar". Studiefinansieringa skal gje rom for eit mangfald av studentar, for pårekneleg planlegging og lik handsaming. Komiteen meiner at studiefinansieringa også må leggje til rette for deltidsstudentar. Ein avgjerande føresetnad for dei som tek etter- og vidareutdanning, er ein tilstrekkeleg utdanningsstønad for å dekkje livsopphald i den tida dei har sett av til studia.

Komiteen meiner at Lånekassa sitt regelverk må verte enklare for at det skal fylle sin utdanningspolitiske funksjon. Komiteen viser til at gjennomgang og forenkling av regelverket vil verte nærare omtalt i budsjettproposisjonen for 2002. Komiteen strekar under at det er viktig å sjå på tiltak for studentpolitisk aktivitet, friviljug arbeid og liknande. Studentar som vel å engasjere seg i studieperioden, bør ikkje få auka økonomisk press av den grunn. Komiteen vil difor kome attende til dette når departementet tek spørsmålet opp i budsjettproposisjonen for 2002.

Komiteen meiner at ei betre studiefinansiering er ein føresetnad for å skape eit godt læringsmiljø, og for å gje høve til å studere på heiltid.

Komiteen stør Regjeringa i at ordninga med krav om opphald på lærestaden bør falle bort, og ser opphald på lærestaden som ei sak for student og institusjon, og ikkje for Lånekassa.

Komiteen strekar under at tilbakebetalingsfasen må betrast og vil vidareføre den såkalla hovudfagsavskrivninga. Denne ordninga gjev studentar som har gjennomført studium normerte til minst ti semester, avskriving på lånet etter avlagd grad. Ordninga letter gjeldsbyrda for studentar som vel høgare grads studium, og har ein viktig fordelingseffekt. Komiteen viser til statsråden sitt svar til komiteen på spørsmål om hovudfagsavskrivinga, som stadfestar at Regjeringa ønskjer å vidareføre ordninga, sjølv om den ikkje er nemnd i meldinga.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, merker seg at departementet foreslår å følge opp sin tilråding i St.meld. nr. 20 (2000-2001) om at det skal gis utdanningsstøtte til maksimalt ett års utdanning etter videregående opplæring som ikke er høyere utdanning, og at dette skal gå av støtteperioden for høyere utdanning. Flertallet viser til at komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, gikk mot disse forslagene i behandlingen av denne stortingsmeldingen, jf. Innst. S. nr. 177 (2000-2001). Dette flertallet uttalte følgende:

"Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Arbeidarpartiet, ser likevel ingen grunn til å avgrense retten til studiefinansiering til eitt års utdanning etter vidaregåande opplæring. Fleirtalet meiner at det ikkje bør være avgjerande for kor mange år ein kan få støtte om den aktuelle utdanninga blir definert som høgare utdanning eller ikkje."

Flertallet fastholder dette synet, og legger til grunn at departementet følger opp Innst. S. nr. 177 (2000-2001) på dette punktet.

Flertallet viser til at elever ved folkehøyskoler i dag mottar "storstipend" ved at de behandles som elever under aldersskillet. Flertallet mener Regjeringens forslag om å endre prinsippet om aldersskillet til et prinsipp om rettighetsbasert utdanning vil forenkle studiefinansieringen. Flertallet mener imidlertid at elever ved folkehøyskolene skal få stipend og lån for 10 måneder.

Flertallet registrerer at departementet ønsker å fjerne forsørgertillegget for ektefelle. Flertallet sier seg enige i dette, men ønsker imidlertid å legge disse midlene inn i forsørgersatsen for barn, som i dag er for lav. Meldingen legger til grunn at heltidsstudenten er et grunnleggende mål. I denne sammenheng er det viktig å peke på at studenter som også er småbarnsforeldre har mindre mulighet til å arbeide ved siden av studiene.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, stør Regjeringa sitt framlegg om at studentane får stipend etter kvart som studiet blir gjennomført. Dette fleirtalet ber likevel departementet greie ut ein fast prosentsats for stipend samstundes som ein tek ivare omsynet til motivasjon og ein ubyråkratisk modell.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet stør departementet sitt framlegg om studiefinansiering.

Desse medlemene viser til at Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å gjere Lånekassa sitt regelverk enklare og meir reindyrka som utdanningspolitisk verkemiddel. Studiefinansieringa må ordnast slik at ho stimulerer til at studietilboda vert nytta ut effektivt, og at det blir muleg for studentane å konsentrere seg om studia på heiltid. Desse medlemene viser vidare til at det gjennomgåande er slik at dei fleste studentane arbeider ved sida av studiet. Det ser òg ut til at dei som arbeider ved sida av, har dårlegare studieprogresjon. Stønaden frå Lånekassa utgjer den viktigaste stønaden.

Dei heilskaplege endringane som ligg i framlegget til denne reforma, medrekna endringane i studiefinansieringa, skal medverke til auka gjennomstrømming og betre grunnlag for læring. Desse medlemene viser til nogjeldande studiefinansieringsordning, der det er muleg å få utbetalt stipend og lån utan å ta til på studiet. Desse medlemene meiner det bør leggjast føringar som stimulerer studentane til å følgje normert studieprogresjon, og stør departementet sitt framlegg om at delar av stønadsbeløpet til stipend vert konvertert etter kvart som studia vert gjennomførte. Desse medlemene presiserer at det er ein føresetnad for ei slik omlegging av studiefinansieringa at eksamens- og evalueringsordningane vert endra, slik at det ikkje som i dag er ein einaste stor eksamen på slutten av ei fagleg eining som avgjer om ein står. Desse medlemene strekar under at omlegginga skal gjennomførast samstundes med ei monaleg styrking av studiefinansieringa. Studentar som er forseinka i studiet vil med den nye modellen og større stipend få like mykje eller meir stipend enn i dag, når den normerte studielengda er to år eller meir.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre er uenige i Regjeringens forslag om at hele stipendandelen av studiefinansieringen skal gjøres avhengig av avlagte vekttall. Det er etter disse medlemmers syn å skyve for mye risiko over på studentene og å ta fra studentene den grunntryggheten som ligger i dagens stipendordning. Det vil også være en uønsket økonomisk straff for de studentene som engasjerer seg i studentsosiale aktiviteter og studentdemokratiet. Disse medlemmer går derfor inn for at den vekttallsuavhengige stipendandelen av finansieringen på 30 pst. skal bestå som i dag. Disse medlemmer går i tillegg inn for å heve kostnadsnormen i studiefinansieringen med om lag 1 100 kroner pr. måned, og at dette i sin helhet skal skje ved å øke stipendandelen fra 30 til 40 pst. Denne økningen i stipendandelen fra 30 til 40 pst. skal være avhengig av avlagte vekttall, etter den modellen som Regjeringen foreslår. Dermed oppnås målet med å gi en ekstra stimulans til å gjennomføre studiene etter forutsatt progresjon, samtidig som grunntryggheten ikke svekkes slik Regjeringen legger opp til.

Departementet skriver i et svarbrev til komiteen 29. mai 2001 at finansiering gjennom folketrygden og Lånekassen til samme formål i størst mulig grad bør unngås. Dette betyr en samordning av utdanningsstøtten med folketrygdens ytelser, og disse medlemmer understreke at en slik ikke må svekke studentenes rettigheter og økonomiske situasjon.

Når dødsfall i nær familie eller omkrets inntreffer for studenter, er det ulik praksis om de får legeerklæring for depresjon. Dette fører til at studenten kan få problemer med progresjonen i forhold til Lånekassen. Disse medlemmer mener andre fagpersoner, for eksempel psykologer eller prester, ved depresjoner grunnet dødsfall må kunne gi særskilt vurdering. Dette for å ivareta studentens mulighet til finansiering på tross av forsinkelse i studiet.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen heve kostnadsnormen i Statens lånekasse for utdanning med om lag kr 1 100 pr. måned, og at dette i sin helhet skjer ved å øke stipenddelen fra 30 til 40 pst. Det forutsettes at dagens stipenddel på 30 pst. fortsatt skal være uavhengig av vekttall/studiepoeng, mens økningen i stipendandelen gjøres uavhengig av avlagte vekttallpoeng."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener alle uavhengig av sin egen eller familiens økonomi, skal få reell mulighet til å ta høyere utdanning. Da må det skaffes til veie en finansieringshjelp som gjør dette mulig.

Disse medlemmer mener summen av lån og stipend som gis til studentene bør ta sikte på å gi studentene tilstrekkelig kjøpekraft til å kunne studere på heltid. Spesielt viktig er dette i en situasjon der en forventer en sterkere grad av studier i hele kalenderåret enn det som har vært situasjonen til nå.

Disse medlemmer ønsker å kanalisere en økt del av støtten til studenter gjennom stipender. Dette vil gi en større trygghet når en skal starte en etablering av hjem og familie. I den sammenheng finner disse medlemmer det viktig å legge til rette en studiefinansiering slik at hardt arbeidende studenter belønnes. Dette kan gjøres ved at deler av lånet omgjøres til stipend etter hvert som studiepoeng/eksamener blir gjennomført. En vil da se en direkte sammenheng mellom det å arbeide med studiene, og det å få de finansiert. En skal ikke se bort fra den mulighet at studenter i en gitt situasjon vil se det lønnsomt å prioritere studiene ekstra i forhold til en økt arbeidsinnsats utenfor studiene.

Disse medlemmer ser at spørsmålet om stipendandel og renter i realiteten ikke er et spørsmål før etter endt studium. Dette fordi det først fra dette tidspunkt er aktuelt å betale renter å avdrag. Samtidig er det et åpenbart problem at dette starter samtidig med annen etablering som er nødvendig for den enkelte. Slik ser en at flere nyetablerere får finansielle problemer. Disse medlemmer vil vise til at Fremskrittspartiet lenge har gått inn for at ikke bare rentene, men også avdrag på studielån skal være fradragsberettiget på selvangivelsen. Dette vil i realiteten si at 28 pst. av avdragene gjøres til stipend via skatteordningen. Bakgrunnen for dette standpunkt hviler ikke utelukkende på ønsket om en bedre studiefinansiering. Den tar også opp i seg det faktum at utdanning er en investering til senere inntekts ervervelse. Da er det viktig å likebehandle utgifter til ervervelse av kunnskap og ferdigheter med ervervelse av annet materiell for bruk til samme formål. Kunnskap blir en stadig viktigere bestandel i vår fremstilling av varer og tjenester. Da vil det være avgjørende for fremtidig norsk konkurranseevne at vi stimulerer til tilegnelse av kunnskaper og ferdigheter.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag til endringer, slik at også avdrag på studielån blir skattemessig fradragsberettiget på lik linje med renter."

Disse medlemmer ser at støtte til utdanning må basere seg på at studieinstitusjonen har den nødvendige kompetanse for å kunne gi et godt kvalitativt tilbud. Det vil i den sammenheng være uvesentlig om studiet foretas i Norge eller utlandet. Like uvesentlig vil det være om den benytter en privat eller offentlig institusjon som lærested. Således er det viktig at en i så stor grad som mulig knytter dette opp mot et akkrediteringsorgan. Det er i den sammenheng viktig å merke seg at arbeid med akkreditering nå foregår i flere land, som eksempler kan nevnes Storbritannia og Australia. En best mulig effekt ville det være dersom en kunne knytte seg sammen for på den måten å få en bredere internasjonal anerkjennelse for de akkrediteringer som foretas.

Disse medlemmer mener at studier ved institusjoner som holder de faglige kvalitative standarder for de respektive fag skal finansieres fullt ut av Lånekassen. Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader og forslag om likebehandling under kap. Internasjonalisering.

Disse medlemmer viser til at Stortinget i 1975 knyttet utviklingen av studentenes kostnadsnorm opp til utviklingen i industriarbeiderlønnen. Dette skulle gi en kjøpekraftsutvikling på samme nivå som den lønnede andelen av befolkningen. Dette har ikke vært fulgt opp etter den tid.

Disse medlemmer ser det som mer naturlig å knytte støtten og kostnadsnormen opp mot Grunnbeløpet i folketrygden (G). En vil da komme på samme utvikling som pensjonister og andre offentlige støtteordninger som i stor grad baserer seg på G. Ved å knytte kostnadsnormen opp til G vil også studentene nyte godt av at justeringen av Grunnbeløpet i folketrygden skjer i forbindelse med den årlige justeringen av G i trygdeoppgjøret. Det å knytte studentenes kostnadsnorm opp til de samme kriterier som pensjoner, vil skape en større forståelse for kostnadsberegningen. Det at flere knyttes opp til G vil muligens også hindre den underregulering som er blitt foretatt de senere år. Når det gjelder beregningen av antall G som skal ligge til grunn for kostnadsnormen, vil disse medlemmer komme tilbake til dette i forbindelse med budsjettbehandlingen. Likevel ser disse medlemmer det som en åpenbar fordel at regelverket for dette gjøres klart for iverksetting så raskt som mulig. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at kostnadsnormen for studenter knyttes opp til grunnbeløpet i folketrygden."

Komiteens medlem fra Senterpartiet mener at ungdom som tar utdanning, i større grad må belønnes enn det som er tilfellet i dag. Dette medlem går primært inn for at ingen skal betale tilbake mer til Statens lånekasse for utdanning enn de har lånt. Studielånet skal bare inflasjonsjusteres, gjeldende fra det tidspunktet studiene avsluttes.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti merker seg at Regjeringen vil innføre ny studiefinansieringsordning med vekttallsbasert stipendmodell allerede fra studieåret 2002-2003. Dette medlem er sterk motstander av en slik vektallsbasert stipendmodell, og viser til sine merknader til studiefinansieringen. Dette medlem understreker at dersom en slik stipendmodell innføres i noen form, må dette først skje etter at studiekvaliteten er bedre gjennom nye evaluerings- og læringsformer.

Dette medlemer positiv til Regjeringens forslag om økt stipend og kostnadsnorm. Dette medlem støtter den forenklede stipendmodellen, der stipendet fastsettes som en del av hele støttebeløpet, og mener dagens system er for tungvint og lite etterprøvbart. Dette medlem er av den oppfatning at det gjennom studiefinansieringen allerede ligger sterkt økonomisk press på studentene for å gjennomføre studiene og er svært skeptisk til den stipendberegningsmodell som foreslås av Regjeringen. En slik modell, der stipend blir omgjort til lån ved studieprogresjon over normert tid, er en prinsipiell feildreining i forhold til ansvarsdeling, og det er dessuten svært uheldige sosiale konsekvenser i en slik ordning. Dette medlem viser til at rekrutteringen til høyere utdanning fortsatt er sosialt skjev, og at årlige rapporter fra Lånekassen bekrefter at det fortsatt er studenter med foreldre som selv har høyere utdanning og god familieøkonomi som tar opp mest studielån. Dette medlem minner om at Lånekassen i 2000 hadde 41 800 inkassosaker, og påpeker behovet for å lette tilbakebetalingsfasen for studielånet. Dette medlem er opptatt av at studiefinansieringen ikke skal virke avskrekkende på unge mennesker, og frykter at trusselen om fullt lån dersom eksamen ikke bestås, stiller urimelige krav til unge menneskers selvsikkerhet. Dette medlem mener videre at en ytterligere forsterkning av incentiver på studenten for bedre gjennomstrømning flytter ansvaret for læring og kvalitet over på studenten i enda større grad enn i dag. Dette medlem understreker at de økonomiske konsekvensene av å fastsette stipendandelen til 40 pst. uavhengig av gjennomstrømning sannsynligvis ikke vil utgjøre store merkostnader dersom man sammenstiller dagens vekttallsproduksjon ved utdanningsinstitusjonene med Lånekassens kundemasse.

Dette medlem mener kostnadsnormen bør reguleres etter prisvekst og ikke etter konsumprisindeksen for å unngå stadige etterslep i kostnadsnormen. Dette medlem minner om at justering av kostnadsnormen justeres så sjelden at etterslepet ikke hentes inn med Regjeringens forslag og ønsker å sette kostnadsnormen tilsvarende 2G.

Dette medlem fremmer følende forslag:

  • – "Stipendandel gis som en fast andel av støttebeløpet, uavhengig av studieprogresjon."

  • – "Kostnadsnormen knyttes opp mot grunnbeløpet i folketrygden, tilsvarende 2G."

  • – "Det innføres inntektsavhengig tilbakebetaling av studielån."

Komiteens medlem fra Venstre vil vise til at Venstre på sikt ønsker borgerlønn i stedet for bl.a. lån og stipend. For perioden 2001-2005 ønsker dette medlem prinsipielt 50 pst. i stipend. Dette medlem konstaterer at det nå ikke er flertall for dette syn og viser ellers til de merknader og forslag Venstre er med på i denne sak.

Kunstfagstipendet

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, viser til framlegget om kunstfagstipend. I den samanheng vil fleirtalet vise til at bildekunstnarar, ballettkunstnarar og kunsthandverkarar står i ei særstilling. Fleirtalet ser at diplomstudia innan komposisjon og direksjon også står i ein spesiell situasjon i høve til trongen for å etablere seg på ein god og føremålstenleg måte.

Fleirtalet ser det som viktig at det er mogleg for desse å gjere seg nytte av utdanninga si. Dette er spesielt viktig i ein etableringsfase. Slik fleirtalet ser det, vil det vere riktig å gje eit etableringsstipend. Det er ein føresetnad at stipendet vert tildelt alle ferdig uteksaminerte studentar i desse gruppene som går inn i yrket.

Fleirtalet gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om å innføre eit etableringsstipend basert på gjennomførd utdanning for bildekunstnarar, ballettkunstnarar, kunsthandverkarar og diplomgraden for komposisjon og direksjon. Det er ein føresetnad at stipendet vert tildelt alle ferdig uteksaminerte studentar som går inn i yrket."

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre mener Regjeringens beslutning om å fjerne kunstfagstipendet svekker samtlige målsettinger når det gjelder finansiering av høyere kunstutdanning. Dette strider dessuten mot intensjonen i alle tidligere stortingsmeldinger om studiefinansiering. Opprettelsen av kunsthøgskolene som et eget strekpunkt i "Lov om universiteter og høgskoler" var en erkjennelse av at høyere kunstutdanning er vesensforskjellig fra annen høyere utdanning. Dette tilsier at kunststudenter representerer "en gruppe med særskilte behov" også når det gjelder studiefinansiering.

Disse medlemmer vil understreke at Regjeringens forslag om en generell økning av stipendandelen til 40 pst. kan ikke kompensere for tap av kunstfagstipendet. En slik ordning vil fortsatt innebære en reduksjon på 26,6 pst. fra tidligere nivå. Dette vil bety at kunststudentenes økonomiske situasjon etter endt utdanning forverres.

Disse medlemmer mener at dersom det også i tiden fremover skal være rimelige vilkår for utdanning av kunstnere, må dagens stipendordning beholdes.

I dag mottar en rekke ulike utdanninger et kunstfag­stipend på 35,5 pst. Disse medlemmer ønsker å redusere hvilke grupper som skal få kunstfagstipendet og samtidig gjenreise kunstfagstipendet til 66,6 pst. for disse gruppene. Disse medlemmer mener at følgende tre grupper bør motta kunstfagstipend: billedkunstnere, ballettkunstnere og kunsthåndverkere. De undersøkelser som finnes over ulike kunstgruppers inntekt viser at billedkunstnerne og kunsthåndverkerne er de to gruppene som tjener minst på sitt kunstneriske arbeid. Ballettdanserne er i en veldig spesiell situasjon siden de pensjoneres allerede når de er 37 år. Også Aamodtutvalget (NOU1999:33, side 109) sier seg enig i at disse tre gruppene står i en spesielt vanskelig situasjon.

Disse medlemmer forutsetter at vesentlige spørsmål knyttet til musikk- og kunstutdanningene blir tatt opp i en egen stortingsmelding på grunnlag av de to utredningene om faglig organisering innen kunst- og musikkutdanning.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen opprettholde ordningen med kunstfagstipend for billedkunstnere, ballettkunstnere og kunsthåndverkere. Kunstfagstipendet for disse gruppene settes til 66,6 pst."

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti konstaterer at Regjeringen foreslår å fjerne kunstfagstipendet på tross av at Stortinget i sine merknader til Budsjett-innst. S. nr. 12 (1998-1999) uttrykte et ønske om å gjeninnføre stipendet for en smalere gruppe enn det som tidligere var tilfellet. Dette medlem understreker at støtteordninger for kunstnere etter endt utdanning ikke kan erstatte den universelle ordning kunstfagstipendet utgjør for en gruppe med svært lav og ustabil inntekt, og frykter at økonomisk støtte til kunstnerne lett kan bli en kasteball mellom departementene. Et alternativ til et eget kunstfagstipend er en avskrivningsordning for kunstnere på linje med hovedfagsavskrivningen.

Dette medlem fremmer følgende forslag:

"Det innføres avskrivning av studielån for studenter i fagene billedkunst, scenekunst, kunst og håndverk, ballett og diplomstudiene i komposisjon og direksjon."

Utanlandsstudentar

For utenlandsstudenter peker komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstrepå at en flat modell med samme støttebeløp uavhengig av studieland vil slå uheldig ut i begge retninger. Disse medlemmer foreslår derfor å videreføre dagens justeringsordning med kostnadsnorm justert etter prisnivå i studielandet.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre registrerer at Regjeringen foreslår at studenter i utlandet skal ha samme kostnadsnorm som studenter i Norge. I dag er kostnadsnormen for utenlandsstudenter justert etter OECD-indeksen. Det betyr at studenter i høykostnadsland får noe mer i støtte enn studenter i Norge, mens studenter i lavkostnadsland får mindre.

Komiteens flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre viser til at Regjeringens opplegg for omlegging av finansieringen for utenlandsstudentene, vil medføre en samlet innstramming på om lag 90 mill. kroner i forhold til den økte kostnadsnormen for studenter i Norge. I tillegg medfører Regjeringens opplegg at det ikke lenger tas hensyn til kostnadsnivået i det aktuelle landet, noe flertallet mener er urimelig. Flertallet mener derfor at dagens system med differensierte kostnadsnormer til utenlandsstudenter skal videreføres, og at økningen av kostnadsnormen bør forholdsmessig være den samme for utenlandsstudentene som for norske studenter.

Flertallet forutsetter at systemet med valutajustering av støttebeløp til utenlandsstudentene opprettholdes.

Flertallet fremmer følgende forslag til vedtak:

"Dagens system for gebyrstipend for utenlandsstudenter skal videreføres med forholdsmessig samme økning i kostnadsnormen som for studenter i Norge."

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet viser til framlegget i meldinga om at alle utanlandsstudentar skal få same støtte til livsopphold og at denne vert sett lik den auka kostnadsnormen for studentane i Noreg. Dette vil føre til ei auke i den totale stønaden med om lag 90 mill. kroner, jf. brev frå statsråden 5. juni 2001. Desse medlemene viser til at studentar i Hong Kong, Japan, Singapore og Sveits vil få redusert utbetaling på grunn av samordninga. Desse medlemene ber Regjeringa sørge for at denne gruppa studentar ikkje får reduserte utbetalingar. Kostnadsnormen for utanlandsstudentene må følgje auka i kostnadsnormen for norske studentar i åra framover.

Studieavgift ved norske institusjonar

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, viser til at studentar ved Handelshøyskolen BI betaler skolepenger/studieavgift, og at denne avgiften i dag ikke finansieres med noen form for gebyrstipend fra Statens lånekasse for utdanning. Flertallet viser til at departementet i brev til komiteen av 5. juni 2001 anslår at refusjon av 50 pst. av skolepengene, slik Studentutvalget ved BI har foreslått, vil gi en statlig kostnad på nærmere 250 mill. kroner.

Et flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Venstre, kjenner til at de i underkant av 10 000 heltidsstudentene ved BI i gjennomsnitt betaler ca. 25 000 kroner i året i skolepenger.

Flertallet antar på den bakgrunn at departementets kostnadsanslag for innføring av delvis refusjon for skolepenger er vesentlig for høyt.

Et annet flertall, medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre, med subsidiær støtte fra Fremskrittspartiet, er innstilt på å innvilge heltidsstudenter ved BI delvis dekning av studieavgiften gjennom stipend fra lånekassen, mens ser behov for å få denne saken belyst i sin fulle bredde, med realistiske overslag over kostnader og andre konsekvenser.

Dette flertallet fremmer følgende utkast til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag om delvis dekning av studieavgiften for studenter ved Handelshøyskolen BI, i forbindelse med statsbudsjettet for 2002."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine forslag om likebehandling av alle norske opplæringsinstitusjoner. Disse medlemmer vil også vise til Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-2001) hvor Fremskrittspartiet foreslo å øke bevilgningene til gebyrstipend også for innenlandsstudenter.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sitt forslag om at staten og private ikke-kommersielle utdanningsinstitusjoner kan inngå avtale om at de privat skal dekke et utdanningstilbud. Dette medlem viser til at slikt tilbud skal være gratis for studentene. For slike tilbud vil det derfor ikke kunne tas egen studieavgift.

2.5 Tid og økonomisk ramme for gjennomføring av reforma

Komiteen vil streke under at gjennomføringa av reforma vil krevje auka løyvingar til institusjonane. Komiteen føreset at departementet aukar løyvingane i dei årlege budsjettframlegga. Komiteen vil også vise til Regjeringa sitt framlegg til opptrappingsplan for forsking i Revidert nasjonalbudsjett 2001, og at løyvingane til stipendiat- og postdoktorstillingar vil auke.

Komiteen er kjend med at departementet i brev til universiteta og høgskulane har gjeve retningsliner for gjennomføring av val i samband med eventuell overgang til ny styringsordning etter ny lov. Komiteen er samd i det opplegget som er gjeve i departementet sitt brev.

Komiteen merkar seg at det er lagt opp til ein tidsplan der heile reforma skal setjast i verk hausten 2002. Signala som er komne fram i komiteen sine høyringar, tilseier at denne tidsplanen kan bli vanskeleg å halde. Komiteen går inn for at det komande året skal brukast til å få på plass lovgrunnlag og naudsynte vedtak. Arbeidet med fagplanar må ta til snarast muleg. Innføringa av reforma skal finne stad i løpet av hausten 2002 og våren 2003, med sikte på full gjennomføring frå og med haustsemesteret 2003.

Komiteen føreset at den generelle finansieringa av institusjonane er nærmare klargjorde.

Komiteen meiner gjennomføringa av kvalitetsreforma må skje slik at det er samanheng mellom tilførsel av friske midlar til undervisning og forsking og dei auka krava som vert stilte til institusjonar og studentar.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, er samd i departementet sitt framlegg om effektivisering av høgare utdanning gjennom mellom anna endra gradsstruktur og betre tilrettelegging for læring. Dette kan gje ein vinst i form av kortare studieløp og betre gjennomstrømming som vil auke talet på uteksaminerte kandidatar. Ein slik vinst vil kome over tid.Fleirtalet viser til Universitets- og høgskolerådet sine berekningar som stør dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser at en større omlegging innen høyere utdanning vil kunne medføre effekter som ikke var tilsiktet, eller vridninger som ikke var forventet i det omfang. Sett på bakgrunn av erfaringer fra bl.a. Reform 94 vil det være nødvendig med en uavhengig kvalitativ evaluering av omleggingen som her blir foreslått. En bør også se om kvaliteten ved våre utdanningsinstitusjoner på evalueringstidspunktet holder den faglige standard som er ønskelig og nødvendig for å oppnå den nødvendige kvalitet på opplæring og forskning i det globale perspektiv.

For å unngå unødvendig tvil om evalueringen bør en i så stor utstrekning som mulig benytte totalt uavhengige institusjoner og personer. En god løsning kan være å hente inn kompetanse også fra utlandet.

For at omleggingen skal kunne evalueres er det behov for å se på både innføring og gjennomføring samt gradstrukturen, samtidig bør ikke uheldige utslag få feste seg med henvisning til at det skal foretas en evaluering. Disse medlemmer anser det for nødvendig med en fortløpende evaluering, likevel slik at sluttrapporten fremlegges for Stortinget 3 år etter innføringen.

Komiteen gjer følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa leggje fram for Stortinget ei uavhengig evaluering av omleggingane innan høgare utdanning. Evalueringa skal først gjerast etter at reforma har fått virke i tre år."

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Sosialistisk Venstreparti, meiner endringane i studiefinansiering skal ta til å gjelde allereie hausten 2002.

3. Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Arbeidarpartiet:

Framlegg 1

Stortinget ber Regjeringa om å leggje til grunn at vitskaplege høgskular kan få universitetsstatus, og at statlege høgskular med meir enn ei forskarutdanning kan søkje om overgang til universitetsstatus. Det skal leggjast til rette for at høgskulane i Agder, Bodø og Stavanger kan få ei slik overgang. Ein skal også sjå kor vidt det kan verte utvikla eit innlandsuniversitet.

Framlegg frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre:

Framlegg 2

Stortinget ber Regjeringen heve kostnadsnormen i Statens lånekasse for utdanning med om lag kr 1 100 pr. måned, og at dette i sin helhet skjer ved å øke stipenddelen fra 30 til 40 pst. Det forutsettes at dagens stipenddel på 30 pst. fortsatt skal være uavhengig av vekttall/studiepoeng, mens økningen i stipendandelen gjøres uavhengig av avlagte vekttallpoeng.

Framlegg 3

Stortinget ber Regjeringen opprettholde ordningen med kunstfagstipend for billedkunstnere, ballettkunstnere og kunsthåndverkere. Kunstfagstipendet for disse gruppene settes til 66,6 pst.

Framlegg frå Kristeleg Folkeparti, Høgre og Venstre:

Framlegg 4

Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at de høyere utdanningsinstitusjonene selv skal kunne fastsette den interne styringsstrukturen i sine organisasjoner, og at dette ansvaret skal ligge hos institusjonenes styrer.

Framlegg frå Høgre:

Framlegg 5

Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag med sikte på å gi universiteter og høyskoler rett til selv å velge organisasjonsmodell.

Framlegg frå Framstegspartiet:

Framlegg 6

Stortinget ber Regjeringen innføre en grad med betegnelsen bachelor basert på et 3-årig løp med basis i en ordning med 3 semestre per kalenderår.

Framlegg 7

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at alle studenter får fullfinansiert sine skolepenger uavhengig av hvor studiene foretas, så lenge det kvalitative innhold er tilfredsstillende.

Framlegg 8

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag om lovendringer, slik at universiteter, høyskoler og disses randsoneselskaper omdannes til selvstendige rettssubjekter.

Framlegg 9

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at det opprettes uavhengige evaluerings- og akkrediteringsorganer. Disse skal ha ansvaret for å evaluere og tildele/trekke tilbake godkjenning av institusjoners opplæringstilbud.

Framlegg 10

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag for å ivareta prinsippet om oppnevnt eksternt styreflertall ved høyere utdanningsinstitusjoner, og ellers den nødvendige, hensiktsmessige og forsvarlige representasjon av studenter, vitenskapelige ansatte og andre faggrupper.

Framlegg 11

Styret ansetter administrative ledere ved høyere utdanningsinstitusjoner etter prinsippet om tidsavgrensede engasjementer. Tidsavgrensning i ansettelser stiller likevel styret fritt til å reengasjere dersom de finner dette ønskelig.

Framlegg 12

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at norske utdanningsinstitusjoner stilles likt med tanke på finansiering og godkjenning.

Framlegg 13

Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at bedrifter får trukket fra sine investeringer til forskning og forskningsrelatert arbeid ved anskaffelsestidspunktet for utstyret.

Framlegg 14

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag, slik at det innføres en innsatsstyrt finansiering også innen høyere utdanning.

Framlegg 15

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag til endringer, slik at også avdrag på studielån blir skattemessig fradragsberettiget på lik linje med renter.

Framlegg 16

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag slik at kostnadsnormen for studenter knyttes opp til grunnbeløpet i folketrygden.

Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:

Framlegg 17

Stortinget ber Regjeringen i arbeidet med lovutkastet utarbeide systemer for ekstern kvalitetskontroll av oppgaveutforming og prosjekter for best mulig å ivareta de hensyn som ligger til grunn for dagens ordning med ekstern sensur.

Framlegg 18

I opprykkskriteriene for professor inkluderes undervisningskompetanse i tillegg til publisering og forskningsarbeid.

Framlegg 19

Stipendandel gis som en fast andel av støttebeløpet, uavhengig av studieprogresjon.

Framlegg 20

Kostnadsnormen knyttes opp mot grunnbeløpet i folketrygden, tilsvarende 2G.

Framlegg 21

Det innføres inntektsavhengig tilbakebetaling av studielån.

Framlegg 22

Det innføres avskrivning av studielån for studenter i fagene billedkunst, scenekunst, kunst og håndverk, ballett og diplomstudiene i komposisjon og direksjon.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til det som står over og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

Stortinget ber Regjeringa leggje følgjande prinsipp til grunn for ein reell kvalitetsreform i høgare utdanning:

  • – Studentane på universitet og høgskular skal seinast frå og med haustsemesteret 2003 som hovudregel gjevast tilbod om eit studieår på 10 månader.

  • – Oppfølginga av den einskilde student skal seinest frå og med haustsemesteret 2003 styrkast vesentleg, mellom anna med meir seminarundervisning og individuell vegleiing på lågare grads nivå. Det skal leggjast ekstra vekt på oppfølginga av første semesterstudentar.

  • – Prinsippet om forskingsbasert undervisning på universitet og høgskular skal oppretthaldast.

  • – Kvalitetsreformen skal ikkje finansierast ved å leggje opp til at det samla talet på avlagte vekttall/studiepoeng reduserast, ut over det som på lengre sikt blir resultatet av omlegginga i gradssystemet.

  • – Kvalitetsløftet for undervisning skal ikkje gå ut over forskingsinnsatsen ved institusjonane. Målet i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005 skal stå fast, til dette høyrer at ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane.

  • – Institusjonane skal tilførast ekstra løyvingar i 2002 og 2003 av ein slik storleik at gjennomføringa av kvalitetsreforma er realistisk seinast frå og med haustsemesteret 2003.

II

Stortinget ber Regjeringa leggje fram sak om samisk høgare utdanning og forsking seinast ved årsskiftet 2001/2002.

III

Stortinget ber Regjeringa leggje betre til rette for å gjere læremateriell tilgjengeleg for lesehemma studentar.

IV

Stortinget ber Regjeringa kome attende til Stortinget med spørsmål knytta til eventuelle omleggingar av profesjonsstudia, embetsstudia og lærarutdanninga. Det skal leggjast til grunn for ei slik sak at kunstutdanninga inkludert musikkfaga, sivilingeniørstudiet eller profesjonsutdanningar som psykologi og teologi, ikkje blir pålagde å bryte opp dagens struktur.

V

Stortinget ber Regjeringen utforme regelverket slik at institusjonene gis frihet til selv å forme innholdet i bachelorgraden utover de første 20 studiepoengene (ex.phil./ex.fac.).

VI

Stortinget ber Regjeringa inkludere institusjonane sitt internasjonale utvekslingsarbeid i utrekningsmodellen for finansiering.

VII

Stortinget ber Regjeringen legge til grunn de kriterier, forutsetninger og prosedyrer som enstemmig er trukket opp av Mjøsutvalget i NOU 2000:14, for at en institusjon skal kunne tilkjennes universitetsstatus.

VIII

Stortinget ber Regjeringa om å gje statlege høgskular fridom til å opprette og leggje ned studietilbod som varer inntil 3 år.

IX

Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for at institusjonane har fullmakt til å organisere randsoneaktiviteten i tråd med tilrådingane i NOU 1999:18 om at einingar for oppdragsforsking ved universitet og høgskular skal kunne organiserast i aksjeselskap eller statsføretak. Slik organisering kan også gjelde etter- og vidareutdanningsverksemd.

X

Stortinget ber Regjeringa på eigna måte leggje fram ei vurdering og drøfting av rekrutteringssituasjonen i universitets- og høgskulesektoren, sett i lys av den kraftige veksten som er planlagd i både undervisnings- og forskingsinnsats dei nærmaste åra. Denne vurderinga bør helst leggjast fram samstundes med statsbudsjettet for 2002, og seinast innan førstkommande årsskifte.

XI

Ordninga med opprykk til professor etter kompetanse skal førast vidare.

XII

Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for høgare utdanning, jf. Mjøsutvalet sitt framlegg i NOU 2000:14.

XIII

Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for at institutt- og fakultetsleiarar skal tilsetjast på åremål.

XIV

Stortinget ber Regjeringa utforme eit framlegg til ei felles lov for statlege og private institusjonar innafor høgare utdanning.

XV

Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om å innføre eit etableringsstipend basert på gjennomførd utdanning for bildekunstnarar, ballettkunstnarar, kunsthandverkarar og diplomgraden for komposisjon og direksjon. Det er ein føresetnad at stipendet vert tildelt alle ferdig uteksaminerte studentar som går inn i yrket.

XVI

Dagens system for gebyrstipend for utenlandsstudenter skal videreføres med forholdsmessig samme økning i kostnadsnormen som for studenter i Norge.

XVII

Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag om delvis dekning av studieavgiften for studenter ved Handelshøyskolen BI, i forbindelse med statsbudsjettet for 2002.

XVIII

Stortinget ber Regjeringa leggje fram for Stortinget ei uavhengig evaluering av omleggingane innan høgare utdanning. Evalueringa skal først gjerast etter at reforma har fått virke i tre år.

XIX

St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - Krev din rett. Kvalitetsreform av høyere utdanning - vert lagd ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 7. juni 2001

Ranveig Frøiland

leiar og ordførar

Rune E. Kristiansen

sekretær